Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 5. september 2015

Ein konfiskert vaksinasjon

Ikkje alle lar seg vaksinere. Nokre meiner det kan vera livsfarleg å finne på slikt. Å sprøyte halvdaude bakteriar inn i kroppen, synes dei ikkje noko særleg om.
For eigen del sluker eg rått alt som er tilgjengelig av slikt. Det være seg vaksinar mot phneumokokkar, influensa, hepatitt, difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Ikkje minst er eg fokusert på drikkevaksine som vernar mot kolera og diarè. Har ein blitt køyrd i ambulanse i Thailand, og innlagt på sjukehus dehydrert og i ørske der, så hoppar ein på alle moglege preventive tiltak. Ei anna side ved vaksineringa er sjølvsagt at ein og er med og vernar sine medmenneske. Ein går ikkje rundt som ei smittebombe. Til vinteren skal eg besøke fleire land i Asia. Då gjeld det å sjekke om ein treng fleire og andre vaksinasjonar, tenkjer eg. Sidan helseportalen, minhelse.no, ennå ikkje er særleg oppdatert når det gjeld mine vaksinasjonar, ringte eg difor til helsestasjonen min. Det er der eg pleier å sitte i køen for å få dei årlege vaksinasjonsinjeksjonane. Det er der vi stiller tidleg om morgenen på vaksinasjonsdagane og trekker kølapp. Det der er vi blir utskjelt av kølapp-politiet, om ein prøver seg på pittelitt sniking i køen. Eg velgjer difor telefonen, når det er eit alternativ for kontakt. Å ringe, er ein utmerka måte å drive køsniking. På dei fleste kontor vert telefonen prioritert framfor kunder som er fysisk tilstades. Vaksinasjonane eg har var tilstrekkelege, fekk eg vite.Det som undra både meg og helsesyster var likevel at vaksine mot livmorhalskreft var registrert på meg. For du er jo mann, konstaterte helsesyster. Eg vart litt usikker på om eller kva eg skulle svare på slikt. Ei feilregistrering, meinte helsesyster, og vips... så var eg ikkje lenger vaksinert mot kreft i livmorhalsen. Til vinteren skal eg såleis reise til Asia med ein vaksinasjon mindre enn det eg kunne gjort, om eg ikkje hadde tatt den telefonen. Eg kjenner på meg at eg har gjort noko dumt... Blogglistenhits

2 kommentarer:

  1. Ja, det var toskje. Men er det noko du treng, er vaksinasjon mot livfarkreft. Eg skal forresten finne opp ein app til telefonen min der eg kan gå inn og vaksinere meg sjølv her heime i sofakroken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Livfar er det vel berre sjøhesten som har. Der i gården er det iallfall han som føder ungane. Sjølv har eg ikkje peiling på kor livfaren min kan vera - - -.
      App er ein god idè. Men å stikke telefonen inn i armen ved injeksjonen, vert vel litt smertefult ?

      Slett