Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 5. juli 2011

Sjårtsen min

Published with Blogger-droid v1.7.2

mandag 4. juli 2011

Same gener i ulike kombinasjoner.

Det er stort spenn i interesser og aktiviteter blandt familiane her på Viena1. Sjølv om dei tre "unge" familiane er gjennomsyra av Stange/Sandvik gener med tilhøyrande spreke kromosom, er nok dei sosiale genene ulike.
Nokre likar kvitvin, andre skal ha raudvin, og atter andre svermar til Gammel Dansk og gin frå 2-liter kartongar.
Nokre sit ute halve natta og kliv på taket for å auke opplevingane, mens andre legg seg til tider som er på grensa til uanstendighet.
Nokre kavar og svettar, og erstattar vesketapet med agua sin gas, mens andre syns leigebil er ei plage og leskar seg med cerveza con gas.
I dag er himmel høg og vinden spak. Gjengen er spreidd rundt omkring frå Calpe til Villajoyosa. Bading, badeland, havfiske og tatovering er ynda aktivitetar. Folk dreg kvar for seg til sine ting på dagtid. Om kvelden samlast me i Patioen eller på "byn". Då er det mykje å dela av opplevingar og av innhandla snask. Mykje fant og fjas vert vist fram. Ikkje alt vert like omtykt. Den nye shortsen min, som eg viste fram i går, skora lågt på terningkastet, særleg hos dei ærlegaste. Eg kan ikkje bry meg om det. Eg bærer min shorts som eg vil, og er kry av den.
Eigentleg er eg og glad for at folk er ulike. Har med åra funne ut at ikkje alle treng å vera lik meg, iallfall ikkje heile tida.
Men eg lurer jo på kvifor det er blitt slik. Har eg mislykkast med oppseding ska tru, eller er det kombinatorikken som har sjonglert med genene mine på så ulike måtar?
Svar meg den som kan...
Published with Blogger-droid v1.7.2

lørdag 2. juli 2011

Her er det sol og glede


Eg sit på altanen i l'Alfaz del Pi. Det er 30 grader i lufta, difor legg eg ikkje ved bilete av meg sjølv idag. Eg vil skåna deg for det. Nede ved bassenget ligg kona. Ho er sliten idag. Har vore i Benidorm og slentra. Den yngste sonen min øver på kornetten ute i garasjen. Der er det som i ein bakaromn. Men må ein så må ein. Dei andre familiane er på stranda. Kjem vel snart i leigebilane sine. Det er sendt ut varsel om middagsoppdekking i Patioen i kveld, altså ved bassenget vårt. Roar og Svanhild er kokkane. Eg opnar vinen.
Me har vore 17 sleltningar her i ei veke. I natt reiste 2 heim. Så det skulle tilseie at me vert 15 her i neste veke.
Eigedomen me leiger ligg i Carrer Viena 1 i San Rafael. Det er 15 min gange med til Alfaz. For langt å måtta gå men me har leigebilar med i alt 17 sitteplasser. Ein kan bli lat av mindre.
Eigedomen består av 3 adskilde hus som rommar alt me treng. Og frå takterrassen ser me Middelhavet. I hagen veks sitron og lime. Det har minka på frukta der denne veka. Sitron går jo saman med så mykje.
Published with Blogger-droid v1.7.2

torsdag 23. juni 2011

Robotane mine.

Huset får klara seg sjølv. Slik tenkte eg før i tida når eg reiste på ferie med heile familien, og naboane også var bortreist. Slik er det ikkje nå.
Nå er det hjelp å få frå teknologien på mest alle område. I dag har eg aktivert mange av robotane mine. Dei skal førebu fråværet mitt, og styra og stella mens eg er vekke. Dei er apps-ane i heimen. Dei som gjer at alt er på strekk, også når eg returnerer.
Bassenget vert reinhalde av min kjekke sugande ven. Eg kallar han Sugfus.


Stovegolvet skin i kapp med sola etter at den sugande Roomba-en har rusla rundt.

Tomatplantene lir inga naud når bartenderen deira stadig skjenker på meir drikke.

Slik er det og med alle hageplantene som står i dei tusen urnene rundt omkring. For høvet er dei samla i flokk, nett som å sjå innsjekkingskøen hjå Ryanair.

Og så til slutt, for at ingen skal oppdaga at vi er bortreist, tenner automatikken utelyset dann og vann.

Dette siste skulle jo aldri vore publisert. Men sidan det blei det, får eg likevel gi ei åtvaring: Sjølvskot er lagt ut, og alt anna er sprøyta med Duplosan, Roundup og Basudin. Så hald deg vekke frå jordbæra!

onsdag 22. juni 2011

Koffertval

Eg har lagerrom i kjellar og på loft. Begge plasser er det koffertar som dominerer. Dei finns i alle kvalitetar, storleikar og fargar. Og mange har klart å oppnå høg alder. Særleg dei eg har pensjonert, men ikkje hatt hjarta til å kvitta meg med.  Det skal mental styrke til for å skilja seg av med ein koffert som trufast har fulgt meg på kryss og tvers i verda.
Å henta fram ein koffert frå desse arsenala, er ei utfordring både for meg og for kofferten. Ofte ligg den eg ønskjer å bruka, heilt på botnen i halvmørket. Å få dei fram i lyset krev sterke armar og solide handtak. Eg må ta i like sterkt som stuarane på flyplassen plar gjera. Dei riv og slit i både handtak og bagasjelappar, sjølv om det ligg ein haug med andre sine koffertar oppå min.
I dag har eg valgt meg ut ein til Spaniaturen som er like rundt nova. Det blei ein i kraftig nylon som er vevd i bikube-form, med klassisk, tidløst, men stilreint design. Den har uttrekkbart trolley håndtak i aluminium, og store, lett rullande og robuste hjul.Den har innvendige kompressjonsstroppar som held innhaldet på plass under transporten. Og glidelåsen er låsbar med kodelås.
Nå er kofferten pakka og vege. Eg gav meg ved 19 kg. Det er kva kona og eg skal klara oss med i 14 dagar på Viena 1 i San Rafael (som ein kan klikka seg inn på der). Der har me råderetten over heile eigedomen, og der blir me saman med alle 17 våre i 2 veker. Ei historisk hending.
Eg reknar med at kofferten overlever flyturen, men om han klarer resten av opphaldet er uvisst. Det kan bli mange vågale forbikøyringar i innspurten. 

fredag 17. juni 2011

Virtuelt hopehav.

Lågprisselskapa så som Ryanair, Norwegian, KLM og sikkert fleire, tek seg ekstra betalt for alt mogleg nå om dagen. Skal ein til dømes vera trygg på å få sitteplass ved sida av den ein reiser saman med, må det reserverast sete og betalast ekstra for det. Hos Ryanair må ein betala for såkalla Priority Boarding noko som gir deg rett til å stå i Priority Q ved ombordstigning. Men seteplassnummmer får ein ikkje i det heile der i gården. Eg og kona har opplevd å sitja langt frå kvarandre under lange flyreiser. Då kan reisa bli ekstra lang.
Nå har Kjos lagt forholda til rette for ei grei løysing på dette problemet. Ein kan kjøpa seg tilgang til trådlaust Internett ombord i flya hans, noko som gir fantastiske muligheiter for nærleik til sin kjære under flyreiser.
Aftenposten refererer følgjande soge:

"Flyselskapet Norwegian tilbyr trådløst Internett om bord på sine flyvninger, og kabinsjef Bård Erik Flatin var til stede da et par av passasjerene benyttet seg av Skype under serveringen om bord.

For en tid tilbake fløy jeg tur til de sydligere deler av Europa hvorpå jeg stod med vår serveringsvogn et sted i fremre del av kabinen og serverte en hyggelig kvinnelig passasjer. Mens hun tilsynelatende jobbet på sin laptop med tilhørende øreplugger i, bestilte hun noe mat og drikke av meg. Som seg hør og bør avslutter jeg med: «Var det det hele? Ønsker du noe mer?» Passasjeren svarer «Vent, litt så skal jeg høre!», hun snur seg mot laptopen sin og sier: «Skal du ha noe, Gunnar?». Hun nikker bekreftende på hodet og snur seg mot meg igjen og sier, «To øl og chips til mannen min på 14F, er du snill».

Herr og fru passasjer så tydeligvis ingen vits i å forhåndsbestille sete når de kunne sitte virtuelt sammen ved hjelp av Skype."

torsdag 16. juni 2011

Hos frisøren

Eg har klipt håret idag. Det gjer eg oftast hos Tango på Husnes Storsenter. Når eg entrar desse lokala, opplever eg å vera på ein arena, der eg aldeles ikkje kjenner meg vel. Ei av kvinnene som arbeider der er herrefrisør, alle dei andre er opptekne av kvinner. Slik er det blandt kundane og. Dette er ikkje ein stad der mange menn ferdast. Eigentleg rart at det er slik. I eit samfunn som Husnes er det ikkje flust med stader der menn og kvinner kan møtast. Sjekkestader meiner eg då.
På ein frisør-/beautysalong ligg tilhøva svært godt tilrette for litt sjekk og flørt. Her kan ein både direkte og gjennom eit utal av speglar, inngåande få observera og vurdera kroppane til det andre. Iallfall den delen av kroppen som stikk over frisørkappen. Ein får studert korleis kvinnene ser ut med både vått og tørt hår. Med og utan hårfarge, med og utan krøllklemmer og ikkje minst det ferdige produktet. Eg må vedgå at kvinna ikkje synes like atraktiv i alle desse tilstandane.
Og så er det alle dei gode samtalane ein kan overhøyra og eventuelt ta del i på salongen. For oss menn tek diverre klippinga berre eit kvarter, i motsetnad til kvinnene som sit der i timesvis. Dei kan verkeleg gå inn i grundige og uttømande konversasjonar. Eg får likevel høyra meir nytt på eit kvarter der, enn eg får med meg i løpet av fleire veker andre stader.
Det er dyrt å klippa seg på Husnes. 340 kroner for å bli saksa litt på toppen, er mykje. For å få mest mogleg att for pengane, har eg byrja bed om ekstratjenester, så som klipping av augebryn, nasehår og hår i  øyregangane. Det er jo på slike stader veksten er på sitt beste i min aldar. Eg prøver å strekkje desse ekstratenestene lengst mogleg, utan at det til nå har påvirka prisen. Eg undrast på kor grensene går her.
Ein gong for nokre års sidan reiste eg til Bergen og klipte meg hos ein innvandrarfrisør. Som senior tilbaud Tide båtreise til byen for kr 100 kvar veg, og innvandraren skulle ha 100 kr for jobben. Det vart rimlegare for meg enn å klippa seg her på Husnes. I tillegg fekk eg klassisk fiolinmusikk av innvandraren sin bror under heile klippetida. Og når eg var ferdigklipt fekk eg sjå bilete av dei nyfødde tvillingane som frisøren var blitt bestefar til. Det vart ei skikkeleg kosestund, som eg godt kunne tenkt meg å repetera.
Men det blei ikkje meir av det. Eg turde ikkje utsetja meg for slikt, fordi når eg kom attende til Tangosalongen på Husnes, sperra frisøren min augene opp og utbraut "Men Sandvik, har du vore trulaus"?
Dette var nok knask for alle papilottutstyrde fruentimmer på salongen. Eg såg tørkehetter som vart bøygd til sides og blikk som vandra kvilelause rundt i salangen. I Tangotakt. Frisøren såg straks endringa i hårsveisen min, og skjøna at eg hadde vore hos andre. Dei nyheitshungrande kundene visste at trulaus i nynorskland tyder utru. Dei skjøna såleis også på sitt vis at eg hadde vore hos andre.