Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
lørdag 8. februar 2014
Flott dag å vera sjuk på
Eg har budd meg lenge for dette å sitja inne og sjå OL. Til kona har eg meld meg influensasjuk, og handla inn paracet, ibux og C-vitamin. Eg har blankpussa fjernkontrollar og dei bittesmå reisedrammaglasa mine, lagt putene i sofaen i høvleg høgd og og passa på at både fjernsynsbrillene og kortsynsbrillene var innanfor rekkevidde. Men ein ting var at eg hadde meld meg sjuk, det verste var at eg held på å daua då eg sleit på det verste med å finna OL-kanalen. Eg var nær ved å gi opp alt håp.
Så som ved eit lyn frå blank solkysthimmel, dukka kanalen opp. Den tyske som kallar ser: Erste. Eg fekk både skiatlom, 5000m, skiskyting og slopestyle inn i sofaen. Sjølvsagt blei det mykje gjevt metall, men ikkje meir enn fortent. Eg hadde jo jobba mykje for å få dette fram. Og då den tyske reportaren, jamgammal med meg og Ole Einar, intervjuva og rosa Bjørndalen for at han med dette hadde prova at sjølv om med er gamle, så er me framleis kapable til det mest uventa.
Det var då eg kjende den klumpen i halsen. Kona sa den skuldast sjuka mi. Ja eg er blitt skikkeleg sjuk nå, sa eg. Men kva gjer vel det i dette drittværet som er ute. Det er inne sola skin idag.
fredag 7. februar 2014
Ei reise til Nerja
vertinne. Ho som eig leiligheita me bur i, og som ikkje snakkar engelsk. Ei eldre kvinne på godt over min eigen alder. Blandt dei som Hitler ikkje gav lov til å læra engelsk i hine hårde dagar. Gleda var stor då eg møtte henne i leiligheita saman med hennar norske vennine som tolk. Sjølv om det då var heilt bortkasta alle dei timane eg hadde nytta for å friska opp tysken min, for å møta nettopp henne, der besitzer.
tirsdag 26. november 2013
Fjelltur
Det er ikkje det at det er så høgt, men det er så luftigt. Det er ikkje det at det er så frodigt, men det er så folksomt. I fjellene over Mogan, Puerto Rico og Arguinneguin er naturen magnetisk og tiltrekk seg difor menneske av både komiske fasongar og overraskande skapelonar. Nokre veltrente, spenstige og gyllenbrune. Andre i alle variantar feite, pølsete og gustne. Folk må vera som dei er og gjera med kroppen som dei vil. Men ofte undrast eg kva dei vil me han på fjelltur.
Me starta tidleg idag. Me ville ha kroppen med opp på dei ville viddene. Me ville han skulle få lufta seg frå bylarmen og baconlukta på frukostrestaurantane. Me ville ta i eit skikkeleg tak, slik at kroppen kunne få kjenna at å vera på tur ikkje berre er å strekkja seg på sleipe solsenger og leska seg med San Miguel til 3 euro literen. Me ville læra kroppen at ein må gjera seg fortent til slikt. At ein ikkje har lov å ha det godt utan også å betala for latskapen med svette og melkesyre. Slik er det berre med den saken.
mandag 25. november 2013
Naboar
Naboane våre reiste idag. Dei i sør. Det var tyskarar og ressursmedvitne folk. Morgon drammen inntok dei i pitte små drammaglas, og snapsen var medbrakt frå Lidl i Berlin. Dei tok ikkje taxi då dei drog frå hotellet. Den 20 minuttars turen ned til busshaldeplassen greide dei godt til fots. Han med 2 koffertar og ein ryggsekk, ho med ei vinterjakke og ei vinterkåpe over armen. På ryggen ein kledleg ryggsekk.
Smøret tok dei ikkje med seg. Heller ikkje kleklypane, og det som var att i vatndunken. Dei arrangerte ein overekkingsseremoni like før dei drog. Me må ha sett trengande ut. Bitte sehr, sa dei. Eller noko slikt. Slik er tyskarane, iallfall nokre av dei. Likandes menneske som ikkje har tenkt å øydeleggja kloden. Men snapsen såg eg ikkje noko meir til.
Synd at dei drog. Kunne heller tenkt meg at naboane på nordsida hadde forsvunne. Ikkje det at dei har plaga meg, men dei er så hersens prektige og så irriterande vest-norske. Når eg seier god morgen til dei på terrassen, går dei inn. Når eg skålar i min gammel dansk og tyskaren i sin Lidl snaps, snur normannen i nord ryggen til. Eg trur ikkje han likar meg, og det gjer meg forvirra.
Det er komme nye folk i tyskarleiligheten. Finnar denne gongen. Dei var ikkje før innanfor terrassen før ei flaske kom opp or ryggsekken. Dei skulle feira landinga. Skal det væra ein sup, spurte dei meg. Kva drikk du, ville eg vita. Tresprit, sa han. Men eg ser jo dårleg nok frå før. Har vi inte sett det mesta da? Undrast han. Eg kallar han Pekka frå nå av.
Det virkar ikkje som om naboen i nord likar han heller. Det kan bli ei spennande framtid.
søndag 24. november 2013
Herskap og tenarar
"Det er ikkje i dette livet ein finn rettferd, det er i det neste". Slik ordla min tidlegare kollega, religionslæraren, seg.
