Attende etter 5 dagar i London. Meteorologisk sett var det å reisa frå sol og varme i UK, til drit og lort i Norway. Berre såvidt ein kunne landa fly her på Vestlandet idag pga tåka. Og det vi opplevde på Helganes virka meir som ein flykrasj enn som ei landing. Men me kom ned, og heilt presis som alltid med Ryanair.
Vi forlot ein duftande flora som var fargerik, frodig og vakker, og kom heim til eit landskap der vinteren ennå tviheld på gufsegrepet sitt. London såg slik ut nå:
Og me såg slik ut i Greenwich Park:
Svanhild såg slik ut med nyinnkjøpt Greewich-halssmykke i sølv og aluminium:
Og eg såg slik ut idet eg forlet mi London Rose, som tok meg frå Westminster Pier til Greenwich Pier:
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
torsdag 29. april 2010
onsdag 28. april 2010
Rundt omkring med buss og bein
Kona ville handla idag, så turen gjekk gjennom Hyde Park til Oxford street, der me skilde lag. Ho tok for seg varehusa, mens eg traska rastlaus rundt i kvartala.
Me møttes til avtala tid, ho med svære handleposar, og eg med solbrend nase.
Så gjekk turen med buss til Picadilly Cirkus og vidare til fots til Shepherd Market. Ein kosleg liten plass inne i Mayfair, godt skjerma mot biltrafikken. Der måtte det jo bli ein pint.
Med jogga videre til Hyde Park Corner, og med buss til Portobello Market i Notting Hill. Verdens største antik-marked, skryt dei av der. Lunchen på puben hos ein pubvert som heile tida hosta og nøys, særlig når han pumpa Dragons Tale, var fyldig og mettande.
Så var det føtene igjen heilt heim til hotellet i Leinster Gardens. Der sit eg nå. Kona forsvann innom på eit Varehus borti gata her. Lurar på korleis dette endar. Handleposane var jo alt fulle på førehand. Smekkfulle. Dei revna på vegen heimatt.
Me møttes til avtala tid, ho med svære handleposar, og eg med solbrend nase.
Så gjekk turen med buss til Picadilly Cirkus og vidare til fots til Shepherd Market. Ein kosleg liten plass inne i Mayfair, godt skjerma mot biltrafikken. Der måtte det jo bli ein pint.
Med jogga videre til Hyde Park Corner, og med buss til Portobello Market i Notting Hill. Verdens største antik-marked, skryt dei av der. Lunchen på puben hos ein pubvert som heile tida hosta og nøys, særlig når han pumpa Dragons Tale, var fyldig og mettande.
Så var det føtene igjen heilt heim til hotellet i Leinster Gardens. Der sit eg nå. Kona forsvann innom på eit Varehus borti gata her. Lurar på korleis dette endar. Handleposane var jo alt fulle på førehand. Smekkfulle. Dei revna på vegen heimatt.
tirsdag 27. april 2010
Der aust møter vest
Utflukt i dag. Buss frå Qeensway til Westminster, og så båt som tok oss frå Westminster Pier til Greenwich Pier. Ein 13 km båttur nedover Themsen med Thames Clippers i godt ver, med nypussa briller og klart hovud.
Cutty Shark, seilskuta med alle gallionsfigurane, snubla me nærmast over når me gjekk i land. Stasleg skip som i siste halvdel av 1800-talet, seilte med te mellom Kina og Storbritannia.
Men det var null meridianen me ville sjå. Denne streken som eg har sett på kartet så mange ganger. Den som går frå nordpol til sørpol, og som ligg 5 grader og 44 minuttar vest for Husnes. Meridianen var tidlegare utgangspunkt for inndeling av tidssoner. GMT sa vi, og stilte klokka vår 1 time seinare enn Greenwich Mean Time. Me måtte inn i Royal Observatory, for meridianen går gjennom denne bygningen som nå er museum. Å stå med ein fot på kvar side av denne meridianen, tyder at eg står med ein fot på vestlege og ein fot på austlege halvkule.
Greenwich park var ei oppleving fullt på høgde med Husnesparken, og mykje gjevt å sjå på vår 3 km vandring gjennom området med museum, universitet, marked og pubar. Og pinten på Trafalgar Tavern der Charles Dickens i si tid var stamgjest, gjorde at eg ikkje lenger brydde meg om kva halvkule eg var på.
Turen attende til London sentrum gjekk med Docklands Light Train, eit tog som går på ein opphøga skinnegang, og som difor gav flott utsikt over landskapet i Docklands.
Cutty Shark, seilskuta med alle gallionsfigurane, snubla me nærmast over når me gjekk i land. Stasleg skip som i siste halvdel av 1800-talet, seilte med te mellom Kina og Storbritannia.
Men det var null meridianen me ville sjå. Denne streken som eg har sett på kartet så mange ganger. Den som går frå nordpol til sørpol, og som ligg 5 grader og 44 minuttar vest for Husnes. Meridianen var tidlegare utgangspunkt for inndeling av tidssoner. GMT sa vi, og stilte klokka vår 1 time seinare enn Greenwich Mean Time. Me måtte inn i Royal Observatory, for meridianen går gjennom denne bygningen som nå er museum. Å stå med ein fot på kvar side av denne meridianen, tyder at eg står med ein fot på vestlege og ein fot på austlege halvkule.Greenwich park var ei oppleving fullt på høgde med Husnesparken, og mykje gjevt å sjå på vår 3 km vandring gjennom området med museum, universitet, marked og pubar. Og pinten på Trafalgar Tavern der Charles Dickens i si tid var stamgjest, gjorde at eg ikkje lenger brydde meg om kva halvkule eg var på.
Turen attende til London sentrum gjekk med Docklands Light Train, eit tog som går på ein opphøga skinnegang, og som difor gav flott utsikt over landskapet i Docklands.
mandag 26. april 2010
Kunst, katedral og shopping
Tate Modern stod høgast på lista idag. Den ligg sør for elva, og var tidlegare ein kraftverksbygning. Men frå 2000 vart verkstdahallen ominnreia til kunstmuseum for deler av Tatesamlinga, som trengte meir plass. Mykje gjeve ting å sjå både av Picasso, Matisse og Bacon. For ikkje å snakka om Warhol sin biletserie av Marilyn Monroe. Dei varmde ein gammal kropp.
Men det som kanskje imponerte mest, var utsikten over London. Mot nord Millennium Bridge og St Paul's Cathedral. Og mot sør og aust. Shakespear's Globe, London Eye og Docklands.
Frå Tate Modern var vegen kort over Millennium Bridge til ein tur innom St. Paul's Cathedral. Me har vore der før, men måtte innom og sjekka at alt stod bra til. Sjølv om kjerka ligg under den anglikanske biskopen og ikkje direkte under paven, har ho sterke trekk frå katolisismen. Her vart prins Charles og Diana gifte, og frå her fekk Churchill si gravferd. Flott kyrkje med Peterkyrkje-inspiret kuppel. Me godkjende det me observerte her.
Så vidare til Westminster Abbey som er Storbritannia sin nasjonalheilagdom. Her føregår dei fleste bryllup, kroningar og gravferder for monarkar og anna fint folk. Kjekt å sjå dette att etter 33 år. Flott, men fasaden ofte skjemd av stilas, grunna stadig renovering og at fleire moderne minesmerke vert reist i tilknytning til bygget.
Nok kultur og lang over lunchtid blei det.. Me måtte eta. Publunch er fine greier, og maten der er nå ofte heilt på høgde med det ein kan eta i seg på restaurantar. Og så har dei så godt øl der frå handpumpe og i skikkelege pintglas med hank i. Kona har og funne ut at etter slike besøk, blir eg medgjerleg med tanke på shopping. Så me enda opp på Primark i Oxford street. Der har dei litt av kvar, og prisane er lågare enn hos Cubus på Husnes. Litt blir det jo kjøpt, men ikkje mykje. Ryanair sine "cabin baggage regulations" spøkjer bak pannelappen. Skal heim og.
Rimleg reise - blanda sørvis
Eg er i London. Frakta gjennom askeskya av dette flyselskapet som Thomas Antony Ryan starta i 1985 saman med eit par andre irlendingar. Thomas, ein mann med fleire doktorgrader og mykje pengar, gjorde seg enda rikare på desse kvitblåe flya med den gule stripa. Desse flya med den uorganiserte og sikkert underbetalte besetninga. "Ready for take off. Cabin crew put your ass down", seier flykapteinen. "My first wife didn't like to fly, either", seier han og. Eit ekte mannfolk til å stola på denne iren.
"What the f*** do you want", seier kabinpersonalet som slit handlevogna gjennom midtgangen.
Maten ombord, om han finns, er knapt etande. Drinkane vert servert i plastposar og ein må betala grovt for det meste, med unnatak av sjølve reisa då. Den er nesten gratis. Kr 424 totalt tur/retur for meg og kona frå Karmøy til Standsted, er det same som eg betalte snøscooteren i påska for å køyra meg 2 km frå bilen inn til hytta, ein veg. Og der var heller ikkje servicen oppsiktsvekkjande god. Mykje rart å seia om Ryanair, men billege, effektive og presise - det er dei ofte.
Me reiser vidare med Train frå Standsted til Liverpool Street station, og så 10 min med Central Line. Går av ved Qeensway Station, der heisen er stengd men rulletrappene fungerer. Me leitar oss fram til Leinster Garden. Blakemore Hyde Park Hotel er målet. Men ikkje langt før hotellet ligg Leinster Arms. ”Fancy a pint”?, seier eg. Som sagt så gjort.
Me stoppar i døra, tek eit overblikk. Ser dette bra ut, eller er her berre turistar? I turistifiserte strøk som Bayswater, er ikkje alle pubar eit besøk verd. Om ein ikkje er spøkje tyrst då. Men her virkar lufta frilyndt. Den lokale gruppa i heftig parlamentering ved disken, har glinsande issar og rustne røyster. Meiningane er sterke. Tory... Labour..., Valet er 6. mai. Dei ensar ikkje oss, men virkar venlegsinna.
Her kan ein ta seg eit par krukker, meiner eg. Så avgarde til handpumpene. Hotellet får venta.
Det gode, brune, engelske fluidum gjer i sanning susen. Også denne gongen
tirsdag 20. april 2010
Korte turar kan og bli lange
Planane er klare. Billetten er i lomma. Kofferten er pakka, men flya går ikkje. Kva liv kan det bli for ein pensjonist etter dette? Har ikkje vore på vingene sidan februar. Skal etter planen i lufta snart, men det ser spøkje ut.
Men går flyet på sundag, så dreg me. For å seie som den engelske flypassajeren David Jack:
"Everyone felt that if the pilot was happy to fly then we were happy to get on"
Så får det bli som det vil med returen. Fram og tilbake er ikkje alltid like langt lenger. Men pensjonistar har tid til å vera så lenge Eyafjällajökull, Katla eller VAAC bestemmer. Og om eg tek med meg pc-en, mine 2 Mastercard og Visa kortet, samt at kona tek med seg sine, kan me vera lenge vekke. For finansieringa må me ordna sjølv. Verken Vesta eller Gidske vil gi oss noko, om me vert askeoffer i London.
søndag 18. april 2010
Ein mørkets gjerning
I forrige bloggen min kom eg med sterke oppmodingar om ikkje å urinera i toalettskåla verken natt eller dag. Her kjem og vitskapen meg i møte, og åtvarar særleg mot nattlege toalettbesøk, om enn ut frå andre årsaker enn eg hadde i tankane. Sjå berre her:
I følgje ein artikkel i den engelske avisa Daily Mail har forskarar frå Storbritannia og Israel, funne ut at plutseleg eksponering frå lys om natta, kan utløyse eit overtrykk i celler som er knytt til danning av kreft i kroppen. Forskarane samanliknar ei gruppe mus som blei utsatt for nattleg lys i ein time, med mus som blei holdt i mørket gjennom heile natta. Det viste seg at hjerneceller knyt til døgnrytmen, vart endra. Dette kunne i neste omgang initiera utvikling av kreft.
Dersom du må stå opp å gå på toalettet om natta, bør du unngå lysbrytaren. Det finns ein type plug-in lys som berre gløder, som er trygge, og som du kan bruka som alternativ.
Så dersom ein ikkje går til innkjøp av slikt spesialutstyr, kjem det å finna og treffa toalettskåla nattestid på linje med jokerspel. Ein prøver seg med opp når det er ned eller omvendt. Kan bli mykje søl og vonbrot ut av slikt.
Nå lurer eg på kva andre vaner eg må venda, for å halda meg unna kreftrisikoen.
Kva med å:
- · Ligga 10 min i senga etter eg har våkna, for å prøva å jobba opp mot til å møta dagen
- · Ha hodetelefonane på øyrene når eg bruker datamaskinen, sjølv om eg ikkje høyrer på musikk
- · Alltid sitja ved midtgangen på flyreiser
- · Ha salt på agurka
- · ?
Her er mykje å ta tak i for forskarane framover. Oppskrifta er klar: Finn dei variable, planlegg undersøkinga, observer og tolk resultatet.
Eg gir til kreftsaka kvart år, og forventar resultat.
Eg gir til kreftsaka kvart år, og forventar resultat.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




