Det var laurdagskvelden eg henta faren og Markus på flyplassen i Malaga. I leigebil frå Avis, svingde eg opp langs arrivalen på AGP, terminal 3, i ein Seat RK Ibiza og plukka dei opp. Å leige bil i syden er noko eg berre driv med når det er rasjonelt. Og det er det sjeldan. Taxi og buss er framifrå måtar å bevega seg på mellom haciendaen og dei ulike utfluktsmåla både på dag og nattestid. Men nett denne laurdagskvelden sløyfa eg sangriaen, programerte navigatoren og la avgarde dei 55 km mot sørvest. Dei kom nemleg frå Bergen i seinaste laget. Difor var leigebil eit praktisk reiskap nett då.
Begge turistane var i storform då dei først av alle bergensarane kom ut gjennom tollkontrollen. Markus vbar først. Han hadde spara opp ein god porsjon potensiell energi i løpet av Norwegianturen frå Bergen, og holdt såleis eit tempo over gangbanda at faren sleit med å henge på.
Å ha barn med seg i utlandet, særleg Markus, gjer at ein må la alle tankar om språklege stengsler og høflege samværsformer falle. Markus snakkar sitt språk med dei innfødte og forventar å bli teken på alvor av alle. Samstundes er han kvikk til å plukka opp spanske frasar. Etter eit par dagar på byen er det blitt slik at når Markus synes det er på tide å bryta opp frå barkrakken, seier han høgt og tydleg frå om det.Han vender seg til servitøren og seier "La Cuenta, por favor." Om farmor har fått heldt i seg siste skvetten frå kvitvinsglaset eller om ho ønskjer set eit til, gir han då blaffen i. Og plutseleg står kelnaren der, og er på Markus sitt lag så og seie. Euroen må fram, me må gå. Om ikkje vert det uro. Slik det vanlegvis vert om kongar ikkje får det slik dei vil. Markus er ein framifrå kar. Han tenkjer på familien sin og får oss heim i tide. Slikt blir det gode morgonar av - iallfall.