Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 31. januar 2010

Winetasting in the vineyard

Min gode ven og kollega, Helge, hamna i eit dilemma for ein del år tilbake. Han var sensor i matematikk på ein ikkje namngjeven skule i Sunhordland. Første kandidaten var overmåte kjapp og kunnskapsrik. Sensor trilla terning og gav han ein 6-ar. Andre kandidat viste seg å vera endå glupare, så det måtte bli ein 6-ar igjen. Då tredje kandidaten i ei gruppe som totalt talde 7 elevar, også måtte få 6-ar, vart sensor uroleg og noko heit i toppen. Har eg gått for hardt ut? Kva med normalfordelinga, tenkte han.  Elevane sin lærar redda situasjonen, då han skjøna sensor sin frustrasjon. Slapp av, vurderinga di er rett. Så bra er nemleg desse. Det høyrer med til historia at når alle 7 var ferdig eksaminerte, låg gjennomsnittet rundt det som er normalt.

I går gav eg karakter til Thai-produserte vinar. Vi var i Monsoon Valley på vinfarm. Eg var overmåte heit og sveitt når eg starta på dei fem sortene. Den iskalde kvitvinen, frisk og fruktig med spor av sitrus og melon fekk meg til å gå sterkt ut.  Ein klar 5-ar, for å ha litt å gå på i motsetnad til Helge. Vin nummer 2 ein lett sprø vin med aning av mango, fekk meg til å frykta at eg likevel hadde gått for sterkt ut i vurderinga av den første. At det blei for lite å gå på. Ein terning gir jo som kjend maksimalt 6-ar. Bror min sin kommentar om at Thailandsk vin ikkje er noko å skryta av, fekk meg til å gå ned til 4 for denne. Men her var eg nok for streng. Eg sleit meg anger ei tid etter dette.  Kva veit bror min om vin idag.
Han er jo sjåfør.
Dei neste vinane blei, ikkje uventa, betre og betre. Den kvite shiraz vinen med spor av raude frukter, den raude monsoon vinen med spicy karakter og ikkje minst shiraz special reserve. Ein utsøkt raudvin med aroma av plomme og snev av kaffi. Very drinkable.
Kven seier at vin berre kan lagast  mellom 30 og 50 breddegrader nord og sør for ekvator. Ikkje eg. Her ved 13 grader nord der solskinet er konstant, tidvis avbroten av livgivande monsoon regn, modnast vindrua på ein utsøkt måte.
Eg kjøpte med meg nokre flasker.
Om kvelden var ikkje bror min sjåfør. Han syns vinen var god.
Om ikkje terningen då var lagt bort, hadde det blitt 6 over heile fjøla.

fredag 29. januar 2010

Hagestell

Plenen vår veks. Med  30+ og dagleg, manuell vatning, er det ein naturleg prosess. Slik er det heime og i vekstsesongen. Der er vatninga rett nok naturleg, og utfordringa er å komma seg ut mellom bøyene og få start på plenklypparen.

Her er det annleis. Gartnargjengen kjem. Det er to menn og to kvinner med plenklyppar, kantklyppar, hekksaks og rive. Og så er det ein sjef. Dei kjem helst  det eg vil kalla, tidleg på dagen. Eg vakna av motorstøy utanfor soveromsvindauget idag. Skulle tru dei ønskjer å vekka meg, nett som naboen heime. Han klypper alltid sin plen mens eg skal sova middag.
Dei gjer skikkeleg arbeid, og brukar heise med tid. Fleire innlagde pausar, der dei set seg i skyggen ved palmehekken langs det eine gjerdet. Då pratar dei med eit syngande, smilande språk som har mange vokallydar. Eg høyrer ingen skarring av vestlandske konsonantar i dette tungemålet. Ikkje som hos naboen heime. Han tek og altfor mange pausar under si klypping, og alt for mykje tatling med kona, før jobben er gjort. Hos meg er det slik at kona held seg innandørs til plenen er ferdigtrimma. Idag gjer eg og det.

Så set eg meg på terrassen med ein kaffikopp. Ei av kvinnegartnarane kjem til meg med ein bananklase ho har kappa i ein annan sin hage. "Bananas?", spør ho meg. Eg vrir litt på meg, og tenkjer at no kjem eg til å bli lurt. Her er ei som driv og gjer buissnes på si. Har vore på bananslang hos naboen. Men la gå. Ho treng sikkert meir bath enn eg har bruk for. "How much?", spør eg. "For free", seier ho, og eg skammar meg. Det er ikkje slik i mitt hovud at nokon berre gjer ting for å vera snill mot meg. Har aldri opplevd at dei gjer det slik heime. Der må eg betala 100-vis av bath for ein kilo bananer.

I kveld er det fullmåne. Har høyrd om fullmånefestane i Thailand. Men det er årlege festar som sist gjekk av stabelen i november i fjor år 2552. Til november 2553 har eg ikkje tenkt å venta for å få meg ein fullmånefest.
Eg lagar min eigen fest i kveld. Været skal halda seg, ser eg.

torsdag 28. januar 2010

Gjeld kommentarer til mine innlegg

Fleire har sagt dei ønskjer å kommentera innlegga mine på bloggen. Det reknar eg med vil vera spennande også for meg. Skjønt. kven veit?
Eg har difor endra innstillingar som gjer at det nå er mogleg å kommentera i feltet under innlegget, sjølv om ein ikkje er registrert som bloggfølgjar.
Fint om du som les dette, kan gi meg ein kommentar, slik at eg ser om det funkar. Bra om du og kan signera. Eg er jo forviten på kven som kommenterer.

onsdag 27. januar 2010

Ei fargerik veke

I Thailand har kvar vekedag sin farge. Eigentleg relatert til gammal indisk astronomi, der gudane til planetane og andre himmelobjekt, har ulike fargar.

Såleis er til dømes mandagen gul etter måneguden Phra Chan. Og sidan den mykje heidra kongen i Thailand, Bhumibol, er fødd på ein mandag, kler veldig mange thaiar seg i gult. Det er liksom blitt Thailands farge. Men også blå klefarge er å sjå, fordi dronning Sirikit er fødd på ein fredag. Blått er fredagsfargen etter guden for Venus, Phra Suk.

I dag er det onsdag. Fargen for onsdag er grønn etter guden for Merkur, Phra Phut. Eg tenkte difor å kle meg i grønt idag, men akk slik farge har ingen av mine korte short. Men det høver jo godt at eg er grønn i trynet då pga denne diareen.

I morgon er det torsdag og fargen er orange. Eg ser fram til det.

I bil til Hua Hin

Bror min har ein Toyota Camry. Ein Thai modell, der alt er snudd om frå høgre mot venstre. Den kan eg disponera bortimot fritt, seier bror min. Eg tok ein prøvetur for nokre dagar sidan og fann ut at om eg køyrde på venstre side av vegen, glei eg best inn i det trafikkale mønster som elles finns på vegane her. Ein opplever rett nok at ikkje alle turistar er fanatiske venstrekøyrarar, og mopedane som myldrar omkring, køyrer ofte på den sida det er mest framkomleg eller minst sol.
Mopedane finns i alle modellar, frå skinande blanke med dragehovud, til skeive og skakke med påsveisa sidevogner og tillhengarar. Men dei har ein ting felles: Aldri ein moped utan ein skokk med folk skrevande over ramma eller klamrande seg fast i påsveiste tilbygg.
I går drista eg meg inn i tjukkaste bysentrum. Eg fann stor glede i at det hang ein navigator på frontruta og at bilen har sensorar i kvart hjørne. Trafikken var tett, gatene smale, thaiane modige og eg litt stressa. Pippip pippip sa det i bilen når mopedane klinte seg så nær Toyotaen at sensorane syns det kunne vera nok. "Take a left turn", skreik kvinnemennesket i navigatoren på frontruta. "Pass opp, du er for langt til venstre her", supplerte Svanhild frå mi venstre side i førarsete. Eg auka speeden på A/C vifta. Den er kraftig, gir godt med kaldluft og gjer det nesten umogleg å høyre kva passasjerane seier.
Me parkerer. Eg plukkar fram ein ny navigator frå reiseveska og lagar merke på det elektroniske kartet i den. Må jo finna att bilen, tenkjer eg.
"ตัดเสื้อ", seier ein thai som putselig poppar opp ved sida av meg. "Nei det går greit", seier eg. Men han gir seg ikkje. "Need new suit?", seier han. "Not need", seier eg og går.
Eg vart etterkvart ein dugande sjåfør. Svært nøgd var eg på heimturen. Då starta ikkje lenger vindusviskarane kvar gong eg meinte å tenna blinklyset. Det kan bli fleire turar etter dette.

tirsdag 26. januar 2010

Hendingar 25. januar

Tur på stranda. God plass og lite folk. Her kan ein gå i milavis med bar mage og våte føter
Eit mislykka forsøk på å fotografera ein av dei millionane med småkrabbar som sprang rundt i rasande tempo på stranda. Kvar med sitt utgravne hol, som dei gøymde seg i.
Me overvar eit buddhistisk bryllaup på stranda. Mens dei nygifte vart fotograferte ute i sjøen, inspiserte med alteret.
Den buddhistiske munken var framleis bak alteret. Han let seg villig avbilda.

mandag 25. januar 2010

Hendingar 24. januar







Ein svært lokal marknad i Khao Tao.
































Hos fiskarar i Thailand bukta