Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 31. juli 2012

Koffor det

"Koffor e din Ipad mindre enn min farfar?".  "Det er fordi min pad ikkje er Ipad", svarer eg. "Koffor det"?, spør Kristina. "Min pad er ein 7' android", prøver eg meg. "Koffor det da?", seier ho. "Fordi eg ikkje var så begeistra for Steve Jobs", seier eg. "Ok", seier ho.
Den takla eg greitt, tenkjer eg. "Koffor har farmor Ipad då?", spør ho overrumplande.
"Fordi ho elska Steve Jobs", seier eg. "Elska ikkje farmor deg da?", spør Kristina. Nå begynnar eg å svette. Eg har køyrd meg fast, og sit i gjørme til langt over akslingane. Skal eg ut herfrå, blir det berre å stå å spinna.
Men Kristina er attende til spelet på Ipaden sin. Ho er nøgd med slik samtalen gjekk, og har avslutta den.
Vår yngste sonedotter frå Stange har altså vore på aleineferie hos oss i ei dryg veke. Ei fantastisk oppleving, der eg heile tida må vera mentalt budd på å parere dei største og dei minste spørsmål på strak arm. Ingen førebuingstid, ingen pardong om ein prøver å gi svar som ikkje held for ein 6 åring si kritisk, vurderande innstilling.
Ungar skal ein ta på alvor. Dei er så ærlige, og har så høg kompetanse om eigen verklighet. Ved å lytta oppmerksomt bidreg me vaksne til å auka sjølvkjensla hos dei små, og kanskje også til å auke eiga innsikt. For meg er det viktig å avsanna myter som vaksne pleier å planta i skjøre barnesinn.
Ein kveld framføre barnetv-skjermen, sa Kristina: "Eg må ikkje sitta så nær Tv-skjermen, for då kan eg få firkanta auger", sant farfar. Ho vil utprøve ærligheten min, tenkjer eg. "Nei", seier eg, "det er berre noko dei vaksne seier til barna sine. Det er berre tull". Kristina ser skeptisk på meg. "Jo, det har mamma sagt til meg, og då er det sant". Ho har plassert meg i eit moralsk dilemma. Eg kan halde fast på at mange vaksne snakkar tull, eller styrkje barnet si oppfatning av mor si som den sanne og trygge forankringa i livet. Mens eg framleis funderer på korleis eg skal komme ut av denne gjørma, tek Kristina ordet igjen. Idet ho riksar på dei 4 lause melketennene sine, seier ho: "Tannfeen vil eg iallfall tru på, for den har pappa og fortald om". Ho riksar intenst på den lausaste tanna og flirer. Men bak fliren anar eg ei jente som har ein realistisk men kanskje og noko pragmatisk haldning til dei vaksne si verd. Ei som shoppar det beste frå to verdenar, sin eigen og dei vaksne sin.
Og så elskar ho Steve Jobs sin verden og.



torsdag 12. juli 2012

Agurktid

Å kalla nåtida i heimen for agurktid, vert feil. Det er ikkje agurk som pregar kvardagen her, iallfall ikkje ennå. Nå er det jordbær og brunsnegel, brunsnegel og jordbær som står på menyen. Einskilde i familien brukar mykje tid på begge delar. Dagen er ikkje den same utan denne ekstra ryggtrimmen, skjønar eg.
Men kombinasjonen agurk og brunsnegel er ikkje god. Særleg når agurkene er små og veike, vert det ein ulike kamp. Agurkplanta har lite å stilla opp med når denne mordarsnegel bit frå seg. Såleis mista eg det meste av  agurkplantene mine like etter fødselen i mai. Det vart ein tidleg krybbedød for dei.
Noko måtte gjerast. Etter over 30 år med mellom anna agurkdyrking i drivhuset, ville eg ikkje gi meg lett. Eg ville stå opp og kjempa for agurkene mine. Mange åtgjerder vart vurdert, alt frå overnatting i drivhuset for å yta heilkontinuerlig vern og omsorg, til å byggja sneglesikker vogge til dei unge hjelpelause. For det er i oppveksten dei  er mest utsatt for farer.
Løysinga vart ei slags vogge. Eg kappa høvleg stykke av eit vatnrennerøyr og la to strimler med silicon i eine enden. Desse dynka eg då med vanleg koksalt slik at når siliconen var stivna dagen etterpå, sat der to sjosalte ringar øvst på røyrenden. Så planta eg nye babyagurker og tredde ringane over plantene og godt ned i jorda.
Snegelen hatar meg for dette trikset. Han kan ikkje fordra salt,  og eg har fått ein uven for livet. Men agurkene jublar og stekkjer seg i glede utan ei skråme korkje på kropp eller sjel.
Så nå ser eg fram til ei frodig agurktid...


mandag 4. juni 2012

CHIKKELAKKE,CHIKKELAKKE!!

Eg hadde tinga vekking klokka 04.30 den 17. mai 1962. Me skulle ut å vekke gymnaslærarane på Haugesund Kommunale Høgre Almennskole. Eg var russ.
Det piska regn på ruta då eg stod opp. Hadde eg ikkje hatt avtale med far min om å låna Folkevognkassen til byen, trur eg turen hadde gått attende til senga. Men eg kom meg ut, og starta på innsamlingsturen rundt i byen. Det var plass til mange i Folkevognbussen. Ein heil gjeng vart samla opp frå eit telt oppslått på gymnasplenen. Dei hadde overnatta der, og var blaute i klærne og fuktige i hovudet. 
Laurdag den 2. juni 2012 traff eg gjengen igjen. 25 år etter 25års jubileet, vart det eit rendezvous som også blei ein test på reduksjonen av mine kognitive funksjonar. "Eg er Jon," sa ein tilårskommen gubbe som eg kunne sverga på aldri å ha sett før. "Javel, Gunnar her," sa eg. Men så lett slapp eg ikkje unna. Fyren ville vita om eg hugsa han, og kva etternamnet hans var. For i 1962 kalla vi alle kvarandre berre med etternamn. Eg skjøna snart at skulle eg komme ut av dette med litt ære i behald, måtte eg skaffa meg den same jukselappen som alle andre bar på i smug. Ei klasseliste frå gamle dagar.
Russestyret hadde hatt fleire møte, og opplegget var strålande. Klokka 12 på Bakarøynå med omvisning og sildabord hos Kyvik. Eg lurte fram ein boks Hansa, sidan opplegget var slik at dei som ønskte det, måtte ha drikke med. "Har du ikkje anna enn øl med," vart eg spurd. Professoren i Nordisk på eine sida av meg, og kirurgen som framleis skar i folk på Rikshospitalet, flirde og rista på hovudet. "Til sild må ein ha akevitt," sa kirurgen. "Ja og Brennivin," sa den nordiske. "Då treng eg jo 2 snapsglas," sa eg. Og det fekk eg.
Klokka 16 var eg i seng på hotellet. Gamle folk treng kvile midt på dagen. 
I 1962 hadde vi den såkalla Grisefesten på Odd Fellow i Hagesund. Der skulle og jubileumsmiddagen serverast. Eg stilte frisk og opplagt til bordsetet, med nypugga deltakarliste inni hovudet, og brylkrem på utsida. Nå gjaldt det å plassera seg strategisk, og unngå ekstremitetane.
Eg var heldig i så måte. Dessutan tiltok kjensla av godhug og velvilje for einannan etter som  timane minka. Me starta med Gaudeamus Igitur og endte med chikkelakke. Då svinga folk spaserstavane sine like heftig som russestavane suste omkapp i 1962. Professoren snakka gammalnorsk, og kirurgen dissikerte ei gammal vennine. 
Ei inspirerande attføding til eit nytt jordeliv. Slik kjendes det. Men det var på laurdag...


PS: Fleire kunne ikkje få gitt hotellet nok godord. Særleg sørvisen var framifrå, ettersom fleire våkna om morgonen påkledd og klar, om enn ubarbert...

torsdag 24. mai 2012

På flyplassen

I Boston ligg flyplassen nesten inne i sentrum, iallfall berre 10 minutt derifrå. Og då meiner eg med bil, slik alle amerikanarar meiner når ein spør dei om kor langt vekke ting ligg. "Five minutes up the hill", sa dei  meg i Marlborough, då eg spurde kor langt det var til polet. Det vart ein heisen gåtur med tung last den kvelden.
Eg er tidleg på flyplassen. 3,5 timar før avgang. Umogleg å vite korleis trafikken er ut hit, særleg når eg har bussa frå Salem idag. Trafikken var heftig, men me rulla nokolunde jamnt. Når me nådde flyplassen, hadde bussen trilla ialt 2900 km på desse 14 dagane. Det har gitt meg ei flat rumpe og ein rund mage. Eg må nok legga meg i trening når eg kjem heim, om eg skal få opparbeid sprettrumpa mi igjen. Det er jo det som er inn nå, har eg skjøna.
Gaten til Icelandair er stengd, sikkert i fleire timar ennå. Mannfolka sit og sløvar på benkene, men kvinnene vandrar. Kvilelaust omkring fer dei frå dutyfree til dutyfree. Dei som ikkje har dollar att, ransakar mannen sine lommar. "Kor har du pengane", spør ho. "Nei sei det", seier han. "Finn dei fram", seier ho. "Utan penger er du ingenting verd". Han gir opp, og gir frå seg både pengar og kort.
Icelandair flyg meg til Bergen via Reykjavik. Dei gir meg lov til å sjekka inn to koffertar a 23 kg pr person + 10 kg i håndbagasjen. Dette gir dei det konkurransefortrinnet dei treng, for å klara seg greitt i desse harde tider i lufta. Og så slepp dei ut ei askesky innimellom, noko som set mange konkurrentar på bakken. Men dei er knipne med maten og drykken. Alt må betalast for, noko eg ikkje er van med på andre interkontinentale ruter drivne av andre selskap. Men slik er det vel på Island. Smått med mat og drykk på det forblåste landet.
Det er ei nattflyging eg skal på. Startar kl 21.30 lokal tid og landar i Bergen 12.30 i morgon norsk tid. Då er den biologiske klokka mi, som har stilt seg inn etter amerikansk tid, berre 06.30. Så det blir ein lang torsdag. Eg kallar han langtorsdagen mai 2012. Eg er jo heller ikkje heime når eg kjem til Bergen. Då har eg mest som ei amerikareise att, før eg rekk Husnes.
Trøysta får vera at reisetida for dei fyrste emigrantane som kom med "Mayflower" i 1620, var nokre månader lenger. Så det har jo blitt betre med åra.

