Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 24. februar 2016

Eit piss i havet

Ein lege eg møtte i middagslag hos bror min her i Thailand, hevda at urin er noko av den reinaste væska som er å oppdrive. Kanskje eit underligt tema å drøfte over ein nydelig, raud biff med tilhøyrande raud drikke, men assosiasjonar og mimring kan ofte føra ein langt vekk frå nuet. Ved å smake på urin, kan legen avgjerde om pasienten har diabetes, meinte han. Dette hadde legen fått demonstrert av professoren i studietida. Professoren stilte på førelesing med to glas urin, og inviterte studentane til å komme fram og dyppe fingeren i glasa for å diagnostisera prøvane. Sjølv dyppa han ein finger nedi først, og smatta reflektert. Ein av dei mest ambisiøse studentane kom fram, dyppa fingeren ned i urinen og slikka på den ikkje utan synleg gremming. Dette flirde professoren godt av og sa: Om studenten hadde fulgt nøye med under førelesinga, ville han sett at eg dyppa peikefingeren i urinen, men at eg slikka på langfingeren. Idag gjekk eg strandtur frå Hua Hin til Khao Takiap. Det er ei strand rundt 6 km lang, som er særleg fin å trimme på om onsdagane. Då er alle solstolar fjerna, etter styresjefane sine ordre. Då skal allemannsretten gjelde. Alle skal fritt kunne forflytte seg i sanden, utan å bli hindra av slapsige europearar på solseng, eller thailandske masøser som vil tena pengar på kroppen din. Aldri er det så trivelig på stranda som om onsdagane. Kva er det eigentleg med ungar og sand, tenkjer eg. Eit universelt fenomen dette. Overalt på kloden driv ungar med denne same kreative aktiviteten, bygge slott, borger, kanalar og små innsjøar. Side om side ligg dei frå ulike land og kontinent. Dei bygger sågar saman. Dei driv samhandling og oppnår resultat utan å kunne kommunisere med ord. Denne eigenskapen veks ein av seg med åra, diverre. Eg vadrar vidare på stranda og oppdagar at også
strandhestane kviler idag. Det er vanligvis stor business for thailandske hesteeigarar å tilby rideturar på stranda. Kundane plar oftast vera barn, men og fyldige falangar kan ein sjå dissande avgårde på desse stakkars små hestane. Idag var hestane parkerte. Eg såg ein som kosa seg i skuggen under eit palmetre litt oppe i strandkanten. Idyllisk og velfortent, tenkte eg. Men det var før det gjekk opp for meg kva øket holdt på med. Om eg hadde hatt så stor reiskap, og trukke han så langt ut når eg skulle slå lens, hadde eg nok og søkt ly under palmebuskane. Ein stor takk til legen som rundt middagsbordet, opplyste meg om at urin er ei av verdas reinaste væsker. Det redda dagen min då eg fotserte den stride straumen som rann frå hesten og ut i Siambukta. Idag gjekk eg likevel turen utan å avkjøle meg i sjøen på vegen... Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar