Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 26. november 2013

Fjelltur

Det er ikkje det at det er så høgt, men det er så luftigt. Det er ikkje det at det er så frodigt, men det er så folksomt. I fjellene over Mogan, Puerto Rico og Arguinneguin er naturen magnetisk og tiltrekk seg difor menneske av både komiske fasongar og overraskande skapelonar. Nokre veltrente, spenstige og gyllenbrune. Andre i alle variantar feite, pølsete og gustne. Folk må vera som dei er og gjera med kroppen som dei vil. Men ofte undrast eg kva dei vil me han på fjelltur.

Me starta tidleg idag. Me ville ha kroppen med opp på dei ville viddene. Me ville han skulle få lufta seg frå bylarmen og baconlukta på frukostrestaurantane. Me ville ta i eit skikkeleg tak, slik at kroppen kunne få kjenna at å vera på tur ikkje berre er å strekkja seg på sleipe solsenger og leska seg med San Miguel til 3 euro literen. Me ville læra kroppen at ein må gjera seg fortent til slikt. At ein ikkje har lov å ha det godt utan også å betala for latskapen med svette og melkesyre. Slik er det berre med den saken.

  

 

mandag 25. november 2013

Naboar

Naboane våre reiste idag. Dei i sør. Det var tyskarar og ressursmedvitne folk. Morgon drammen inntok dei i pitte små drammaglas, og snapsen var medbrakt frå Lidl i Berlin. Dei tok ikkje taxi då dei drog frå hotellet.  Den 20 minuttars turen ned til busshaldeplassen greide dei godt til fots. Han med 2 koffertar og ein ryggsekk,  ho med ei vinterjakke og ei vinterkåpe over armen. På ryggen ein kledleg ryggsekk.
Smøret tok dei ikkje med seg. Heller ikkje kleklypane, og det som var att i vatndunken. Dei arrangerte ein overekkingsseremoni  like før dei drog. Me må ha sett trengande ut. Bitte sehr, sa dei. Eller noko slikt. Slik er tyskarane, iallfall nokre av dei. Likandes menneske som ikkje har tenkt å øydeleggja kloden. Men snapsen såg eg ikkje noko meir til.
Synd at dei drog. Kunne heller tenkt meg at naboane på nordsida hadde forsvunne. Ikkje det at dei har plaga meg, men dei er så hersens prektige og så irriterande vest-norske. Når eg seier god morgen til dei på terrassen, går dei inn. Når eg skålar i min gammel dansk og tyskaren i sin Lidl snaps, snur normannen i nord ryggen til. Eg trur ikkje han likar meg, og det gjer meg forvirra.
Det er komme nye folk i tyskarleiligheten. Finnar denne gongen. Dei var ikkje før innanfor terrassen før ei flaske kom opp or ryggsekken. Dei skulle feira landinga. Skal det væra ein sup, spurte dei meg. Kva drikk du, ville eg vita. Tresprit, sa han. Men eg ser jo dårleg nok frå før. Har vi inte sett det mesta da? Undrast han. Eg kallar han Pekka frå nå av.
Det virkar ikkje som om naboen i nord likar han heller. Det kan bli ei spennande framtid.

søndag 24. november 2013

Herskap og tenarar

"Det er ikkje i dette livet ein finn rettferd, det er i det neste".  Slik ordla min tidlegare kollega, religionslæraren, seg.
I Spania får ein syn for segn. Heldig er den spanjol som kan få nytta dagen sin til å vaska og sopa drit etter feite nordeuropearar. Verre er det for dei som ikkje eingong  vert utvald til slikt arbeid. Å halda på jobben kor magert utbytte og låg status han enn gir, er altoverskuggande for mange. Eg ser innkastarane på dei restaurantane der stolane står tomme. Eg ser seljarane i krimskramsbutikkane som har så god plass inne i lokalet. Dei nyttar fortvila alle tenkelege og utenkjande metodar for å få oss med pengane inn. Mange skal handhelsa og vita kor ein kjem frå. Andre vil gi meg rabattkort som eg må vera med inn i butikken for å få stempel på. Då tryllast det fram ei lekker vare som plutselig skal skifta eigar.
Dei slit i Spania både dei innanfor og dei utanfor arbeidslivet.
Soraya, reingjeringshjelpa  i bustaden min, slit også. Ho viser det ikkje fram. Ho smiler og gjer som om ho trives i jobben. Tenarar skal gjera det, om dei vil bli verande i stillinga. Ho treng inntekta for å brødfø den arbeidslause mannen og dei tra barna. Ho kan ikkje kosta på seg noko medlemskap i fagforeininga. Det kan kosta for dyrt. Ho er lynande rask og effektiv. Ho er venleg. Ho smiler igjen og ser underdanig og gledestrålande på meg når eg legg nokre euro på bordet til henne. Ho ønskjer meg ein god dag, og fer avgårde til neste tenesteoppdrag. Eg følgjer henne med blikket. Nedanfor bosspanna ser eg ho stoppar, tørkar svetten og kanskje ei tåre. Så ristar ho kjensla av seg ennå ein gong, grip fast rundt vaskebøtta og forsvinn.
Eg står att i sola på terrassen. Eg kjenner meg herskapleg , og er viss på at kollegaen min hadde rett. Iallfall i halve utsegna si. Eg vonar for Soraya sin del at han får rett i heile utsegna.

tirsdag 26. februar 2013

Ei lang heimreise

Eg har flytta meg i tid og i rom. Eg har krysssa oceanar og fjellkjedar. Eg var i Thailand. Nå er eg i Norge, nærare bestemt på Gardemoen. Ei natteflyging med thaidamer i alle fasongar, men samtlege med eit strålande buisness smil på leppene og orkidear og det som vakrare var, i kjolane. Eg hadde sovepillar i lomma. Eg har vore usikker på verknaden av å miksa alkohol og sovepillar. Det er eg ikkje lenger. Etter besøk hos legar og  sjukehus i Thailand, har eg lært at ein skal kosa seg med medisinene, og med alt anna som er godt. Og som ein psykiater i Thailand  sa, og han var norsk: Raudvin og sovetabelettar i kombinasjon er kraftig undervurdert.
Difor fekk eg nyta litt frå mange verdenar i natt. Og dei siste 5 timane av reisa sov eg så djupt, at når eg endeleg vakna, tok eg på meg skoa til sidepassasjeren min. Han var ein svensk avhaldsmann. Men med sjarme kan mange konfliktar løysast.
"Det er minus 12 grader på Gardemoen", sa thaikapteinen før me landa. Eg og kona leita fram det me hadde i handbagasjen som kunne førebygga frostskader. Berre Ipaden og ei par medisinvesker blei att.
Landinga var mjuk og tidleg. Lenge før schedule, slik at ventetida på Norwegianflyet blei lang. Sju ventetimar på Gardemoen er noko som kan setja sjølv ein tolmodig mann på prøve.
Eg gjekk til Norwegianskranken. Han ser jo så allreight ut denne Kjos. Jo det er plass på tidlegare fly som du kan rekka, meinte dei. Det kostar 3200kr for to å endra på billetten, sa damene til Kjos. Svarten. Er ikkje dette eit lågprisselskap, ville eg vite. Damene til Kjos skjønar ikkje nynorsk, og særleg ikkje sunnhordlandsk, og særleg ikkje om morgonen.
Kva gjer vi nå, spør mi kjære. Jo nå skal vi spara pengar, seier eg. For kvar time som går frå nå sparer vi 450 kr.
Etter dette gjekk timane minutt for minutt. Men kona såg eg berre stundesvis.Eg såg  ho når ho runda hjørnene utav/inn i dutyfree butikkane. 450 kr timen er jo mykje å rutte med for ein pensjonist.
Vi er på reise heim. Når med stig av Sundebåten, har me vore på reisefot i 32 timar. Då er det godt å komma heim.

onsdag 13. februar 2013

Den frittalande massøsa

Heime såg ein fornøyeleg svensk tv-serie i 10 delar, før eg drog hit til Thailand. "28 grader i februari", var den kalla. Serien skildra tre svenske familiar som braut tvert av i kalde fosterlandet, for å starta eit nytt liv her i tropene. Det var særleg ein person der som sjarmerte meg. Ein av hans store lidenskapar var å gå på massasje-salongar. Der fekk han olje massasje både med og utan noko ekstra, som dei sa der. Dette såg så freistande ut, at eg også ville løyva meg denne luksusen.
Salongar er over alt i byen, og tilboda på kvar salong er overveldande. Etter ein del research, landa eg på B.B. Massage Salon. "Men ikkje be om Thaimassasje", sa folk til meg. Dei bryt ribbebeina dine. Dette kunne eigaren av instituttet B.B. sanna. "Oil massage best for you", sa ho. "Ok", sa eg, "and no ekstra". Ho såg indignert på meg. "We no do extra", sa ho.
Sidan har eg vore hos B.B. fast. Eg og mi kjære, vert salva og knødd side om side bak diskrete forheng med aircondition og vifter. Det flyt kokosolje, lavendelolje og andre livgivande væsker over kroppen min i ein heil time. Samstundes vert eg knadd og massert nesten over det heile slik Thaifolket har drive med like sidan lækjaren til Buddha utvikla denne kunsten. Stundom høyrer eg surklande lydar, som minner meg om ei kyr som dreg foten or ei myr. Andre ganger vert eg klaska og endå til daska.
Massøsa mi har utdanning frå eit tempel i Bangkok. Ho veit kva ho gjer. Men ho er frittalande. Idet ho masserer mageorganet mitt idag, tillet ho seg å seie: "You eat to much food, papa". Eg støkk til, mens skratten ikkje let vente på seg frå nabobenken, der ho eg trudde var mi kjære, kosar seg over utsagnet til B. B. Det einaste eg finn på å seie er noko om at det er ølet deira som er så fett. "Drink much Chang, but not too much", seier eg.
Men eg er såra. Likar ikkje å bli omtala på denne måten. Det finns mange massasje salongar i Hua Hin. Eg vurderer å finna meg ein ny plass. Ein plass der dei ser på eurpeiske menn med pondus på ein respektabel måte. Der dette er eit teikn på velhavenhet. Eg må driva meir research omkring saka.

mandag 11. februar 2013

Konge-elva.


Chao Phraya er den store elva som renn gjennom Bangkok. Den er Thailands viktigaste elv. To elver som kjem frå Laos og Burma renn saman og dannar denne konge-elva, som til slutt renn ut i Thailand gulfen.
Dette er livsnerva i hovudstaden, der gods og folk rek opp og ned. Det finns all slags båttrafikk frå dei raskaste langhale båtane, til dei lengste og seigaste lekterane. 


Eg og mi kjære tinga oss middagscruise på ei stasleg skute som i 50 år har segla på denne elva med turistar. Før det frakta ho ris til hovudstaden.  Dette var ingen av dei typane som er vist ovanfor. Vår båt, Tahsaneeya Nava, var ein stasleg såkalla Rice Barge, konstruert av solid hand-skoren  og polert gyllen teak. Riskokaren, som han ofte vert kalla, blei bygd på den tida då Thailand framleis hadde rikeleg med teaktrær i skogane. Slik er det diverre ikkje lenger. Her kjem vår båt til piren for å henta oss:


Me blei ønskt velkommen ombord av vakkert kledde thaiprinsesser som skvetta  oss med rosevatn og gav oss fletta jasminkransar. På eit stasleg dekka bord for to, stod det navnet Gunnar på ein lapp. I Thailand var det berre ein Mr Gunnar den kvelden. Alle andre ombord bar thailandske nanm, ja unnateke Mrs Gunnar då sjølvsagt Cruiset og middagen kunne starta.

 
Spanjolane har noko dei kallar  tapas. I Thailand heiter det noko anna, og det overgår dei spanske rettane i omfang, mengde, styrke og innpakking, syns eg. Her var traditional thaifood i kjøtt , fisk og skaldyr. Kvar rett blei oss  forklart: Kor  retten kom frå i landet, kor spicy var han eller ikkje var han osb.  Me blei servert og servert: forrettar, hovudrettar, desertar, drinkar, kvitvin, raudvin og dessertvin. Ved Mr. Gunnar sitt bord, som var like bak kapteinen, vart det mykje nyting denne kvelden. Maten glei  ned på ein framifrå måte, og thaiprinsessene  spela og dansa.  Grand Palace, Wat Arun, Wat Prakeaw og alt det andre glei forbi på elvebreddane. Eit fantastisk skue som vi fekk i solnedgangen idet vår tur starta kl 18.
Kor lenge han varte, er meir uvisst. Iallefall er cruiset ennå ikkje slutt inne i hovudet mitt. Der vil opplevinga vara lenge.



søndag 10. februar 2013

Betre enn sitt rykte


Minibussane i Thailand har dårleg rykte. Bror min seier eg skal halda meg vekke  frå desse sjølvmords-bussane. Dei er innvolverte i mange av  trafikkulukkene ein har på vegane her. Men når det går bra, og det gjer det jo ofte, er dette ein hurtig og svært rimleg reisemåte. Iallfall mellom Hua Hin og Bangkok. To og ein halv time på desse 200 km, der vanleg taxi brukar 3 timar. 70 kr ein veg for meg og mi kjære, der vanleg taxi skal ha opp mot 700 kr. Minibussen eg sit i nett nå, går på gass, er ny med kjempeakselerasjon, aircondition og sikkerhetsbelter. Desse beltene har ingen brukt før meg. Eg må slita av stripsen dei er bunta i hop med, før eg kan spenna han på. Sjåføren skular på meg, og lurer på kva eg driv på med. Han flirer når han skjønar det.  Slalomkøyring i 4 ulike køyrebanar, og køyring ute på vegskulder, er et "must" om ein vil komma seg fram inne i Bangkok. Trafikken er tettare enn kloakrøyret blir når eg puttar papiret i skåla i staden for i bøtta ved sida av. 
Etter at styresmaktene gjekk inn med skattelette for alle førstegongs bilkjøparar, har bilparken, særleg i Bangkok, eskalert voldsomt. Den ektefellen som ikkje har bil, kjøper nå familiebil nr 2, og unge folk har  og fått råd til bil, les eg. Slik har ein gitt ris til eigen bak. Det er mest på linje med det ein gjorde på Søbævik. Pøsa på med bilar utan å gjera noko med vegen. Den største skildnaden er vel at me ikkje har desse sjølvmordsbussane i Sæbøvik. Korkje Skyss eller Totland kan konkurrera med det. Farten er for liten og prisen for høg. 
Minibussen hadde ikkje Wifi. Så at denne bloggen er publisert, tyder på at eg kom meg vel frå. Dei var betre enn sitt rykte desse bussane. Iallfall i dag