Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 13. mai 2010

Holet i hagen

I 1987 grov eg ei oval grop i plenen med yttermål 4x8m, minerte ned til 1,5 m djupne og skaut gråsteinfjellet vekk. Så kjøpte eg utstyr frå Danmark som eg kledde botnen og veggene i holet med, fylte på med drøye trettitusen liter vatn og vips så hadde eg symjebasseng i hagen.
Gamle Lensmann Berge i Rosendal hadde knappast høyrd om slik uvettig bruk av pengar i Kvinnherad kommune før. Han visste ikkje si arme råd når han blei spurd om krav til tryggleik for slike hageinnretningar. "Du får høyra med direktøren på aluminiumsverket", sa han. "Såvidt eg veit driv han også og badar seg i hagen sin".
Så det blei til at eg måtte finna utav det sjølv, og konstruera mine eigne løysingar. Sjølv gjort er velgjort. Ingen har drukna der ennå, anten badinga har føregått i dagslys eller i seine nattetimar. Oppteljinga før og etter badinga  har aldri vist svinn.
I går avdekka eg bassenget igjen etter den 23. vinterdvalen. Dette er eit av høgdepunkta i året. Då stiller barnebarna opp og er nyfikne på kor mange meitemarkar, vevkjerringar og grader det er i vatnet denne gongen. "Kan me få bada litt", spør dei. Men etter eindel jobbing med håvar og slangar, ombestemmer dei seg på det. "Er det pluss eller minusgrader", undrar dei. Me måler 9 grader. Ni grader er jammen kaldt. Det må minst vera minusgrader, meiner dei.
Og kaldt er det. Utan at eg har statistikk på det, minnes eg ikkje å ha lese av så låg temperatur i bassenget den 12. mai før. Det blir gode tider for Kvinnherad Energi nå når eg skal heva vasstemperaturen frå 9 til 25 grader. Eg trur eg drøyer nokre dagar før eg trykker på varmepumpebryteren. Med framleis stabil nattefrost, blir dette for drøyt.

mandag 3. mai 2010

Syster mi

Før i tida var det berre eldre, for ikkje å seia gamle folk, som blei 70 år.
Nå til dags blir kven som helst det. Folk som framleis er kvikke i hovudet, lett på foten og like rappkjefta som alltid, går rundt og blir 70 år. Det har liksom gått inflasjon i dette å fylla mange år, lenge før ein begynnar å skranta. Mens ein ennå er ung i både eigne og andre sine auge.
Opplevinga av alder har endra seg opp gjennom tidene. NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst , velferd og aldring) har undersøkt saka og gjennom interjuv funne at:
 I 1970 oppplevde ein at folk var:  ”eldre” da man var 70 år og ”gammal” då ein var 73 år
I 2002 var dette endra til at ein var: ”eldre” da man var 65 år og ”gammal” då ein var nær 80 år.
Men folk sjølv som er opp i åra, synes nesten utan unnatak at deira subjektive alder, er langt under den verkelege alderen.
”Er han ein gammal mann?”, spurde kona meg ein dag eg refererte eit møte med ein person ho ikkje kjende. ”Nei”, sa eg. ”Relativ ung, han er vel på min alder”.
Studier syner at ein kan føla seg ung, men bli sett på som gammal av andre. Aldersidentiteten vår får me både frå  indre kjensler av korleis me meistrar kvardagen, men og frå måten ein blir møtt av andre på. Det er liksom speilet me brukar for å sjå oss sjølve.

Å møta folk att etter mange år, er ofte styrkjande for eigen aldersoppleving. Klassejubileum er ein klassisk situasjon i så måte.
”Gu så gamle dei er blitt”, er fellestanken alle sit med i sitt hovud.

Men så finns der unnatak.
 ”Du har ikkje endra deg ein millimeter”, kan ein seia til, og stundom meina om, andre. Folk liker å høyra slikt i vår kultur. Norge er kanskje eit av dei mest ungdomsorienterte samfunna i verda - diverre.

Eg har ei syster. Ho har passert 70 år nå. Eg skal avstad å feira henne i ei forseinka samkome på fredag. Ho er ein førkrigsmodell, som fekk voggesøvnen øydelagt av marsjerande tyskarar i jernskodd fottøy. Såleis vart ho tidleg van med å væra på alerten. Ho er ei årvåken og snill jente med eit nyfikent sinn. Ho er den som sit med oversyn og kunnskap om det meste som har med slekt og vener å gjera , og er i så måte familien sin  komunikasjonssentral. Og ho har det i hovudet. Internett hjelper ho seg ikkje med –  ikkje ennå.

Eg ser fram til å møta henne på fredag. Seia gratulerer med vel overstått, og at ho ikkje har endra seg ein tøddel sidan sist. Ho er ei oppegåande, gjestfri og flott kvinne.

søndag 2. mai 2010

Fugleskrik og barnekvitter

Pensjonistar kan dra seg om morgonen. Stundom er det og mogleg å sova frampå. I alle år har dette vore ei sesongvariabel affære hos meg, med vinterhalvåret som høgsesong. For i mitt austvendte sovekammer gjekk alltid talet på nattlege slumretimar ned, etter som talet på returnerte trekkfuglar auka. Når sola steig over fjellkammen og fuglane kjempa om den beste reirplassen i skogen  på friområdet like aust for hagen, stod eg opp. Klokka kunne vera kva ho ville. Det var skrika frå svaler, stær, erler, gjess og gjøk eller kva det nå er ornitologane kallar desse urokråkene, som fekk meg opp.
Men så kom kommunen. Barnehagen trengte meir uteområde. Dei leigde inn gartnaren frå Valen, som med motorsaga si gjorde kort prosess. Han kappa ned botanikken på friområdet, og tynna også flekkevis i bær- og urtehagen min. Gamle fuglereir datt i bakken, og fugleplaga vart såleis effektivt avslutta. 
No har eg fått attende barnekvitteret om morgonen. Desse herlege friske krabatane som berre er innstilte på å leva livet frå morgengry til langt ut i middagskvila.
Nett slik eg hugsar det frå 1970 talet.

torsdag 29. april 2010

Hima igjen

Attende etter 5 dagar i London. Meteorologisk sett var det å reisa frå sol og varme i UK, til drit og lort i Norway. Berre såvidt ein kunne landa fly her på Vestlandet idag pga tåka. Og det vi opplevde på Helganes virka meir som ein flykrasj enn som ei landing. Men me kom ned, og heilt presis som alltid med Ryanair.
Vi forlot ein duftande flora som var fargerik, frodig  og vakker, og kom heim til eit landskap der vinteren ennå tviheld på gufsegrepet sitt. London såg slik ut nå:

Og me såg slik ut i Greenwich Park:

Svanhild såg slik ut med nyinnkjøpt Greewich-halssmykke i sølv og aluminium:

Og eg såg slik ut idet eg forlet mi London Rose, som tok meg frå Westminster Pier til Greenwich Pier:

onsdag 28. april 2010

Rundt omkring med buss og bein

Kona ville handla idag, så turen gjekk gjennom Hyde Park til Oxford street, der me skilde lag. Ho tok for seg varehusa, mens eg traska rastlaus rundt i kvartala.
Me møttes til avtala tid, ho med svære handleposar, og eg med solbrend nase.
Så gjekk turen med buss til Picadilly Cirkus og vidare til fots til Shepherd Market. Ein kosleg liten plass inne i Mayfair, godt skjerma mot biltrafikken. Der måtte det jo bli ein pint.
Med jogga videre til Hyde Park Corner, og med buss til Portobello Market i Notting Hill. Verdens største antik-marked, skryt dei av der. Lunchen på puben hos ein pubvert som heile tida hosta og nøys, særlig når han pumpa Dragons Tale, var fyldig og mettande.
Så var det føtene igjen heilt heim til hotellet i Leinster Gardens. Der sit eg nå. Kona forsvann innom på eit Varehus borti gata her. Lurar på korleis dette endar. Handleposane var jo alt fulle på førehand. Smekkfulle. Dei revna på vegen heimatt.

tirsdag 27. april 2010

Der aust møter vest

Utflukt i dag. Buss frå Qeensway til Westminster, og så båt som tok oss frå Westminster Pier til Greenwich Pier. Ein 13 km båttur nedover Themsen med Thames Clippers i godt ver, med nypussa briller og klart hovud.
Cutty Shark, seilskuta med alle gallionsfigurane, snubla me nærmast over når me gjekk i land. Stasleg skip som i siste halvdel av 1800-talet, seilte med te  mellom Kina og Storbritannia.
Men det var null meridianen me ville sjå. Denne streken som eg har sett på kartet så mange ganger. Den som går frå nordpol til sørpol, og som ligg 5 grader og 44 minuttar vest for Husnes. Meridianen var tidlegare utgangspunkt for inndeling av tidssoner. GMT sa vi, og stilte klokka vår 1 time seinare enn Greenwich Mean Time. Me måtte inn i Royal Observatory, for meridianen går gjennom denne bygningen som nå er museum. Å stå med ein fot på kvar side av denne meridianen, tyder at eg står med ein fot på vestlege og ein fot på austlege halvkule.
Greenwich park var ei oppleving fullt på høgde med Husnesparken, og mykje gjevt å sjå på vår 3 km vandring gjennom området med museum, universitet, marked og pubar. Og pinten på Trafalgar Tavern der Charles Dickens i si tid var stamgjest, gjorde at eg ikkje lenger brydde meg om kva halvkule eg var på.
Turen attende til London sentrum gjekk med  Docklands Light Train, eit tog som går på ein opphøga skinnegang, og som difor gav flott utsikt over landskapet i Docklands.

mandag 26. april 2010

Kunst, katedral og shopping

Tate Modern stod høgast på lista idag. Den ligg sør for elva, og  var tidlegare ein kraftverksbygning. Men frå 2000 vart verkstdahallen ominnreia til kunstmuseum for deler av Tatesamlinga, som trengte meir plass. Mykje gjeve ting å sjå både av Picasso, Matisse og Bacon. For ikkje å snakka om Warhol sin biletserie av Marilyn Monroe. Dei varmde ein gammal kropp.
Men det som kanskje imponerte mest, var utsikten over London. Mot nord Millennium Bridge  og St Paul's Cathedral. Og mot sør og aust. Shakespear's Globe, London Eye og  Docklands. 
Frå Tate Modern var vegen kort over Millennium Bridge til ein tur innom St. Paul's Cathedral. Me har vore der før, men måtte innom og sjekka at alt stod bra til. Sjølv om kjerka ligg under den anglikanske biskopen og ikkje direkte under paven, har ho sterke trekk frå katolisismen. Her vart prins Charles og Diana gifte, og  frå her fekk Churchill si gravferd. Flott kyrkje med Peterkyrkje-inspiret kuppel. Me godkjende det me observerte her.

Så vidare til Westminster Abbey som er Storbritannia sin nasjonalheilagdom. Her føregår dei fleste bryllup, kroningar og gravferder for monarkar og anna fint folk. Kjekt å sjå dette att etter 33 år. Flott, men fasaden ofte skjemd av stilas, grunna stadig renovering og at fleire moderne minesmerke vert reist i tilknytning til bygget.

Nok kultur og lang over lunchtid blei det.. Me måtte eta. Publunch er fine greier, og maten der er nå ofte heilt på høgde med det ein kan eta i seg på restaurantar. Og så har dei så godt øl der frå handpumpe og i skikkelege pintglas med hank i. Kona har og funne ut at etter slike besøk, blir eg medgjerleg med tanke på shopping. 
Så me enda opp på Primark i Oxford street. Der har dei litt av kvar, og prisane er lågare enn hos Cubus på Husnes. Litt blir det jo kjøpt, men ikkje mykje. Ryanair sine "cabin baggage regulations" spøkjer bak pannelappen. Skal heim og.