Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
fredag 29. oktober 2010
torsdag 28. oktober 2010
Lågkarbo kveld
Det er inn å jobba med bilringar for tida. Eg tenkte, sidan eg likevel heldt på med dette dekkskiftet på bilen, at eg kunne prøva å legga om litt både her og der. Ein gammal kollega, som etter mitt syn sjølv har alt for mykje å fara rundt med, kommenterte då han såg meg att etter 2 år: "Same karen som før, ja bortsett frå litt meir framtung då". Eg hatar når folk seier slikt til meg. Slike sanningar har betre av å forbli usagde.
Men når slikt er sagt, kan det ikkje trekkjast attende. Då har det alt bite seg fast i hugen, og gnege seg inn i ryggmargen. Stadfestinga på at det nok var ei utsegn med mykje sanning i, fekk eg i buksebutikken i Bergen. Trøysta om at Hennes og Maurits sel klær som er små i nummeret, gjekk ikkje heilt inn hos meg. "Du seier det for å trøyste du", sa eg.
Dr Hexeberg hjalp meg. Lågkarbo-kost er tingen. Et gjerne mykje og feit mat, men held deg unna karbohydrat. Så idag har eg baka. Lågkarbobrød:

- 4 egg
- 1/2 beger creme fraiche
- 3 ss olje
- 1 ss bakepulver
- 50 g linfrø
- 60 g kruskakli
- 50 g sesamfrø
- 50 g solsikkefrø
Av dette blei det eit lite men flott brød. Eg skal straks på kjøken og skjæra den første skiva av det, og gler meg.
Så var det den lågkarbovinen då. Er den oppfunnen mon?
onsdag 27. oktober 2010
Nettet ligg nede
Idag vart eg avstengd frå verda. Ingen internett-tilgang står det over eit ikon i nederste høgre hjørne på pc-en min. Eg er fortvila. Dette torpederar alle mine godt innarbeidde rutinar. Navlestrengen til verda var broten.
Eg kastar meg over mobiltelefonen og surfar litt med den. Men det blir for puslete. Mobiltelefonar er best til å ringa med. Eg ringer 05000 til telenor. Er du berdiftskunde, tast 1, er du privatkunde tast 2. Eg tastar 2. Nye spørsmål, nye tastesvar frå meg. Eg driv på slik i halvanna minutt. Så seier Telenora, eg kallar henne det ho som snakkar om tastetrykk, at køen er lang. Ho spelar musikk for meg og ber meg ein gong i minuttet å halda humøret oppe for eg rykk stadig fram.
Eg går rastlaus i oscillerande rørsle over stovegolvet. Rykk både fram og attende. Ventetida er under fem minutt nå, kvitrar Telenora. Men før ho får snakka frå seg overtek ein mannleg kundekonsulent med møredialekt. Nettet mitt, seier eg. Det ligg nede. Kva nett er det, seier han. Det optiske over fiber, seier eg. Å det ja, seier han. Ja slik er det over heile landet idag. Javel, kva tidsplan har dokke, spør eg. Snarast råd, trøystar han.
Kva gjer eg nå? Eg koplar mobilen til PC-en med USB-kabel. Koplar til internett gjennom den. Brukar mobilnettet altså. Litt tregt og alt for dyrt. Men det funkar. I nauda et fanden floger. Det gjer eg og for å få nett-tilgang.
søndag 24. oktober 2010
Bergenstur
Tyrving har WiFi og eg har litle Asusen min med meg på tur. Eg er på veg heimatt nå. Har vore på teatertur i Bergen og samstundes fått med meg mykje anna urbant i Hansastaden.
"Min Familie" av Tracy Letts var opplevinga i går kveld. Ei stor oppleving som både var til å le og gråte av. Anne Marit Jacobsen er strålande. Hennar rollefigur sin omgang med mann og barn er eg likevel overmåte glad for at eg ikkje kjenner att i eigen familie. At ei så pilleetande og "utanfor-livet" kvinne likevel følgjer med og kjenner alle løyndommane til alle i familien, er skremmande. Utruleg kva kvinnfolk får med seg, tenkte eg.
Torgalmenningen var møblert i helga. I samband med innsamlingsaksjonen var folkelivet rikt i alle telta som var rigga opp. Spennande å vandra rundt blandt bergensarar og strilar igjen. For å friska opp gamle minne, blei det og ein tur med bybanen. Eg køyrde jo trikk i Bergen tidleg på 60-talet, så eg meinte jo å kunna dette med skinnegåande trafikk. Dessutan budde eg like ovanfor Nesstun første studieåret mitt og skulle difor vera godt kjend med banetraseen.
Litt trøbbel blei det likevel allereide ved billettautomaten. Eg skulle betala med Skysskortet mitt, men det kom ingen billett ut. Etter mange forsøk fann eg ut at systemet ikkje var så kjapt som det er i London. Med Oystercard på buss eller undergrunn der er det berre å tangera kortet mot lesaren. Skyssautomaten forventa ei lengre og meir intim berøring, før han fekk det for seg å støytta ut billetten. Men til gjengjeld gjorde han det grundig. Kona fekk honnørbillett utan at automaten spurde om alder. Eg fekk ikkje slik billegtur. Det vart likevel ein fin tur.
Bristol Hotel på Torgallmenningen er ein framifrå stad å bu. Sentralt, både i høve til DNS og Polet. Ein kan gå til teateret i berre trøya. Slik sparer ein garderobekostnaden. Denne innsparinga kan ein så legga inn i raudvinkjøpet i pausen mellom 1. og 2. akt. På det viset vert 2. akt enda betre.
Me kryssar mellom holmane nord for Hufthammar nå. Stemninga ombord er god. Kona strikkar og sola skin. Ho glyttar stundevis over for å sjå kva eg skriv, men refleksen i skjermen hindrar henne i det. Så eg har frie litterære tøylar idag.
Jammen er det godt å reisa kollektivt i solskin

tirsdag 19. oktober 2010
Vaksinasjonen
Å sitja i vaksinasjonskø, er trivlege greier. I går fekk eg igjen denne årlege trivnadstunda. Happeningen som samlar mange av oss som er i "utsett gruppe". Folkehelseinstituttet har valgt å kalla oss det, me som er over 65 år.
Eg er usikker på kva eg er utsett for. I fjor kalla dei det svineinfluensa. I år er det sesonginfluensa sprita opp med H1N1-, H3N2- og eit B-virus. Den injeksjonen vil eg ha, tenkte eg, og hasta avgarde til klinikken.
"Du må trekka eit lodd", sa dei som sat der før meg."Men det kostar 50 kr". "Lodd?", sa eg litt stiv i maska og undren i røysta. Dei lo. "Ja kølapp då, kjappen", sa dei.
Eg har sett dei før. Desse pensjonistane som ikkje gjer anna enn å tulla og tøysa med skikkelege folk. Etter å ha bana meg veg mellom strikkande kjerringar og parkerte rullatorar, finn eg til slutt ei pitte lita blokk av den typen ein nyttar på basarar Den ligg og sleng i ei heimesnikra kommunehylle. Like ved sida av står ei pappeske med påskrifta "gratis utdeling av kondomar". Eg trekk ein lapp, men står over det andre tilbodet. Nr 53, fekk eg. Kven som har nr 52 hadde vore kjekt å vita. Helsesøstrene som kom ut og sa: "Neste", hadde jo ikkje peiling. Her er ein sjanse til å korta ned ventetida, tenkte eg. Så ved neste "Værsågod neste", reiste eg på meg. "Nei nå er det nr 45", kom det bryskt frå eit hjørne innst i lokalet. Eg kunne jo ikkje vita at det var spanarar til stades. Men det var det. Sjølvbestalta køpoliti.
Eg synk ned att på stolen. Tenk å snika i eldrekøen. Dei hadde taket på meg nå, dei andre. Folk rista på hovudet, smulka og lo. Eg tok av meg regntrøya. Det vart varmt i rommet. På ein skala frå 0 til 10 kjende eg at verdigheita mi sank til under 0.
"Tålar du egg", spurde helsesystera. "Eg elskar egg", sa eg. "Då er du på rett stad", sa ho og injiserte denne trippelblandinga oppala på hønseegg. "Å det var godt", sa eg. Men med meg sjølv tenkte eg at: takka meg til eit blautkokt frukostegg.
Så sette eg meg til tørk ute på venterommet. "20 minutt må du sitja", sa dei. Etter 17 minutt reiste eg meg. "Du har ikkje sete i 20 minutt ennå", seier ein borte i kroken som og sit på tørk. Eg blir forbanna over at det sit politi i alle krør. "Du går jo same veg heim som meg, så om eg ligg dau opp i gata, så vær så snill og plukka meg opp", seier eg. Gispet gjennom forsamlinga var meir høglytt enn då Jagland kunngjorde at Obama skulle få fredsprisen. Jagland sto på sitt i fjor. Det gjorde eg og i går, eller rettare sagt eg gjekk med mitt. Vel nøgd med å gå ein ny vinter i møte rusta til å møta sesonginfluensaen.
Men den beste vaksinasjon, seier Per Fugelli, er å gi folk verdigheit. Den injeksjonen vart ikkje sett på meg igår.

lørdag 9. oktober 2010
Daud mus bit ikkje
Det er lemen år i år. På tur til hytta, som ligg 900 moh, observerte eg ein køyrebane godt tildekka med brune skinnflusser. Desse overkøyrde smådyra, som ikkje har vit til å passa seg i trafikken. Dei dukkar opp både på riks- og europavegar, når terrenget omkring vert for lite for dei. På fotturane innover i Bykleheiane, opplever eg at lemen stadig hoppar fram, fresar og glefsar og vil ha meg vekk frå sin arena. Eg kvepp til over slik agressiv framferd. Eg er ein fredens mann. Difor opplevder eg fjellmusa som ein artsfrende, fredleg og velmeinande. Eg har hjelpt musa det beste eg har makta gjennom åra til fjells. Redda dei frå drukningsdauen i fulle vassbøtter eller i utedassen, redda dei frå kona sin farlege klebankar eller frå sveltedauen ved å verta innesperra i vedboda når eg stengjer og reiser heim. Men eg blir meir gløymsk med åra. Sist eg var her gløymde eg å jaga ut musa og i tillegg vart innetøflene ståande att der. Så difor denne klumpen i høgre tøfla når eg trødde i ved ankomst på torsdag. Stakkar musa. Ho hadde daua i tøffel min. Dødsårsaka er ukjend. Det kan vera alt frå matmangel til tåfis. Ei tragedisk oppleving som vil ri meg i lang tid framover. Denne passive god-klumpen i tøflen.
onsdag 6. oktober 2010
Statspensjonisten
Ein statspensjonist har det ikkje som andre pensjonistar. For statspensjonisten gjeld eit todelt regelsett. Folketrygden (FT) sine reglar og Statens Pensjonskasse (SPK) sine reglar.
NAV styrer med alderspensjonen frå folketrygda, og SPK med samordningsdelen som skal koma derfrå. Når ein nærmar seg 67 år, minner NAV ein på at tida er inne til å søkja om alderspensjon. Når NAV har vurdert ut frå tilleggspoeng, stillingstorleik og oppteningstid, kva ein skal ha frå FT, sender dei avgjerda si vidare til SPK som så samordnar og fyller på med sin del, slik at den samla pensjonen vert minst 66% av løna.
Nå vil styresmaktene at pensjonistar skal vera i arbeid lengst mogleg, og endrar difor skattereglane for pensjonistar i framlegget til statbudsjettet for 2011.
Men å jobba som statspensjonist kan vera ei lite lukurativ tidtrøyte, og komplisert nok å finna ut av kva ein har att for jobben.
Dette informerer dei to ulike regima meg om i brevs form når det gjeld denne problemstillinga:
NAV seier:
"Arbeidsinntekt og pensjon:
Du kan fortsette i arbeid og likevel motta alderspensjon fra folketrygden. Alderspensjonen vil ikke bli redusert på grunn av arbeidsinntekt. "
SPK seier:
"Inntekt ved siden av din alderspensjon fra Statens pensjonskasse kan påvirke din pensjon. Vi skiller på om du jobber i det private eller det offentlige.
Privat virksomhet
vil si virksomhet uten medlemskap i SPK eller annen offentlig tjenestepensjonsordning. Arbeid i privat virksomhet påvirker som hovedregel ikke alderspensjon.
Det er viktig å være oppmerksom på at en privat virksomhet kan ha pensjonsordning i SPK. I de tilfellene stemmer det ikke at det kan jobbes ubegrenset uten å få pensjonen beskåret.
Offentlig virksomhet
Dersom du mottar ordinær lønn i det offentlige, vil dette gi medlemskap i Statens pensjonskasse uansett stillingsstørrelse og alder og fører til reduksjon eller stans av alderspensjonen, jf. § 5 i pensjonsloven. Starter pensjonisten i et arbeidsforhold som gir medlemskap i annen offentlig tjenestepensjonsordning innenfor overføringsavtalen vil alderspensjonen reduseres eller stanses. Ved delvis inntekt vil det bli beregnet en ny pensjonsgrad og din pensjon vil bli redusert.
Starter du i en stilling tilknyttet Statens pensjonskasse, kan du iht. statens personalhåndbok pkt. 10.12.2 engasjeres på pensjonistvilkår med pensjonistlønn. Pensjonister som er engasjert på pensjonistlønn er unntatt fra medlemskap i SPK. Pensjonistlønn er en avlønning etter redusert sats. Den fastsettes av FAD. Per 01.01.2010 utgjør pensjonistlønnen kroner 160 per time......
Pensjonister som underviser har en egen beregning: Fra 01.01.10 er formelen: kr 160,- x 1 400 / årsrammen i faget."
Abonner på:
Innlegg (Atom)