Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 21. februar 2012

Marknadsdag

I Nerja er det marknad kvar tysdag og sundag. Eg handlar sjeldan på slike stader, avdi eg er så lite flink til å  pruta. Uansett kva avslag eg får, føler eg meg alltid lurt. Det var difor med blanda kjensler innanfor t-skjorta at eg vart lokka med dit idag. "Bli med å sjå på folkelivet vel,"  sa dei. "Ok då," sa eg.
Eg pakka verdisakene mine i armhuleveska. Denne fantastiske safen som eg har kjøpt på handysize butikken i Oslo. På slike marknadstader er det jo ikkje trygt å ferdast. Det har eg høyrt frå ansvarleg hald. Rett nok har eg aldri høyrd om menn som er blitt loppa på marknad. Det er nok avdi mennene ikkje går så lidenskapleg inn i situasjonane at dei gir alt og gløymer å te seg med varsemd. Når varene skal vurderast og prisane skal prutast ned, kan nokre gløyma seg så aldeles bort.
Turen til marknadsplassen gjekk i grisgrente strøk langs elvekanten. Dette er lausbikjene sit territorium. Når ein møter 4 velvaksne hundar av ekte spansk gardabikkjerase, vert ein skjelven. Då bryt ein av næraste sukkerrøyrstamme og strammar grepet rundt den så knokane kvitnar. Ein kjenner seg som ein spansk torero i møte med ein toro. Heldigvis brommar ein sluskut men myndig senor ein eller annan stad  bak eit gjerde, noko som får hundane til å leggja halen mellom beina og luska skjemd vekk frå meg og kona. "Oi, kvifor gjekk me ikkje normalruta til marnadsplassen," seier me i kor.
Eg har høyrd at når varene på markaden er prisa, så skal ein ikkje pruta. I Nerja er alle varene prissett. Eg likar det best slik. Då er det orden og system på sakene, og eg føler aldrig at eg vert lurt. Nokon har bestemt at slik skal prisen vera. Då skal den vera slik, trur eg. Då kan eg og handla. Og når i tillegg seljarane er tolmodige og ikkje renn deg overende berre du glyttar litt omkring, kan eg handla enda meir Så idag gjekk eg ikkje tomhendt heimatt. Men rett skal vera rett: Eg gjekk slett ikkje heimatt. Eg bussa. Og på bussen var det berre toføtte, og dei knurrar vanlegvis ikkje.

søndag 19. februar 2012

Karneval

I Nerja går karnevalet over 4 dagar. Hovudprosesjonen vandra gjennom gatene i går, laurdag, med start klokka 17. Det stod det iallfall i programmet, så med fant eit høveleg bord for 4 med god tilgang til både opptog og bardisk. Dei to stolane som med holdt av for  2 vener som og skulle dukka opp, måtte me kjempa for. Desse engelske folka gir seg ikkje så fort. Dei gjekk å masa om å få sitja der. Men eg var like standhaftig som vikingane var ved Standford Bridge. Eg stod på mitt. Og når eg står på mitt, let det seg ikkje gjera å få inn ei einaste scoring. Eg var på nippet til å gi meg då ei vakker kvinne bad tynt om å få sitja seg ned. Det lengste eg strekte meg var å tilby henne ein plass på kneet mitt. Ho avslo.
Våre vener hadde skjøna meir enn meg. Opptoget som etter programmet skulle starta kl 17, kom igang klokka 17.50. Då kom og dei som eg hadde holdt stolane av for.
Opptoget var enormt. Eg såg korkje religiøse eller politiske innslag, men det kan vera pga at slike ikkje fantes. Me sat ein time og lot oss imponera, særleg av alt arbeidet som må ha vore lagt ned i førebuingane. Men og av dei brune kroppane som sikkert slit med nasasnue og influensa i dag. For mage- og puppetemperaturar syns eg ikkje det var i går kveld.
Etter ein time var prosesjonen framleis like hektisk. Raudrusstoget i Haugesund i 1962 vart for inkje å rekna i høve til dette. Me og våre vener vart middagsvoltne. Me braut opp og hamna på restauranten Jacky. Ein framifrå stad med mange rettar og mykje godt.
Når me to timar seinare braut opp med fylte magar og tømde blærer, var karnevalsfolket framleis i gatene. Men nå var gangen deira meir ustø og tilfeldig. Festen var nok ikkje slutt  med dette.
Og i kveld går festen vidare. Han vert ikkje avslutta før seremonien med å gravlegga ein fisk er unnagjort. "A silly performance", som Angela i resepsjonen kallar det. Kanskje ho er inne på noko der. Eg utset evalueringa av det.

lørdag 18. februar 2012

Som dagane går

Det er laurdag. Eg har vore på Solkysten i 2 veker idag. Det varmaste været var her før eg kom, seier folk. Du kom hit med kulda, seier dei og. Særleg dei fastbuande svenskane  likar å koma med slike utsegn. Eg skjønar ikkje kva dei snakkar om. Når kulda herjar Europa, og denne snippen her i sørvest har strålande sol kvar dag, og temperaturar rundt 16 - 18 grader, er eg nøgd. Det burde svenskane vera og , meiner eg.
Men rett skal vera rett. Det er sola som gjer jobben. Det er sola som får kona til å tre i småklede, og det er sola som hevar kvikksølvsøyla til greie nok termometeravlesingar. Om natta sig søyla til rundt 5 grader. I skrivande stund (kl 10) les eg av 13 grader i skuggen. Det vert nok bra idag. Vindstille og full sol er det og. Det høver godt sidan det er i dag hovedprosesjonen i karnevalet går gjennom gatene. Så klokka 17 er eg på plass på fortauet for å nyta desse fargerike folka med og utan kostyme.
Eg er snart lommekjend i Nerja nå. Framleis let det seg gjera å gå seg vill i dei trongaste smaua, men då er det berre å roa seg ned i ein bar ei stund. For i Spania er det ikkje pubane som reddar folk i slike situasjonar, det er barane. Her kan ein både fylla på og tappa av. Her finns drikkebarar og tapasbarar. Barar der ein kan dansa heile natta, og barar der ein ikkje har lov å røykje men gjer det likevel. Her er turistbarar og barar for dei innfødte. Der føler eg meg mest som ein inntrengar, og skjønar ingenting av kva som blir sagt. Men mykje blir sagt og lydnivået er høgt. Så høgt at eg ikkje eingong skjønar kva kona seier. "Noen ganger er det allright..."
Når eg vil heim seier eg " Taxi, por favor" til bartenderen. Han ringjer, eg tipsar og spring. For i alle desse gågatene, er det langt å føta seg til ei gate der taxien kan plukka meg opp.  Så er det å reinske røysta og lesba fram adressa. Ingen nyttar taxameter, men alle tek 7 euro for turen uansett kor eg startar frå i byen, når eg skal heim og til sengs. Eg trur det må vera ei form for prissamarbeid på dette feltet. Men skitt, tenkjer eg. Euroen ligg lågt i kurs nå.

torsdag 16. februar 2012

Granada og "Det raude slottet"

Å vera i Nerja utan å besøka Alhambra (Det raude slottet), er som å vera på Samlebu utan å ta turen opp til Magnhildshellene. Då føler ein det er noko som manglar, og då angrar ein seg når ein reieser heimatt.
Nå er det maklegare å koma seg frå Nerja til Granada (der Alhambra ligg), enn det er å koma seg til Magnhildshellene. Sjølv om turen tek omtrent like lang tid (ca ein time), går det motorveg  om ikkje heile vegen, så iallfall lange strekningar opp til Granada. Til Magnhildhellene er det ski som gjeld på denne tida. Men felles er likevel at ein skal kle seg godt begge stader. Granada ligg rundt 750 moh og Alhambra rundt 100 m høgare.
Til liks med på Samlebu er grunnen svært rik på jern. Her er det leira som er metta med jern, på Samlebu er det myra.
Når me steig ut av bussen på Alhambra, var temperaturen 4 grader Celsius. Eg hadde kledd meg like godt som når eg går til Magnhildshellene med unnatak av stillongsen. At eg ikkje trekte den på, var ein tabbe. Den guida omvisinga tok 2,5 time. Det var eit imponerande skue, og ein imponerande italiener som snakka både arabisk, spansk, fransk, engelsk, tysk og sjølvsagt italiensk. I tillegg hadde han ein framifrå gestikulajon og ein talande mimikk. Til oss snakka han engelsk inn i ein mikrofon som på bluetooth vis sende lyden inn i høyretelefonane me fekk over hua. Stundom slo han over til arabisk, for å få oss i det rette lunet, som han sa.
Alhambra er jo slotta og hagane etter maurerane (muslimar) som rådde i denne delen av Spania i rundt 700 år. I 1492 jaga dei kristne ut att maurerane, og gjenerobra landet sitt. Men arabisk kultur og språk er ennå i sterk grad prega av at landsdelen var under islamsk styresett i så mange århundrer. Me ser og høyrer det ikkje berre i Granadaområdet, men langs heile kyststripa her i sørvest Spania. Me ser det på byggestil, på genmateriale og på ein god del ord som kjem frå arabisk. Til dømes alle desse spanske orda som startar med al.
Nede i Granada der med vandra både med og utan ein annan guide, traff vi og (mellom anna på silkemarkedet), arabarar som ville ha attende Alhamra. Men guiden vor berre lo av dei og meinte at den bussen nok var køyrd.
Granada er studentbyen over alle i Spania. Her bur 250.000 fast, mens det er 80.000 studentar. Det pregar bybilete, særleg nattestid. Her svingar det meir enn i Bergen på 60-talet. Skildnaden er berre den at eg svinga meir på 60-talet enn eg gjer idag. Så eg måtte nøya meg med to pils og ein pizza nå. Men den blei innteken på fortauskafe i solskinet. Og eg fekk to ord med ei spansk studine. Så eg følte jo at det svinga litt. Men sidan både ho og eg hadde partnerar med oss, vart det dempa svingningar som me kallar det i fysikken. Svingningar som døyr ut.
Slik gjekk onsdagen. Ei utflukt som varde frå kl 8 til kl 19. Ein innhaldsrik dag. Og eg kunne hatt med ski og. For frå Granada opp til Sierra Nevada der me såg snøen låg, er det berre 45 min køyring. Sjå snøen, sa guiden. Er det ikkje fantastisk. Ho fekk ikkje så stor respons på det frå alle oss nordeuropearer som var i bussen. Me ville heller køyre 45 min andre vegen. Då var me ved stranda.
Dit ville også Christoffer Columbus. Eg såg korleis han knela i bronse framføre kongen og dronninga i Granada for å verta sponsa. Han ville til sjøs. Ville oppdaga sjøvegen til India. Men han fann Amerika. Slik sett, ein mislykka tur. Men han fekk iallfall seile. Me bussa, og fann attende til bustaden vår.

tirsdag 14. februar 2012

Tapaskveld og slumpetreff

Tapas er eit spansk måltid. Ei samling smårettar nærast som "snacks" å rekna. Ei blanding av alle moglege og umoglege smakar med mykje god drikke til. Laurdag var me invitert til tapaskveld. Slekt til vener av oss på Husnes, bur like i nabolaget vårt. Dei har teke i mot oss på ein så framifrå måte, at opphaldet hittil har blitt svært så hyggeleg.
Me var 8 personar rundt bordet. Alle var norske, og dei fleste spreke pensjonistar. Særleg vart eg imponert over denne 75 år gamle sjøkapteinen som hadde sjefa på store oljetankarar  sidan han var 26 år gammal. Norges yngste kaptein i slik ein fart den gongen. At han avslutta  karriera si i Libya med oljetransportar langs kysten der, gjorde at han var spennande å lytte til. I morgon skal kona og eg ut på guida byvandring saman med mellom anna han.
Men attende til tapasen. Noko smårettar var det på ingen måte snakk om på laurdag. Me sessa oss rundt eit langbord dekka av vertskapet med fantastiske rettar som spente frå gode paiar til sterke, men også milde lekkerbitar av mange slag. Og i Spania kan alle berre velgja kva ein vil drikka til maten. "Me har alt her", som vertinna sa. "Om nokon seier slikt i Norge er dei anten søkkrike eller brenn heime", sa eg. Slik er det ikkje i Spania, blei eg forsikra.

Slumpetreff, er det noko som heiter i sannsynrekninga. Det er klart mogleg å vinna i lotto, men sjansen er nanoskopisk for at eg skal gjera det. Difor blei eg nesten litt skremd av å høyra at vertskapet, som eig eit kjempehus saman med eit anna norsk par, nemnde namnet til ein av ungdomskameratane mine. Rett nok ein litt perifer kamerat av meg, men godt kjend og nær nabo av kona mi i hennar ungdom. Me mista kontakten med denne karen etter gymnastida, då han drog til Oslo og eg til Bergen. Utruleg at det nå skulle visa seg at han var medeigar i huset der eg åt tapas på laurdag. 
Slumpetreff? Eg blei litt kald nedetter ryggen då, sjølv om eg hadde fått både øl og dram å varma meg på. Eg sa alltid til mine elevar i matematikktimane då eg underviste i sannsynrekning: Ikkje kast bort pengane de har på spel. Sjansen for at nett du skal vinna er så liten. Og så rekna me på kor liten sjansen var. 
Kanskje eg likevel skal levera inn ein kupong til laurdagen. Mykje rart kan skje skjønar eg.

mandag 13. februar 2012

Eg, ein resepsjoman!

Det er diverre slik at bustaden min ikkje har internett. Eg slit med abstinesar pga av dette. Eg vert rastlaus, og veit ikkje kva eg skal ta meg til når eg sit i sofaen. Difor sit eg sjeldan i sofaen. Eg er på tur. Ofte dreg ryggsekken og eg ned bakken til resepsjonen. Der er WiFi-området mitt.
I ryggsekken har eg ein pc og eit nettbrett." Buenos dias", seier eg når eg nå etter kvart som dagane går, kjenner meg som heime i resepsjonen.  "Bienvenido", seier Juan, og finn fram eit portabelt pc-bord til meg. Eg sit lenge i resepsjonen. Mykje skal gjerast. Diverse papiraviser, som eg har fått omgjort til e-aviser mens eg er her, skal lastast ned. Mailen skal sjekkast, yr.no skal studerast. Det skal chattast med dei av mine vener som er pålogga og bloggar skal publiserast. Bloggane skriv eg helst heime på balkongen.
 "Driv du og jobbar", spør Juan. "Ja", seier eg. "Det er mykje som skal gjerast". "Eg skønar det", seier han. "Dei fleste som kjem innom her er jo ferdig på ein blunk på nettet", seier ha også. "Det går ikkje for meg", seier eg. "Er det greit", seier eg og smiler. "Sjølvsagt, det er berre kjekt", seier han.
Eit svensk par kjem inn. Ho vil leiga bustad fram til 10. mars. Er svært ivrig og nyfiken på  om ho og kva ho kan få. Han virkar uinteressert. Snakar ikkje særleg engelsk, så all komunikasjon går gjennom kona. "Det må vera billeg", seier han. Eg sit musestille utan å gi tilkjenne at eg skjønar svensk. Han vandrar kvilelaust omkring, mens han mostrar og ber seg. Til slutt sleng han seg ned på stolen ved sida av meg. "Eg er gammal og trøytt", seier han til kona. Eg klarer ikkje dy meg og seier: "Nei du er ikkje korkje gammal eller trøytt, du er berre svensk". Eg ventar spent på reaksjonen. Vil han dra til meg eller taklar han dette. Heldigvis flirer han, og blir svært så pratsom. Mest som om han er glad for å kunna kommunisere direkte med nokon utan å gjera det gjennom kona. "Me har vore her i 3 veker, og nå må eg heim å jobba", seier han. "Kona mi som har pensjonert seg, vil ikkje vera med. Ho vil bu her ein månad til og må ha ny bustad". "I cannot stand the weather in Sweden right now", høyrer eg ho seier til Juan.
Å herregud, tenkjer eg. Ikkje rart mannen var uinteressert i opplegget. Nokre kvinfolk ser ut til å gjera nett som dei vil...
Dette var eit lite glimt av kva opplevingar ein resepjoman kan få med seg om han har øyrene reine og augene reinska mellom webadresser og chats

søndag 12. februar 2012

Den frodige vassbyen

Nerjaområdet er eit spisskammer. I denne delen av Spania kan bøndene hausta 3 gonger i året. Landbruk og turisme er det ein lever av her. Mest landbruk kanskje, i desse økonomiske nedgangstider. Folk treng ikkje å vera turistar for å overleva i dårlege tider, men mat må dei tross alt ha.
Arbeidsløysa er stor nå i Spania. Lokalavisa her, som sjølvsagt er på engelsk, skriv at berre 75% av spanjolane i landet har arbeid. Men her i Nerja er det betre. Eg lot meg endåtil fortelja at ungdom som har reist vekk frå mora si  og far sin inn til dei store byane, kjem attende hit. Her trengs mange hender i landbruket. Dei tre haustingane i året, krev folk.

Ved sjølvsyn observerte eg det i går. Eg gjekk meg ein tur gjennom åkrar og drivhusområde. Som bileta syner stod potetåkeren ikkje langt frå bløming, og spisskålen kosa seg framleis på rot. Inne i drivhusa var den farlege spanske pepparen fullmogen. I andre drivhus såg eg både tomat-, agurk-, papaya- og mangoplanter. Og drivhusa er ikkje som heime. Her er det berre halvtette plasthus som både gir auka solvarme og naudsynt lufting. Dei er billege byggverk.  Den overfloden av vatn, kombinert med det varme klimaet som er i Nerja, gir ein  blomstrande landbruksnæring. Nesten alle typar frukt og grønnsaker kan dyrkas i dette austlege Costa del Sol området.
For i Nerja er det i tillegg til mykje sol, også flust med vatn. Sjølv om det dei siste 3 månadene berre har regna eit par dagar, renn elvane ganske friskt. Smelting av snø på Sierra Nevada og Alpujarra, som har toppar på over 3500 meter, gir jamn tilførsle av vatn. Namnet Nerja tyder jo nettopp "staden med rikeleg vatn". Her har bøndene det enkelt med vatntilgangen. Det såg eg i går når eg balanserte på levadaene  og kraup under akvaduktene.
Fantastisk, tenkte eg. Her held vatnet seg på bakkenivå. Dei slepp dette våte stoffet i lufta. Det med har så mykje av på Vestlandet. Slik er det her, iallfall førebels.
PS: 19 grader midt på dagen. Full sol, lite vind og mykje glede.