Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 19. desember 2009

Kvite bakkar - Raude kinn

Den heksagonale symmetrien fyller lufta og legg seg som eit kvitt laken på bakken. Rart det der med snøkrystalla. Dei er alltid sekskanta under våre atmosfæriske forhold. Glatte er dei og, om dei er mange nok. Ei lukke at eg har piggdekk og firhjulstrekk på Suzukien. Det kjem vel med i julehandelen.
Mykje skal i hus. Eg stiller tidleg på butikken. Mathusa er opne, men polet er framleis stengd. Treng to handlevogner idag, og feit bankkonto. Før i tida var det slik at julematen vart så dyr at eg overskreid maks uttaket på bankkortet. Det vart pinleg å ikkje kunna gjera opp for seg i julekøen. Slikt skjer ikkje lenger. Nå har ein om ikkje feite kontoar, så iallfall tilnærma evig og uavkorta kreditt.
Så opnar polet. Julesnapsen er redda. Raudvinen til gløggen er i korga. Pulsen går ned, og hjarta slår jamnare.
Heim å lessa ut. Bera inn.
Eg tek meg ein runde med snøskufla. Dei heksagonale krystalla skal vekk frå innkøyringa. Det skal vera ryddig til jul. Det er eit sisyfosarbeid, eg vert raud i kinna og svett i nakken. Vår Herre har kontinuitet i sitt prosjekt og er iherdig i sitt arbeid. Eg må gi opp kampen.

Det blir kvit jul iår, også i innkøyringa. Eg får prøva å gle meg ved det. Men lett blir det ikkje.

1 kommentar:

  1. Eg tykkjer ikkje han Vårherre arbeider så kontinuerleg og planfast. Han tek nokre skippertak av og til, men gløymer seg lange periodar. Korfor har han forsømt oss med kvit jul og førejulsnø så mangt eit år, men slepper ned store mengder når han håttar seg?

    SvarSlett