Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 26. november 2013

Fjelltur

Det er ikkje det at det er så høgt, men det er så luftigt. Det er ikkje det at det er så frodigt, men det er så folksomt. I fjellene over Mogan, Puerto Rico og Arguinneguin er naturen magnetisk og tiltrekk seg difor menneske av både komiske fasongar og overraskande skapelonar. Nokre veltrente, spenstige og gyllenbrune. Andre i alle variantar feite, pølsete og gustne. Folk må vera som dei er og gjera med kroppen som dei vil. Men ofte undrast eg kva dei vil me han på fjelltur.

Me starta tidleg idag. Me ville ha kroppen med opp på dei ville viddene. Me ville han skulle få lufta seg frå bylarmen og baconlukta på frukostrestaurantane. Me ville ta i eit skikkeleg tak, slik at kroppen kunne få kjenna at å vera på tur ikkje berre er å strekkja seg på sleipe solsenger og leska seg med San Miguel til 3 euro literen. Me ville læra kroppen at ein må gjera seg fortent til slikt. At ein ikkje har lov å ha det godt utan også å betala for latskapen med svette og melkesyre. Slik er det berre med den saken.

  

 

2 kommentarer:

  1. Merkelege, desse nordmennene. Når dei fer til fjerne strøk, dreg dei på fjelltur for å oppleve det dei har meir enn nok av i heimlandet!

    SvarSlett