Fyllingane mine kjenner ingen landegrenser. Når dei er mette av dage, fell dei ut og eg kastar dei i restavfallet. Det være seg på Husnes eller i La Zenia. Dei har gjort det før og vil gjere det igjen. Og nå har dei gjort det igjen.
I Spania er det mange reparasjonsverkstader for gamle folk med skranglande fyllingar. Dei underbyr kvadrandre på pris og overbyr kvarandre på service. Gratis undersøking, gratis røntgenbilder, vakre tannlegesenoritaer og spenstige tannlegesenoraer eller omvendt. Eg held meg til ein svensk klinikk, med det ikkje heilt tillitvekkande navnet "Happy Teeth". Men eg har vore der før, og har opplevd meir urovekkande ting blant svenskar enn der.
"Au det var litt av eit lappeteppe", sa svensken når eg opna kjeften. Skal vi setje på krona, spurte han.
Men nei, det ville eg ikkje. Berre tett holet, ba eg.
Når den svenske flickan hadde holdt meg i handen i tre kvarter, var han ferdig. Er du nøgd med arbeidet ditt, spurte eg han. Han var det.
Så eg kunne vandre ut frå Happy Teeth som ein happy mann.
Blommane skal ikkje i restavfallet. Dei er spesialavfall og skal leverast direkte på miljøstasjonen. Først må du skilje laus kjøtslintrer og bringbærsteinare; slikt skal i bioboksen. Lukke til med ny kjeft!
SvarSlettOk, du tok meg i å vera eit miljøsvin der. Men denne gongen, i Spania, har eg ryggen fri. Her går alt i same container. Alt med unnatak av vinflasker og anna glas, går i det eg kallar restavfall.
SvarSlett