I Spania får ein syn for segn. Heldig er den spanjol som kan få nytta dagen sin til å vaska og sopa drit etter feite nordeuropearar. Verre er det for dei som ikkje eingong vert utvald til slikt arbeid. Å halda på jobben kor magert utbytte og låg status han enn gir, er altoverskuggande for mange. Eg ser innkastarane på dei restaurantane der stolane står tomme. Eg ser seljarane i krimskramsbutikkane som har så god plass inne i lokalet. Dei nyttar fortvila alle tenkelege og utenkjande metodar for å få oss med pengane inn. Mange skal handhelsa og vita kor ein kjem frå. Andre vil gi meg rabattkort som eg må vera med inn i butikken for å få stempel på. Då tryllast det fram ei lekker vare som plutselig skal skifta eigar.
Dei slit i Spania både dei innanfor og dei utanfor arbeidslivet.
Soraya, reingjeringshjelpa i bustaden min, slit også. Ho viser det ikkje fram. Ho smiler og gjer som om ho trives i jobben. Tenarar skal gjera det, om dei vil bli verande i stillinga. Ho treng inntekta for å brødfø den arbeidslause mannen og dei tra barna. Ho kan ikkje kosta på seg noko medlemskap i fagforeininga. Det kan kosta for dyrt. Ho er lynande rask og effektiv. Ho er venleg. Ho smiler igjen og ser underdanig og gledestrålande på meg når eg legg nokre euro på bordet til henne. Ho ønskjer meg ein god dag, og fer avgårde til neste tenesteoppdrag. Eg følgjer henne med blikket. Nedanfor bosspanna ser eg ho stoppar, tørkar svetten og kanskje ei tåre. Så ristar ho kjensla av seg ennå ein gong, grip fast rundt vaskebøtta og forsvinn.
Eg står att i sola på terrassen. Eg kjenner meg herskapleg , og er viss på at kollegaen min hadde rett. Iallfall i halve utsegna si. Eg vonar for Soraya sin del at han får rett i heile utsegna.
tirsdag 26. februar 2013
Ei lang heimreise
Difor fekk eg nyta litt frå mange verdenar i natt. Og dei siste 5 timane av reisa sov eg så djupt, at når eg endeleg vakna, tok eg på meg skoa til sidepassasjeren min. Han var ein svensk avhaldsmann. Men med sjarme kan mange konfliktar løysast.
"Det er minus 12 grader på Gardemoen", sa thaikapteinen før me landa. Eg og kona leita fram det me hadde i handbagasjen som kunne førebygga frostskader. Berre Ipaden og ei par medisinvesker blei att.
Landinga var mjuk og tidleg. Lenge før schedule, slik at ventetida på Norwegianflyet blei lang. Sju ventetimar på Gardemoen er noko som kan setja sjølv ein tolmodig mann på prøve.
Eg gjekk til Norwegianskranken. Han ser jo så allreight ut denne Kjos. Jo det er plass på tidlegare fly som du kan rekka, meinte dei. Det kostar 3200kr for to å endra på billetten, sa damene til Kjos. Svarten. Er ikkje dette eit lågprisselskap, ville eg vite. Damene til Kjos skjønar ikkje nynorsk, og særleg ikkje sunnhordlandsk, og særleg ikkje om morgonen.
Kva gjer vi nå, spør mi kjære. Jo nå skal vi spara pengar, seier eg. For kvar time som går frå nå sparer vi 450 kr.
Etter dette gjekk timane minutt for minutt. Men kona såg eg berre stundesvis.Eg såg ho når ho runda hjørnene utav/inn i dutyfree butikkane. 450 kr timen er jo mykje å rutte med for ein pensjonist.
Vi er på reise heim. Når med stig av Sundebåten, har me vore på reisefot i 32 timar. Då er det godt å komma heim.
onsdag 13. februar 2013
Den frittalande massøsa
Sidan har eg vore hos B.B. fast. Eg og mi kjære, vert salva og knødd side om side bak diskrete forheng med aircondition og vifter. Det flyt kokosolje, lavendelolje og andre livgivande væsker over kroppen min i ein heil time. Samstundes vert eg knadd og massert nesten over det heile slik Thaifolket har drive med like sidan lækjaren til Buddha utvikla denne kunsten. Stundom høyrer eg surklande lydar, som minner meg om ei kyr som dreg foten or ei myr. Andre ganger vert eg klaska og endå til daska.
Massøsa mi har utdanning frå eit tempel i Bangkok. Ho veit kva ho gjer. Men ho er frittalande. Idet ho masserer mageorganet mitt idag, tillet ho seg å seie: "You eat to much food, papa". Eg støkk til, mens skratten ikkje let vente på seg frå nabobenken, der ho eg trudde var mi kjære, kosar seg over utsagnet til B. B. Det einaste eg finn på å seie er noko om at det er ølet deira som er så fett. "Drink much Chang, but not too much", seier eg.
Men eg er såra. Likar ikkje å bli omtala på denne måten. Det finns mange massasje salongar i Hua Hin. Eg vurderer å finna meg ein ny plass. Ein plass der dei ser på eurpeiske menn med pondus på ein respektabel måte. Der dette er eit teikn på velhavenhet. Eg må driva meir research omkring saka.




