Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 27. februar 2011
VilVite
lørdag 26. februar 2011
Fotografering
Me skal passa dei to barna nokre dagar nå, mens foreldrene nyt nokre dagar i Kongens by, København.
Turen frå Kvinnherad til Askøy gjekk over Tysse i Samnanger og vidare gjennom Trengereidtunnellane til Bergen.
For moroskuld køyrde eg med bilnavigatoren påskrudd. Fleire gonger sa "Gry" til meg at "Fotoboks lenger framme, fartgrensa er ...". Eg er glad i denne tenesta. Ho har spart meg for mange tusen kroner i løpet av siste desennium.
Eg har vore slarven med å oppgradere navigatoren med tenesta i det siste. Har tenkt at Staten med sitt vegstell sikkert ikkje er så aktive med å plassera ut nye fotoboksar.
Eg tok feil. Like før ein tunnel vart eg blenda av eit intenst knallraudt blink. "Det var eit sterk blink om det gjaldt autopass registrering", meinte kona. "Det var ikkje det", sa eg. "Hugsa du å smile, eg meiner me blei foreviga".
Ikkje-referable utsegn kjem frå passasjersetet, og eg føler ei kort stund at eg står lågt i kurs. Men sidan penger aldri har vore avgjerande for samlivet vårt, reknar eg med at slike kjensler som spontant kjem til uttrykk frå mi høgre side, er av temporær karakter.
"Skal bli spennande å sjå bilete", sa eg. "Ja, håpar det blir bra", sa ho.
onsdag 23. februar 2011
På venterommet.
tirsdag 15. februar 2011
Høgt oppe.
Bror min i Hua Hin var nett på tråden via Skype. Ikkje veldig klar tale frå bror min idag, men likevel høyrbar. Chatting går problemfritt.
Me er altså på veg heim. Flyet er i rute, været er godt og passasjerane dormar etter den varme maten og den raude vinen.
Fem timar skal me vera i lufta, så det er ennå 3 att. Handlevogna med snop og parfume trillar forbi. Til all lukke søv kona. Rart ho ikkje vaknar av lukta. Kan det vera mine lukter som jamnar ut og nøytraliserer duftene frå vogna, skal tru. Eg sit jo imellom og er ikkje heilt reinvaska etter siste svettetokt.
Khulu Sky heiter vinen idag. Det er ein Sør Afrikansk Shiraz vin, der ein anar sterke løver og vakre blomar i bouqèen. Ein utmerka ganegledar i denne altituden.
I tillegg fyller den kroppen med den varme og energi, noko eg sikkert treng for å møta det kalde nord.
søndag 13. februar 2011
Snart slutt
torsdag 10. februar 2011
Planen rauk.
onsdag 9. februar 2011
Å følgje planen.
Veit ikkje heilt kva det blir til idag. Når ein er på reise, er det liksom ikkje stovereint å vera stovegris. Situasjonen forventar av ein at det er ute ein skal vera. Når ein har rista av seg kuldegradene, og reist i timevis, må ein sørgja for å få mest mogleg att for investeringane.
Men så kjem desse dagane då ein heller vil sitja på terrassen og kvila seg. Lesa ei bok, surfa med mobilen, slumra litt og oppføra seg slik ein stundom gjer heime. Er slikt lov idag, skal tru?
Klokka er alt 11, og dagen som starta grå og trist, er nå skinande og glad. Så planen me la i går, kan realisert. Sola er ein streng herre, når ho smiler er det ikkje enkelt for stovegrisane.
Eg fyller opp vassflaska, pakkar ryggsekken og legg på solkrem. Spenner på meg joggeskoa, festar solbriller på nærsyntbrillene, og er klar. Å følgje planen har alltid vore ein ledetråd i livet mitt.
Skal du ut å gå idag att, spør naboen. Ja du veit ein kan jo ikkje verta stovegris, seier er. Eller, livingroompig, er det eg seier. Han er jo engelsk, og ser forvirra ut der han sit på terrassen sin. I don't like pigs either, seier han.
tirsdag 8. februar 2011
Englar, finns dom?
lørdag 5. februar 2011
Tur og natur.
fredag 4. februar 2011
Visning
tirsdag 1. februar 2011
Drivstoffprisar
To flytande væsker er lette å prissamanlikna mellom Gran Kanaria og Norge. Sjølv om ikkje begge er like viktige i samfunnsmessig samanheng, er dei viktige nok for einskildmennesket. Eg snakkar om øl og bensin. Korleis ville påskeferien blitt om ein gjekk tom for desse væskenene?
Her eg nå er, kostar ølet 1,50 euro per halvliter på pub, og bensinen litt under 1 euro per liter. For meg som statspensjonist, er dette råbilleg. Men for min ven, den pensjonerte drosjesjåføren, er det verre. Min pensjon er 6 gonger større enn hans. Om eg skulle vore i same kjøpekraftsituasjon som han heime i Norge skulle ølet for meg der ha kosta 72 kr halvliteren (noko som vel ikkje er så langt unna), mens bensinen burde eg betalt 48 kr literen for om eg skulle komt likt ut som han.
Så kva er det eg vrælar om heime? Livet er ikkje rettferdig. Iallfall ikkje dette livet. Skal me oppnå rettferd på dette feltet, må den norske bensinprisen aukast med ein faktor mellom 3 og 4. Men det vil vi vel ikkje, vil vi vel?