Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 13. februar 2016

Thaifolket drikk ikkje vin

Eg er ved nærbutikken på gatehjørnet. Det er tidleg kveld, eg treng å handle inn litt proviant og snask for kvelden. Innehavaren har samla drikkegjengen rundt seg. Som alle kveldar sit dei ved bordet framføre butikkdøra. Dei wayar og hoyar til meg. Dei ler høgt og  uhemma. Eg er usikker på om eg skal le med. Eg gjer det. Då skrattar dei ennå høgare, og hevar øl og spritflaskene sine.
I butikken styrer kona. Ho er edru, smiler og gir meg den beste service.  I Thailand er kvinnene ved roret, særleg på kveldstid. Då er det dei som styrer skuta. Då er mange menn gått under dekk.

Takka være dei mektige familiane som står bak øl og spritproduksjonen i landet, er desse drikkevarene billige her. Avgiftspolitikken ivaretek det.
For vin er situasjonen ganske annleis. Eit godt glas god vin kostar meir enn ei flaske sprit. Det meste av vinen er imponert, ofte frå Australia. Å dyrke vindruer på våre tropiske breddegrader, er mogleg men vanskeleg. Difor all denne vinimporten som både juntaen og kartellene vil ha vekk.
Den vinen som det vert seld mest av i landet, har likevel klart å lura seg gjennom eit smutthull i avgiftssystemet. Ved å importere druekonsentrat frå Sør Afrika, og la den gjære saman med thailandske fruktjuicar, har ein fått fram ein nokolunde drikkbar vin i fleire fargar. Denne Mont Claire vinen er ofte einaste vintilbodet ein finn på folklege restaurantar. 100 bath (25 kroner) for eit glas er likevel dobbel pris av ei flaske god øl på same staden.
Når eg har handla frå meg i butikken, vil drikkegjengen ved døra ha kontakt igjen. I den gjennomsiktige plastposen ser dei at eg har kjøpt ei flaske raud Mont Claire. Buddhistar skal ikkje peike på folk, men desse har lagt bort den skikk og bruk regelen i kveld. Dei peikar og ristar på hovudet. Held opp øl- og spritflaskene sine for å markere at i Thailand drikk ein ikkje slikt skip som eg har i posen. Eg smiler brydd, og traskar heimover i mørket. Berre hundane er bortom og snusar på bæreposen min, men heller ikkje dei syner særleg interesse...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar