Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 11. mai 2012

Lang dags ferd mot USA

Icelandair har funne nisja si. Ta europerane med til USA, men ikkje med direktefly. La dei bli med på ein mellomlanding på Sagaøya, før dei blir vidare befrakta til Washington. Då dreg dei føgjande fordeler:
- drivstoff tankane treng ikkje vera smikkfulle i Bergen
- drivstoff kan etterfyllast på Keflavik
-  det skal ikkje mange dråpane av etterfyling for å frakta lystige nordmenn frå Keflavik til The Unaiten. Dei er jo alt oppe i skyene før takeoff.
Då kan dei gi velhaldne kvinnheringar og andre norske pensjonistar,  2x23 kg innsjekka koffertar og 10 kg handbagasje i tilegg. Det som ikkje bensintankane treng, vert oppfylt med den bagasjen dei kjøpelystne Husnesingane treng av bagasjevekt.
I tillegg nyt dette nasjonale Islandselskapet godt av å sleppa alle flyplassavgiftene på Øya, som dei andre må betala.
Mange slit på  Island, men Icelandair klarar seg - så langt.
Eg er over Ottava nå. Det syner skjermen på seteryggen framføre meg. Kona og eg har slite oss gjennom drosje., snøggbåt, flyplassar, raudvin, kvitvin og Gran Marier i dag. Nå ser me fram til landinga i Washington. Der ventar guiden med norsk flagg og gode sko. Me ska ut på middag med ein heil gjeng, som sikkert sit på dette same flyet, men som eg ikkje veit kven er ennå. Kanskje like greitt. Eg vert vel tidsnok påminna om at eg sov med beina ut i midtgangen og banna høgt men mildt på alle som støyrde borti meg. Særleg den høgre foten. Den er var for slik aggresiv atferd. Det er jo den som ødelegg for min stødige gange, ikkje minst etter eit par flasker raudvin,

onsdag 2. mai 2012

Kvite hus.

I 1798 blei The White House kvitmalt. Dette var året etter at den første presidenten i USA, George Washington,  blei avløyst av den neste. Likevel trur ein at Martha Whasington hadde ei hand på malarkosten under fargelegginga. Ho var nemlig oppvaksen på faren sin gård, som var kalla The White Plantation.
Slik er det med haldninga ein pådrar seg i oppveksten. Den tida då koplingane i hovudet vart lodda i hop hos kvar og ein på sin spesielle måte, og då kjensler og meiningar vert meisla ut for resten av livet. Sidan både kona og eg er oppvaksne i kvite hus på Haugalandet, vart det ingen diskusjon i 1978, då fargen på det nye huset vårt blei bestemt. Det måtte sjølvsagt bli bli kvitt.
Då Barack Obama flytte inn i The White House meinte onde tunger at huset burde malast svart. Det skjedde ikkje. Tvert om skin huset kvitare enn nokon gong. Det er nok ikkje noko å utsetje korkje påvedlikehaldet eller arbeidsmoralen der i gården.
Hos meg var det verre. Kvitfargen var nå i ferd med å endra seg, både mot svart og grønt. Soppen er svart og grønska er, ikkje uventa, grøn. Noko måtte gjerast. Det kvite huset mitt måtte shainast opp.
Eg kontakta eit av barnebarna, ein svær og røsleg kar, som straks skjøna at farfar trengde hjelp om huset ikkje skulle forfalla. Han starta med Idealvask i trykksprøyta, skura og spylde så all dritten fordampa. Det vart så bra at eg lurde på om  beisen eg hadde kjøpt for tusenvis av kroner hos OBS, kunne returnerast til butikken. Men det blei til at me strauk han på veggen. Me nytta denne flotte veka i mai, Arbeidernes dag inkludert, til å hengja i stegen og dryppa beis i både eigne auge og andres hår. Men litt kom jo på rett plass også då. I tillegg til det kvite, vart noko raudt. Så pass skulda vi arbeiderrørsla. Og kona gjorde Einar Gerhardsen og OBS Bygg sine ord til sine då ho henngde opp denne plakten på inngangsdøra. "Hele folket i arbeid"
Om ei veke dreg eg til USA. Eg startar i Washington. Det skal bli spennande å utveksla erfaringar omkring kvite hus "over there". Og om eg får høve til det, skal eg tipsa Obama om sonesonen min Morten. Han er nok moden for større oppdrag etter dette.

torsdag 26. april 2012

No lauvast det i li

"Eg ser ikkje åsen på andre sida av vatnet idag," seier kona. Sjølv sit eg i stresslessen min, type Dream frå Ekornes. Eg sit me min Acer Aspire på fanget, og prøver få innblikk i kva nettavisene skriv om idag. Det som fangar mest merksemd, er Aftenposten sitt oppslag om eit amerikansk fly som brøyta seg veg i lufta gjennom ein flokk med gjess, og som så måtte naudlande med ei dau gås på cockpitvindauget. Pilotane mista heile sikta. Ja amerikanske fly er ikkje å spøke med, tenkjer eg. Dei har hatt blod på vengene før.
"Er det gjessene som sperrar for utsikta?" spør eg. Kona ser spørjande på meg. Ho har det blikket som stundom vert teke fram når det er vanskeleg for henne å vita om det er demens, humor eller trakassering eg driv med. "Grågåsa er forlengst passert," seier ho. "Det er bjørka som slår med vengene nå, lauvet er framme." "Kva er det du vil sjå på andre sida av vatnet då?" undrast eg.
Kommunikasjonen gjekk i stå. Eg må skjerpe meg. Eg prøver å ta opp tråden att. "Vonar sikta vert betre når me reiser til USA om 2 veker," seier eg.
Skal tru om det lauvast på Capitol Hill i Washington, og om gjessene gassar seg i Central Park i New York. Skal tru om duene har skite på Benjamin Franklin i Philadelphia og om det blomstrar på MIT i Boston.
Me får sjå. Men at det lauvast på Husnes nett nå, er tydleg. Difor er det så vanskeleg å sjå åsen på andre sida av vatnet. Kona slit og med det.

lørdag 21. april 2012

Når vårsol i bakkane blenkjer

Det var på torsdag eg merka at noko var på gang. Sjølv sat eg i korridorane på helsesenteret og venta på tur. Eigentleg kom eg ein time for seint til avtalen med legen min, men som den gode kunden eg er, vart eg likevel tatt hand om utanom tur. Eg slapp inn bakvegen, så ikkje dei forventningfulle venteromspasientane skulle bli arge avdi dei måtte venta ennå ein halvtime i helsekøen. Det var då det skjedde. Lengst inni ein helsekorridor utan vindauge ut mot livet, passerte helsesystera meg. "Våren er her," sa ho. "Er det ikkje flott?". Er våren her, tenkte eg. Skal han og snika i helsekøen?
Først når eg gjekk heimatt, skjøna eg at helsesystera hadde hatt vindauga ut mot verda på kontoret sitt. Ho hadde sett teikna. Ho hadde sett skjora som streva med dei alt for lange kvistene til reirbygginga. Ho hadde sett dei gravide kattane som vagga omkring på plenen utanfor, og dei gravide ungjentene som vagga omkring i venteromskorridorane. Ho hadde sett trekkfuglane sin retur frå syden, tilliks med pensjonistane som også nå var attende til "si heimlege strand" fordi det blenkte av vårsol i bakkane rundt helsesenteret. Nå kjem dei dit for å få påfyll i medisindåsen sin, og for å sjekka kor mykje leveren har krympa etter eit tøylelaust nytingsopphald der sola skin inn i dei mørkaste kroppskrokane, også om vinteren.
Eg gjekk heim og reiv av bordkledninga på søre husveggen. Nå fekk den norske vårsola sleppa inn i dei mørke avkrokane på huset mitt. Råma fekk turka opp og sagrusk mellom spikerslaga bak dei morkne borda fekk blåsa bort i vårbrisen. Og huset likte det som skjedde. Særleg då eg spikra på plass nye kledningsbord, vart det mykje positiv tilbakemelding. Nå kan eg ringa barnebarnet og be han koma med beisekosten. Han ventar på ein vårprat med farfar.

mandag 9. april 2012

Berekraftige barnebarn

Påsketuren er avslutta. Eg er attende til låglandet der regnet ausar ned. Kontrastane er store frå gårsdagen, som baud på kvite vidder og blåe temperaturar. Der kunne vatnet berre framskaffast på to måtar: anten ved å smelte snø i ei gryte på vedomnen eller sende barnebarna avstad med tomme kanner til den manuelle nikkepumpa, som  er å finna 60 meter frå hytteveggen. Under heile Spaniaopphaldet i vinter måtte eg bera kjøpevatten frå SuperSol butikken opp til bustaden. Der var det 600m og motbakke. Sett i det perspektivet var vatntilgangen enklare i påska, iallfall for meg. Men billegare vart det ikkje. Barnebarn set høge prisar på pumpevatn.
"Kor kjem pumpevatnet frå, morfar," spør dei. Eg klør meg i storehjernen og lurer på korleis dette kan forklarast for ein gjeng  med eit alderspenn frå 5 til 12 år. Eg kjem raskt fram til at her må forklaringa nivådifferensierast.  Omgrepet grunnvatn vert lagt til nivå 2, mens boreteknologi hamnar på nivå 1.
"Om me pumpar opp grunnvatnet, vert det vel tomrom under jorda slik at heile bakken kan falla ned?" vil nokon veta. "Jo om me ikkje forvaltar ressursane på ein berekraftig måte, så kan det skje," seier eg. "Har det skjedd nokon stad, morfar?".  "Ja, det har skjedd i Mexico," meiner eg og kjenner meg ørlite langt utpå nå. "Kva tyder berekraftig?" vil dei veta. "Det tyder at me ikkje må bruka meir av grunnvatnet enn at tilsiget klarer å balansera uttaket vårt."
"Har det blitt tomt i borehullet ditt her morfar?" spør dei. "Ja ei påske skjedde det." "Oi, då kunne jo heile påskefjellet falle saman," meiner dei. "Er det difor du smeltar snø morfar, for ikkje å bruka opp grunnvatnet.?
Eg synes det er på tide å avslutta denne praten omkring vassforbruket, men dei gir seg ikkje. "Vatn er dyrt," meiner dei. "På bensinsjasjonen kostar det 25 kr for ei halvliter vassflaske. Det vert 50 kr literen det. Eg har sikkert bore 100 liter  til hytta. Dette kan bli dyrt for deg morfar." "Vel, du får notera, så tek me lønsforhandlingane når me kjem til låglandet att." seier eg og tenkjer at streik må eg iallefall prøve å avverge. For vasstilgangen var unektleg komfortabel med desse berekraftige barnebarna.
I dag regnar det ute, og inne strøymer vatnet klart og reint ut frå både dusj og kjøkenkran. Herleg vatn, som slett ikkje endrar grunnvasspegelen. Eg let det strøyme i lange tider og strie straumar frå dusjen over heile meg. Om det er reint når det treff meg i hovudet, så er det langt frå drikkande når det renn ut gjennom sluken i dusjkabinettet. Ei veke fjellsvette set sine spor. Men eg let vatnet renne med godt samvit. Så lenge det regnar ute er eg trygg på at forbruket mitt er berekraftig. Og så er det bortimot gratis då, iallfall i høve til påskevatnet.

torsdag 5. april 2012

Sol og sjølvstende

Kona står ved vindauga. "Det snøar ute," seier ho. "Så flott," seier me andre. "Då vert det styresnø." Kona likar det berre sånn passeleg. Ho ønskjer ikkje himmelen dekka til idag. Ho vil ikkje at solkremen på framsida av hovudet skal vera påsmurd til fånytte. Ho nyttar faktor 10, men insisterer på at eg skal dobla faktoren. Eg meiner det er heilt unødvendig. Eg har jo vekegammalt skjegg på kinn og kjake

