Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 1. september 2015

Skikkelege mannfolkhender

Eg vaks opp like etter krigen. Det var på den tida då maten var kortreist og oftast henta i åkeren like utanfor huset eg budde i. Det var på den tida då melka vart dradd or spenane til ku og geit med berre nevane, og då grisen og sauen vart slakta utanfor låven. Med andre ord det var før Alfa Laval, Kverneland og Ferguson invaderte dei norske bøndene. På midten av det forrige århundret sleit ikkje folk med musearm og mobiltommel. Dei var ukjende med fitness band og knipeball. Det hende ein fekk noko som vart kalla "grep" i handleddet. Då spende ein på seg ei brei lærreim over der og beit tenna saman. Men den beste medisinen var arbeid: Sette poteter var som ryggøvinga, spreie møkk med greip var armøvinga, hoppe i høyet var spenstøvinga, melke ku med hand var ei god førebygging av grevinneheng, og springe etter jentene var treninga for å styrka evnen til å meistre både medgang og motgang I denne tida kunne ein sjå på nevane til folk kva yrke dei hadde. Kvite, slappe hender hos dei som ikkje var kroppsarbeidarar. Dei var då ofte lærarar, legar, bankfolk eller andre i slike latmannsyrke. Kraftige hender med oljesøl på hos fabrikkarbeidarane. Denne klassen som nok var høgare verdsett av bøndene, men som og var noko suspekte avdi dei berre heva løn og henta maten sin i butikken. Og oftast stemte dei på Einar Gerhardsen og var med i fagforeiningar. Dei gjevaste menneska i Norge på den tida var i følgje det miljø eg vaks opp i, dei med kraftige hender og jord under neglene. Hender som var sprukne, tørre og harde, som aldri hadde sett arbeidshanskar eller møtt handkrem. Skikkelege mannfolkhender.
Eg svikta min stand i ung alder. Dei spirande teikn til skikkelege hender som eg hadde pådradd meg i 16-årsalderen, stagnerte. Eg hamna inn i eit av dei tidlegare omtala latmannsyrke. Men eg prøver å leva etter mottoet: arbeidshanskar er for pysar. Ein skal ha mold under negla og skit mellom tærne. I allfall om sommaren når ein går barbeint i kjøkenhagen og plantar kål. Litt respekt må ein ha for den slekta ein nedstammar frå. Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar