Kuala Lumpur er den største byen i dette på mange måtar delte landet. Men hovedstad er han ikkje, sjølv om den til ei kvar tid valgte kongen, bur der i slottet. Kuala tyder "der to elver møtes" og Lumpur tyder "søle", sa guiden som køyrde kona og meg rundt i byen på ein tretimars tur.
"Eg er muslim", sa guiden vår, "og eg er stolt av kongen og statsministeren me har". Eigentleg ikkje å undrast over for begge dei er også muslimar, tilliks med drøyt 60% av resten av folket i landet. Islam er statsreligion, men landet vert styrd etter verdslige lover, ikkje sharialover. Så ei øl og ein dram er lett tilgjengeleg, og raudvin treng ikkje kamuflerast på colaflasker. Men dei islamske kvinnene må kamuflerast. Det var mange hijab og nikab å sjå.
Kinesarane i landet er det mange av. Dei er buddhistar, inderane her er hinduistar og diverse andre er kristne. Så det er eit konglomerat både på det eine og andre området.
Å reise frå Bangkok til Kuala Lumpur er ein 2 timars flytur. Mange menneske skal til og frå. Thai Airways sin Airbus som me reiste med, var smekkfull. Overgangen frå det kaotiske og ikkje like reinslige Bangkok, til Kuala Lumpur kom overraskande på meg. Flyplassen der er ryddig og velorganisert. Grei å finne fram på når ein først har funne ut at ein må ta shuttle tog frå gaten til bagasje bandet. Den 45 minuttar lange køyreturen inn til byen gjekk på velholdte 2 og 3 felts motorvegar. Landskapet, frodigt etter mykje regn i år. Men når me kom inn til KLCC, Kuala Lumpur Central City, skein sola.
Dei snakker godt engelsk i Malaysia. Særleg dei eldre som gjekk på skulen då engelskmennene var koloniherrar der. Då var all undervisning berre på engelsk, sa vår tilårskomne taxisjåfør. Då engelskmennene "forsvann" (1957), kasta malaysierne all engelskundervisning ut av skulen. Einaste språkundervisning i grunnskolen blei malaysisk.
Taxisjåføren vår var ikkje muslim. Veit ikkje heilt kva tru han hadde, men han var i sterk opposisjon til det sitjande regimet. Statsministeren er både kunnskapslaus, maktsjuk og diktatorisk", hevda han. Journalistar vert fengsla og politiske motstandere sensurerte og knebla. Det vert manipulert med valgresultat og statsministeren skriv ut nyval når det passar han. Kanskje nyval til sommaren. Opposisjonen krev det, men ingen dato er sett ennå.
Sist der var val i landet, trudde ein at opposisjonen skulle sigra. Alt låg an til det under oppteljinga og valsendinga i media. Plutseleg blei elektrisiteten borte i heile landet, og då den vart kopla til att, var alle kolonner og piler endra. Statsministerens parti var igjen i føringa og "vant" valet. Folk storma ut i gatene i Kuala Lumpur men politiet tukta dei med tåregass og vasskanoner. Alt dette i følgje taxisjåføren vår.
Kuala Lumpur framstår som ein velstelt og rik by. Det er eit land som er komme hakket lenger i økonomisk utvikling enn Thailand. Iallfall der i vestre delen av landet. Malaysia er jo delt. Den vestre halvdelen på malackahalvøya sør for Thailand, den austre delen på deler av øya Borneo der dei er naboar med Indonesia og ligg nær til Filippinene.
Der i aust er folk fattige, sa guiden vår. Og dei er rare der, sa han og. Dei kallar seg ved snodige namn som er blanding av katolske og filippinske namn. I vest derimot er levevilkåra betre. Det er godt å bu der, seier guiden. Men bustadprisane er høge. Sjølv budde han med kone og to barn saman med sine svigerforeldre i ein kommunal leilighet med 2 soverom. Mange unge må fortsette å bu med foreldra etter dei er vaksne. Har ikkje råd til anna.
Eg traff mange flotte folk i Kuala Lumpur. Uansett politisk og religiøs haldning var dei stolte av og glad i landet sitt. Dei synes å gå med eit meir heva hovud enn det thaiane gjer. Friare og ikkje så audmjuke i relasjonar med oss kvitingar. Rart eigentleg, for Thailand har jo aldri vore okkupert av fremmande makter. Det har jo Malaysia så det monnar. Men dei lever jo i eit slags demokrati. I Thailand styrer den militære juntaen,
og den skal ein vokte seg for...
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 13. februar 2017
Ei reise til Malaysia
lørdag 14. januar 2017
Ute i rett tid
Det har regna i Thailand. Det er inga stor nyhet. Men slik det var den første veka og halvanna av 2017, har ein sjelden opplevd. Lite kunne vi ane om dette, då reisa vår blei tinga sist sommar. Å komme hit den 10. januar, akkurat første dagen etter at regnet hadde gitt seg og flaumen trekt seg tilbake, var jo full klaff.
Me reiste med KLM i år. Turen gjekk frå Bergen over Amsterdam til Bangkok. Det tyder at returen går same vegen, berre motsett. At bagasjen vert sjekka inn i Bangkok og henta utatt i Bergen er maklege greier for gamle folk. Stresset med å hente ut bagasjen i Oslo, slik Norwegian og Thai Airways driv med, er slitsom. Vi har saktens vore med på det.
Å få repetere sin hollandsk saman med alle desse hollenderane på flyet, er spennande. Artig å oppdage at framleis sit ein del ord og skrøner att, etter den tida eg budde i Holland for 45 år sidan. Artig å sitje å smuglytte til frittalande hollenderar, som ikkje veit at nordmannen ved sida av får med seg det dei seier om han.
KLM er eit framifrå flyselskap. Slik det framstår nå i nært samarbeid med Air France, virkar det tillitsvekkande. Hos KLM er alt inkludert. Puter, tepper, drikke, mat, osb. Hos Norwegian fekk eg som sjuk reisande ifjor, ikkje eingong låna eit teppe til å legga over den frosne kroppen min. Kunne kjøpa eit i butikken deira, sa dei. Men den var jo stengt då. Kjos må skjerpa seg og sine.
Flyplassen i Bangkok, Suvarnabhumi, er ein fryd for gamlingar. Køane i passkontrollen er enorme, verre enn i Oslo. Men for oss 70+, finns ein eigen passasje. Der går vi saman med dei handikappa og dei gravide. Vi blei nr 5 i køen der. Så er det å prøva seg med eit smil til polisen i kontrollen. Smilets land tenkjer eg. Men i passkontrollen sit smilet langt inne. Rart det der, å sjå thaiar som ikkje smiler. Ansikta deira passar liksom ikkje til det. Eg trur bestemt at dei har gått på smileavvennings kurs.
Hua Hin ligg 240 km sør om flyplassen. Vi reiser med buss. Luksus buss med seter som langt overgår alle kabinseter hos alle flyselskap. Iallfall for oss som reiser på flyet sin økonomiklasse. Ei vakker thaikvinne serverer meg vatn og blir med oss på heile turen. Buss sjåføren er og med. Stødig og å stole på. At bror min og kona hans møter oss på busstasjonen i Hua Hin og køyrer oss til Norway Garden der leiligheten vår står klar, er veldig kjekt.
I Thailand regnar det ikkje lenger. Dokke kom med sola, seier dei her. Solskinnsparet frå Husnes.
Eg er glad me ikkje kom før. Glad for me ikkje kom seinere og. Trur me var ute i rett tid...
mandag 23. mai 2016
Skikkelege folk på tur
Eg sit i avgangshallen på flyplassen i Alicante. Dei såg i nåde til meg idag, sikringsvaktane. Etter at bagasjen min blei køyrd fram og attende på bandet eit par gonger, gav dei blaffen og slapp meg forbi. Ikkje avdi innhaldet i håndbagasjen min var tryggare å sjå til enn til hans som gjekk før meg. Men han var afrikaner i lang kjortel og blå topplue. Det er skilnad på folk.
Gamle gråhåra nordmenn, med statspensjon og koffert frå Europris, vert ikkje vurdert som potensielle sjølvmordsbombarar på Norwegian flyet frå Spania til Bergen. Etter 10 dagar i sola og eit mageinnhald som er gjennombløtt av vino tinto, er jo alle gråversdepresjonar viska vekk. Og når yr.no melder om at drittværet heime snur til sol og glede nett idet eg skal gjennom passkontrollen på Flesland, då går eg med lette steg og heva hovud gjennom sikringskontrollen her.
Afrikaneren derimot gjer ikkje det. Han har ingen statspensjon eller koffert frå Europris. Han ber tinga sine i ein bylt på ryggen. Kanskje det er alt han eig som er i den. Han veit at alt må pakkast opp og visast fram. Han veit at dei saumfarer kvar føflekk på kroppen hans, og at magen må blottast. Han har gjort det før. Han undrar seg ikkje lenger over at han blir grundigare sjekka enn mange andre. Han synes det er greitt. Han vil heller ikkje mista livet 30000 fot over bakken, fordi sikringsfolka ikkje gjer jobben sin. Han veit kanskje og at flyet på veg frå Paris til Egypt, i staden gjekk til helvete sist veke.
Godt at slike folk blir grundig sjekka, seier folk. Dei er ikkje til å lita på, seier dei og.
Hadde dei enda hatt håndbagasje koffert frå Europris, og statspensjon i banken slik skikkelege folk har...
søndag 3. april 2016
Ein vekkar

lørdag 12. mars 2016
Ei reise til Vietnam
Det var kona som ville det. Ho har sikla etter Vietnamtur dei siste 10 åra. I år blei den endeleg realisert.
Turen vart planlagt heime i Norge, som eit haleheng på vinteropphaldet vårt i Hua Hin, Thailand. Vi ville ikkje melde oss på ein organisert gruppetur. Vi ville det skulle være ei reise der med sjølve bestemte både lengd, innhold, reisemåte og hotell. Å følgje etter ein guide i dagevis, med lite tid til personlege avvik, er noko vi har gått lei av så ofte. Vi ville velge utfluktene sjølve , når vi var der og då. Vi ville være frie til å slentre gatelangs, og prøve å få kontakt med lokale folk, eller tillate oss ein vietnamesisk øl på eit fortau, når tørsten krevde det. Og slik blei det.
Tidsramma var trang. Vi la opp til ei vekes avstikkar frå Bangkok til Vietnam. På den tida ville vi sjå dei to viktigaste byane i landet, Ho Chi Minh byen og Hanoi. Me tinga flyreise med Vietnam Airlines, ein rundtur som altså starta og enda i Bangkok. Vi ville først til Ho Chi Minh byen, for så å få Hanoi seinast råd i mars. For nord i Hanoi kan det vera kaldt på denne årstida.
Vietnam airlines er ikkje noko billegselskap, slik vi kjenner slike i Europa. Her vert servert gode måltider, uansett kor kort turen er. Selskapet er statseigd, med hovedbase i Hanoi. Vår rundtur, som altså var på tre flyreiser, kosta kr 2250 for oss to tilsaman. Eg synes det er ein grei pris. Flyturen Bangkok - HCMC tok 1 time og 10 min, HCMC - Hanoi 2 timar og omtrent det same på strekket Hanoi - Bangkok.
Flyplassane i Vietnam var ryddige, reine og til å finne fram på.
I HCMC ligg flyplassen berre 7 km frå sentrum , men i Hanoi vart det lenger køyring, rundt 30 km.
