Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 5. mai 2011

Inspeksjon

Buss nr 10 køyrer strekninga Benidorm - Alfaz - Albir - Altea og retur. Heile dagen køyrer han med ein frekvens som stort sett ligg på 4 i timen. Folk skravlar og sjåførane bannar. Fartshumpane er potensielle kastreringsreiskap, så om du er mann i forplantingsdyktig alder bør du heller ta taxi. Eg tok buss. Begge vegar. Så det ikkje prostataoperasjonen har utført, tok buss nr 10 seg av.
Men hensikten heillegar middelet. Vår intensjon var inspeksjon av badestrendene. Eg ville sjekka vasskvalitet, botnmateriale, strandbarar og bikiniane. Det å reisa frå Benidorm til Altea, er som å reisa langs ein økonomisk akse. Frå Benidorm med sin masseturisme, til Altea med meir kresne gjester. Men badestrendene er det så som så med på denne strekninga. Benidorm har mykje fin sand, men dårleg vasskvalitet. Albir har reinare sjø, men knapt med sand. Her er mykje rullestein på storleik med testiklane til ekte spansk tyr. I Altea er situasjonen og slik.
Eigentleg kunne eg spart meg heile bussrunden. Ein øl og ein prat med ein innfødd var mykje meir informativ.
Dei gode strendene her omkring er Playa Pontiente Finestrat og Villajoyosa. Og dit går ikkje buss nr 10.
Published with Blogger-droid v1.6.8

onsdag 4. mai 2011

Rekognosering

Eg er i Albir, og eg er ikkje åleine nordmann her. Det vert sagt at i området er det fleire busette frå Norge enn det er spanjolar. Svensken eg delte skyss med frå flyplassen, repeterte dette for meg så mange gonger, at eg trur den pensjonerte mannen må ha vore pedagog. Sist 17. mai var sjølvaste statsminister Jens her og tala, sa han med ei mine som var vanskeleg å tolka. "Politiken lemnar me hemma ", sa han og kneisa med hovudet.
Me bur på Albir Palace. Eit nytt og flott anlegg ikkje langt frå fyret. Det er Henry som driv staden. Henry er norsk. Han reiser heim til Romsdalen for å vera med på konfirmasjon idag. Henry er ein flott fyr. "Du får klara deg med spanske damer mens eg er borte", seier han. Eg ler, men kona set strenge auger i han då.
Idag skal me ut å observera og rekognosera .Siktemålet med denne raske turen til spanien nå, er å legga alt klart til den store jubileumsturen i juni/juli. Då skal den raude løparen vera på plass, og alle vimplar vera oppe. Iallfall biledleg tala.
Her skin sola, det er stille og varmt. Det vert ein framifrå dag for både Observasjon og Tolking.
Published with Blogger-droid v1.6.8

mandag 25. april 2011

Ein kjær stad.

Samlebu - Fjellhytta vår sidan 1993.

Skrift i snø. Påsken 2011.

Nedsnødd. Februar 2000

I strålande sol.  September 2003

Transporten inn i fjellet. 2005

Fjellgeiter. 2005.

Mykje fisking - lite fisk. Juli 2010

Grillfest i påsken 2011

Påskebordet er dekka


 Nøgde eigarar. Påsken 2011




søndag 24. april 2011

Kampen mot grusen

Snø er eit framifrå stoff under skia. Uansett kva konsistens han har, finns det alltid ei smøring å henta i smøreskåpet i hytta. Klart ein kan bomma med smøringa, men sjeldan på påskesnø. Då er det oftast raudt klister som gjeld. Men når det minkar på snøen, og grusen kjem fram frå vinterhiet sitt, vert det verre. På vegen frå hytta til R 9 er det i overgangen mellom vinter og vår, stykkevis grus og stykkevis snø. Utanfor vegen er det vatn som ikkje ber, eller einerbærbuskar som luggar i det raude klisteret.
Når scooteren ikkje kan køyra oss lenger, er det likevel skia som gjeld også på dette føret. Heim må ein, og bilen står parkert heilt der ute med vegen. Då er det å leggja på med raudt klister, spenna seg framføre pulken, hiva på seg ryggsekken, og leggja i veg. Det går så det susar ned frå hytta til fjellvegen som fører ut til R 9. Men så møter grusen meg. Det vert bråstans. Det er dårleg gli på grus med mi smøring. Men festet er framifrå. Eg sparkar frå så det knasar både i pulk og i eiga beingrind. Stundevis svingar eg utanom grusen , og får eit lag med einerbærbuskar som ekstra dekke under skia, saman med raudt klister og grus.
Det er som å gå på feller. "Nå går eg rundt på ein einerbærbusk", tenkjer eg.
Ting tar tid når ein går på grus. Dobbelt eller opp mot trippelt, men eg kjem tilslutt fram til bilen på parkeringsplassen. Der står scooteren og glisar av meg. Men scooterkøyraren roar han ned. Han syns dette er trist for businessen, men prøver likevel å unnskylda Vår herre som har latt sin son verta krossfesta så seint på året denne gongen.
"Ja, dette er grusomt", meiner eg.
På vegen heim tek eg meg i å nynna "Singel og Sand", låten til Salhuskvintetten frå 1962. Ei fornøyeleg vise som roar meg ned innan eg når Tollaks bru. Sanden og grusen under skia skal eg nok få bruk for heime, tenkjer eg. Så driv eg heimeover med meir enn berre minne etter ein innhaldsrik påsketur.

