Uvær ute fører til aktivitet inne. Så då Fargerike lokka med priskupp, var saka klar. 12 liter kvit fløyelsmatt, to kostar og diverse rullar var det som skulle til. Ja og godt humør då. Det kjem sjeldan av seg sjølv i slike situasjonar. Det er først når jobben er fullført, at humøret toppar seg.
Nå er dei tre strøka lagt på. Rullar, penslar og tomme spann er i bosset. Hender, ansikt og hår er skrubba. Loftet og eg sjølv framstår i oppdatert utgåve. Kona skryt og eg er høgt oppe.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
tirsdag 18. januar 2011
lørdag 15. januar 2011
Sms tyranniet
Short Message Service kalla dei det i 1992. Då vart den første meldinga av denne sorten send. Me kallar det sms. I 19 år altså har denne teknologien herja i privatlivet. Mang ein kosleg vennemiddag er blitt øydelagd av desse pipa, som får folk til å spretta opp, avbryta all kommunikasjon med nærmiljø, og fordjupa seg i denne teknologien som ein meistrar i varierande grad. Kvinnfolka er verst. Verst på den måten at iveren er større enn evna. Dei meistrar saktens den kommunikative kunsten, men teknologien er meir på prøve- og feilestadiet. Learning by trying to find the right key, så og seia.
I kveld fekk eg ein sms. Frå ei kvinne. Eg sat og åt rakaure med Løitens og Hansa til. Då peip det. Eg spratt sjølvsagt opp. Ein skal gjera det, har eg skjøna.
Har du måka hyttetaket, stod det. Nei, bør eg det, skreiv eg. Har du ikkje sett vermeldinga, skreiv ho. Nei, eg sit og et rakaure med Løitens og Hansa til, skreiv eg. Då skulle eg vore hos deg, skreiv ho. Tja, jo. Men eg gir blaffen i hyttetaket. Iallfall i kveld, skreiv eg. Jo, jo det er di hytte, var siste meldinga eg fekk.
Søren og. Kvelden øydelagt av ei hersens sms. No må eg sjekke her og sjekke der. Kanskje snøfallet brekk ned taket dei neste vekene. Bør eg til fjells før turen til Puerto Rico?
Eg kjenner det på meg. Det vert mykje grubling og lite soving komande natt. Store mengder snø skal ned frå taket, og det i berre pyjamasen.

fredag 14. januar 2011
Buksepress
NRK herjar med samvitet mitt. Kvar mandag i beste sendetid fortel ein overivrig sogning med lustramål og målpris, at eg nyttar for vid buksestorleik. To storleika ned på fire veker, vil han ha meg. Oppskrifta er klar: Gi og du skal få.
Gi blaffen i godsaker og stressless, kom deg på beina og bruk det som er att av rørsleenergi i lekamen. Han førespeiler inga gledesopplevingar, men fire veker med hardt og vondt arbeid. Så etter 4 veker skal ein stå der, utsliten og med ein buksegarderobe som ikkje høver til kroppen lenger. Då må ein anten ut på buksehandel, eller legga seg til ein saggestil der lågthengjande bukser er noko av kjenneteiknet.
Ikkje for det: nokre ungdomdsbukser har eg gøymt unna denne rydde- og kastebølgja som har ridd heimen den siste tida. Eg brukte eindel av dei på hagearbeid i sommar. Då forlenga eg linninga med ein taustump. Det er vel desse sogningen vil ha meg inn att i nå.
Eg er ikkje komen igang med treninga ennå. Planane er klare, men som pensjonist slit ein med å få lange nok dagar. Det er heise mykje som skal gjerast, og eg kan ikkje prioritera alt. Og om eg skulle trena i tillegg, ville dette frårøva meg verdfull tid og setta meg i ei enda større tidsklemme.
Men som sagt, planane ligg der. Ein dag skal eg plukka dei fram og tenkja over kva eg kan bruka dei til.
torsdag 13. januar 2011
Broddar på beina og i hovudet.
Broddar er etterspurde for tida, ikkje berre av pensjonistar, men og av meir motemedvitne folk. Ein har skjøna noko av det fysikken forklarar om samanhengen mellom frikson og underlag. Friksjonskrafta kan aukast på to måtar. Anten ved å gjera seg tyngre, eller å endra kontaktflata med vegen.
Men sjølv om julehøgtida med mykje godt på bordet har gjort ein god del med vekta hos folk flest, er dette likevel langt frå nok når det gjeld å ha eit trygt fotfeste om dagen. Difor må det gjerast noko med kontaktflata ein har med vegen, og her kjem broddane inn. For å unngå uønska nærkontakt med bakken, set ein på seg piggar og tek styring over situasjonen.
Å stå på eigne bein er noko å streva etter i mange situasjonar. Vil ein unngå nærkontakt med omgivnadane, er det såleis enklast om ein set piggane på. «Sagen er den, ser I, at den stærkeste mand i verden, det er han, som står mest alene», sa doktor Stockmann. Det kan vel henda at Ibsen trekte dette vel langt. Stockmann fekk ikkje utført all verden, men han fekk jo tenkt sjølvstendige tankar. Verda treng folk som kan det. Ideskaping kjem ofte frå annleis tenkjande.
Å gå gjennom livet utan piggar, er risikabelt. Det fører lett til at omgivnadane kjem så nær innpå kroppen, og ein kan bryta bein og ta skade på sjela si. Ein blir sårbar, og kanskje eit lett bytte for dei luringane som då kan koma ein alt for nær. Nå er ikkje alle medmenneske i utgangspunktet luringar, men det er likevel best å setja grensepinnane i god avstand frå den innste marka. Berre nokre få skal inn dit. Men nokre må ein ha der, om ikkje gror innmarka til og blir liggande som ei mental og kjenslemessig brakkmark.
Finns det ein fornuftig konklusjon på dette? Tja, det må jo bli:
Ha piggane på når du vandrar på usikker grunn, men ta dei av når du er i trygge omgivnadar.
Det er det fine med broddar, dei kan fjernast når dei ikkje trengs lenger. Då kan ein gå vidare med trygge steg utan å trengje så stor friksjon mot verda omkring seg. Eigentleg likar eg meg best der. På bar mark i oversiktleg lende.

fredag 7. januar 2011
Blanke ark og tomme skap
Min morfar, Far Myklabust som me kalla han, var ein stor samlar. Han hadde ikkje spesialisert seg innanfor eit felt, men samla på alt mogleg. Alt kjem til nytte ein eller annan gong, meinte han. I verkstaden/garasjen hans var det ikkje lov for borna å vera aleine. Dei gongene eg var der, var det saman med han. Der var det mykje spennande saker og ting i kaotisk orden. Sjølv hevda han å ha oversikt og fann oftast det han var på jakt etter.
Han budde i etasjen over garasjen, og hadde såleis full kontroll over om den knirkande garasjedøra vart opna. Då var han på pletten, ikkje uvenleg, snarare litt engstleg og undrande. Sakene sine i garasjen ville han ha kontroll på.
Morfar var ein samlar, det er sonen min og. Eg trur difor eg og kanskje har ein bit av dette samlargenet. Kona mi er ikkje i tvil. Du må kvitta deg med dette rotet, får eg ofte høyra.
I går blei presset for stort. På loftet mitt var det mykje rart, eg innrømmer det. Så eg tok på meg ansiktsmaske og hanskar, og gjekk igang. Ting skulle vekk. Tjuefem årgangar av Gjør Det Selv, Bauer smalfilmkamera, Tandberg lydband, platespelar, eksevis med diskettar, Cd-ar, skulebøker, skrivar til PC, hyllemeter med bruksrettleiingar, ein gammal symaskin pluss ennå mykje meir. Til og med mp3-spelarar gjekk på lasset.
Eg pakka bilen full, og køyrde til SIM. Eg var lei meg. Kvifor var eg så svak og ikkje stod imot. Morfar var ein mild og lun kar. Men når det gjaldt å ta vare på ting, var han sterk og stod imot alt press. Eg rekk han nok ikkje til knea på det feltet.
I dag har eg ein ny dag med blanke ark. Men fargestiftane gjekk visst i bosset. Lurer på kva eg skal med alle desse tomme skapa og hyllene på loftet.
Når skal du rydda i garasjen?, spør kona. Ikkje ennå, seier eg

onsdag 5. januar 2011
Trettandedagen
I morgon er det 13. dag jul. Tradisjonen tru skal med avslutta julefeiringa då. Dette er dagen då inneklima hos oss er på sitt verste. Mykje inneliv, steikeos og julepynt i alle krør har sett sine spor. I morgon skal eg ta tak i dette. Få reinska opp så og seia. Fjelledelgrana har gjort jobben sin, det har ribba og. Den plassen som grana har okupert, vert med eit frigitt på stovegolvet. Slik er det ikkje med pinnekjøt, ribbe, sylte, waldorfsalat, osb, osb. Den plassen dette har okkupert, vert ikkje frigitt i morgon. Det ligg rundt vomba om ikkje til evig tid, så iallfall i uoverskodeleg framtid.
Den 13. dag jul kjem julebukkane. Nokon kjende, andre framande. Men dei fleste er born. Då er tida der for å tøma huset for karbohydrat og kaloriar. Då er tida der for å høyra julesongane i reprise. Ingen julebukkar får noko utan å ha prestert noko først. Då tyr dei fleste til ein julesong. Hos meg er det prestasjonsløn som gjeld. Klar i røysta og glad i hugen, gir meir i posen.
Den 13. dag jul er og ein viktig merkedag for været. Om det vert fint klarver på denne dagen, så blir det eit godt og grøderikt år. Dessutan kjem været me får denne dagen, til å vara i 13 dagar. Yr.no gir lite håp om godt ver for trettandedagen. Sanneleg er eg glad for at turen til varmen er i boks.

mandag 3. januar 2011
Nytt år. Ny dans
Året 2011 starta sosialt i Haugavegen. Både Askøy, Karmøy og Husnes hadde representantar på altanen, då folk skaut året inn. Det einaste som blei skote opp frå mi rampe, var champagnekorken. Den small godt, fauk langt og vakte eigentleg meir åtgaum enn innhaldet i flaska. Men litt skrau skal ein jo ha i nasen på ei slik natt.
At 2010 er slutt, er eg glad for. Mykje av det som skjedde med meg då, var ofslege greier. Alt for mykje bruk av ultralyd, magnetresonanstomografi , røntgen og skalpell på lekamen min, gav slitasjar på kroppen og på hugen.
Glaukomdiagnosen likte eg og lite. Eller rettare sagt: Eg kunne vore utan den . Men slik er dette livet. Det er ein dans på roser. Om ein er heldig set ein ikkje føtene på rosestilkane under dansen. Der er jo tornene, og dei gjer vondt.
Eg er glad for at 2011 er på gang. Eg skal dansa vidare, men ikkje på roser.

Eg skal kasta meg ut i andre prosjekt enn dei eg har delt med Helse Fonna. ”Kom hit nå, kjærring, så tek vi en dæins.” sang Prøysen. Det var ingen dans på roser. Det var ein laussluppen og utfordrane affære, eit ja til å leva livet på eigne premiss. Vera glad og gi blaffen i "folk som går utafor på vegen i kvell, og som lure på å æ dette for spell". Slik vil eg 2011 skal bli for meg.
Vonar alle kunne få eit slikt år. Då vert det mykje gøy rundt omkring, trur eg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)