Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 16. september 2011

Den gylne dagen

Eg ligg i senga i Berlin. Hjernen min er det forskarane kallar på theta-nivå, eg er i tilstanden mellom å vera våken og i søvne. Eg handsamar inntrykk - langtidsinntrykk. Hendingar og opplevingar frå år attende i tid. Eg fablar. Eg svettar. Det har skjedd mykje.
Ein mannsalder. Nokre seier ein mannsalder er 30 år. Andre seier det er mykje lenger. Eg veit ikkje, eg er slutta å rekna livet i mannsaldrar. Eg vert skjelven av det, og svett. Tenk om eg skulle rekna ekteskapet mitt i mannsaldrar. Då hadde det runda 1+2/3 slike mannsaldrar. I dag. Meiningslaust. Eg velgjer å halda meg til det vanlege tidsmålet for slikt.
Eg fablar vidare. Året er 1961, det er september og potetferie. Eg skulle eigentleg vore av stad på utdrikkingslaget mitt, men det blei ikkje tid. Tæring etter næring. Været var godt og det var mest like tørt i potetåkeren, som eg var i strupa. "Vi skulle tømt en sjokoladeautomat, men vi fikk aldri tid", meinte Prøysen. Det kunne blitt litt av eit utdrikkingslag.
Men søtsaker blei det ikkje før bryllupsdagen. Då jenta mi i brurekjole og slør om kinn kom meg i møte på kyrkjetrappa, vart det ei større oppleving enn både Freia, Nidar og Bergene nokon gong hadde gitt meg. Ho var søtare enn dei alle. Og då mannen med kappe og krage dukka opp i ringen og stilde desse greie spørsmåla, var svara mine tydlege og rette, og me vart rette ektefolk. 
Kveitebrødsdagane skal etter skikk og bruk vara ein månad. Me hadde ikkje kveitebrødsdagar, me hadde potetplukkingsdagar. Tæring etter næring. Men alle syns det var stas med eit nytt ektepar i åkeren. 
Eg er i Berlin. Eg ligg i senga på Classic Appartment, ikkje langt frå Kurfürstendamm. Eg har gullbryllupsdag. Hjernen min nærmar seg alfa-nivå, eg vert medviten. 
"Kom og lytt til lyset når det gryr av dag....Dagen i dag – den kan bli vår beste dag", nynnar eg til kona mi.
Tenk 50 år. Du er gull verd, seier eg til henne. Du er gull verd for meg.
Ja euroen er jo ikkje noko å satsa på lenger, seier ho, Men ho seier det med eit smil bak maska.

tirsdag 13. september 2011

Ein bytur

Sommaren er på hell i Berlin også. Men verre er det ikkje enn at frukosten kan nytast på balkongen med eit lite skjerf om halsen. Her på Classic Apartment ved Kurfurstendamm har alle leilighetene balkong, men ikkje alle kvinner har ektefeller som har frukosten klar der klokka 09.16. Svanhild har det. Eg trur det gjorde henne godt idag, ho hadde eit hardt program framføre seg.
Me skulle avstad å innta Berlin. (Sjølv om vi ennå ikkje har tatt Manhatten). Etterkvart som sola steig på himmelen, blei dagen varmare. Så varm at ryggsekken min med ekstraklede, berre vert til pynt.
Ved Brandeburger Tor vart eg retningsforvirra. Kva var aust og kva var vest. Bussen som køyrde oss dit tok nokre underlege rundturar, slik at både eg og kartet mitt vart køyrde av lasset. Kor var Pariser Platzen og kor var Platz des 18. Marz?  Eg som trudde eg stod i tidlegare Vest Berlin, stod altså i det som før var Aust Berlin. Takka væra ei oppegåande kone, frisk i hovudet etter ein god frukost med noko nattåt, vart situasjonen redda.
Hitler drap jødar. Mange fleire enn det dei 2711 betongblokkene ved Holocaust Denkmal museet symboliserer. I denne labyrinten kunne ein gå seg vill både fysisk og mentalt. Inne i museet som ligg under jorda, rådde alvoret og ettertenksomheten. Uffameg. Eg trur det må vera vanskeleg å vera tysk og vandra blandt desse helvetesminna. Det var ingen gledestur for meg heller.
Elles gjekk dagen med til å prøva og riva ned resten av muren, og å sjekka opp Charlie Checkpoint. Begge deler med avgrensa suksess. Men med dette har mange før meg myslykkast

fredag 9. september 2011

Fuktige dagar

Det regnar rett ned, i strimer i dag. Vi får bløyta oss nå, både ute og inne. Naboen har vatn i kjellaren. Då gravemaskina kom og gravde ei vid vollgrav rundt heile huset hans, vart eg nyfiken. Kva skal han? Er det flytting på gang og skal han ha huset med seg sidan det ser ut som om maskina løyser det frå grunnen. Men nei. Det skal visst bli ny drenering rundt bustaden, men førebels er det ei vollgrav. Eg ser lite til naboen nå. Han kjem seg ikkje ut av huset.
Eg har hatt lekkasje i postkassa. Vatnet øydelegg aviser og brev. Det einaste som klarer seg sånn nokolunde er valbrosjyrene. Vatnet løyser ikkje opp dei. Men det er jo ei kjend sak at fett og flesk ikkje kan fjernast med kaldt vatn. Nå har eg tetta lekasjen. Ein sprut med Tec7 gjorde den jobben. Og nå kjem det heller ikkje fleire valbrosjyrer i denne omgangen, trur eg. Den posten som nå kjem, skal eg takla. Etter eg sette "Nei takk til uadressert reklame" på kassen, kjem det mest ingen post. Bortsett frå avisa som kjem den lange vegen frå Haugesund, kvar morgon til kassen min. Avisa kjem anten eg har stoppa ho avdi eg er vekkreist, eller eg har skjelt ut avisbodet som kjem så altfor seint nokre dagar. Eg trur han straffar meg med å fylla kassen min med aviser også når eg ikkje vil ha dei. Eg har kjøpt hengelås til postkassen. Ein høgkvalitets Yale lås av beste merke, hos Mekk. Nå skal avisbodet slita etter eit par dagar med meg bortreist.
Vatnet har renne gjennom taket i vedboda. Shingelen har halde i 12 år på eit tak med 5 graders fall. I teorien skulle det ha leke sidan dag ein. Det skjedde ikkje. Men naboen spådde det etter dag to. Naboen tok feil. Sist veke reiv eg det av og la sjølvbyggarpapp på i stadenfor. Nå er taket tettare enn blæra til naboen, om eg skal tru kona hans.
Sommarmøblene på altanen er vekke. Bassenget er dekka med vinterpresenning, og sirkulasjonspumpa har stilna. Pyttane samlar seg i den steinbelagte innkøyringa og eg har tatt singletten på under skjorta. Sikre hausteikn. Sommaren har visst vore her, men eg såg han ikkje iår. Noko seier meg at om han har vore her, så er han iallfall dratt sin kos nå. Eg pakkar kofferten. Eg dreg og. Eg dreg til ein stad der lindetrea ennå står grøne og kastar skyggar avdi sola skin på dei. Desse lindetrea som gjennom tidene har kasta så mange skyggar over heile Europa. Skyggar, som ikkje alltid har hatt sitt utspring i solskin. Eg skal avstad å sjekka opp Charlie, Charlie nächsten das Checkpoint

lørdag 3. september 2011

Dugnaddrøs

Kvar haust er det dugnad på vegen i hyttefeltet vårt. Etter å ha køyrd på ein elendig veg sidan snøen forsvann i mai, ein veg der vaskebrettet held på å rista sund både bil og prostata, så skal vegen vølast. Vegen skal setjast i stand att. Eg har aldri heilt skjøna tidspunktet for denne dugnaden, for på denne tida av året er det jo ikkje så lenge før snøen igjen dekker vegbana og køyring ikkje lenger er aktuelt. Men, men, det er jo kjekt å tenkja på at 1,5 meter under snøen ligg ein nyvøla veg som kanskje vert køyrbar att eingong uti juni 2012.
Klokka 09.30 kler eg meg i solide regnkler med HMV-bokstavar på ryggen. Nokon i familien har skaffa meg dei ein gong på 90-talet. Ingen regn- eller haglebyger kan nå meg inn til navlen med denne habitten på.  Hetta er så stor og heildekkande at med den på kunne eg rana Tokke Sparebank om ikkje DNB-nor hadde teke han før meg. Eg legg avgarde til frammøteplassen, der 30 andre bankrøvarar alt er komne. Ingen kjenner kvarandre. Slik er det her. Om vinteren kler ein seg i tjukke one-piece boblekler eller i knikkers og fjellanorak med ulveskinn rundt hettekanten. Aldeles ugjenkjennelege. Sommarstid kan ein møta dei same folka att med myggnetting over hovudet og fiskestong på aksla. «Hallo kven er du?» . «Eg er naboen i den svarte hytta», kan eg svara.
Det er sølepyttar på hyttevegen. Eg grip spaden og kastar sand i så vatnet sprutar ei kvinne i hijabliknande tildeking til langt opp  til der eg trur ho har låra. «Er dette bra», spør eg. «Veit ikkje», seier ho. «Har ikkje blitt påspruta slik før». «Eg meiner på vegen», seier eg noko forfjamsa.  «Å, det er ikkje mitt fagfelt», seier ho.
Dei tilkøyrde sandhaugane tok slutt. Det vart eit ørlite opphald i regnveret. Me hang oss over spadane, og tok hetta av hovuda. «Gunnar, heiter eg», seier eg. «Ja deg har me sett før», seier dei. «Det er du med det kvite håret i den den svarte hytta», seier dei og. Eg smiler og nikkar. Skjønar at dei følgjer med. «Kven er dåke», seier eg. «Me bur i den svarte hytta», seier dei og flirer. Ja om natta er alle hytter svarte. Det er dei om dagen og. Dei fleste. Iallfall i feltet vårt.
Eg må vurdera å skifta farge på både hår og hytte. Då tenkjer eg dei skal få noko å  bryna seg på. Eg meiner dei treng å bryna seg.

mandag 29. august 2011

Det er nå

Svigerinna mi og hennar mann inviterte på dobbel 60-års feiring i helga. Den direkte årsaka til dette var påfølgjande hendingar på Haugalandet hausten 1951.  Dei var fødde i året etter at folk ikkje lenger blei ein og seksti. Nå skulle dei bli sekstiein år. Den nye tellemåten som kom til verda, hadde nok ein trongare fødsel enn det svigerinna mi og mannen hennar hadde. Dei to har endra seg meir på åra som er gått. Tellemåten forblei den same hos store delar av folket, iallfall hos dei på vår alder.
Den "nye" tellemåten vart ikkje eit tema i bursdagen. I slike 60-årsdagar ønskjer ein vanlegvis ikkje å tenkja så langt framover at sekstiein og sekstito kjem fram i samtalen. Slikt er følsame greier. Sjølv slit eg oftare enn før med å finna dei rette orda til dei som rundar år. I gamle dagar sa eg gratulerer med dagen til mine jamnaldringar. Den gongen var det for dei fleste ei stor måloppnåing å få lagt nye år til alderen sin. Nye dører åpna seg anten det nå var kinodører, bildører eller poldører. Seinare gjekk eg over til å seia til lukke med dagen, i den tru at det skulle vera meir skånsomt og ikkje fokusera så mykje på at middagshøgda var passert. Nå for tida er eg rådvill. Stundom seier eg til folk som nærmar seg min alder: Velkommen i krigen.
Den franske filosofen og matematikaren, Blaise Pascal, sa at: "I ein krok i hjarta ditt er du alltid 20 år". Pascal vert rekna som grunnleggaren av sannsynrekninga, og sansynlegvis hadde han rett i denne filosofiske betraktninga også. 
Men det er klart det røyner på. Når barnebarna sit på fanget mitt og spør om å få kjenna på dei rare foldene eg har i ansiktet, eller når dei kjem med jamnaldrande 4 åringar for at også dei skal få "sjå" bestefaren, krympar Pascals krok i hjarta mitt. 
Kva tid starta forfallet? tenkjer eg då. Men eg skyv tankane raskt frå meg. Og Pascalkroken svulmar opp att.
 Men eg er jo realistisk: Ein skal ikkje tulla bort tida. Det svenske ordtaket :" Gjer ikkje i morgon det du kan utsetja til i overmorgon", er ingen god leveregel lenger. Mottoet bør heller vera slik Astrid Nøklebye Heiberg sa: "Det er nå". Det ligg ei stor glede i å tenkja slik at er det noko eg vil, så gjer eg det nå. Som gamle Kong Olav sa til skipskapteinen sin på kongeskipet då han hevda at de alle hadde god tid på ein av seilasane: "Jeg er en gammel mann. Jeg har derfor ikke god tid". 
Difor kjære jamnaldringar: Nå gjeld det å gassa på.

mandag 22. august 2011

Slektsstemne

Eg er av gammal bondeætt. Det er vel dei fleste. Eg likar meg best med støvlane på. Eg er usikker på om dei fleste gjer det. Men eg og Drillo har det iallfall sånn. Eg kommuniserer lettast når eg treff andre som og er  i støvlane. Det gir samkjensle og jamvekt å møtast i støvlar.
Verre vert det når ein skal møtast på slektstemne. Og når kleskoden ikkje er gitt i invitasjonen, vert ein usikker. Er det mørk dress og lakksko som gjeld, eller vert det olabukse med cowboystøvlar? Det var ein brokut og fargerik samling folk som møtte fram. Mange var plaga av stramme skjortekragar og bukser med korte livvidder. "Eg måtte på by'n i føremiddag å kjøpa meg eit nummer større i dress", sa ein. "Eg fekk kona til å sy ut linninga i går kveld", sa ein annan. Sjølv gjekk eg ut i bilen og kasta slipset. Eg skjøna det var bom, etter at eg helsa på "afrikaneren" i kjortel med påfuglfargar.
Så skulle ættebilete skapast. Fotografen er komen, alle må ut. Å plassera opp mot eit par hundre udisiplinerte bønder i enga under lauvtrærne, krev sin mann. Eg er usikker på om forgrafen hadde ressurser til slikt. Han gav vel meir eller mindre opp, og gjekk i staden i gang med å fella buskar og greiner på store trær for å skaffa nok vid vinkel. Fotografen var ein modig mann med høg sjølvkjensle, iallfall før han møtte Sandvik-flokken.
Seks ættledd etter mine besteforeldre var samla. Fem generasjonar i levande live. Ikkje alle kunne gå, men alle kunne eta. Køane framføre koldbordet var lange og livlege. Maten var knakande god, og kakene ligg ennå i tarmen og rullar. Eg har vore småetande i eit par dagar, etter dette. Heilt slått ned i støvlane.
Nå er festen over. Ei gild stund med mykje framandt folk. Eg la meg lågt i terrenget. Det gjeld å ikkje dumma seg ut ved å visa si vankunne i slektleg samanheng. Eg gjekk meg surr allereide blandt syskenbarna. Dei var blitt så sørgjeleg gamle. Svære magar, vonde knær. Ømme hofter og lite syn. Skjønar ikkje heilt kva dei har drive med, men eg har ein mistanke om at hadde eg treft dei med støvlane på, ville dei sett betre ut.

torsdag 11. august 2011

Men koordinatane røper eg ikkje.

Det er rart dette med molter, alle skal ha dei men berre få syns dei smakar særleg. Eg traff nokre eldre kvinner på toppane her idag. Dei oia seg, ikkje avdi dei var hofteskada og krokrygga, for det var dei, men dei klaga seg avdi dei ikkje fann molter. Kva brukar dokke moltene til?, ville eg vita. Jo det var til julekvelden då. Anna kunne dei ikkje kome på. Veit du kor me finn dei iår, ville dei vita. Nei iår trur eg ikkje det er så mykje, sa eg. Eg meiner at slike spørsmål er det uhøvisk å stilla. Gamle damer tillet seg jammen mykje. Dei burde vita at gamle menn ikkje deler koordinatar med kven som helst.
Sjølv plukka eg ikkje molter. Ikkje andre bær heller for den saks skuld. Det har noko med med tolmod å gjera. Plukkinga tek kona og barnebarnet seg av. Men eg held oppsikt med dei, og kjenner koordinatane deira. Og så står eg klar med vekta når eg har fått sula dei inn att.
Idag vog eg fangsten til 7 kg. Men kor dei fant dei? Tja ...
Published with Blogger-droid v1.7.4