lørdag 23. april 2011

Kampen mot påskekaninene.

Idag er det god plass på Samlebu. 12 av dei 14 køyene er tomme. I løpet av siste døgeret har talet på påskeentusiastar endra seg frå 11 til 2. Den siste barnefamilien drog i dag tidleg. Dei ville til badeland på Hovden og vaska påskesvetten av påskelekamen, før dei for heim.
Pensjonistane sit einsame att i snofonna, som til liks med pensjonistane, syng på siste verset. Dei vil ikkje heim ennå. Sola er så nær oss, og varmar kroppen så forførande, att me vil kjenna på dette ei stund til.
Det har vore ein god påske på alle vis. Turane har vore mange og lange. Svettedråpane salte og sviande .Måltidene var fullt på høgde med det aller beste som er å oppdriva her omkring, og øleskapet blei aldri tomt. Hadde det ikkje vore for at tyngdekrafta er svakere i 900 meters høgde, ville nok inntaket vist att på badevekta. Men badevekt finns ikkje her. Eg veg meg på den måten at presis klokka 12 går eg i låge sko over fonna framføre hytta . Går eg gjennom og kjem innatt med våte sokkar, må fjellsmøret setjast bort på ein trygg stad ei stund.
Nå er altså gjestene borte. Berre påskekaninene ligg att i krokane etter dei. Om kroppsvekta har auka, vil nok kaninene krevja sitt. Snart er kaninjakta igang. Det vert eit sabla kjør.
Published with Blogger-droid v1.6.8

fredag 22. april 2011

Kampen mot seg sjølv og mot andre.


Langfredag er det skirenn på Stokketjønn. Det har det vore i «alle» år. Arenaen plar alltid å vera på Nuten. Slik vart det ikkje i år. Slenja bar ikkje, og snøtilhøva var puslete der. Difor måtte rennet flyttast bak haugen til sandtaket , for såvidt ein framifrå arena.
Alle barna på påskeferie i hyttefeltet, kan delta. I år som alltid, deltok «våre». Arrangementet famnar om alt frå hopprenn, slalom, kulekøyring, langrenn og presenningrenning. Alle gir alt dei har, og alle vert premiert.
Eit framifrå tiltak på ein strålande langfredag er.
Published with Blogger-droid v1.6.8

tirsdag 19. april 2011

Kampen mot latskapen.

Det blei ein sabba skitur idag. Tett opp mot 4,5 timar på Åsnesskia med raudt klister under sålen. Det er opp mot grensa for kva 68-erar bør utsetja seg for. Då meiner eg folk som er opp mot 68 år.
Å reisa seg frå fluktstolen på terrassen, og seia til seg sjølv og kona: Me kan'kje sitta her og sitta her, krev initiativ, mot og ein god porsjon dumskap. Ingenting er vel betre enn å lata seg på hytteterrassen. Bla i ei bok, slurpa litt kaffi , gumla kvikk lunch og nyta sola.
Slik blei det ikkje i går. Eg reiste meg frå stolen og tok kampen opp mot latskapen. Aldri meir trudde eg at Mangnhildshellene skulle vera mogleg for meg å nå lenger i dette livet. Eg trudde feil. Eg halsa avgårde med kona på slep. Med matpakke og vatn i ryggsekken, med solkrem som rann inn i augo, og med ein anorakk som kleba seg mot ryggen grunna dårleg luftsirkulasjon mellom rygg og ryggsekk. Nikkersen derimot kjendes nett som på 60-talet.
Det vart ein framifrå dag.
Published with Blogger-droid v1.6.8