Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 17. desember 2009

Ein kald tur som varma

Klokka er 09. Temperaturen er -4C og vinden har styrke 7m/s. Det er ikkje særleg lyst ute, men himmelen er klar. I sør har himmelen eit skjær av rosa i horisonten. Sola sitt langbølga lys vert absorbert og spreidd annleis der enn den blåe delen. Difor dette fenomenet som eg observerer frå stresslessen min inne i mi gode, varme stove. Her er godt å sitja.

Men det er torsdag, og altså turdag saman med Helge. Eg gler og gruar meg.
Gruar meg fordi det er iskaldt. Slår opp på yr.no og ser at -4C og 7m/s svarar til ein følt temperatur på mest det doble. Eg legg fram to sett med superundertøy, hanskar, hua og det som tjukkare er. Kler meg og blir klar.
Så gler eg meg for eg blir varm ikkje berre pga habitten, men mest fordi det skal bli kjekt å ta turen og praten med Helge.

Vi skal til Svartatjødno. Det er dit torsdagsturane plar gå. 45 min opp til 350moh og minst den same tida nedatt pga tissestoppa. Vinden svir i andletet og me må gå tett for å konversera. Vinden tek tak i lydbølgjene våre, og blæs dei over Folgefonna. Dei få som klarer seg, blir effektivt stoppa av øyreklaffane på huene våre. Kommunikasjon er ein vanskeleg sak.

Men vi når topppen og finn ein stad i livd. Skriv kry i turboka som er lagd ut der. Set ei smilefjes ved sida av namnet for å kommunisera sinnstilstanden. For godt var det å koma seg ut og opp. Slikt gir smil i sjela...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar