Sommaren er over når ein skriv 1. august, iallfall nesten. Då startar seinsommaren. Den perioden då ein trur at sommarveret ennå kan komma. Det er når skulane startar at godveret kjem, sa me før. Nå veit eg ikkje lenger. Er litt usikker på kva tid skulane startar også. Det er liksom irrelevant for meg. Eg er meir oppteken av kva tid sommarveret kjem, enn om skulane har starta eller ikkje når det kjem.
August kan vera vakker. Den kan komma med varme dagar og milde kveldar. Med høvlege regnbyger om nettene som gjer vatning av blomsterurnene unødvendig, men som ikkje væter meir enn at plenen greitt kan klyppast utan at graset heng seg fast i holet til oppsamlaren. Men august er og ein travel månad. Då skal
- Vårblomstrande stauder delast og plantast om
- Sommarblomar og roser plukkast for å forlenga sommarsesongen deira
- Tomat- og agurkplantene gjødslast og haustast, reinskast og snakkast med
- Plen som er på sitt mest produktive, skal klippast, men og gjødslast for siste gang i år
- Gamle jordbærplanter skal kastast og nye stiklingar i jorda
- Brunsneglane skal kverkast, eit arbeid som er delegert til kona
- Multene skal i hus, eller rettare sagt i hytte
- Vinterlageret med ved skal fyllast både i hus og i hytte
- Vinkjellaren skal komplementerast og lageret prøvesmakast og vel så det
Eg er Keisar Augustus evig takksam for det. Men han kunne slik eg ser det, godt teke hardare i. Kva med å dobla dagtalet i august. Då kunne seinsommaren vart heilt til oktober. Og så kunne vi hatt september i november.