Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 29. august 2015

Å holde hodet kaldt i varmen

For eindel år sidan i Bergen brekte ein spansk bussjåfør armen på ein bergensk bilist som viste han fingeren. Sjåføren i den spanske turbussen hadde rota det til i trafikken, og det sprakk for bergenseren. Men om det sprakk for han, eksploderte det for spanjolen. Han stoppa bussen, gjekk ut og kakka på bilvinduet til bergenseren, som opna. Folk høyrde det knakk, og dei høyrde ein del spanske gloser som ingen skjøna noko av. Bergenseren  løfte korkje arm eller viste finger etter dette.
I går var eg vitne til eit anna opptrinn i trafikken på min handletur til Consumen her i La Zenia. Ein stor trailer skulle levere varer ved lagerinngangen der. Han skulle rygge inn frå gata, men ein ulovlig parkert personbil umuliggjorde det. Den stod på skrå med fronten mot fortauet, ikkje berre på fotgjengerfeltet men og delvis framfor innkjørsel til Consumen sitt lager. Lastebilen stod ute i gata og brukte hornet i eit kvarter. Så kom omsider den spanske ungdommen som hadde feilparkert, vinka kjekt til trailersjåføren, flirde og sette seg inn i bilen.
Eg fekk den spanske bussjåføren i Bergen i tankane. Kva skjer. Blir det nye beinbrot?  Det var varmt og eg svetta. Nå svettar trailersjåføren i hodet,  tenkte eg.
Så  plutseleg ryggar han lastebilen slik at den feilparkerte personbilen blir innesperra mellom fortauet framme og lastebilen bak. Han kjem smilande ut av traileren, passerer den innesperra ungdommen med ei bunke papir under armen. Han går bort til personbilen, klappar den lystig på panseret og forsvinn inn på Consumen.
Når eg passerte staden eit kvarter seinare , var situasjonen den same. Einaste endringa eg observerte, var ein rasande ungdom som tidvis låg på hornet, og tidvis var ute å sparka i eine bakhjulet på lastebilen. Trailersjåføren var ikkje å sjå.
Dei spanske sjåførane har kvar sine måtar å løyse trafikale konflikter på, var min enkle konklusjon.
Nokre brukar hodet, mens andre nyttar dei kroppsdelane som framleis virkar hos dei i varmen.

Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar