Heima igjen, utan alderstillegget. Tek det med ro nå. Skal det. Eg flyttar meg som ei amøbe over stovegolvet, unnateke når eg skal på do. Då girar eg opp, og gassar på. Fire liter vatn/døger inn, resulterer i nesten det same ut i den offentlege kloakken. Her er det fri flyt. Dette gjer eg ikkje med godt samvet. Det minkar jo i drikkevasskjelda på Husnes.
Eg får ikkje sitja roleg meir enn ein time om gangen. Men eg veit oftast ikkje kva eg skal ta meg til dei stundene eg er på beina. Eg går til vindauget og tek verobservasjonar. Kunne jo sendt dei til yr.no, for dei er regelmessige og til å stola på. Regn ute og vått inne.
Eg går på loftet og sjekkar om ruteren blenkjer som han skal. Eg går på badet, kjemmar meg og vasker henda. Spritvaskar henda. Det lærde eg av Helse Fonna.
Eg går på kjøken og fyller vassmugga. Set meg ned og drikk ho opp. Skulle vore øl, tenkjer eg. Då går jo eit glas inn og to ut, det veit alle.
Sjukehuset tilrådde ikkje den kuren.
Men kven veit eigentleg best? Det er ikkje alltid Helse fonna, seier Helsetilsynet i følje avisene nå om dagen.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
onsdag 10. mars 2010
mandag 8. mars 2010
Alderstillegget
I løpet av siste 30 år, har eg fått eit alderstillegg på 200
prosent,. Ein auke frå 15 gram til 45 gram. Nå har eg mista det.
Treng 30 nye år for å opparbeide det igjen.
Nå sildrar det kjekt i plastposen her. Fint som kvitvin, seier
doktoren. Liknar meir på billeg raudvin, spør du meg.
Nå ligg eg øren, nett attende frå overvåkinga.
Virka bra ut...
--
Sendt fra min mobile enhet

søndag 7. mars 2010
Om å høvla og å høvlast
Sløyd starta eg med i 6. klasse på folkeskulen. Eg blei kjend med høvelen. Det var ein skummel reiskap. Den korte var hendig, men ustyrleg for ein 12 åring. Når ein skulle høvla på tverrs av veden, flisa det seg alltid til. Å banka jernet til rett høvledjupne, var uråd. Då måtte sløydlærar Salhus ropast på. "Dette må du då klara", sa han.
Den lange høvelen var for større arbeid og større karar. Den var stødig, og fjerna skånsomt ujamningar frå emnet. Samstundes var den effektiv når noko skulle høvlast ned, slankast. Eg trur det er den ein nyttar og i dag, når rentetoppar skal høvlast ned, og budsjett skal slankast. Ein tar den i bruk etter ostehøvlen er lagd vekk.
Til konfirmasjonen fekk eg metalhøvel. Ein finegga pussehøvel som skava flott og nøyaktig, og laga flortynne spon. Eg fekk aldri tillit til den. Nytta han mest for skam skuld, sidan det var ei gåve frå velmeinande folk.lørdag 6. mars 2010
Eg stolar på hjarta mitt
Eg var i by'n i går. I løpet av dei siste "vett ikkje kor mange" åra, er det Haugesund som er blitt by'n for meg.
Før var det Bergen. Etter 11 år med eit permanent om enn noko flakkande tilvære i Hansabyen, hadde nok nokre av mine ferskaste rothår fått feste der. Eg hadde såvidt klart å trampa av meg molda frå bondestanden, og undertrykt den audmjuka som eg hadde nedarva. Fars og mors genene kombinerte seg slik hos meg.
Nå er det Haugesund som er byen. Etter 36 år i denne nynorske kystkommunen Kvinnherad, der kommunikasjonane særleg mot Bergen, er få på papiret og endå færre i praksis, der ferjebilletørane syns dei har det betre om bilfolket helde seg heime, har eg heller vendt nasen sørover igjen.
Ferjebilletørane på Skånevikferja kan eg lika. Dei smiler jo, iallfall til meg. Dei har gitt kona mi honnør billett i fleire år no, noko som gjer at ho ikkje smiler til dei lenger.
Dei stolar på meg, ikkje berre på det at eg har ei honnørkone, men generelt. Følgjande oppleving på Skånevikkaien dokumenterer dette:
Det var ein nokså varm sommardag i 2002. Eg kom i bil frå hytta etter snekring i vekevis aleine i fjellet. Turen over Haukeli gjekk tregt og eg var plaga av bubilar køyrde av germanske gniarar, som ikkje gav veg. Såleis hamna eg så langt bak i ferjekøen på Skånevikkaien, at eg ottast ikkje å koma med ferja. Så skjedde det. Tre bilar med nasjonalmerke type D, sneik i køen. Eg tenkte "Nei ikkje søren om dette skal skje". Ulikt meg, som jo er kjend for å vera både raus og audmjuk.
Ferja legg til kai, og eg skrittar me stor sjølvtryggleik fram til billettøren, som nå har starta billettsalet. "Nokon har snike i køen", seier eg. "Javel, men eg kan ikkje vite kven det er", seier HSD-tenaren. "Men eg veit og kan visa deg", seier eg. Tek han med rundt og peikar på dei han ikkje ska selja billettar til. Opptrinnet vakte eindel oppsikt, men eg gjekk kontrollert attenda til bilen min, sette meg der med ei mine eg har arva frå mor mi, og med albogen kjekt ut gjennom det opne vindauget for å sjå kva som skjedde.
Og sanneleg, billetøren gjekk forbi snikarane.
Ikkje lenge etter stig ein kraftkar ut av ein av desse D-bilane. Tatoveringane aleine var skremmande, og overarmmusklane hans var glinsane og svære. Eg satt urørleg, med min alboge framleis ut vindauget. Prøvde å stramma overarmsmuskelen, meir ein refleks enn ei medviten handling. Kva nå?
Han kom, greip meg hardt i albogen og sa noko tysk: "Dummkopt, was hast du getan?". Eg tenkte på lektor Thuen. Han lærte meg det litle eg kan av tysk, når eg gjekk på realskulen. "Ordnung muß sein", seier eg, og prøver smile overbærande utan å lykkast heilt med det. "Du warten - ein anderes Mal!!", seier han, og knip meg hardare i armen. Eg spenner overarmsmuskelen, den store, som eg har arva etter far min. Han ensar det ikkje.
"Når eg seier: Køyr ombord, så skal de køyra ombord", roper HSD, og reddar meg ut a situasjonen avdi eg kan gassa meg vekk frå denne germaneren.
Dei tre bilane som sneik i køen, kom ikkje med på min tur. Gu eg var glad for det. Og HSD-folket på Skånevikferja: "I love them forever"
Og eg lærde den gongen at det ikkje er nok å stålsetta seg, ein treng og gode vener og eit sterkt hjarta. Eg fekk testa det då.
I går fekk eg testa hjarta mitt på nytt ved Haugesund Sjukehus. Såvidt eg skjønar, vil det tola ein tysker til..

onsdag 3. mars 2010
Vårforløysing
Det ligg noko i lufta. I føremiddag var det snø, som etter nokre timar låg kvit og kald på bakken. Snøskuffa måtte fram igjen. Men under måkinga kom sola, og skal seia ho varmar nå. Eg måtte verkelg stå på for å få snøen vekk før han smelta.
Kona klaga over manglande moglegheit for å få sola seg på terassen, men som bilete syner, er det nå ordna. Terrassegolvet som etter frukosten baud på skiføre, er nå nesten snøfritt. Og det utan særleg mannamakt.
Eg fekk vårkjensle i hovudet av dette, og gjekk igang med førebuing til såing i vekstrommet ute i garasjen. Der har bouganvilla, sitrontre, begoniaknollar og georginerøter overvintra. Det har og malingsboksar, sneglekverk, utejuletreleidningar, og anna og anna gjort. Etter nokre timar innsats, var det såpass rydda at plantebenken der eg alar opp nye vekster, dukka fram. Alt var klart til såing, men eg måtte gå ennå nokre rundar i huset for å finna att frøa eg plukka i haust og dei eg kjøpte inn før jul. Men og dei dukka på forunderleg vis fram. Så i morgon skal dei i jorda.
Eg har tru på at våren er like rundt hjørne nå. Eg såg han såvidt idag.
Og i neste veke, etter TURP, vert det skikkeleg vårflom - vonar eg.

mandag 1. mars 2010
Apropos bøker
Eg har henta meg Karl Ove Knausgård: Min Kamp. Første bok på biblioteket idag. Har tenkt å lesa alle seks binda, om dette fell i smak. Det er visst litteratur alle skal meine noko om for tida.
Så nå er leseløpet mitt lagt for ei tid frametter.
Lånekontoen min på biblioteket i 2009, har ein slik historikk:
Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv
Per Petterson: Til Sibir
Per Petterson: I kjølvannet
Per Petterson: Det er greit for meg
Per Petterson: Ekkoland
Siegfried Lenz: Ett minutts stillhet
Linda Olsson: La meg synge deg stille sanger
Linda Olsson: Taushetens konsekvenser
Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine
Anna Gavalda: Lykka er ein sjeldan fugl
Anna Gavalda: 35 kilo med håp
Sadie Jones: Utskudd
Gøran Tunstrøm: Juleoratoriet
Irene Nemirovsky: Hett blod
Cecilia Samartin: Salvadorena
Herta Muller: Reven var alt dengang jeger
Torbjørn Færøvik: Kina, en reise i livets elv
Roy Jacobsen: Seierherrene
Roy Jacobsen: Vidunderbarn
Mykje å gle seg over heime
Så er vinterferien over - for skulane. Turen vår til fjells med skuleborn og lærarar er og over. Me er heime igjen. Været var ikkje det beste på Samlebu i år. Føret var og elendig. Om me ikkje holdt oss i scooterløypa, sokk eg så djupt at mine edlare delar subba i laussnø. Slikt er ubehagleg.
Men idag vakna eg i heimesenga mi av ei strålande sol, som pressa seg gjennom Ikea-persienna. Snødjupna her er berre halvparten av den eg har vassa i den siste veka, og ingen ny snø å måka i innkøyrsla. Eg ser difor lyst på dei næraste dagane.
Ei ekstra glede var det å sjå at kommunen har verdsett eigedommen min så lågt. Eg skal nok makta å betala den nye eigedomsskatten likevel då. Ingen av dei eg kjenner, har eit mindre verdfullt hus enn meg. Difor må dei betala så det svir. Dei fortener vel det, der dei sit i sine slott - tenkjer eg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)