Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 10. februar 2012

Den engelske byen

Dei engelske koloniane har vore mange, og ofte på eksotiske stader rundt om på kloden. Det er få att av dei nå. Dronninga sitt imperium skrumpar. Ho har sete på trona si i 60 år, og sett imperiet gå ad dundas. Dei stakkars britane som hadde aklimatisert seg ute i koloniane, måtte i tur og orden pakka sitt pikkpakk og koma seg heimatt. Det var tøft for mange. Når India kvitta seg med det britiske åket, fekk mange britar det travelt med å reisa.
Desse folka visste at i England var det berre kulde og drittver. Dei som var vane med sol og glede året rundt, jakta på ein varmare stad i Europa. Dei leita opp Nerja. Dette er staden som statistikkar samla gjennom mange år, har vist at er den varmaste staden på det Europeiske fastlandet om vinteren. Nerja har eit eige mikroklima grunna lege det har like ved høgfjellet som stupar bratt ned mot Middelhavet. Klima her er mykje varmare enn stader like i nærleiken, så som til dømes i Malaga.
Difor reiste britar i hopetal hit frå India den gongen. Dei bygde seg hus og vart buande her. Og dei er her ennå iallfall etterkommarane. Dei er også blitt gamle nå. Med andre ord: Her kryr det med engelsktalande fok rundt oss på alle kantar. Hello dear, seier dei. How are you today, seier dei og. Men dei høyrer ikkje etter kva eg svarar på det.
Slik er det her i Nerja, den engelske byen i Spania.

torsdag 9. februar 2012

Frukost med sixpence

Eg har kjøpt meg sixpence. Dette hovudplagget som eg alltid  syns såg så komisk ut. Ei hue for engelskmenn vil eg tru, iallfall etter namnet å døma. Eg betalte 2 euro for hua. To euro for å sleppa frysa på hovudet under byturen i går. For Vår Herre har letta på trykket her for ei stund. Varmetrykket. I natt var her 1 varmegrad ute.
Spanske hus er ikkje bygd for slikt. Panelomnane på veggene slit med energiutstrålinga. At dørene er morkna, slik at eg ser dagen gjennom dei sjølv om dei ikkje har vindauge, gjer ikkje jobben lett for panelomnane heller. I dag måtte eg tetta ytterdøra med ein papirserviett, seier eg til Juan. Under frukosten sat eg i den kalde trekken frå vind som kom inn hola i utedøra, gjennom håret mitt, og ut att den glisne balkongdøra. Eg måtte kjøpa meg sixpence, Juan, seier eg til Juan. Eg måtte ha ho på meg under frukosten, seier eg også. Juan flirer. Du får trøysta deg med at det er kaldare der du kjem frå, seier han. Men manana amigo, much better.
Så det går opp og ned her i livet. Iallfall når ein snakkar om veret. For det eg skreiv ovanfor, var igår. Idag er det heilt annleis. Vindstille og knallblå himmel. Ingen storm korkje ute eller inne. Idag skal sixpencen få kvila.

tirsdag 7. februar 2012

Godt igang

I dag er det varmt. Alt klokka 10 var temperaturen 18 grader i skyggen. Eg vakna av lyden frå manuelt arbeid ute ved bassenget. Eg som har reist frå gravemaskinar og arbeidsfolk heime, skal altså ikkje få ro her heller. Murarane som jubla i takt med betongblandemaskina, var i godlage. Arbeid er luksus i dette landet. Dei tre undommane med trillebore og langskafta spadar, prisa seg lukkelege for ikkje å vera blandt dei 25% arbeislause her. Iallfall ikkje idag. Dei vonar nok at arbeidet skal vara lenge ved bassengkanten min. Eg håpar det er ein kortvarig jobb for dei. Iallfall her. Så kan dei heller trekka lenger ned i gata. Der er det sikkert fleire muraroppdrag.
Me nærmar oss orden i huset nå. Kjøleskapet er oppfyllt og NRK er funne på tv-en. Den første unikken er alt i skittentøykorga og dei første tomme rioja-flaskene hopar seg opp i skapet under vasken. Nå må med leita oss fram til kor bosset skal tømast, meiner kona. Eg syns ikkje det hastar ennå. Når den plassen er funnen, vert det erfaringsmessig springing i einå.
Eg har ikkje WiFi i huset. Kvar føremiddag må eg til resepsjonen for å hente Haugesunds avis. Då har eg nettbrettet i lomma og lastar ned papiravisa som e-avis på WiFi-en der.  Så er det heimatt for å kosa seg med alle nyhende frå Haugalandet. Nesten som å gå til postkassen på Husnes for å henta avisa. Den største skildnaden er føre- og værtilhøva. På Husnes måtte eg vinterkle meg og ta snøskuffa med for å plukka opp godsakene i postkassen. Her kler eg meg i shorts og sandaler. Og eg svettar på vegen oppatt til Casa Denis. Men då ber eg jo også med meg e-avisa under armen.
Murerane trur eg ettast frå maurerane. Desse islamske arabarane som dominerte denne regionen i Spania for eindel hundreår sidan. Dei er flinke med muring. Nå har dei og starta med pikking på gamal betong ved bassengkanten. Slik eg ser det nett nå, vert det ingen dukkert for meg der idag. Eg får finna på noko anna. Eg skal visst starta med å lukta meg fram til kor bosset skal tømast...


mandag 6. februar 2012

Her er sol og glede

Juan, husverten vår her i Nerja Villas, tok på seg heile skulda. For han var vår ankomstdag, årets kaldaste dag. Ha bad mykje om unnskyldning. Han fraus. For meg var dette årets varmaste dag, så eg skjøna lite av det heile. 
Me letta frå Flesland ein time etter ruta. Men likevel landa me i Malaga 5 min før annonsert landingstid. Så det gjekk i rasande fart heile vegen nedover. Når eg i tillegg kunne surfa på Kjosen sin WiFi, og dela ei heilflaske raudvin med kona, var det mest som om turen gjekk alt for fort. 
I ankomsthallen stod taxisjåføren med namnet mitt på eit A4-ark. Så var det berre å overlate trillevogna til han og gjere det ein kunne for å følgje med denne raske ungdommen. Etter tre kvarter svinga mersen hans opp i Calle de Ronda, og Juan kom oss i møte ut frå resepsjonen. 
Leiligheten vår heitter Casa Denis. Den er eigd av ein engleskmann, så vidt eg forstår av den velholdte bokhylla. Her er til og med "The Snowman" av Jo Nesbø eit val. Alle panelomnane var sett på maks før vi kom. Det hadde Juan ordna i trygg forvissing om at det er eg  som skal betala straumrekninga. Med det var sjølvsagt fint av han å gjera det. Elles hadde det nok vore litt kjølig.
Når eg vakna dagen etter skein sola. Ho steig opp frå havet klokka 8. Og ho skein inn på altanen vår samanhengande i 11 timar. Ca klokka 19 gav ho seg. Ein slik solrik plass med 180 graders utsikt ove Middelhavet, har eg ikkje budd på før. Og på Balcon Europa inntok vi lunchen vår: Tortilla og cerveza ute på fortaurestauranten.
Så her er ikkje berre sol og glede. Her er også 17 grader i skuggen og 35 i sola. Så stakkars Juan, han har nok ikkje vore i Noreg vinterstid. Frys han her, har han ingenting i Noreg å gjera.

onsdag 1. februar 2012

Snart reiseklar

Jo eldre eg blir, dess sjeldnare synes eg at kroppen min spelar i same divisjon som meg. Ofte kan det opplevast på same måten som om fotballklubben Barcelona og Trio skulle bli sett til å duellere. Barcelona gjennomfører ting som det andre laget berre ikkje har sjanse til å henga med i. Slik er det her i gården også: Kroppen vert som Trio. Vil så gjerne, kan så lite.
Trio var betre før. Så også med kroppen. Nå er det vinteren han slit med. Prøver å legge skylda over på holkeføre og blåe temperaturar.  Seier at det er best i godstolen nå. Ute kan ein bryte lårhalsar og  halebein.  Seier at ein ikkje treng å stressa seg opp med lange unikkar og Ulvangsokkar, når ein kan sitja inne i den herlege brisen frå varmepumpa. Tenk på blodtrykket, seier kroppen. Det systoliske og det diastoliske, seier han.
Eg lyttar til kroppen min. Yngvar Andersen seier ein skal det, trur eg. På Puls seier han det. Med minimale buksestorleikar, seier han det.
Eg går til fastlegen min. Han heng på meg berbar blodtrykksmålar. Den pumpar opp så det durar rundt om på kroppen min kvart kvarter. Ver roleg når målinga skjer, sa fastlegen. Difor frys eg til, og vert ståande i frysestilling mens lufta strøymer ut att av målaren. Slikt er ikkje heilt greit i alle omgjevnader og situasjonar. Trykk koden nå, seier kassadama i butikken. Men eg må forhalde meg roleg til målaren har stønna frå seg. Kassadama vert usikker. Eg ser ho slit med å takla dette.
På apoteket har dei blodtrykksmedisin. Eg investerer i kopimedisinen,  og sparer mange hundrelappar på det. Nå er det bra, seier fastlegen. Nå er du reiseklar.
Eg pakkar 20 kg i kofferten og 10 kg i håndbagasjen. Det er kva Kjosen meiner eg bør klara meg med i 6 sydenveker. Halve håndbagasjen er medisin. Resten er leidningar og duppedingser. Så har eg litt både til å knaska på og til å fikla med dei neste vekene.
Eg får nok ikkje sjå Barcelona. Men kanskje Malaga CF. Greitt nok det.Dei ligg på 8. plass i den spanske ligaen. Det er nok hakket over Trio det også.

mandag 23. januar 2012

Ein kamp på nye premissar

Snø har vore mangelvare hittil i vinter. Ikkje det at nedbøren har uteblitt, men han har hatt feil konsistens. Og feil farge, nett som plenen. Grøne plenar i slutten av januar venner eg meg ikkje til. Eg aksepterer det beint fram ikkje. Og ting ein ikkje aksepterer, bør ein jo gjera noko med. Men det har blitt med dette som med mykje anna som eg ikkje aksepterer. Det har blitt mykje ord, og lite handling.
Så endeleg i natt skjedde det noko. Etter tre rundar på beina i løpet av natta, med stadige glytt mellom persiennane i soveromsglaset, lava snøen ned. Før eg kom meg i buksa, høyrde eg snøplogen buldre forbi ute i gata. Nå er det ut å måke, tenkte eg. Eg visste presis kor snøskufla mi var plasert. Ho har stått klar i nokre månader like innanfor vedboda. Når kampen kjem, skal eg ikkje vasa rundt å leite etter utstyret, har eg tenkt. Kampen går på å få innkøyrsla rein for snø før naboen. Då tenkjer eg ikkje på naboen mot nord. Den slasken, han reiste til Gran Kanaria på lørdag, utan å ha brøyteberedskap i heimen. Nei, det er han mot vest eg kjempar mot. Denne nordlendingen som alltid skal syna alle at der "æ" kjem frå, kan ein dette med snøtraktering. Som ein driven bondeson frå Rogaland, har eg likevel ved einskilde høve overlista denne fiskarsonen frå Nordland. Då har eg brukt både kløkt, kraft og teknikk.
I dag ana eg uråd straks eg opna utgangsdøra. Kven er det som klipper plenen, var det første som slo meg. Men då eg såg den kvite spruten, mest som ein tornado, over tomta til naboen, skjøna eg. Svarten! Har han kjøpt seg snøfresar? Eg sette snøskufla frå meg, og pusla roleg innatt i huset. Eg ventar litt med måkinga, seier eg til kona.
Ufine middel for å nå sine mål, tenkte eg. Heng eg etter i den teknologiske utviklinga, tenkte eg og.  Kor mange hestekrefter er det i den der skal tru. Eg ville hatt ein breiare med høgare marsjfart.
Eg ser det litt an. Eg skal ta nokre observasjonar av tidsbruken og finishen hos naboen dei næraste dagane. Etter det eg såg frå min plass bak gardinet idag, tok det si tid. Eg skal, når eg er over vonbrotet, ta opp kampen mot snøfresaren med snøskufla mi.
Men først må eg til fastlegen og måle blodtrykket. Held det systoliske seg under 140 mm Hg, er eg startklar. Om ikkje, må eg finna andre løysingar.

søndag 15. januar 2012

Vinter i fjellet

Når vinterværet uteblir i låglandet, er det berre ei løysing: Reisa til fjells. Det blei ein laurdag til mandagstur i 900 m høgde. Kona, 2 barnebarn, eg og SX4-aren. På denne årstida er det å parkera ved Rv 9, pakka pulken og legga avgarde på ski 2km inn i fjellet. Når føret er godt og været lagleg, er dette ein tur for livsnytarar. Slik er det ikkje alltid. Eg mlnnest turar på denne årstida då den djupe, laussnøen rakk til rumpa på det meste. Då pulken gjekk meir under enn oppå snøen, og då transpirasjonen dehydrete meg heil ned til botnen av sjela.
Men i år har det vore spesielle værtilhøve i fjellet. I følgje Vinjebuen eg traff på turen, har det vore rare vertilhøve her dei siste vekene.  Kulde, regn og snø i ukorrelert rekkefølgje. Dette har laga ei hard skorpe på toppen. Den kan vi gå på i år. Men under skorpa er det laus puddersnø. Eg er glad ikkje hytta ligg i rasfarleg terreng. 1,30 m målte vi snødjupna til på hyttetomta, og glidelaga nedetter var mange.
I dag gjekk med tur oppover fjellet. To snart 70-åringar og to snart tenåringar. Ein ulike kamp i først til toppen tevlinga. Med litt bakglatte ski og svært flatt lys vart det vanskeleg å vinna. Og så er det dette med alderen då.
Vel heime til hytta att fekk eg kanalisert den ungdommelege energien opp på taket. Taksløysar og solcellepanel måtte lettast for eindel kg. Fantastisk god hjelp i slike ungdommar har eg erfart ennå ein gong. Og når dei eit par timar seinare svingar steikepanna og pannekakene ligg rykande og  fristande på bordet, kjenner eg meg mest som ein greve på eit mangestjerners etablissement.
I morgon er det attende til låglandet. Til grøne bakkar, våte vegar og bare hustak. Det er jo enkelt, men...