Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 13. februar 2012
Eg, ein resepsjoman!
I ryggsekken har eg ein pc og eit nettbrett." Buenos dias", seier eg når eg nå etter kvart som dagane går, kjenner meg som heime i resepsjonen. "Bienvenido", seier Juan, og finn fram eit portabelt pc-bord til meg. Eg sit lenge i resepsjonen. Mykje skal gjerast. Diverse papiraviser, som eg har fått omgjort til e-aviser mens eg er her, skal lastast ned. Mailen skal sjekkast, yr.no skal studerast. Det skal chattast med dei av mine vener som er pålogga og bloggar skal publiserast. Bloggane skriv eg helst heime på balkongen.
"Driv du og jobbar", spør Juan. "Ja", seier eg. "Det er mykje som skal gjerast". "Eg skønar det", seier han. "Dei fleste som kjem innom her er jo ferdig på ein blunk på nettet", seier ha også. "Det går ikkje for meg", seier eg. "Er det greit", seier eg og smiler. "Sjølvsagt, det er berre kjekt", seier han.
Eit svensk par kjem inn. Ho vil leiga bustad fram til 10. mars. Er svært ivrig og nyfiken på om ho og kva ho kan få. Han virkar uinteressert. Snakar ikkje særleg engelsk, så all komunikasjon går gjennom kona. "Det må vera billeg", seier han. Eg sit musestille utan å gi tilkjenne at eg skjønar svensk. Han vandrar kvilelaust omkring, mens han mostrar og ber seg. Til slutt sleng han seg ned på stolen ved sida av meg. "Eg er gammal og trøytt", seier han til kona. Eg klarer ikkje dy meg og seier: "Nei du er ikkje korkje gammal eller trøytt, du er berre svensk". Eg ventar spent på reaksjonen. Vil han dra til meg eller taklar han dette. Heldigvis flirer han, og blir svært så pratsom. Mest som om han er glad for å kunna kommunisere direkte med nokon utan å gjera det gjennom kona. "Me har vore her i 3 veker, og nå må eg heim å jobba", seier han. "Kona mi som har pensjonert seg, vil ikkje vera med. Ho vil bu her ein månad til og må ha ny bustad". "I cannot stand the weather in Sweden right now", høyrer eg ho seier til Juan.
Å herregud, tenkjer eg. Ikkje rart mannen var uinteressert i opplegget. Nokre kvinfolk ser ut til å gjera nett som dei vil...
Dette var eit lite glimt av kva opplevingar ein resepjoman kan få med seg om han har øyrene reine og augene reinska mellom webadresser og chats
søndag 12. februar 2012
Den frodige vassbyen
Nerjaområdet er eit spisskammer. I denne delen av Spania kan bøndene hausta 3 gonger i året. Landbruk og turisme er det ein lever av her. Mest landbruk kanskje, i desse økonomiske nedgangstider. Folk treng ikkje å vera turistar for å overleva i dårlege tider, men mat må dei tross alt ha.Arbeidsløysa er stor nå i Spania. Lokalavisa her, som sjølvsagt er på engelsk, skriv at berre 75% av spanjolane i landet har arbeid. Men her i Nerja er det betre. Eg lot meg endåtil fortelja at ungdom som har reist vekk frå mora si og far sin inn til dei store byane, kjem attende hit. Her trengs mange hender i landbruket. Dei tre haustingane i året, krev folk.
Ved sjølvsyn observerte eg det i går. Eg gjekk meg ein tur gjennom åkrar og drivhusområde. Som bileta syner stod potetåkeren ikkje langt frå bløming, og spisskålen kosa seg framleis på rot. Inne i drivhusa var den farlege spanske pepparen fullmogen. I andre drivhus såg eg både tomat-, agurk-, papaya- og mangoplanter. Og drivhusa er ikkje som heime. Her er det berre halvtette plasthus som både gir auka solvarme og naudsynt lufting. Dei er billege byggverk. Den overfloden av vatn, kombinert med det varme klimaet som er i Nerja, gir ein blomstrande landbruksnæring. Nesten alle typar frukt og grønnsaker kan dyrkas i dette austlege Costa del Sol området.For i Nerja er det i tillegg til mykje sol, også flust med vatn. Sjølv om det dei siste 3 månadene berre har regna eit par dagar, renn elvane ganske friskt. Smelting av snø på Sierra Nevada og Alpujarra, som har toppar på over 3500 meter, gir jamn tilførsle av vatn. Namnet Nerja tyder jo nettopp "staden med rikeleg vatn". Her har bøndene det enkelt med vatntilgangen. Det såg eg i går når eg balanserte på levadaene og kraup under akvaduktene.
