Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 28. mars 2023

Eg treng ikkje smøreteam

Eg har leita fram skia. Dei blei med meg på flyttelasset og låg innst i uteboda. Dei er av typen Landsem smørefrie. Dei er gamle, og så er eg. Å gå på nye ski i påsken, ville vera for ambisiøst. Dei er trufaste desse skia, og har fulgt meg på turar. Både høgt og lågt. Dei var med meg då eg gjekk på Hardanger vidda med min venn Helge. “Du må kjøpa deg fjellski med stålkantar”, sa han. Eg gjorde det. Men dei måtte eg jo smørje. Det vart eit griseri, særleg i påska når snøen var våt og klisteret var klissete. Det var som om Swix klisteret innvaderte heile ryggsekken min, og dei trusene som presumtivt framleis skulle brukast, klistra seg fast på unevnelege stader på kroppen. Det fremja ikkje kjærleikslivet. ”Kan du ikkje heller starta med slalom”, sa kona. Der smørjer dei med Swix Glider. Slik kunne eg ikkje leva. Stålkant skiene vart hengd på hytteveggen, der dei framleis heng. Til helga blir det smørefritt igjen. Mang ein gong har eg hengd i tau bak fullasta snøscoter dei 2 km det er frå Riksveg 9 og inn til hytta vår. Eg ba telemarkingen som stod for transporten, om å ta det med ro. “Eg er oppvokst i fjæresteinane på Haugalandet”, sa eg. “Og så har eg korkje stålkantar eller stålnerver”, sa eg også. Aldri gassa vel Gunnleik meir på enn når eg sa slikt. I 2003 var eg 60 år. Eg stod ved parkeringa å venta på scootertransporten. Ein 80 åring kom å åtvara meg. “Du er for gammal til det der “, sa han. Sjølv la han i veg innover i sporet som om det var han som var 60. På palmelaurdag skal eg avgarde igjen.På gamle trakter. Nå er eg 20 år meir enn 60. Eg har dei same skia med meg. Eg skal ikkje henga i tau bak scooteren. Eg skal leggja i veg innover mot hytta som om eg var 60. Det får bære eller briste. Min ven frå 2003 reknar eg ikkje med å treffe. Men kven veit. Dei er seige som klister nokre av dei telemarkingane. 

1 kommentar: