
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 10. april 2023
Dyneskifte
Å komme frå hytteseng i påskefjellet til heimeseng i Heiamyro, krev sin mann. Hadde eg vore kvinne, ville eg tru eg var kommen i overgangsalderen. Såvidt eg veit om klimateriet får det svetten til å pipla både dag og natt. Men eg har jo ikkje endra på kjønnet mitt, så eg konkluderer med at tida er inne for å skifte dyne.
Eg leitar fra gardintrappa i boden og klatrar til øvste hylle i garderobeskapet. Eg er heldig. Der finn eg det eg leitar etter. Å finne det ein leitar etter når heile livet mitt er flytta til leilighet, er ikkje kardagskost. Ofte gir eg opp. Går og kjøper nytt for så å oppdage att det sakna dukker opp att. Sånn heilt av seg sjølv. Og så har eg to av det slaget.
Men sommardyna fann eg. Øvst i garderobeskapet, dit auga mitt ikkje rekk til kvardags. Eg vart glad, for å misse sommardyna ville vore eit uerstatteleg tap. Eg kjøpte ho i Beijing. Eg og kona deltok begge på silkefabrikken i produksjonen. Vi var med og trekte silketrådane som silkelarvane nett hadde spunne. Trekte dei ut i mange lag til ei 1,40 x 2m stor silkedyne. Før ho blei vakumpakka i kofferten min, var ho ein tur innom den kinesiske munken i pagoden vegg i vegg. Eg har brukt ho i 10 somrar, og drøymer sjeldan frodigare enn under den velsigna dyna.
Så denne munken var nok ein trollmann. Buddhist var han i alle fall. Han visste kva som skulle til for at tilværet mitt i Heiamyro skulle nærme seg nirvana. Eller iallfall transpirasjonsfattige netter.


søndag 9. april 2023
Påsken 2023
"Å er det deg?" sa min trufaste scooterkøyrar gjennom 30 år. "Eg trudde du var i syden", sa han og. Jo eg er der stundom. Men eg må variere, meiner eg.
Meininga var eigentleg å gå dei 2 km frå riksveg 9 inn til Samlebu, som eg kalte hytta mi i 1993. Men slik blei det ikkje. Gunleik tilbaud meg heidersplassen på scooteren, og det kunne eg jo ikkje motstå. Mens Lars sat og rista på toppen av bag- og ryggsekkhaugen i tilhengaren, sat eg komfortabelt og kosa meg i høgsete bakerst på scooteren. Fjæringa var framifrå og fjellet var som ein draum.
Sjeldan har eg sett meir snø, korkje i terrenget eller på hyttetaket. Målestauren min utanfor hytta, viste ei djupne på vel 2 meter. Det er nok til at eg kan rekne med snø der til langt ut i juni. Det har hendt før at bomvegen inn som ikkje vert brøyta om vinteren, måtte fresast opp slik at vi fekk brenne bål der på St. Hans kvelden. Men dette har berre hendt ein gong dei siste 30 åra.
Vi var mange på hytta. 3 studentar frå Bergen kom med ekspressen og 5 frå Husnes i 2 bilar.
Ja og ein 5 mnd gammal Jack Russel terrier som kanskje var den som tok mest plass og fekk mest merksemd. Balto må pisse, Balto vil ut.Balto skjelv i knærne. Vi var mange observatørar.
Dotter og svigerson har overteke hytta nå.Eg er med som gjest. Stressklumpen i bringa er nesten borte, samanlikna med slik han ofte vrei på seg i hine hårde dagar då me kom fram til Samlebu. Nå er det min tur å la dei andre ta riggejobben. Eg skjerpar meg for å utføre kunstykke det er å gi slepp på ansvar. Det er noko som må gå seg til. Eg er på god veg.
Magnhildshellene har i alle år vore eit turmål for meg. Det er ein stad inne på fjellet der etter segnet eit brudefølgje omkom i snøstorm og uvær.
I år stod eg over turen dit. Kanskje det har noko med alderen å gjera. Det såg brattare ut i år enn før. Mine turar denne påsken gjekk ikkje så mange km vekk frå hytta. Og eg heldt meg stort sett under kote 1000 moh.Så livet endrar seg.
Men grilling over bålpanna og raudvinen i glaset var like lett å nyte som før.
.
tirsdag 28. mars 2023
Eg treng ikkje smøreteam
Eg har leita fram skia. Dei blei med meg på flyttelasset og låg innst i uteboda. Dei er av typen Landsem smørefrie. Dei er gamle, og så er eg. Å gå på nye ski i påsken, ville vera for ambisiøst.
Dei er trufaste desse skia, og har fulgt meg på turar. Både høgt og lågt.
Dei var med meg då eg gjekk på Hardanger vidda med min venn Helge. “Du må kjøpa deg fjellski med stålkantar”, sa han. Eg gjorde det. Men dei måtte eg jo smørje. Det vart eit griseri, særleg i påska når snøen var våt og klisteret var klissete. Det var som om Swix klisteret innvaderte heile ryggsekken min, og dei trusene som presumtivt framleis skulle brukast, klistra seg fast på unevnelege stader på kroppen. Det fremja ikkje kjærleikslivet.
”Kan du ikkje heller starta med slalom”, sa kona. Der smørjer dei med Swix Glider. Slik kunne eg ikkje leva. Stålkant skiene vart hengd på hytteveggen, der dei framleis heng.
Til helga blir det smørefritt igjen. Mang ein gong har eg hengd i tau bak fullasta snøscoter dei 2 km det er frå Riksveg 9 og inn til hytta vår. Eg ba telemarkingen som stod for transporten, om å ta det med ro. “Eg er oppvokst i fjæresteinane på Haugalandet”, sa eg. “Og så har eg korkje stålkantar eller stålnerver”, sa eg også. Aldri gassa vel Gunnleik meir på enn når eg sa slikt.
I 2003 var eg 60 år. Eg stod ved parkeringa å venta på scootertransporten. Ein 80 åring kom å åtvara meg. “Du er for gammal til det der “, sa han. Sjølv la han i veg innover i sporet som om det var han som var 60.
På palmelaurdag skal eg avgarde igjen.På gamle trakter. Nå er eg 20 år meir enn 60. Eg har dei same skia med meg. Eg skal ikkje henga i tau bak scooteren. Eg skal leggja i veg innover mot hytta som om eg var 60. Det får bære eller briste. Min ven frå 2003 reknar eg ikkje med å treffe. Men kven veit. Dei er seige som klister nokre av dei telemarkingane.
mandag 27. mars 2023
Heimreise
Telefonen ringte. “Hola”, sa stemmen. “Eg er transporten din til flyplassen og blir 40 min for sein”, sa spanjolen. Han meinte eg kunne ta det med ro. Eg tekte på seteplassen min i Norwegianflyet. Skulle den stå tom og til inga nytte heile vegen frå Alicante til Bergen? Eg prøvde meg på positiv tenking. Prøvde å koble meg frå mine indre negative dialogar. Tenkte at dei i nabosetet ville få betre plass, og at Norwegian jo ikkje tapte pengar sjølv om eg uteblei. Det var ikkje lett.
Eg held meg ofte til Norwegian når eg er oppe i lufta. Dette selskapet som trauste Kjosen starta og dreiv i så mange år, og som på underleg vis framleis skranglar og går.
Jo eg har vore trolaus såklart. Brukt seter i både Ryanair, KLM, Easy Jet og andre billege flygemaskinar.
Konseptet med fråværande service og minimal bagasje har tiltala meg. Her må ein klare seg sjølv i både initieringsfasen, planleggingsfasen, gjennomføring- og oppfølgingsfasen og i evalueringsfasen. Det einase selskapa gjer er å frakta meg fra A til B, og så selgjer dei rødvin og cognac på nokre pitte små svindyre plastflasker.
Eg hadde investert i ny bagasjevekt før turen. Ville vera trygg på at eg fekk utnytta alle tilletne kg i håndbagasjen. 10 kg og 55x40x23cm er de strategiske måla for begge kjønn. Ja og så ei lita sminkeveske som eg kan putta under setet framføre meg i flyet.
I lufta er tyngda av flykroppen avgjerande. Oppoverkrafta må vera større enn nedoverkrafta, iallfall i starten om dette skal bli ei vellukka reise. Nedoverkrafta er bestemt av vekta av fly me innhald. Difor er det avgjerande at passasjerane ikkje er overvektige. Kvar kroppskilo, og nokre har mange, tel. Her har selskapa eit uutnytta potensiale for inntening. Personen sin BMI kan vera eit framifrå avgiftsgrunnlag for å auke innteninga. Dette vil vera eit enormt insitament for slangking. Nett som boksarane må slanke seg før innveging framfor ein kamp, vil folk eta seg ned før dei entrar vekta til flyet. Når ein tenkjer på at fedmeepidemien står for rundt 5 % av dei totale helsekostnadene i industrialiserte land, kan såleis flyselskapa stå oss bi i denne kampen. Då kan innspart del av helsebudsjettet vårt overførast til f.eks. Norwegian.
Sist mandag reiste eg frå Alicante til Bergen. Eg rakk flyet i tide og glei saumlaust gjennom og forbi alle køar. Noko innveging vart det ikkje. Hverken av kofferten eller av meg.


torsdag 17. februar 2022
Då heile verda velta
Eg legg den broderte duken på kjøkkenbordet, seier Svanhild. Trur du det hjelper, spør eg. Tja seier ho, kanskje om eg set tekanna eg arva frå mor oppå duken.
Så ringer det på døra. Visninga er igang. Det strøymer på med store familiar. Storfamiliar. Dei skal saumfara heimen vår, sjå om den er verd å satsa pengar på.
Heimen vår der me har fostra 3 born, levd, krangla og elska i 44 år.
Heimen vår, der me fann styrke, glede og vilje til å leva. Der vi fann livsgleda.
Folk myldrar rundt oss frå kjellar til loft. Svanhild står ved sida av meg i stova. Ho er spent og rettar litt på bordduken. Ho smiler og svarar folk på spørsmål.
Så tek ho meg i armen. Ho senkar stemmen og seier som om ingen andre skal høyre det. Ho vil ikkje øydelegge for visninga.
"Eg blei så svimmel" seier ho. Sett deg, seier eg..
Og så datt ho.
Heile verda datt. Verda rasa saman. Det var heile huset som brast, heile forstanden som skaka i hovudet mitt.
Ring, ropte ein. Kva skal eg ringa, sa ein annan. 113, gaula eg.
Eg knyta nevane saman og tenkte hjerte massasje, kordan var no det.
Eg høyrer raske bein komma opp frå kjellaren. Ein ambulansearbeidar som trudde ho var på visning. Ho var ikkje det. Ho var på livredning. Ho redda Svanhild frå å døy på stovegolvet i heimen vår søndag 30.01.22 kl 13.30. I heimen vår i Haugavegen.
Joda. Ambulansen kom, helikopteret kom, ho var på Haukeland etter kort tid, dei opererte den sprengde hovedpulsåra. Det var mange heltar. Men kvinna på golvet i heimen vår som pumpa og pumpa på Svanhild sitt hjarta, var ho som tok døden bort frå Svanhild. Ho jaga han vekk denne døden som elles ville gjort meg så ulideleg vondt.
Er det eit helikopter? undra Svanhild seg alltid når ho høyrde rotorslaga som braut sund vinden på helikopterplassen ofte nederst i Haugavegen. Ho hadde stor medkjensle med dei som var i ein slik tilstand at dei måtte fraktast avgårde i slik ei hast. Denne gongen høyrde ho ikkje helikopteret, nå var det ho som hadde det travelt. Etter 13 minutt og fleire hjertestansar var ho framme på Haukeland. CT, aorta disseksjon type A og 5 timar på operssjonssalen.
Det var ein vanskeleg operasjon, sa to av kirurgane som snakka til meg etterpå. Takk, tenkte eg. Det var ein vanskeleg operasjon, gjentok dei. Takk, sa eg.
Dotter mi køyrde meg til Bergen. Ferja over fjorden har aldri hatt dårlegare framdrift. Vegen over Hålandsdalen har aldri vore smalare og svingane aldri så forbaskade uoversiktlege.
Vi fant pårøranderommet. Når eg opna døra og kjende varmen frå bergenske barn og barnebarn som alt var komne, gav eg meg ende over. At familien er viktig visste eg, men at dei kunne være til slik støtte, visste eg ikkje. Nå veit eg det.
Me fekk møta Svanhild berre timar etter operasjonen. Då låg ho til oppvarming. Heile lekamen vart nedkjølt under operasjonen. Ho hadde slangar inn i dei fleste kroppsåpningar og inn alle dei andre plasser der opningar vart laga etter behov. Eg såg ikkje slangane, eg såg ikkje skjermane, eg høyrde ikkje surklelydane. Eg såg Svanhild. Eg såg at ho levde. Såg at kona mi som eg traff i 1959, ikkje hadde gått frå meg denne iskalde januardagen i Bergen.
lørdag 15. august 2020
Ei reise til Sogn
Vi gjorde som Erna sa: Turist i eige land. Episenteret for reiseliv i Sogn er Balestrand.Tyske keiser Wilhelm II fann det ut rundt 1890. Han var her 23 ganger, lenge før Kilroy var født.
Balestrand har reiseliv som hovudnæring og ingen industrialisering som attåtnæring. Cruise skipa finns heller ikkje her. Turistane kjem med båt frå Bergen, andre kjem langs landevegen eller med ferja frå Vangsnes/Hella.
Fridtjov den frøkne står i Vangsnes på sokkel. Han er 10.5 m høg og keisar Wilhelm II sette han oppå ein 12m høg sokkel. Stakkars karen får ikkje vera med ferja over for å leite opp si vakre Ingebjørg.
I Balestrand meiner dei å ha folk frå 22 nasjonar buande. Så her snakkar dei fleste bale-engelsk som er ein forenkla versjon av sognamålet.
I Balestrand vart Kviknes hotel leiren vår. Dette hotellet som kan skryta på seg tradisjonar attende til 1752. Her er keisarlege og kunstnarlege skrømt og målarstykke oppsiktvekkande til stades.
Vi drog ein dag over Gaularfjellet. All ros til Statens vegvesen for opprustinga av dei nasjonale turistvegane med sine utsiktsplatformer og urinaler. Her kan ein stå høgt og pisse langt. Utsikten er framover, nedover og framifrå.
Me vitja Skei og Fjærland, bremuseet og bokbyen.
I Sogndal har dei Fosshaugane og den høge skulen. Studentane utveksla ølflasker og cobid19 rundt om på plenane. Vi drog attende til Kong Bele si bygd.
Over fjorden pendlar ferja. Norled sine gamle fartøy tapte heldigvis alle anbod i Kvinnherad. Nå slit dei seg fram og attende over noregs lengste, djupaste og vakraste fjord. Dei gjer jobben, men vakre er dei ikkje. Vi heiv oss på. Dragsvik - Hella - Vangsnes.
Gamalosten og bringebærsafta i Vik var ei tøff oppleving. Eksklusivt å nyta, utfordrande å svelja. Miksa og mogna ved Tine meieri avd Vik , einaste gammalost produsenten i landet vårt nå. Om ikkje opplevinga var heilt på høgde med cidersmakinga på ciderhuset Balholm, hadde ho likevel den fordelen at ein var i betre balanse på heimvegen.
Me reiste med turistruta Bergen - Flåm - Bergen. Også dette ei Norled rute som gjorde turen litt meir spennande enn vanleg rutebåt. Attraksjonane langsmed leia vart omtala og stoppa opp ved.
"Wunderschön", sa alle turistane som kom frå Tyskland. Så sa Wilhelm II for 130 år siden også.
Eg er nok pittelitt einig.
onsdag 15. januar 2020
Ei reise til Sør Afrika
Å reise til Sør Afrika er ikkje for sjusoverar. KLM flyet frå Bergen går klokka 06.10 via Amsterdam. Då er det Hotel Scandic Flesland som gjeld, og telefon alarmen må stå på 03.15.
"Grab and Run" er namnet på frukosten og næringsverdien i den kan diskuterast.
Framføre innsjekkingsautomaten i avgangshallen møter me 20 andre bleiknebba vestlendinger som også skal på safari i Afrika, og som heilt sikkert burde sove lenger denne morgonen.
Me skiftar fly i Amsterdam. Magen er sjølvsagt i ulage. Eg har ikkje kunna følgje fastlegen si oppskrift på "korleis vera ven med tarmen sin" denne morgonen.
KLM har botemiddel. Medisinvogna som trillar rundt i gangane her på flyet, har mykje godt for magen.
Vi er over Sahara nå, seier mi kjære. Eg kjenner meg tørr i halsen.
Me passerer ekvator. Kloden er på sitt feitaste her. Så etter dette går det nedover mot Sørpolen i 910 km/timen.
I Johannesburg eller Jo'Burg som dei reisevante seier, står vi på bakken i den største byen i Sør Afrika. Her gjeld det om å halde på tødlane sine. Dei stjel som hyener på flyplassen og inne i byen. Takka meg til ein tur blandt løver og krokefantar. Dei stjel iallfall ikkje...
Frå flyplassen i Jo-Burg gjekk turen til Pretoria der vi overnatta. I løpet av ei kort natt kom tankar til meg frå 1972.Det er 47 år sidan den gongen, då eg vart lokka ikkje berre med gull og grøne skogar, men og med svart tenarskap og luksusvilla om eg ville komma til universitetet i Pretoria og vera med på oppbygginga av ein av landets første atomakseleratorar.
Eg var i arbeid i Eindhoven i Nederland den gongen. De Vries, ein boer frå Pretoria, kom dit med arbeidskontrakten klar i dokumentmappa si. Eg hadde møtt mannen eit par år før i Bloomington, Indiana der vi begge var utanlandske gjesteatbeidarar ved Cyclotron laboratoriet på Indiana University.
Det var "lovnaden" om svart tenarskap som gjorde utslaget. Det vart eigentleg forventa at kvitingar skulle ha ein svart tenarstab.
Dit reiser vi ikkje, var eg og mi fru einige om.
Etter den tid har nok Sør Afrika endra seg. Dei har hatt sin Nelson Mandela og fått eit styresett som vert kalla demokrati. Men dei som har fulgt med i Sør Afrikansk nåtidskvardag vil vite at demokratiet ikkje berre er skjørt, men at korrupsjonen er utbrett, og at det i stor grad er dei kvite som framleis sit med pengemakta.
Idag såg eg University of South Afrika idet me passerte det i Pretoria. Eg reflekterte litt om korleis livet kunne vore med eit anna vegval i 1972.
Eg konkluderte med at å returnere til Norge også etter denne turen blir mitt val nå og.
Me har det utruleg greitt i gamlelandet, syns eg.
Dessutan kan eg ikkje nok om sektorfokuserande cyklotronar lenger 🤣
Vi er i eit reservoat kalla Matswani. Det ligg 250 km nord for Pretoria, og blei kjøpt av ein danske etter at gårsdrifta i dette området vart nedlagt. Han laga gjerde rundt og bygde 3 såkalla lodgar i reservoatet. Vi bur på Rhino (neshorn) lodge.
Her er det 6 sivhytter a 2 bustader i kvar hytte. Reisegrupoa vår frå Bergen fyller opp heile lodgen. På terrassen utafor vår bustad har vi jamt over besøk av marikattar (liten ape) og bavianane skrattar frå trærne nedanfor. Særleg når mi kjære kikkar ut døra, før morgondusjen.
Vi har eit tett program som ofte startar kl 05 - 06 om morgonen. Då er det ut å gå i bushen eller å køyre til andre reservoat og nasjonalparkar.
Det er jo "The big five" me jaktar mest på. Løve, Elefant, Buffalo, Neshorn og Leopard.
Sjiraffar , antiloper, sebra, vortesvin impala osv, osv ser vi overalt. Også på middagstallerkenen.
Været idag: 35 grader og sol. Dei inn fødde lengtar etter regn og oppførde i går noko eg trudde var ein regndans. Men det viste seg å vera framføring av bursdagssangen til ein av dei norske. Det hadde spreidd seg eit rykte heilt til Afrika om at nokon frå Husnes runda år den 3. november...
Dei driv med fleirkoneri i Sør Afrika. Ein årelang tradisjon som også idag gler mange afrikanske menn. Kva konene kjenner på i den samanhengen, veit eg ikkje. Det avheng kanskje av kva nr dei er i rekka. Yngste kone - mest i skuddet, har eg høyrd.
I går kveld fekk vi heile historia. Rundt bålet under open himmel blei vi servert maismjølkaker og perlehøns med grønsaker. Vi åt med fingrane på den eine handa, i den andre haldt eg drikkebegeret som var i rustfritt stål.
Kor lenge siden skjedde dette med fleirkoneri , spurde eg.
Om du har kyr nok å betala med, kan du framleis skaffa deg påfyll, sa Pearl (ei av dei tilsette på lodgen vår).
Så blei det dans. Framføring av afrika historie ved dans, song og trommer. Ein enorm energi. Då eg vart riven med ut på danseplassen av ei ung og vakker afrikanerinne, angra eg pittelitt på at odelsretten til farsgarden min forsvann for 50 år sidan. Tenk å ha hatt kyr på handa nett då.
Ei anna side av soga er jo at unge menn kan koma å by på kamp å ta frå deg dei saftigaste konene. Ikkje heilt trygg på at eg hadde stått imot det. Så eg hadde vel enda konelaus.
Basilic er namnet på den afrikanske safarisjåføren vår. Me køyrer dagleg ut med 3 safarijeepar av typen Leopard. Eg held meg alltid til Basilic sin jeep. Der er det både liv og latter. Han kan det meste og snakkar om alt. Planter, fuglar og dyr, men også om kultur og politikk.
Ein ting er å styra jeepen på smale, svingete og humpete skogsvegar. Han er samtidig observatør og blikket er meir på vandring etter ville dyr enn det er på vegen. Den antilopa heiter bombom, og far min fortalte meg kvifor det namnet. Hannen har så store ballar at når den spring seier det bom bom - bom bom. Me sit i jeepen og sluker historia, og så skrattar han så heile bushen kjem i ubalanse.
Me er 4 par i jeepen. Idag var det "ut å leike dag". På vegen skulle alle gruppene (3 jeepaar) i løpet av safarituren lage ein hatt av materiale vi fann i naturen, og skrive ein song . Dette blei då framførd for eit dommarpanel under lunchen på ei av utsiktsplattformene ute i jungelen.
Vi prøvesong den nydikta songen på turen dit. Melodien var sjølvsagt Dyrene i Afrika. Eg skal sørje for å sjenke dualeg med champagne så vinn dokke nok, sa Basilic.
Og det blei ein førsteplass som resulterte i premiar og mykje ære.
På heimatte turen song vi så det runga i bushen. We are the champions, we are the champions..
Det vart ein slags speilvendt safari der alle dyrene i Afrika stod langs vegen med store og beundrande blikk.
Å reisa frå Sabatana Rhino lodge etter 8 dagar, vart vemodigt. Det var så lett å bli glad i både dei innfødde og dei 20 andre norske turistane og Ulf, guiden vår.
Me blei køyrde sørover til Johannesburg av vår afrikanske sjåfør. Han var like stø på rattet anten han køyrde med safari-jeep i bushen, eller minibuss på 5 felts motorvegar i helgerushet mot byen.
Apartheid museet ligg i Johannesburg. Ei skremande nærhistorie som ikkje er til å bli glad av. Eg grøssa og takka skjebnen for at eg ikkje reiste dit med familien i 1973. Då var det tøffe tider med mykje blod i gatene. Nelson Mandela sin ikkje-voldelige kamp for likeverd, rettferd, demokrati og fred er noko av det største arbeid eg kjenner til at eit menneske har utførd.
Frå Johannesburg til Soweto er det berre eit steinkast. Rett nok eit langt steinkast. Denne gettoen er verd eit besøk. Der fann vi også minnesmerke etter kampane 1970 - 80 talet. Men Soweto er og ein fargerik bydel med mykje folkeliv. Men som kvit på kveldstid skal ein passa seg. Mange treng pengar til neste narkotika shot.
Vi sit på flyet frå Johannesburg til Amsterdam. 11 timar med natteflyging. "Skal vi ha oss eit shot", spør mi kjære. "Det gjer vi", seier eg. Og før eg veit ordet av det stikk ho til meg ein imovane.
Meir hugsar ikkje eg av den flyturen.



Abonner på:
Innlegg (Atom)