Det pistralege skjegget som eg har duger ikkje til det heller, meiner ho. Så det vert å grisa seg til med solkrem, også idag. Men det er greitt nok. Kampen om solstrålane er ikkje kva den eingong var. Før i tida kunne ein sola seg, ikkje berre i strålene frå sola og dei refleksane som snøen gav, men også i glansen frå utsegn som kom etter påske. "Gu så brune du er," sa folk. Og eg fekk høve til å leggja ut om knallblå himmel og skiturar over uendelege fjellvidder. "Jo det var bra," sa eg. Nå for tida er eg brun på heilårsbasis. Eg fangar meg sol på meir global og kontinuerlig basis. Eg er ein globetrottande pensjonist. "Gu så brun du er," sa folk i mi tidlege AFP-tid. "Har du vore i syden," spurde dei gjerne. Nå spør ikkje folk kvarandre om slikt lenger. Å reise verda rundt i aust og vest er blitt allemannsaktivitet, iallfall blandt dei norske pensjonistane. "Alle " gjer det. Så nå må eg reisa meir for eiga enn for andre si nyfike. Likevel er det noko spesielt med dei solstrålene som kan fangast i 1000 m høgde. Dei er kvassare, og skjer seg raskare inn til sjeledjupet. Dei mildnar hugen, og dosen med blodtrykksenkande medisin kan reduserast. "Nå kjem sola," seier kona brått. Ok. Eg finn fram den digitale UV-målaren min, stiller inn hudtypen til min sort, seier kva solfaktor eg grisar meg til med, og vips så har eg info om kor mange timar eg kan sitta i sola. Fantastisk. Nå er eg ikkje avhengig av kva andre synsar om min "bliven og væren" korkje ute eller inne. Å vera sjølvstendig, og vita kva ein driv med, det er viktig i livet. Særleg i sola. Særleg i påska.

mandag 2. april 2012

Påskehuler

Hadde eg framleis vore lærar,ville eg vore godt inni påskeferien nå. Den gongen var det om å gjera å koma seg avgårde til hytta på påskefjellet tidlegast råd. Det var om å gjera at kona, som ikkje var lærar, også klarde å forhandla seg fri frå jobben tidleg. For henne var det ein hard kamp mot alle dei andre som også på død og liv skulle tidleg avgarde.
Etter eg lot meg pensjonera, har eg holdt fast på det med å koma meg tidleg avgarde. I år er ikkje noko unnatak i så måte. Jacob, Emilie, kona og eg pakka skia på biltaket palmelaurdag, og surfa med snøscooter dei 2 kilometerane inn i fjellet frå bilvegen. Eg på scooteren, bagasjen i tilhengaren og dei to barnebarna hengande etter i eit langt tau. Føret var knivskarpt så dei to små hausta mykje lovord for skidugleiken sin frå bivonande telemarkingar. "Å klara dette utan fall heile vegen, er det sjeldan at til og med vaksne klarar på slikt føre," vart det sagt. Og eg veit godt kva dei snakkar om. Ikkje så få gonger har eg sjølv hengt bak i tauet og tryna i fonna både ein og fleire gonger på same turen. "Køyr varsamt," har eg sagt til scooterkøyraren. "Hugs eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så skidugleiken er deretter." Då har den scooterkøyrande telemarkingen gassa ennå meir på.
I år er det kaldt i fjellet. Natta enda på -12 grader og dagane ligg rundt -5. Det har gjort snøen hard som betong og skiklisteret mitt til å høva dårleg med kuldegradene. Mitt påskeklister er for temperaturar som ligg fleire hakk over dette.
Men om ikkje skiføret er det beste, så eignar snøen seg framifrå som byggemateriale. Øks og sag er reiskapen som gjeld i år. Med dette utstyret vart kuber og parallellepipeder nensomt skore ut av snøen, og gilde byggverk reist. Igloar, kallar eskimoane det. Me kallar det påskehuler.
Så sjølv om påska ennå er ung, har me vore produktive. Om skaren held seg, og om saga framleis bit, kjem dette til å enda med ein heil påskelandsby. Og det utan byggeløyve frå Vinje kommune. Forøvrog svært i stil med resten av byggeaktiviteten heromkring.