Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 16. desember 2009

Morfar på julefest

Fjerde klasse på Undarheim skule skal ha julefest. Eg blir invitert. Jacob inviterer meg, han har ingen andre vaksne å be med seg i kveld. Han ønskjer å dela denne festen med meg. Eg treng ikkje baka eller ta med kaffi. Det ska eg få. Men det kostar 30 kr. Det kan eg og få av han. Eg avslår det siste. Vil ikkje la meg kjøpa.
Eg kler meg i sundagsklær. Måtte ha dei på, sa han. Det var jo fest. Eg hutrar meg ned til skulen. Det er kaldt, første vinterdagen denne vinteren. Eg skulle nok teke superundertøyet på. Eg angrar meg.
Eg skal møta Jacob i Hallen. Han ventar på meg. Her skal du betala, seier han og forsvinn inn i klasserommet. Eg må klara meg på eigehand nå. Det er skremmande. Folk ser på meg. Er han foreldre, tenkjer dei, trur eg. Eg finn dei tre tikroningane eg har lagt klar i bukselomma, sørgar for at ingen lommerusk følgjer med, og legg dei på bordet. Kva skal du betal for, spør dei tre elevane som sit og øver seg på skrankeyrket i Hallen. Ein vaksen, seier eg. Ok, seier dei.
Eg finn fram til klasserommet. Klarer å stiltra meg inn utan at for mange ser på meg. Eg er nervøs. Tenkjer på kva eg skal seia, om nokon snakkar til meg. Jacob er der og reddar meg. Kom skal du få sitja på min stol, seier han. Eg blir glad. Men du då, seier eg. Nei eg skal sitja i gruppe med dei andre, seier han. Eg blir usikker igjen. Overleten til meg sjølv igjen.
Klasserommet fylles opp. Ei eldre kvinne kjem inn. Ho ser forkommen ut. Finn ikkje sitjeplass. Skal eg bry meg, tenkjer eg. Så bryr eg meg. Det er plass her ved sida av meg, berre kom. Eg flyttar litt på meg. Ho smiler. Setter seg, tek fram ein termos og ein kakeboks. Takk, seier ho. Vil du ha litt. Eg smiler og isen smeltar. Det vil eg gjerne.
Kvelden er redda. Ungane var flinke i det dei framførte. Varmen i rommet auka. Jammen glad eg ikkje tok på superundertøyet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar