Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 8. september 2025

Når Bergen byr opp til frotsing

hitsKven har sagt at frotsing berre handlar om å gå amok i godterihylla? Joda, eg kan gladleg innrømme at både Troika og Royal har ein høg og heilag plass i livet mitt – men det er så mykje meir å ta av. Ein kan frotse i kultur, der teater og konsertar fyller meg heilt opp. Ein kan frotse i natur, med fjell, fjordar og måneformørkingar – når dei stundom dukkar opp. Og ein kan frotse i kaffi, gjerne i godt selskap, der praten går like lett som kaffien. For meg handlar frotsing om å nyte litt meir enn nødvendig, utan å bry seg om dårleg samvit.

Eg trur livet er til for å nytast – ikkje berre med ispinnar og sjokolade, men i alle dei små og store opplevingane. Og i Bergen finst det alltid noko å ta av!

Bergen er stolt av seg sjølv – og det med rette. Bergenserane er flinke til å juble for kvarandre, både på
scenen og i salen. Den gode stemninga kjenner du fort, til dømes på Forum Scene med “Ei natt  forbi” med Eggum stemning. 
DNS er under oppussing, så teateret har flytta ut i byen. Eg møtte dei på Dikkedokken, i den gamle Kjødehallen, der skip ein gong blei til. Denne gongen blei det teater – og eg sjølv
fekk debutere med to replikkar! Tøffe greier.


Etter teaterdebuten bar det vidare til Sotra, der eg besøkte bror min og svigerinna mi. Ny frotsing, eplekake, herlig krutkaffi og solskin.
Eg prøvde fiskelykka om kvelden, men fiskane hadde heilt andre planar. Eg venta også på den store “bloody moon” formørkinga – men ante berre ein heilt ordinær, grå skive på himmelen. Bak skyene. Pittelitt antiklimaks!
Men eg let meg ikkje knekke. Det blei kaffi og sjokoladekake med ein kristleg fetter av mi gode venninne. Og mens vi sat der over koppane, fekk eg høyre at han skulle ordne meg plass i himmelen – så lenge eg skikka meg vel. Alternativet snakka vi ikkje så mykje om.

Så der har du det: ein langweekend med teater, fisking , grå måne og himmelsk kaffi. Eg kallar det frotsing i Bergen – og det smakte godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar