Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 11. oktober 2025

Italia – der sjela dansar og sola sjeldan seier nei

Har du nokon gong pakka kofferten, sagt farvel til kvardagen og berre teke av? Eg meiner, verkeleg teke av – vekk frå alt som heiter plikter og rutiner.
Vel, det var det eg gjorde. Eg og mi gode venninne sette snuten mot solfylte Italia, langt vekk frå Husnes og eit liv i Amy sitt jerngrep. Amy fekk regjere fritt på dei nordlege breiddegradene medan me myste mot sola i Tolfa – ein fjellby som ligg dobbelt så høgt over havet som Kaldestadåsen. Og då meiner eg over Tyrrenhavet, ikkje over Husnesfjorden.

Flyet vårt, stolt merka Norwegian, landa mjukt på Fiumicino – eller Leonardo da Vinci, om du vil.


Ein framifrå plass å ta touchdown. Berre tre timar etter take-off frå Flesland, for å halde meg til piloten sitt vokabular. Så bar det rett ut av flyet og inn i den italienske kollektivtrafikken: to togreiser, ein til Trastevere og ein vidare til Civitavecchia. Det kan høyrest stressande ut, men det er eigentleg ei reise i seg sjølv – der du møter folk, ser landskapet skifte karakter, og kjenner spenninga stige for kvar meter du nærmar deg målet.

På stasjonen i Civitavecchia stod Lisa og Helge – våre gode vener frå Bergen og Tolfa. Korleis dei hamna der nede, er ei anna historie. Men for ein stad dei fann! Dei henta oss i ein velbrukt Fiat, ein skikkeleg klassikar, som frakta oss like oppunder Roccaen.


Denne majestetiske borga ligg på vulkanske bergartar, og ikkje langt unna kan ein bade i varme, mineralrike kjelder. Våre vener hadde lagt opp eit tett program, men det var fylt med alt det beste Italia kan by på: etruskiske borger, herlege strender, venlege menneske og himmelske måltid – både høgt oppe i borgene og nede ved sjøen. Helge og Lisa, som også har skrive bøker om kommunane mellom Roma og Toscana, var ikkje berre guider – dei var levande leksikon. Ein framifrå måte å oppleve eit land på.

Ein ting som overraska meg, var kor mange nordmenn som har funne vegen til Tolfa. 

Den norsk-italienske klubben i Tolfa er eit levande miljø av nordmenn og italienarar som har funne kvarandre i denne vakre fjellbyen. Klubben samlar både fastbuande og tilreisande nordmenn som har tilknyting til Tolfa, og fungerer som ein møteplass for kulturutveksling, språk, musikk, litteratur og – sjølvsagt – god mat og vin.

I samarbeid med lokale krefter arrangerer dei gjerne festar i det gamle klosteret, konsertar, foredrag, forfattarmøte og andre kulturelle samlingar der både norske og italienske tradisjonar får plass. Her kan du høyre Grieg og Bellini, eller smake fårikål ved sida av pasta med trøfler.


Mange av medlemmene kjem frå akademiske og kunstnarlege miljø i Noreg, og klubben har etter kvart
fått eit rykte som ein liten kulturbase for nordmenn i Lazio. Den er open og inkluderande, og gjer sitt til at Tolfa har fått ein heilt spesiell norsk-italiensk tone – ei blanding av fjellro og livsglede, raudvin og raudstrupe. Vi var med på ein fest der, som ikkje skal bli lett å gløyma. 

Edvard Vogt som var ein norsk, katolsk prest spela ei avgjerande rolle i omdanninga av det tidlegare nonneklosteret San Giuseppe i Tolfa til eit norsk-italienskt studiesenter. Han blei kjend for sitt arbeid med å avdekke politivold i Bergen på 1970- og 1980-talet. Han blei nærmast landsforvist frå Bergen av Bergens Tidende. I 1995 tok han initiativ til å etablere Centro Studi Italo-Norvegese a Tolfa, eit kulturelt og akademisk senter som fremjar samarbeid og kulturutveksling mellom Noreg og Italia.

Vogt samla ei gruppe menneske og organiserte kjøpet av det tidlegare klosteret, med hjelp frå lokale nøkkelpersonar. Senteret blei etablert som ei medlemsdreven forening med mål om å styrkje norsk og italiensk kulturutvikling. I dag fungerer det som eit levande knutepunkt for samarbeid, kulturutveksling, opplevingar og sosialt samvær.

Vi budde i eit hus som låg oppå den gamle bymuren i Tolfa. Det var eigd av ein professor emeritus i keltisk språk og litteratur ved UiO, og han blei ein god nabo. Han inviterte til kveldstreff med inkluderande,  filosofiske samtalar omkring religionar, om livet og om døden. Med raudvin i glaset og ein kongepuddel,  kalla Børre, ved sine  føter. Han var også  katolikk og poet. Slikt blir det mange refleksjonar og meiningsutvekslingar av.  Han blei også vår sjåfør til flyplassen på heimreisa – noko som i seg sjølv var eit lite eventyr.

Det vart tøffe espressoar på piazzaen, og rikeleg med raudvin frå bondens eigen vinkjellar. Livet smakte rett og slett annleis enn i Heiamyro.
Tolfa, som ligg i Lazio-regionen, byr på utsyn over dalar og åsar med olivenlundar og skog – berre eit steinkast frå Toscana. Ein kan ikkje anna enn å la seg forføra av landskapet.

Før me drog heimatt, vart det mykje kyss, klapp og klem. Eg fekk med meg heimelaga laurbærbladlikør av Lisa – den skal eg nyte på altanen på Husnes ein vakker dag, medan eg drøymer meg tilbake til Tolfa, den vesle fjellbyen som gav så mykje.

For det er noko med å reise vekk. Når du kjem heim att, ser du alt med nye auge – menneska, naturen, kvardagen. Kanskje er det difor me reiser, eigentleg: for å finne tilbake til oss sjølve, midt mellom fjell, olivenlundar og latteren frå gode vener.hits

mandag 8. september 2025

Når Bergen byr opp til frotsing

hitsKven har sagt at frotsing berre handlar om å gå amok i godterihylla? Joda, eg kan gladleg innrømme at både Troika og Royal har ein høg og heilag plass i livet mitt – men det er så mykje meir å ta av. Ein kan frotse i kultur, der teater og konsertar fyller meg heilt opp. Ein kan frotse i natur, med fjell, fjordar og måneformørkingar – når dei stundom dukkar opp. Og ein kan frotse i kaffi, gjerne i godt selskap, der praten går like lett som kaffien. For meg handlar frotsing om å nyte litt meir enn nødvendig, utan å bry seg om dårleg samvit.

Eg trur livet er til for å nytast – ikkje berre med ispinnar og sjokolade, men i alle dei små og store opplevingane. Og i Bergen finst det alltid noko å ta av!

Bergen er stolt av seg sjølv – og det med rette. Bergenserane er flinke til å juble for kvarandre, både på
scenen og i salen. Den gode stemninga kjenner du fort, til dømes på Forum Scene med “Ei natt  forbi” med Eggum stemning. 
DNS er under oppussing, så teateret har flytta ut i byen. Eg møtte dei på Dikkedokken, i den gamle Kjødehallen, der skip ein gong blei til. Denne gongen blei det teater – og eg sjølv
fekk debutere med to replikkar! Tøffe greier.


Etter teaterdebuten bar det vidare til Sotra, der eg besøkte bror min og svigerinna mi. Ny frotsing, eplekake, herlig krutkaffi og solskin.
Eg prøvde fiskelykka om kvelden, men fiskane hadde heilt andre planar. Eg venta også på den store “bloody moon” formørkinga – men ante berre ein heilt ordinær, grå skive på himmelen. Bak skyene. Pittelitt antiklimaks!
Men eg let meg ikkje knekke. Det blei kaffi og sjokoladekake med ein kristleg fetter av mi gode venninne. Og mens vi sat der over koppane, fekk eg høyre at han skulle ordne meg plass i himmelen – så lenge eg skikka meg vel. Alternativet snakka vi ikkje så mykje om.

Så der har du det: ein langweekend med teater, fisking , grå måne og himmelsk kaffi. Eg kallar det frotsing i Bergen – og det smakte godt.

tirsdag 2. september 2025

Middagslur mot stemmerett

Det er valkamp. Å ja, eg merkar kampen både i sosiale og usosiale media. Men TV, podcaster og mobil kan eg jo skru av og på etter eige ønskje.Postkassa derimot er ikkje så enkel å ha med å gjera. Eg har limt på lappen eg fekk på posthuset: «Nei takk til uadressert reklame», seier den. Likevel blir blåe brosjyrar pressa inn som ubudne gjestar, skulle tru partia har fått frikort frå både folkeskikk og samtykkelappar. Kan ein verkeleg stemme på eit parti som ikkje klarer å lese/gir blaffen i ein slik klistrelapp? Eg vurderer å skru ned postkassa eller eller i det minste klemme sprekken igjen til valet er over.


No i sommar fekk vi samtykkelova. Ho handlar om noko heilt anna, men prinsippet er enkelt: ingen skal oppleve noko ufrivillig. Når eg set «Nei-takk»-lapp på postkassa, så tyder det at ikkje  noko slikt skal inn i den sprekken. Det er eigentleg ein forsiktig versjon av samtykkelova i praksis. Eg seier pent «takk, men nei takk». I senga held det med ein munnleg versjon, meiner lovsmedane. I postkassa verkar ingenting. Her blir brosjyrar stappa inn – politiske trojanske hestar, forkledde som «informasjon».

Og så dørklokka. Midt i middagsluren! To raudkledde står der, smilande og glade, og vil minne meg på å stemme. Jau takk, men eg er berre 82 – ikkje dement. Eg veit kor vallokalet ligg, og eg kan sjekke kalenderen sjølv. Eg klarer heilt fint å finne ut av det utan å vekkast frå middagsluren. Nokre dagar vurderer eg å demontere dørklokka for å handsame ubodne ringjingar.

Slik går kampen om makta i år, slik som i alle år: med nebb og klør, med dørbjeller og reklameinnstikk. Sperregrensa på 4 %? Jau då. Men kva med moralgrensa på 0 %? Den har visst fått dipensasjon.

Eg har alt førehandsstemt. Mest for å få fred, trudde eg. Men også for å kunne lene meg tilbake og nyte showet. Det kjennest som takeaway-demokrati: levert på førehand, utan kø, og med ekstra dipp av stillheit.

Likevel er det noko fint med alt maset òg. At folk faktisk bryr seg, at partia kjempar for kvar røyst, og at vi lever i eit land der dørklokka ringjer fordi nokon vil minne deg om retten til å delta. Dei kunne kanskje latt meg sove, men dei vil i det minste at eg skal vere vaken i stemmelokalet. “Eg har stemt”, seier eg. “Fint, og ha ein god dag”, seier dei.

Så sjølv om eg murrar, smiler eg litt òg. Demokrati handlar ikkje berre om å styra landet – det handlar om å vera med å bestemma. Og det er eigentleg verdt både ei postkasse med plagsame brosjyrar,  og ei uvøren dørbjelle. Sjølv middagsluren får ofrast for stemmeretten – men berre annakvart år.

hits

søndag 24. august 2025

Når tastaturet blir belønna med eit kyss

hits
Denne veka har eg vore i tøff kamp mot både Altinn og Brønnøysundregistrene. Eg seier ikkje at eg er ein helt, men det føltest som å gå tre rundar i bokseringen mot ein tungvektsmeister i byråkrati. Eg la under meg den eine sakshandsamaren etter den andre – som dominobrikker fall dei, ein etter ein.

Men det verkeleg store oppgjeret kom då sjølvaste seksjonsleiaren entra ringen. Ho såg på meg over brillene, eg såg tilbake med mitt einøgde stålsyn, og så sette eg inn den avgjerande uppercutten. Etter den sa ho «Vi må vedgå at du har rett, og vi har gjordt feil"

Hurra! ropte eg til PC-en min, og i eit anfall av kjensler kysste eg tastaturet med tungeberøring midt på G-tasten. Eg kom ut av det levande, og med sigeren trygt i lomma. Ja, nesten som å springe maraton med bind for augo og likevel klare å krysse målstreken .

Og kva skjer når ein mann har seira over skjema, sakshandsamarar og digitale junglar? Jau – då dukkar sonen min Roar opp, ikkje med gull og røkelse, men med ein pose raudvin frå Polet. Dermed fekk vi feira siger’n på verdig vis: med glaset i handa, beina på bordet, og byråkratiet liggjande i kne.

Neste veke ventar fleire tak. Det er meldt møter på rad og rekke, og eg veit at nokre av dei kan vere like utfordrande som å finne ein ledig parkeringsplass i Bergen sentrum på ein regnfull dag i oktober. Men eg kjenner på ein slags indre ro – for når ein mann først har vunne ein duell mot sjølvaste Brønnøysundregistrene, då er sjølv kommunale møte berre som å klappe ein katt som ligg på fanget mitt og maler.

Så eg går hausten i møte med shorts på altanen, medan vepsen surrar svolten rundt føtene mine, og noravinden får legghåra til å flagre. «Tøffe gutar likar dette livet,» seier eg til meg sjølv, og smiler over at eg held koken i møte med byråkratiet. Med eit lite glas raudt ved sidan av veit eg at sta folk alltid vinn til slutt – og at ein god dose humor gjer hausten mykje varmare.

tirsdag 12. august 2025

London leverer

              
Eg traff Churchill i The House of Commons. Han såg både myndig og røykesjuk ut, og eg mistenkjer at han hadde whiskyen trygt plassert i indrelomma. 
                                                                                         
På andre sida av rommet stod Maggi – eller “Jarnkvinna” som nokon kalla Margaret Thatcher for.  Begge to, kvar på sitt vis, dominerande representantar i si tid.

Eg og Magnhild (også kalla Maggi på hi sida av Nordsjøen) var i Metropolen ei lita veke og fekk anda inn atmosfæren nå rundt 5 år  etter Brexit. Britane slit nå, og for oss turistar blir det litt ekstra styr for å koma inn og ut av dette landet som har gjort seg endå meir utanfor enn gamlelandet vårt. Dei har ikkje brekt ryggen på Brexit, men ligg kanskje med nokre kramper i muskulaturen nedanfor kneet. Likevel står dei framleis oppreist – om enn i kneståande.

Vi budde i Bayswater, eit godt utgangspunkt for både t-bane, park og pub. Stampuben vår vart Victoria Pub – utan fotballskjermar og anna irrelevant støy – eit sjeldan funn i London.  

Nokre pubar eksiterar som før, medan andre ikkje er å finna, sjølv i heilt edru tilstand. Borgar og slott overlever ved å sleppe inn turistar for høge summar – summar som må gongast opp med nesten 14 før prisen i norske kroner gjev deg bakoversveis.

Vi åt både sakralt og nasjonalt – i St. Paul’s og i National Gallery. Mat som sikkert var både velsigna, nasjonalromantisert og multiprosisert.

Det vart lunch på Themsen og neglebiting i svevebanen over same elva – ei elv som glinsar i brun maisenna, med eit lite sus av at ho har opplevd meir enn ho fortel. 










Vi meska oss med grøn suppe i Covent Garden medan dansande musikarar spela Vivaldi, og ein operasongar framførte Pavarotti med ei bassrøyst så flott at Magnhild ville invitera han med i Loddefjordkoret, og ha han med på korseminar. 
Og så var det konserten, då. Obligatorisk for alle nordmenn i London.
Denne gongen vart det Starlight Express med musikk av Andrew Lloyd Webber – i Wembley Theatre, like ved tennisarenaen. Eit imponerande sceneshow der alle skodespelarane suste rundt på rulleskøyter i timesvis, i eit tempo og eit lydnivå som gjorde at Magnhild fekk øyrevoks på fingertuppane.
National Railways og The Tube fekk sin solide del av reisekassa. Utstyret i undergrunnen er i det store og heile gamalt – men gamalt skal ein ikkje kimse av. Det fungerer ofte.

Å sitje sidevegs i vogna og late som ein ikkje ser på dei tvers over, er krevjande. Men slik gjer ein det i London. Det er good behavior.
Særleg viktig er dette om du seint på kvelden plutseleg oppdagar at du sit åleine i vogna saman med ein skikkelse under mørk hette, med jernpiggar rundt handledda og ring i både nase og lepper. Då ser du ned, sit musestille og pustar fort – men lydlaust.

Det vart ei veke som tok pusten frå oss på mange slags vis. Kanskje var høgdepunktet siste dagen, då vi eigentleg berre skulle slentre rundt for å få tida til å gå før flyet gjekk: Covent Garden gav opplevingar for både gane, øyre og auge.

Og så kjøpte Magnhild is til meg – på Embankment.  Bare lekkert.

Slik endte vi opp, siste dagen i London, med kvar vår is, utan bråk, men med akkurat passe mykje engelsk sjel. Churchill stod framleis rakrygga i minnet, Jarnkvinna like skarp i blikket. 

Brexit eller ikkje – London held stand. Byen har si eiga evne til å blande det storslagne med det litt skranglete, akkurat som ein pubstol som har sett betre dagar, men som du ikkje vil bytte ut for alt i verda. 

Så vi drog heim att med hovudet fullt av lydar og lukter, og hjarta fullt av alt det som gjer at London aldri er feil.












søndag 3. august 2025

På sporet av Winston

Eg pakkar kofferten med pass, mobiltelefon – og ein liten porsjon frekk optimisme. Målet for turen er London, men eg har eigentleg større planarar enn berre å sjå Big Ben. Eg håpar å møta Winston Churchill. Eller, om ikkje han har tid, kanskje sjefen hans.



Henrik den åttande reknar eg ikkje med å treffa. Han er vel allereie oppteken med å bytta koner eller posera for nokre overbetalte malarar. Men eg kunne gjerne invitert han til ei lita pratestund i Drivhuset her heime. Litt té, kanskje – men for Winston må eg sjølvsagt finna fram whiskyen.

Eg har byrja og førebu meg grundig. I tilfelle eg faktisk møter Churchill, har eg øvd meg på å seia «We shall fight on the beaches» utan å høyrest ut som eg har fått ein peanøtt på  i halsen. Eg vurderer også å kjøpa meg ein liten bowlerhatt – men er redd eg berre kjem til å sjå ut som ein bortkomen turist som har gått feil og hamna i eit kostymelag.

Pakkinga går føre seg etter prinsippet «alt kan koma til nytte». Det betyr at kofferten allereie inneheld ein regnfrakk (obligatorisk i London), eit par komfortable sko (for å springa etter dobbeltdekkarbussar), og ei notatblokk – til å skriva ned alt som skjer i tilfelle eg endar opp på pub med Boris Johnson.

Eg har også sett av tid til ein tur i svevebanen over Themsen. Derifrå har eg tenkt å speida etter Winston. Kanskje ser han meg og tek til seg Franklin D. Roosevelt sine ord frå 16. september 1942: “If there is anyone who still wonders why this war is being fought... let him look to Norway.” Eg trur han ville gjort desse orda til sine eigne – berre fordi han ser denne sta nordmannen med bowlerhatt som står der og vinkar.

Og sidan eg først er i London, kunne eg tusla innom Abbey Road og nynna på Beatles sitt Here Comes the Sun, som George Harrison skreiv på våren 1969 i Eric Claptons hage etter ei lang vinter med bandproblem og tidleg vårsol.

Men det er ikkje alt: Der, midt på fortauet, går eg – Gunnar – hand i hand med sjølvaste Vera Lynn, og ropar ut som sjølvaste A-ha: Take on Me. Ho svarar med We`ll meet again mens ho forsvinn bak Brick Wall i Abbey Road.

 Det blir ein tur med både høge ambisjonar og låge odds. Men om eg ikkje møter Churchill, sjefen hans eller Henrik den åttande, så har eg alltid Drivhuset. Der kan eg servera té og visa fram kvinnfolk for Henrik VIII, whisky til Winston – og ein god dose småprat til kven som helst som måtte finna vegen inn. Skulle Winston forvilla seg til mitt nabolag ein dag, trur eg han ville lika seg. Og om ikkje, ja… då får eg berre drikka opp whiskyen sjølv og setja glasa trygt tilbake i skapet. Dei kan venta til neste gong London kjem til meg.hits

onsdag 30. juli 2025

Kvitvin og etterklang

Eg sit åleine på altanen. Glaset med kvitvin står halvfullt – eller halvtomt, alt etter dagsform og filosofisk innstilling – og lufta har ein sånn ro som kjem når huset har vore fullt av liv, og plutseleg ikkje er det lenger.

For berre ei stund sidan var her latter og lått. Eg har hatt besøk av jentene mine – dotter og barnebarn, fleire generasjonar med livsglede, tydelege meiningar og varme smil. Eg seier jentene mine med eit visst alvor. For sjølv om eg ikkje eig dei, så bur dei i hjartet mitt på ein måte som berre dei kan.

Slikt gjer noko med ein. Det var ikkje store programmet – litt prat, litt mat, ein is som nesten smeltar i juli- varmen her på altanen i Seniorsenteret.  Men det var ekte. Og det gjer meg mildt oppløfta. Dei unge pustar liv i gamle minner. Iblant tenkjer eg: "Eg var jo slik eg òg – ein gong."

Eg hugsar den tida då eg sprang, bar, planla såg framover med ein sjølvsagt idé om at alt låg føre meg. No ser eg mest attende. Men det er ikkje berre vemod i det – det er òg glede. Eg har noko å sjå tilbake på. Det har vore levd, alt dette.

Ingen spør meg lenger om kvifor håret mitt er kvitt. Det er ingen mysterium. Det kjem av vêr, vind, gener, erfaring – og litt ungar, for å vere ærleg. Det kjem av å ha elska og mista, ledd og levd, og stått i storm utan å gå heilt skeiv.

Når dei har gått, dei yngre og dei større, og det blir stilt i huset att, kjem det ein slags etterklang. Eg kallar det ikkje einsemd – det er meir som ein stille ettersmak av noko godt. Eg treng det. Eg smattar på minna som ein god vin, og tenkjer at det er godt å vere den som får besøk. Og endå betre: den som blir hugsa.

Eg reiser meg etter kvart. Glaset er tomt no. Eg vaskar ikkje opp med det same – det får stå som eit vitne om at livet var innom, også i dag.hits