tirsdag 22. mai 2012

Ein grå dag i ein liten stat i USA

New Port er ein kystby ved Altlanteren. Den ligg i den minste staten i USA, Rhode Island. Her er det fisk som gjeld. Før var det også kvalfangst og produksjon av kvaloje. Dette er det slutt på nå. Ein har funne anna olje.
I New Port er det kaksane som har sine sommarbustader. Dei kallar det hyttene sine, men dei fleste konkurrerer med Harald sin kåk på Karl Johan. Men storhetstida her var nok på midten av 1800-talet. Mange formuer er smuldra vekk nå. Me var innom eit herskapshus for å hjelpa dei litt med pengar til vedlikehaldet. Det syns dei var fine greier.
Kva lever folk av i Norway, blir eg ofte spurd om,  spesielt ved bardiskane. We are moving money, seier eg. Og  så driv me litt med laks og olje. Norway, the promised land, seier dei, og bartenderen skjenkjer meg eit nytt glas. Han har fått auge på Norwegian kortet mitt.
Kennedy og Jaquelin vart gifte her i Mariakyrkja i New Port. Det syns alle på bussen var stas å få sjå, og der gjekk eit sukk mellom benkeradene då bussen senka farten utanfor kyrkja. Ta bilete her, sa guiden. Og me knipsa. Men eg fekk berre med meg regndråpane som rann ned langs bussvindauga. Ei sørgjeleg hending.
Nå er det heim til hotellet. Det skal pakkast i kveld for i morgon dreg vi heim. Litt sørgjeleg det og. For det har vore mange flotte stunder her.

Hummar på Cape Cod

Bob Dyland på høgtalaren i bussen. The times they are a-changin. Eg syng med av full hals. For den kan eg.
Cape Cod og båttur. Hummar middag. Smikke. Kvinnekelneren instruerer og flørtar. Eg let meg instruere. Kvitvin. Chardonnay. Kombinasjonen tek pusten frå meg. Eg livnar opp til eit nytt liv.
Eg såg alle indianarane i dag. Dei inviterte meg inn i hyttene sine. Where do you eat, where do you sleep, where do you work, spurde eg kvinnene. Right her, sa dei. Where do you fuck, spurde eg. Non of your buisness, sa dei.
J.F.K og heile familien hans har feriehusa sine her på Cape Cod. Eg tok ein båttur ut dit. Look and look, sa skipperen. Fantastic, sa eg. You must be proud, sa eg og. We are, sa han.
Eg tigga 17 lobstersmikker med meg frå hummarrestauranten når eg gjekk. Familyreunion, sa eg.
Så nå er eg budd for familietreffet på Husnes i juni. Berre hummaren gjenstår. Eg vonar nokon fiksar de. Kona har lova å sørga for kvitvinen,
Så det ordnar seg...

lørdag 19. mai 2012

Facing North

Me køyrer inn i Connecticut. Er på veg mot Boston. Godt å få slappa litt av i bussen idag. Gårsdagen baud på mykje farting og mykje folk. Først båtturen ut til Frihetsgudinna og til Ellis Island. Dette var øya der nordmenn og andre emmigrantar blei landsatt for godkjenning, før dei slapp inn i landet. Frå rundt 1890 og like til 1954 foregjekk dette. Nokre blei heimattsendt, men rundt 95% slapp inn. Slik er det ikkje idag, korkje her eller der. Alle dei hundrevis av tusen nordmen som kom hit under emmigrasjonstida, tappa det norske samfunnet for mykje bra folk.
Å vera av norsk avstamming i USA, er stas. Norske turistar er også kjekt for amerikanarane å helsa på og heia til. På 17. mai var det enkelt på restaurantar å bli påspandert, om ein bar dei norske fargane.
Kona og eg tråla Times Square og Fifth Avenu i går. Me var ikkje aleine. Me var i Kina i november. Der var fleire folk. Men der var dei kineserar. I New York er det alle mulige typar folkeslag. Alt frå lndianarane som heng øvst i skyskraparane på byggearbeid eller vindusvask, til dei som ligg lågast i rennesteinen gjerne frå Sør Amerika eller Afrika.Men det er ikkje dei som dominerer bybilete. Det gjer dei som trippar gatelangs for å sjå og ikkje minst for å bli sett.
Etter 3 travle dagar i New York dreg me altså mot nord. Eg gleder meg til å sjå Boston igjen. Eg jobba der i to periodar rundt 1970. Kjernefysikk på MIT var noko av det gjevaste ein kunne driva med på den tida. Iallfall for meg. Nå er eg pensjonist og syns det er gjevt. Alt har si tid.