Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 24. november 2013

Herskap og tenarar

"Det er ikkje i dette livet ein finn rettferd, det er i det neste".  Slik ordla min tidlegare kollega, religionslæraren, seg.
I Spania får ein syn for segn. Heldig er den spanjol som kan få nytta dagen sin til å vaska og sopa drit etter feite nordeuropearar. Verre er det for dei som ikkje eingong  vert utvald til slikt arbeid. Å halda på jobben kor magert utbytte og låg status han enn gir, er altoverskuggande for mange. Eg ser innkastarane på dei restaurantane der stolane står tomme. Eg ser seljarane i krimskramsbutikkane som har så god plass inne i lokalet. Dei nyttar fortvila alle tenkelege og utenkjande metodar for å få oss med pengane inn. Mange skal handhelsa og vita kor ein kjem frå. Andre vil gi meg rabattkort som eg må vera med inn i butikken for å få stempel på. Då tryllast det fram ei lekker vare som plutselig skal skifta eigar.
Dei slit i Spania både dei innanfor og dei utanfor arbeidslivet.
Soraya, reingjeringshjelpa  i bustaden min, slit også. Ho viser det ikkje fram. Ho smiler og gjer som om ho trives i jobben. Tenarar skal gjera det, om dei vil bli verande i stillinga. Ho treng inntekta for å brødfø den arbeidslause mannen og dei tra barna. Ho kan ikkje kosta på seg noko medlemskap i fagforeininga. Det kan kosta for dyrt. Ho er lynande rask og effektiv. Ho er venleg. Ho smiler igjen og ser underdanig og gledestrålande på meg når eg legg nokre euro på bordet til henne. Ho ønskjer meg ein god dag, og fer avgårde til neste tenesteoppdrag. Eg følgjer henne med blikket. Nedanfor bosspanna ser eg ho stoppar, tørkar svetten og kanskje ei tåre. Så ristar ho kjensla av seg ennå ein gong, grip fast rundt vaskebøtta og forsvinn.
Eg står att i sola på terrassen. Eg kjenner meg herskapleg , og er viss på at kollegaen min hadde rett. Iallfall i halve utsegna si. Eg vonar for Soraya sin del at han får rett i heile utsegna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar