Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 18. februar 2016

Kvalitetsdag

Onsdagen starta grå. Mellom frukost og lunch var det ingen spor av sol korkje høgt eller lågt. Eg skjøna at sjansen for værsjuke var tilstades. Om ikkje sola let lyset renna inn langs vinduskarmen klokka 7 om morgonen, kan ofte sinnets munterhet reduserast, og stega mine ut i bassenget bli slepande og avkorta. "Blir det regn"?, spør naboen. Slikt svarar eg ikkje på. Eg vil ikkje framprovosere ei mogleg værsjuke. 

 Det vart kvinnene som redda dagen. Kvinner veit kva ein kan ta seg til for å friske opp sinnet på ein gråversdag. "Me dreg på handel", seier svigerinna mi i telefonen. Eg veit ho kjenner dei fleste, og også dei beste krambuene over mange kontinent. Eg veit ho driv "fair trade", utan å prutte fattigfolk inn til beinet. Men eg veit og ho kan oppsøke luksus butikkar, der ein må betale meir enn det Nav har tatt høgde for då pensjonen min vart kalkulert. "Outlet I Cha Am", seier Harriet. Me bli med, meiner kona. Når me entrar bilen deira, skin sola på himmelen om kapp med forventningsfulle fruer i nedkjølt bil. Me karane gjer som karer flest, handar unna på "no time". Me visste kva me ville ha, som karar flest jo veit. Så fann me ein plass i skuggen, der og andre menn hadde søkt tilflukt. Der var det godt å leske seg. Vel er det alreit med sol inn vinduet om morgenen, men ein skal ikkje overdrive. 

 I skuggen av pengebingane i Outletlandsbyen, hadde og Arne søkt tilflukt. Eg har ikkje treft denne kinesiske båtbyggaren frå Bergen/Hamarøy på 6 år. Også den gongen her i Thailand. Ein frodig kar med mykje sanning,fiksjon og bløff på lur. Kona hans, Solveig, er og nordlending, men og som våre koner, kvilelause men i fin form å sjå der dei runda hjørner i landsbyen med stadig aukande bør. Men akk - kvinner kjem og til handlegrensa. Ikkje avdi dei eigentleg er ferdige, men dei treng  mat for å vinna nye krefter.

 Bror min vil eta lunch i klokkerestauranten i Cha Am. Trip Advisor har lite å stilla opp med i høve til bror min. Han har ei memoliste i skallen, der kafear og restaurantar er kvalitetsrangerte og adressetagga. Denne lista har gyldigheit over fleire kontinent. Eg spurte thaidama på restauranten kva klokka var. Ho smilte ikkje, men gav meg eit svar på thaimålet. I Thailand er det vel og slik at vitsar tapar seg om dei er brukte før. 

 Vel heime etter ein dag som starta tregt men som enda i nyting, glede og strålande sol. Kona og eg måtte  prøva innkjøpa. Eg mitt eine, ho eit av sine. For på dette feltet må eg tilstå å koma til kort. Men så er det jo ikkje alltid kvantiteten som gjeld. Stor takk til Harriet som tok initiativet, og til Salve som navigerer så sikkert både i trafikken og i gourmetverden. Det blei ein kvalitetsdag.

  Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar