Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 12. august 2025

London leverer

              
Eg traff Churchill i The House of Commons. Han såg både myndig og røykesjuk ut, og eg mistenkjer at han hadde whiskyen trygt plassert i indrelomma. 
                                                                                         
På andre sida av rommet stod Maggi – eller “Jarnkvinna” som nokon kalla Margaret Thatcher for.  Begge to, kvar på sitt vis, dominerande representantar i si tid.

Eg og Magnhild (også kalla Maggi på hi sida av Nordsjøen) var i Metropolen ei lita veke og fekk anda inn atmosfæren nå rundt 5 år  etter Brexit. Britane slit nå, og for oss turistar blir det litt ekstra styr for å koma inn og ut av dette landet som har gjort seg endå meir utanfor enn gamlelandet vårt. Dei har ikkje brekt ryggen på Brexit, men ligg kanskje med nokre kramper i muskulaturen nedanfor kneet. Likevel står dei framleis oppreist – om enn i kneståande.

Vi budde i Bayswater, eit godt utgangspunkt for både t-bane, park og pub. Stampuben vår vart Victoria Pub – utan fotballskjermar og anna irrelevant støy – eit sjeldan funn i London.  

Nokre pubar eksiterar som før, medan andre ikkje er å finna, sjølv i heilt edru tilstand. Borgar og slott overlever ved å sleppe inn turistar for høge summar – summar som må gongast opp med nesten 14 før prisen i norske kroner gjev deg bakoversveis.

Vi åt både sakralt og nasjonalt – i St. Paul’s og i National Gallery. Mat som sikkert var både velsigna, nasjonalromantisert og multiprosisert.

Det vart lunch på Themsen og neglebiting i svevebanen over same elva – ei elv som glinsar i brun maisenna, med eit lite sus av at ho har opplevd meir enn ho fortel. 










Vi meska oss med grøn suppe i Covent Garden medan dansande musikarar spela Vivaldi, og ein operasongar framførte Pavarotti med ei bassrøyst så flott at Magnhild ville invitera han med i Loddefjordkoret, og ha han med på korseminar. 
Og så var det konserten, då. Obligatorisk for alle nordmenn i London.
Denne gongen vart det Starlight Express med musikk av Andrew Lloyd Webber – i Wembley Theatre, like ved tennisarenaen. Eit imponerande sceneshow der alle skodespelarane suste rundt på rulleskøyter i timesvis, i eit tempo og eit lydnivå som gjorde at Magnhild fekk øyrevoks på fingertuppane.
National Railways og The Tube fekk sin solide del av reisekassa. Utstyret i undergrunnen er i det store og heile gamalt – men gamalt skal ein ikkje kimse av. Det fungerer ofte.

Å sitje sidevegs i vogna og late som ein ikkje ser på dei tvers over, er krevjande. Men slik gjer ein det i London. Det er good behavior.
Særleg viktig er dette om du seint på kvelden plutseleg oppdagar at du sit åleine i vogna saman med ein skikkelse under mørk hette, med jernpiggar rundt handledda og ring i både nase og lepper. Då ser du ned, sit musestille og pustar fort – men lydlaust.

Det vart ei veke som tok pusten frå oss på mange slags vis. Kanskje var høgdepunktet siste dagen, då vi eigentleg berre skulle slentre rundt for å få tida til å gå før flyet gjekk: Covent Garden gav opplevingar for både gane, øyre og auge.

Og så kjøpte Magnhild is til meg – på Embankment.  Bare lekkert.

Slik endte vi opp, siste dagen i London, med kvar vår is, utan bråk, men med akkurat passe mykje engelsk sjel. Churchill stod framleis rakrygga i minnet, Jarnkvinna like skarp i blikket. 

Brexit eller ikkje – London held stand. Byen har si eiga evne til å blande det storslagne med det litt skranglete, akkurat som ein pubstol som har sett betre dagar, men som du ikkje vil bytte ut for alt i verda. 

Så vi drog heim att med hovudet fullt av lydar og lukter, og hjarta fullt av alt det som gjer at London aldri er feil.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar