Me er inne i den tida av året då tradisjonar i større grad enn elles, styrer livsførselen. Nokre av desse tradisjonane har eg båre med meg frå barnsbein av, andre er av nyare dato ofte utforma og implementerte av buisnissane.
I min familie har me ein definisjonen på tradisjon som seier at om ein sosial aktivitet har gått av stabelen 3 år på rad, ja så blir den utnevnt til tradisjon i familien. Aktiviteten er blitt eit samlingsmerke som me heng opp på den mentale oppslagstavla vår. Me har såleis eit kort tidsperspektiv her.
På dette viset er rakfiskmåltidet kome inn i livet vårt og altså blitt ein nybygd tradisjon i adventstida. Auren som tidleg om hausten vart lagt ned i salt oppi Valdres, er ferdig handsama av enzymene opp mot jul. Lukta er då forferdeleg, men smaken er fortreffeleg. Han får ligga å lufta seg i nokre timar i kjellaren, før han hamnar på førjulsbordet.
Nå er han i magen. Iår tilliks med før om åra, vart det eit gastronomisk og sosialt høgdepunkt.
I dag skal eg lufta i kjellaren.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 28. november 2010
lørdag 27. november 2010
Første laurdag i advent
I morgon er det første sundag i advent. Då skal det tennast lys. Det er usikkert kor og kva tid denne skikken med å tenna adventslys oppstod. I Wikipedia les eg;
"Tradisjonen med å markere adventstidens gang ved å tenne lys hver av de fire søndagene er gammel, men det er usikkert når den ble innført. En myte forteller om en tysk dame som ville lage en kalender for sin funksjonshemmede sønn, som gledet seg sånn til jul. Hun fant opp adventstaken, og tente lys for å telle ned til jul"
Lenge heldt eg meg frå dette med å pynta tre i hagen med lysslynger i adventstida. Eg syntest det vart for "amerikansk", men gav etter for press for fem - seks år sidan. Alle andre tende jo lys på busken sin.
Så idag var tida der for å henga LED-lyslenka rundt einerberbusken, som vekst framføre garasjen. Den er rundt seks meter høg, så det trengs både balansekunst, smidighet og kløkt for å vikla lyskjeda rundt i representative spiralar. Kona har balansekunst og smidighet. Eg står for kløkten. Dei andre naboane nyttar seg av meterhøge småbuskar, som dei trer eit slags lysnett over. Det vert for enkelt og puslete for meg. Hos meg skal det vera storslått. Eg har arva litt av dette familiære gigant-genet som har gått frå ættledd til ættledd i slekta mi.
Så nå er alt klappa og klart. Kl 17 kjem barn og barnebarn. Då skal julelysa på busken kveikjast.
Det skal syngjast for å koma i julestemning. Sangen iår vert slik:

Så set vi lys på ein einerbærbusk
einerbærbusk, einerbærbusk
Så set vi lys på ein einerbærbusk
tidleg på laurdags kvelden
Så gjer vi så når vi innatte går
innatte går, innatte går
Så gjer vi så når vi innatte går
der er det saft og kakeNoko skal ein jo kosa seg med ein kald laurdagskveld i november. Eg har ei kjensle av at dette blir bra
fredag 26. november 2010
Ein lyrisk inkarnasjon.
Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

onsdag 24. november 2010
Slepp Forsvaret fram
At Forsvaret slit med å halda budsjettet, er ikkje unikt. Eg meiner, kven gjer ikkje det? Alle offentlege etatar har i årevis blitt fortald at ein må organisera seg på klokare måtar og driva meir rasjonelt. Det er strukturelle endringar som må til. Staten kuttar bevilgningane og forventar at aktivitetsnivået skal haldast oppe i etatar og i kommunar.
Forsvaret har teke dette på alvor, og viser stor vilje til å tenkje nytt. Det er klart det kostar å førebu seg til krig. Og skal ein kunna føra ein billeg krig, må ein gjera noko med mellom anna logistikken. Det må øvast inn optimale rutinar for forflytting av utstyr og personell.
"Kvifor betala på bussen, han går jo uansett", tenkte mannen som sneik på bussen. Men han blei teken av kontrolløren og fekk seg ei skikkeleg skrape.
Slik tenkte Forsvaret og. "Kvifor køyre bombene den lange vegen sjølv, SAS går jo uansett". Men så var det desse hersens sekuritassane då. Eg har kjent dei maktsjuke kroppsvisitørane på kroppen, og har stor sympati med Forsvaret. Her vert det prøvd ut nye metodar, billege løysingar, som kanskje kunne vore utvikla vidare. Neste steg kunne vera å plassera bomber på SAS-flya frå t.d. Oslo til Bangkok. Dei fyk jo over Afganistan. Det skulle såleis vera unødvendig at Nato må senda eigne fly ned dit for å sleppa bomber. Det gjeld, ikkje berre å sjå mulighetene, men å nytta dei og.
Så vert ein altså stoppa i eit så perspektivrikt prospekt av nokre vakter på Flesland, som veit lite og sannsynlegvis ingenting om strategisk krigføring. Det endar vel med at Forsvaret, til liks med busspassasjeren, får seg ei skikkeleg skrape. Og då er spørsmålet om dei giddar å kriga i det heile. Og då står vi der, eller kanskje ligg vi der, før vi anar det.

fredag 19. november 2010
Eg og Jens
Då Jens Stoltenberg vart askefast i New York sist april, publiserte kontoret hans eit bilete av statsministeren og hans nyaste elektroniske duppedings, ein iPad. Etter at han kom seg til Spania, vart han køyrd heim på mi rekning. Han sat i baksetet under turen og styrde landet som dei sa, via sin iPad. Eg er ven med Jens på Twitter og Facebook. Eg kan nå røpa at det han eigentleg gjorde, var å senda hyggjelege meldingar til meg og andre av sine vener. Han sa kor han var, kva han såg og kva han tenkte. Han storkosa seg såg det ut som. Saka fekk internasjonal merksemd. Berre sjå t.d. her.
At eg og Stoltenberg kommuniserte, og at eg i løpet av hans lange køyretur gav han gjentagne positive oppmuntringar underveis, har vore ukjend for media til nå.
"iPad er eit fantastisk teknologisk verktøy som eg gledar meg til å bruka meir", fortalde han meg den gongen. Sidan det har eg sikla etter eit slikt nettbrett, eller tablet som utlendingane seier. Sjølvsagt ville eg helst ha ein iPad, men prisen gjorde meg mørkredd. Frå 5 til 7 tusen kroner er mykje for ein som korkje har statsministerløn, stortingspensjon eller sjølvråderett. Eg får handla der det er billeg å skaffa seg duppedingsar. Det er i Hong Kong. Mykje rart har eg fått for ein slikk og ein ingenting hos http://www.dealextreme.com/. Der sel dei varene til pensjonistprisar, og sender dei gratis til Norge. Eg handla ein slik du ser her. Han kom hit igår. Så natta blei alt for kort for meg inatt.
Dette blir knas å ha med seg på reise. Den går greitt ned i parkaslomma mi, og er lett nok til å ha med seg på ein Ryanair-tur. Og om eg skulle bli askefast, kan eg venta til neste fly. Då skal eg chatta med Jens.
At eg og Stoltenberg kommuniserte, og at eg i løpet av hans lange køyretur gav han gjentagne positive oppmuntringar underveis, har vore ukjend for media til nå.
"iPad er eit fantastisk teknologisk verktøy som eg gledar meg til å bruka meir", fortalde han meg den gongen. Sidan det har eg sikla etter eit slikt nettbrett, eller tablet som utlendingane seier. Sjølvsagt ville eg helst ha ein iPad, men prisen gjorde meg mørkredd. Frå 5 til 7 tusen kroner er mykje for ein som korkje har statsministerløn, stortingspensjon eller sjølvråderett. Eg får handla der det er billeg å skaffa seg duppedingsar. Det er i Hong Kong. Mykje rart har eg fått for ein slikk og ein ingenting hos http://www.dealextreme.com/. Der sel dei varene til pensjonistprisar, og sender dei gratis til Norge. Eg handla ein slik du ser her. Han kom hit igår. Så natta blei alt for kort for meg inatt.Dette blir knas å ha med seg på reise. Den går greitt ned i parkaslomma mi, og er lett nok til å ha med seg på ein Ryanair-tur. Og om eg skulle bli askefast, kan eg venta til neste fly. Då skal eg chatta med Jens.
tirsdag 16. november 2010
Kjøken i nytt lys
Lysarmatur med lysstoffrøyr har lyst meg opp på kjøken i over 30 år. Den gode gamle typen med to 36 W røyr og tilhøyrande tennarar, har vore ei framifrå lyskjelde. Den har gjort meg kapabel til å skilja mellom sukker og salt, kanel og peppar, morgenkoppar og ettermiddagskoppar, og mellom ven og fiende på mørke morgonar og i skumle kveldstimar. Eg har lært meg å bli glad i dette takarmaturet som har gitt meg så mykje lys for ein billeg penge. Om eg berre skifta røyr og tennarar år om anna, og plukka ut dei daue flogene som enda livet sitt i lysande glede mellom deksel og lysrøyr, så fungerte dette godt. Ja etter mi meining då.
Men etter som åra har gått, og nye tider har kome, er dette lyset blitt eit stridseple i heimen. Det bråkar, seier kona. Det durar. Nei, eg høyrer ingenting, seier eg. Då har du defekter i det indre øyra, seier ho. Om ikkje skuldast det nevrale forhold. Ho har kursa seg mykje kona, og tydlegvis plukka opp eindel medisinske uttrykk.
Eg kjem til kort. Eg reiv ned taklampa idag, for å setja opp eit av desse moderne spotlysa med halogenpærer, som kan vriast i alle himmelretningar. Kjøpt med medlemsrabatt på OBS i Haugesund.
Men akk. Det var ikkje så enkelt. Taket må malast før ny lampe kjem på plass. Ikkje berre eit strøk, men to. Og så kan eg like godt rulla over gangtaket når eg først er igang. Og så er det vinduskarmane på kjøken då, og så, og så...
Det blir ei tøff før-adventstid. Takka meg til å vera avløysar på Karmøynå. Då kunne eg rusla ein tur ned i fjosen, når det drog seg til inne.
knyttet til defekter i det indre øret eller nevrale forhold

tirsdag 9. november 2010
Ein dofiksjon
Å gå på do i store byar som Haugesund, gir andre opplevingar enn i heimbygda. Nå skal du høyre kva som skjedde på eit av dei uttallige handlesentra her i byen. Eg måtte tre av på naturen sine vegne, noko folk stundom må. Dobåsen var av den ikkje heilt innelukka typen. Veggene gjekk ikkje heilt opp til taket, og då veit eg av erfaring at lydane ein utstøyter lett finn vegen til naboen. Eg er alltid usikker på om eg skal kremta eller hosta for å gjera eventuelle do-naboar merksam på at dei ikkje er aleine, iallfall ikkje i akustisk forstand. Denne gongen merka eg med ein gong at der var nokon i nabobåsen. Eg hadde knapt nok fått satt meg på skåla og sloppe ei due, før eg høyrer ei mannestemme seia: God dag..har du det bra? Eg vart overraska, og visste ikkje heilt korleis eg skulle takla dette. Eg er ein moden mann rik på erfaringar, men dette var nytt. Jo takk bra, sa eg etter ei stund. Kva gjere du på? kom det frå nabobåsen. Det same som du, reknar eg med, sa eg. Høver det at eg kjem innom ein tur, høyrde eg sagt frå naboen. Nei, det høver dårleg, sa eg.
Til mi store overrasking høyrer eg stemmen frå nabobåsen seie: Eg er på toalettet nå. Vent til eg kjem ut så ringer eg deg oppatt. Det sit ein tulling på nabotoalettet og svarer på alle spørsmåla eg stiller deg. Eg kjende med ein gong at urinen fraus i uretra, og at rectum slo knute på seg. Eg vart handlingslamma og musestille. Eg gav meg sjølv 10 minutt før eg lista meg ut av toalettet, og prøvde så raskt som mogleg å mingla meg med dei andre travle kundane på senteret. Det tok si tid, sa kona. Ja den diareen. Du veit korleis det kan vera, sa eg.
Til mi store overrasking høyrer eg stemmen frå nabobåsen seie: Eg er på toalettet nå. Vent til eg kjem ut så ringer eg deg oppatt. Det sit ein tulling på nabotoalettet og svarer på alle spørsmåla eg stiller deg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)