Turen frå flyplassen til vårt hotell i HCMC gjekk i ein stim av mopedar. Ei sjokkarta oppleving når ein ikkje har vore i Vietnam før. Vi som kom rett frå 2 mnd. opphald i Hua Hin, Thailand, trudde vi hadde vent oss til mange tohjulingar i gatebilete. Vi hadde ikkje det. Trafikken såg kaotisk ut, eg klarte aldri å gjennomskua kva normer som galdt i trafikken. Men trafikken flaut jo på eit vis. Mi første kryssing av gate i byen var ei nervepåkjenning. Eg og kona stussa såpass lenge ved fortaukanten, at ein vietnamesar kom og følge oss over. Han gjekk rett ut i trafikken, bestemt og utan nøling. "They are not supposed to run you down", sa han. Og det resulterte i ei slags oppdemming, slik Moses laga i Rødehavet. Dei var hjelpsomme folk desse buddhistane. Eg fekk høyre seinere at den vietnamesiske buddhismen, Mahayana retninga, har ein filosofi som seier at å hjelpe andre gir ei form for syndstilgjeving, og auka såleis sjansane for å oppnå Nirvana. Kanskje det var slike folk som stod på gatehjørnet. Penger tok dei ikkje imot. Ikkje rundstjal dei meg heller.
I Ho Chi Minh byen budde me på Silverland Central Hotel&Spa. Ein framifrå plass å bu med gode, reine rom og ein god restaurant. Frukosten framsto med buffet av både europeiske og asiatiske retter, og kokkar som laga varmrettar etter ynskje. I resepsjonen var det mykje hjelp og råd å få om det meste. Her melde me oss på utflukter til stader me ønskte å oppsøke. Dei vietnamesiske guidane snakka brukbart engelsk, og hadde ofte svært ulike livssyn. Me opplevde katolske kapitalistar ein gong (HCMC) og buddhistiske kommunistar ein annan gong (Hanoi). Så landet si nære historie hadde sett sine spor i menneska. Vietnamkrigen som dei kalla Amerikakrigen, er jo ikkje langt unna.
HCMC var ein travel by. Eg fekk inntrykk av at landet ikkje har brukt så mykje av ressursane sine her i sør, som dei burde. Dette er jo landets største by, men stadvis kunne den virka både skitten, sliten og til nedfalls.
Me reiste nordover til Hanoi og opplevde eit temperaturfall frå 34 grader i HCMC til 24 i Hanoi. Turen frå flyplassen inn til sentrum gjekk på gode fleirfelts motorvegar med beskjeden trafikk. Hanoi er hovedstaden i Vietnam, og her synes det å ha blitt lagt ned meir resursar for å få byen til å framstå oppgradert og moderne. Ei rar oppleving å sjå alle vietnameserane med spisse hatter, som planta ris i oversvømde risåkrar, mens vi susa forbi på motorvegen gjennom rismarkene.
Eg opplevde Hanoi som ein vakker by. Våre hotell var bygd i fransk kolonistil og kalla Pearl Hotel Hanoi. Det var pompøst og vakkert. Spora etter den franske kolonitida var tydlege i bygningsmassen, og folket var stolte av byen sin. Dei var og stolte av å ha nedkjempa 3 av verdas største krigsmakter gjennom tidene: Kina, Frankrike og USA. Dei var stolte over fridom sin og over den nedfrosne presidenten sin, som me besøkte i Ho Chi Minh mausoleet.
Eg opplevde at folket møtte oss med eit gjestfritt og opent sinn. Når eg tenkjer på kor kort tid som er gått sidan Vietnamkrigen, skulle ein tru at vi vestens folk kunne møte skepsis og kanskje hat frå mannen i gata. Men det gjorde vi ikkje. Og dei sa at slik var det ikkje. Dei ville ikkje bere på hatet lenger, sjølv ikkje mot amerikanarane, sa dei.
Det var kona mi som ville til Vietnam. Nå veit eg kva eg hadde gått glipp av om eg ikkje hadde vore med på det. Vietnam var verd eit besøk.
onsdag 24. februar 2016
Eit piss i havet







