Turen idag hadde same start og mål som igår. Men ruta vart ei heilt anna. Me følgde havkanten. Rett nok vart det ein liten ås å forsera mellom Nye Puerto Rico der me bur, til Balitico. Men så strandpromenade derfrå og like til Arguinneguin. Å promenera forbi Anfi er alltid ei god oppleving. Dette vakre området som trønderen Lyng bygde opp, er framleis velholdt og innbydande. Men det var ille korleis uværet sist vinter hadde øydelagt den asfalterte promenaden langs sjøen der. Hadde Lyng levd og sett det, hadde han nok rotert i grava.
Samla sett vart dette likevel ein givande tur. Utbyttet kom i form av stor fettforbrenning og kraftig melanin oppbygging. Melaninet skal verna med mot dei skadelege solstrålene, og fettforbrenninga skal gjera magen lettare å bera.
Altså to floger i ein smekk. Eg vert både brun og vakker.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
fredag 28. januar 2011
Strandpromenade med avkastning.
torsdag 27. januar 2011
Høgt og herlig
Aldri såg eg fjellet grønare i denne klimasonen. To dagar regn har sett sine spor. I dag stråla sola og vinden var gått i hi.
Me drog på fjelltur. Puerto Rico til Arguinneguin. Då er me på 350 moh på det høgste. Me gjekk stiar me aldri før har valgt på denne ruta. 4 timar var me under høg og open himmel.
Folk er kjekke på slike koter. Alle seier noko på norsk. Nesten iallfall. Seier eg hallo får, eg 95% retur av hallo med norsk aksent. Oftast med nordnorsk. Desse stakkars landsmenna som elles hadde frose ihjel i kalde nord.
Korkje kona eller eg har overskot att etter dette. Kokk vil ingen vera. Då er saka klar, det må bli restaurant.
Eg lyt difor fiffa meg opp, praia ein taxi og lita på Norwegian kortet. Eg hentar jo kreditten hos Kjosen iår.
onsdag 26. januar 2011
Tøffe tider.
Skyene er vekke. Vind og sol har hatt dugnad på den saka. Men vinden kan godt løya nå, når jobben er gjort. Me høyrer meldingar om at snøplogane køyrer i eitt på flyplassen på Tenerife. Det syns me er rart her me sit innsmurd i solkrem på Gran Kanari. Men wifi ligg nede og tv er ute, så noko unormalt er det.
Idag gjekk turen til Arguinneguin med buss. På stranda der velta bølgjene frodande langt innover land. Men i solkroken utanfor den Norske klubben var det godt å sitta. Og der sat me ikkje aleine. Norske kvinner og menn med velvaksne magar og tørre struper meska seg i sola. Ein forfulla sjømann som aldri kom seg vidare etter siste avmønstring, drakk rom og cola. Han hadde vore ute i hardt vær før, kunne eg sjå. Copa Cabana ropa han til den nydelige svenske glasberarsken. Ho hadde sett gubben før, og visste at sjølv om fyren hadde fått meir enn nok, ville han likevel kunna setja sjøbein og koma seg heim når sjappa stengde.
Desse akterutseilte nordmenna ser ein rett mange av her omkring. På barane ser ein tidlegare tvkjendisar som ikkje klarde presset, og som nå har gøymt seg unna her. Dei styrkjer seg på billeg vin og wiskey og lever på minne frå nrk og tv2. Også fordums skulefolk eg kjende frå Husnes, ravar rundt. Livet er tøft for mange.
tirsdag 25. januar 2011
Sunnmøringar og andre naturfenomen.
Ein heil gris gjekk til igår. Han låg blodig på grillen, når me møtte fram kl 19. Det var eit kanarisk svin med varme i blikket og grillolje bak øyro. Etter 2 timar låg kotelettene hans på tallerken min.
Me delte bord med to sunnmøringar. Dei visste å grava til seg. Det gjer jo slike folk. At fyren hadde jobba seg opp frå gravemaskinkøyrar i 1964 til velhalden entreprenør i dag, viser at han hadde næringsvet. Han og kona kjøpte to husvære mens dei var her.
Eg hadde ikkje liknande karriere å skryta av. Men på dansegolvet slo me dei. For mens kona og eg svingde oss til spelemannens nostalgiske svisker, sat sunnmøringane att ved bordet bordet og veiva.
I natt tordna det. Kl 04 vakna eg. Det er vanleg at eg gjer det på den tida. Eg trudde med det same at det framleis var sunnmøringen som buldra , men nei. Ikkje var det kona si snorking heller, ho søv jo på eige soverom og eg på mitt. Det var beint fram eit skikkeleg nordisk toreskrall som rulla mellom kanariberga. Og ikkje berre eit. Regnet som fulgte er ennå ikkje heilt slutt.
Kona sitt i bikini i døropninga akkurat langt nok ute til at sola mellom skyene rekk i henne, men ikkje så langt ute at regnet som skya tidvis slepp frå seg, treff boka ho les i. Ho er smart kona.
Sjølv sit eg godt planta i sofaen. Eg blir her til så lenge.
mandag 24. januar 2011
Det kan bli ein fuktig kveld.
I dag skin sola. Termometeret viser 24, og vinden er snill. Turen går utan paraply og retninga er omtrent vertikal. Først oppover med megen møye, så nedatte mot leskeplassane der kroppen får attende veskebalansen.
Det er dei norske som går i fjellet her. Sjølvsagt sleng det ein og annan svenske og nokre tyskarar, men dei er i mindretal. At det er så mange nordmenn til fjells tyder ikkje at alle ser like spretne. Mange slit med Bergansekken bak og magesekken framme. Mange ser ut som dei treng hofteoperasjon, og andre kunne hatt trong for å høvla litevetta av prostata. Kona mi ville ut i buskane å livberga ein kar idag. Ho trudde han hadde fått illebefinnande. Men stakkars fyren var berre på jakt etter ein plass å slå lens på. Og det viste seg å hasta.
I kveld skal me menga oss. Det er gillsamkome her på Los Veleros og me er påmeldte. Yr.no har lova regn til kvelden. Godt eg har med meg den kneside, gule regnkappen. Den funker både mot nedbør og raudvinskvetting. Ein må vera budd på all slags fukt i kveld.
søndag 23. januar 2011
Ein fuktig start.
Los Veleros tyder visstnok seilbåt. Men det er og namnet på bustaden min ei tid framover. Her skal eg segla med britar og skandinavar i dust og dawn, som naboen seier.
Reisa tok 5 timar frå Flesland. Me hadde følgje av våre næraste heimenaboar. Det var eit rart slumpetreff. Ennå rarare var det at pensjonistparet i nabosetene på flyet kalla seg Svanhild og Gunnar. Dei var frå Voss og han var pensjonert lærar. Eg måtte konsentrera meg for å få med meg rett Svanhild av flyet. Men då eg sat i hotelldrosjen, var alt under kontroll.
Eg vakna til regn i dag. Det er sundag og lysten til å stella til frukost var på eit lågmål. Utan brød i huset, blei difor vegen kort til næraste english breakfast, og den skal eg seia satt.
Med paraply under armen gjekk me oss ein "sjå oss litt rundt tur". Og den bagasjen vart diverre ikkje til fånyttes. Taxiane hadde ein god dag idag.
Men nå er eg attende på terrassen. Der knipsa eg utsiktsbiletet. Me er nøgde med utsikten, og håpar óg at talet på soltimar vil ekspandera. Men førebels har eg ikkje sløst med solkremen.
Eg er likevel optimist, ein bleik optimist.


