
Å henta fram ein koffert frå desse arsenala, er ei utfordring både for meg og for kofferten. Ofte ligg den eg ønskjer å bruka, heilt på botnen i halvmørket. Å få dei fram i lyset krev sterke armar og solide handtak. Eg må ta i like sterkt som stuarane på flyplassen plar gjera. Dei riv og slit i både handtak og bagasjelappar, sjølv om det ligg ein haug med andre sine koffertar oppå min.
I dag har eg valgt meg ut ein til Spaniaturen som er like rundt nova. Det blei ein i kraftig nylon som er vevd i bikube-form, med klassisk, tidløst, men stilreint design. Den har uttrekkbart trolley håndtak i aluminium, og store, lett rullande og robuste hjul.Den har innvendige kompressjonsstroppar som held innhaldet på plass under transporten. Og glidelåsen er låsbar med kodelås.

Eg reknar med at kofferten overlever flyturen, men om han klarer resten av opphaldet er uvisst. Det kan bli mange vågale forbikøyringar i innspurten.
Ser dere begynner å bli klar til den store utfarten. Blir nok en fin tur det. Kofferten ser bra ut og klarer nok brasene. Forbikjøringane må du passa deg for, og best å ta med vernebriller og annet -utstyr. Håper øyet er blitt bedre igjen. Ha en fin tur.
SvarSlettAuget er nesten heilt som nytt. Eg tar med skylappar, så er eg nok trygg.
SvarSlett