Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 21. februar 2016

Med finnar på fest

Bror min har fleire gonger med stor innleving, framført ei finsk drikkevise for meg her i Hua Hin. Det er ei vise for ikkje-songarar, ho er kort og bør helst framførast ståande med eit glas i handa. Den går slik: NU!! 

 Laurdagskvelden hamna eg ved eit slumpetreff i
finsk lag, der mange titals finnlenderar var ute og svinga med svansen. Uterestauranten var så befolka at kona og eg måtte dela bord med eit finsk ektepar på rundt vår eigen alder. Dei kom frå nord i Finland der språket er finsk, og der den obligatoriske svenskundervisninga ikkje alltid ber frukter. I Finland er jo svensk og finsk jamstelde språk, som begge står på timeplanen i den finske skulen. Våre nye vener vart litt brydde då dei skulle forklare kvifor dei hadde fått så lite med seg av svenskundervisninga som barn. I engelsk var dei ørlite dyktigare, iallfall kona. Ho fungerte og som tolk for mannen. Musikken var vekslende og vokalistane var meir enn det. Det gjekk etter kvart opp for meg at me var på finsk karaokekveld. Disc jokeyen hadde lappar med namn på dei som på førehand hadde meld seg på. Og det var mange. Repetoara gapte frå Elvis via Arja Saijonmaa til polka og finsk tango. Og dei andre finnane dansa med, inspirerte og lealause. Berre kona og eg var ute for å eta middag. Dei
andre hadde glas og flasker som einaste pådekking. Mens me meska oss med kamskjell, hummar og spicy thaifisk, leska finnane seg med drikke av varierende styrke og kvalitet.
Etter maten fann eg tida mogen for å framføra den finske drikkevisa eg hadde lært av bror min. Eg heva glaset, reise meg og uttrykte med høg grad av artikulasjon: NU!! Eg er usikker på om det vart nokon suksess. Iallfall blei eg ikkje oppfordra til å komma fram til mikrofonen å framføra denne for oss i Norge, kjente finske drikkevisa. Eg trur ikkje finnane syntes ho passa seg som karaoke. Synd det, for eg følte meg så sikker på teksten...

  Blogglistenhits

2 kommentarer:

  1. Svært tankevekkjande. Eg kan ikkje hugse at du har framført denne visa på våre samkomer. Eg ønskjer meg ein videoblogg der du levandegjer meisterstykket. Så kan eg og fleire dra lærdom av det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ein slik video bør det vera kvikt å laga om ein er i lage for det...

      Slett