Eg reiser ikkje til Syden om sommaren. Det var ei urokkeleg og veletablert sanning. Den vart implementert i livet mitt då Hordaland fylke gav meg avskilsgåva og NAV starta utbetaling av månedlege pengesummar utan at eg trong å løfte eit kritt lenger.
Sommaren er den flottaste tida heime i Norge, meinte eg. Slik har det då også ofte vore. Ingenting har kunna måle seg med dei grøne bakkane, blåe havet og lyse kveldane. Ingenting har kunne måle seg med mine søte jordbær, raude drivhustomater og kampen mot dei Iberiske sneglane. Kva skal eg til den Iberiske halvøya sommerstid då, tenkte eg.
Men den norske sommaren 2015, blei særdeles annleis, syns eg. Avisene skriv at sommaren ikkje var så spesielt dårlig, men dei får nå skriva kva dei vil. Mi oppleving kan dei ikkje endre.
Så eg drog med mi kjære til den Iberiske halvøya. Her temperaturane skvulpar rundt 30 talet, og magane kan sleppast ut i det fri. Her sneglane ikkje våger seg ut i solsteiken, og ugraset vert lugga av gartnar Michael. Muy satisfecho, må eg seie.
Eit lite skår i gleda er det dog med desse vermeldingane for heimlandet nett nå. Etter månedsvis med drittver, skal det vera godver heime. Men eg trøster meg med at meteorologane tek feil som vanleg. Gleda med sydenturen min skal dei ikkje få ta frå meg. Sjølv ikkje Gislefoss...