Fantastisk, tenkte eg. Her held vatnet seg på bakkenivå. Dei slepp dette våte stoffet i lufta. Det med har så mykje av på Vestlandet. Slik er det her, iallfall førebels.PS: 19 grader midt på dagen. Full sol, lite vind og mykje glede.
fredag 10. februar 2012
Den engelske byen
Dei engelske koloniane har vore mange, og ofte på eksotiske stader rundt om på kloden. Det er få att av dei nå. Dronninga sitt imperium skrumpar. Ho har sete på trona si i 60 år, og sett imperiet gå ad dundas. Dei stakkars britane som hadde aklimatisert seg ute i koloniane, måtte i tur og orden pakka sitt pikkpakk og koma seg heimatt. Det var tøft for mange. Når India kvitta seg med det britiske åket, fekk mange britar det travelt med å reisa.
Desse folka visste at i England var det berre kulde og drittver. Dei som var vane med sol og glede året rundt, jakta på ein varmare stad i Europa. Dei leita opp Nerja. Dette er staden som statistikkar samla gjennom mange år, har vist at er den varmaste staden på det Europeiske fastlandet om vinteren. Nerja har eit eige mikroklima grunna lege det har like ved høgfjellet som stupar bratt ned mot Middelhavet. Klima her er mykje varmare enn stader like i nærleiken, så som til dømes i Malaga.
Difor reiste britar i hopetal hit frå India den gongen. Dei bygde seg hus og vart buande her. Og dei er her ennå iallfall etterkommarane. Dei er også blitt gamle nå. Med andre ord: Her kryr det med engelsktalande fok rundt oss på alle kantar. Hello dear, seier dei. How are you today, seier dei og. Men dei høyrer ikkje etter kva eg svarar på det.
Slik er det her i Nerja, den engelske byen i Spania.
torsdag 9. februar 2012
Frukost med sixpence
Eg har kjøpt meg sixpence. Dette hovudplagget som eg alltid syns såg så komisk ut. Ei hue for engelskmenn vil eg tru, iallfall etter namnet å døma. Eg betalte 2 euro for hua. To euro for å sleppa frysa på hovudet under byturen i går. For Vår Herre har letta på trykket her for ei stund. Varmetrykket. I natt var her 1 varmegrad ute.
Spanske hus er ikkje bygd for slikt. Panelomnane på veggene slit med energiutstrålinga. At dørene er morkna, slik at eg ser dagen gjennom dei sjølv om dei ikkje har vindauge, gjer ikkje jobben lett for panelomnane heller. I dag måtte eg tetta ytterdøra med ein papirserviett, seier eg til Juan. Under frukosten sat eg i den kalde trekken frå vind som kom inn hola i utedøra, gjennom håret mitt, og ut att den glisne balkongdøra. Eg måtte kjøpa meg sixpence, Juan, seier eg til Juan. Eg måtte ha ho på meg under frukosten, seier eg også. Juan flirer. Du får trøysta deg med at det er kaldare der du kjem frå, seier han. Men manana amigo, much better.
Så det går opp og ned her i livet. Iallfall når ein snakkar om veret. For det eg skreiv ovanfor, var igår. Idag er det heilt annleis. Vindstille og knallblå himmel. Ingen storm korkje ute eller inne. Idag skal sixpencen få kvila.
tirsdag 7. februar 2012
Godt igang
I dag er det varmt. Alt klokka 10 var temperaturen 18 grader i skyggen. Eg vakna av lyden frå manuelt arbeid ute ved bassenget. Eg som har reist frå gravemaskinar og arbeidsfolk heime, skal altså ikkje få ro her heller. Murarane som jubla i takt med betongblandemaskina, var i godlage. Arbeid er luksus i dette landet. Dei tre undommane med trillebore og langskafta spadar, prisa seg lukkelege for ikkje å vera blandt dei 25% arbeislause her. Iallfall ikkje idag. Dei vonar nok at arbeidet skal vara lenge ved bassengkanten min. Eg håpar det er ein kortvarig jobb for dei. Iallfall her. Så kan dei heller trekka lenger ned i gata. Der er det sikkert fleire muraroppdrag.
Me nærmar oss orden i huset nå. Kjøleskapet er oppfyllt og NRK er funne på tv-en. Den første unikken er alt i skittentøykorga og dei første tomme rioja-flaskene hopar seg opp i skapet under vasken. Nå må med leita oss fram til kor bosset skal tømast, meiner kona. Eg syns ikkje det hastar ennå. Når den plassen er funnen, vert det erfaringsmessig springing i einå.
Eg har ikkje WiFi i huset. Kvar føremiddag må eg til resepsjonen for å hente Haugesunds avis. Då har eg nettbrettet i lomma og lastar ned papiravisa som e-avis på WiFi-en der. Så er det heimatt for å kosa seg med alle nyhende frå Haugalandet. Nesten som å gå til postkassen på Husnes for å henta avisa. Den største skildnaden er føre- og værtilhøva. På Husnes måtte eg vinterkle meg og ta snøskuffa med for å plukka opp godsakene i postkassen. Her kler eg meg i shorts og sandaler. Og eg svettar på vegen oppatt til Casa Denis. Men då ber eg jo også med meg e-avisa under armen.
Murerane trur eg ettast frå maurerane. Desse islamske arabarane som dominerte denne regionen i Spania for eindel hundreår sidan. Dei er flinke med muring. Nå har dei og starta med pikking på gamal betong ved bassengkanten. Slik eg ser det nett nå, vert det ingen dukkert for meg der idag. Eg får finna på noko anna. Eg skal visst starta med å lukta meg fram til kor bosset skal tømast...
mandag 6. februar 2012
Her er sol og glede
onsdag 1. februar 2012
Snart reiseklar
Trio var betre før. Så også med kroppen. Nå er det vinteren han slit med. Prøver å legge skylda over på holkeføre og blåe temperaturar. Seier at det er best i godstolen nå. Ute kan ein bryte lårhalsar og halebein. Seier at ein ikkje treng å stressa seg opp med lange unikkar og Ulvangsokkar, når ein kan sitja inne i den herlege brisen frå varmepumpa. Tenk på blodtrykket, seier kroppen. Det systoliske og det diastoliske, seier han.
Eg lyttar til kroppen min. Yngvar Andersen seier ein skal det, trur eg. På Puls seier han det. Med minimale buksestorleikar, seier han det.
Eg går til fastlegen min. Han heng på meg berbar blodtrykksmålar. Den pumpar opp så det durar rundt om på kroppen min kvart kvarter. Ver roleg når målinga skjer, sa fastlegen. Difor frys eg til, og vert ståande i frysestilling mens lufta strøymer ut att av målaren. Slikt er ikkje heilt greit i alle omgjevnader og situasjonar. Trykk koden nå, seier kassadama i butikken. Men eg må forhalde meg roleg til målaren har stønna frå seg. Kassadama vert usikker. Eg ser ho slit med å takla dette.
På apoteket har dei blodtrykksmedisin. Eg investerer i kopimedisinen, og sparer mange hundrelappar på det. Nå er det bra, seier fastlegen. Nå er du reiseklar.
Eg pakkar 20 kg i kofferten og 10 kg i håndbagasjen. Det er kva Kjosen meiner eg bør klara meg med i 6 sydenveker. Halve håndbagasjen er medisin. Resten er leidningar og duppedingser. Så har eg litt både til å knaska på og til å fikla med dei neste vekene.
Eg får nok ikkje sjå Barcelona. Men kanskje Malaga CF. Greitt nok det.Dei ligg på 8. plass i den spanske ligaen. Det er nok hakket over Trio det også.
