Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 13. februar 2017

Ei reise til Malaysia

Kuala Lumpur er den største byen i dette på mange måtar delte landet. Men hovedstad er han ikkje, sjølv om den til ei kvar tid valgte kongen, bur der i slottet. Kuala tyder "der to elver møtes" og Lumpur tyder "søle", sa guiden som køyrde kona og meg rundt i byen på ein tretimars tur.
"Eg er muslim", sa guiden vår, "og eg er stolt av kongen og statsministeren me har". Eigentleg ikkje å undrast over for begge dei er også muslimar, tilliks med drøyt 60% av resten av folket i landet. Islam er statsreligion, men landet vert styrd etter verdslige lover, ikkje sharialover. Så ei øl og ein dram er lett tilgjengeleg, og raudvin treng ikkje kamuflerast på colaflasker. Men dei islamske kvinnene må kamuflerast. Det var mange hijab og nikab å sjå.
Kinesarane i landet er det mange av. Dei er buddhistar,  inderane  her er hinduistar og diverse andre er kristne. Så det er eit konglomerat både på det eine og andre området.
Å reise frå Bangkok til Kuala Lumpur er ein 2 timars flytur. Mange menneske skal til og frå. Thai Airways sin Airbus som me reiste med, var smekkfull. Overgangen frå det kaotiske og ikkje like reinslige Bangkok, til Kuala Lumpur kom overraskande på meg. Flyplassen der er ryddig og velorganisert. Grei å finne fram på når ein først har funne ut at ein må ta shuttle tog frå gaten til bagasje bandet. Den 45 minuttar lange køyreturen inn til byen gjekk på velholdte  2 og 3 felts motorvegar. Landskapet, frodigt etter mykje regn i år. Men når me kom inn til KLCC, Kuala Lumpur Central City, skein sola.
Dei snakker godt engelsk i Malaysia. Særleg dei eldre som gjekk på skulen då engelskmennene var koloniherrar der. Då var all undervisning berre på engelsk,  sa vår tilårskomne taxisjåfør.  Då engelskmennene "forsvann" (1957),  kasta malaysierne all engelskundervisning ut av skulen. Einaste språkundervisning i grunnskolen blei malaysisk.
Taxisjåføren vår var ikkje muslim. Veit ikkje heilt kva tru han hadde, men han var i sterk opposisjon til det sitjande regimet. Statsministeren er både kunnskapslaus, maktsjuk og diktatorisk", hevda han. Journalistar vert fengsla og politiske motstandere sensurerte og knebla. Det vert manipulert med valgresultat og statsministeren skriv ut nyval når det passar han. Kanskje nyval til sommaren. Opposisjonen krev det, men ingen dato er sett ennå.
Sist der var val i landet, trudde ein at opposisjonen skulle sigra. Alt låg an til det under oppteljinga og valsendinga i media. Plutseleg blei elektrisiteten borte i heile landet, og då den vart kopla til att, var alle kolonner og piler endra. Statsministerens parti var igjen i føringa og "vant" valet. Folk storma ut i gatene i Kuala Lumpur men politiet tukta dei med tåregass og vasskanoner. Alt dette i følgje taxisjåføren vår.
Kuala Lumpur framstår som ein velstelt og rik by. Det er eit land som er komme hakket lenger i økonomisk utvikling enn Thailand. Iallfall der i vestre delen av landet. Malaysia er jo delt. Den vestre halvdelen på  malackahalvøya sør for Thailand,  den austre delen på deler av øya Borneo der dei er naboar med Indonesia og ligg nær til Filippinene.
Der i aust er folk fattige, sa guiden vår. Og dei er rare der, sa han og. Dei kallar seg ved snodige namn som er blanding av katolske og filippinske namn. I vest derimot er levevilkåra betre. Det er godt å bu der, seier guiden. Men bustadprisane er høge. Sjølv budde han med kone og to barn saman med sine svigerforeldre i ein kommunal leilighet med 2 soverom. Mange unge må fortsette å bu med foreldra etter dei er vaksne. Har ikkje råd til anna.
Eg traff mange flotte folk i Kuala Lumpur. Uansett politisk og religiøs haldning var dei stolte av og glad i landet sitt. Dei synes å gå med eit meir heva hovud enn det thaiane gjer. Friare og ikkje så audmjuke i relasjonar med oss kvitingar. Rart eigentleg, for Thailand har jo aldri vore okkupert av fremmande makter. Det har jo Malaysia så det monnar. Men dei lever jo i eit slags demokrati. I Thailand styrer den militære juntaen,
og den skal ein vokte seg for...

3 kommentarer:

  1. Bra, Gunnar! Synd du ikkje skriv fleire reisebrev. Kanskje du kan ta deg tid til nokre tilbakeblikk når de kjem heim? (Jau då, eg har sett feisbukkinnslaga, men det er liksom ikkje det same som litt fyldige bloggtekstar.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
    2. Hyggeleg at nokon framleis les blogg. Mitt inntrykk er jo at idag er det korte meldingar som gjeld. Det ryktes at sjølv Trump ikkje likar lese lange lesestykke.
      Eg får sjå kva det kan bli til etterkvart. Oftast blir det slik når eg er ute og reiser at tida går med til så mykje anna.

      Slett