Har du nokon gong pakka kofferten, sagt farvel til kvardagen og berre teke av? Eg meiner, verkeleg teke av – vekk frå alt som heiter plikter og rutiner.
Vel, det var det eg gjorde. Eg og mi gode venninne sette snuten mot solfylte Italia, langt vekk frå Husnes og eit liv i Amy sitt jerngrep. Amy fekk regjere fritt på dei nordlege breiddegradene medan me myste mot sola i Tolfa – ein fjellby som ligg dobbelt så høgt over havet som Kaldestadåsen. Og då meiner eg over Tyrrenhavet, ikkje over Husnesfjorden.
Flyet vårt, stolt merka Norwegian, landa mjukt på Fiumicino – eller Leonardo da Vinci, om du vil.
Ein framifrå plass å ta touchdown. Berre tre timar etter take-off frå Flesland, for å halde meg til piloten sitt vokabular. Så bar det rett ut av flyet og inn i den italienske kollektivtrafikken: to togreiser, ein til Trastevere og ein vidare til Civitavecchia. Det kan høyrest stressande ut, men det er eigentleg ei reise i seg sjølv – der du møter folk, ser landskapet skifte karakter, og kjenner spenninga stige for kvar meter du nærmar deg målet.
På stasjonen i Civitavecchia stod Lisa og Helge – våre gode vener frå Bergen og Tolfa. Korleis dei hamna der nede, er ei anna historie. Men for ein stad dei fann! Dei henta oss i ein velbrukt Fiat, ein skikkeleg klassikar, som frakta oss like oppunder Roccaen.
Denne majestetiske borga ligg på vulkanske bergartar, og ikkje langt unna kan ein bade i varme, mineralrike kjelder. Våre vener hadde lagt opp eit tett program, men det var fylt med alt det beste Italia kan by på: etruskiske borger, herlege strender, venlege menneske og himmelske måltid – både høgt oppe i borgene og nede ved sjøen. Helge og Lisa, som også har skrive bøker om kommunane mellom Roma og Toscana, var ikkje berre guider – dei var levande leksikon. Ein framifrå måte å oppleve eit land på.
Ein ting som overraska meg, var kor mange nordmenn som har funne vegen til Tolfa.
Den norsk-italienske klubben i Tolfa er eit levande miljø av nordmenn og italienarar som har funne kvarandre i denne vakre fjellbyen. Klubben samlar både fastbuande og tilreisande nordmenn som har tilknyting til Tolfa, og fungerer som ein møteplass for kulturutveksling, språk, musikk, litteratur og – sjølvsagt – god mat og vin.
I samarbeid med lokale krefter arrangerer dei gjerne festar i det gamle klosteret, konsertar, foredrag, forfattarmøte og andre kulturelle samlingar der både norske og italienske tradisjonar får plass. Her kan du høyre Grieg og Bellini, eller smake fårikål ved sida av pasta med trøfler.
Mange av medlemmene kjem frå akademiske og kunstnarlege miljø i Noreg, og klubben har etter kvart
fått eit rykte som ein liten kulturbase for nordmenn i Lazio. Den er open og inkluderande, og gjer sitt til at Tolfa har fått ein heilt spesiell norsk-italiensk tone – ei blanding av fjellro og livsglede, raudvin og raudstrupe. Vi var med på ein fest der, som ikkje skal bli lett å gløyma.
Edvard Vogt som var ein norsk, katolsk prest spela ei avgjerande rolle i omdanninga av det tidlegare nonneklosteret San Giuseppe i Tolfa til eit norsk-italienskt studiesenter. Han blei kjend for sitt arbeid med å avdekke politivold i Bergen på 1970- og 1980-talet. Han blei nærmast landsforvist frå Bergen av Bergens Tidende. I 1995 tok han initiativ til å etablere Centro Studi Italo-Norvegese a Tolfa, eit kulturelt og akademisk senter som fremjar samarbeid og kulturutveksling mellom Noreg og Italia.
Vogt samla ei gruppe menneske og organiserte kjøpet av det tidlegare klosteret, med hjelp frå lokale nøkkelpersonar. Senteret blei etablert som ei medlemsdreven forening med mål om å styrkje norsk og italiensk kulturutvikling. I dag fungerer det som eit levande knutepunkt for samarbeid, kulturutveksling, opplevingar og sosialt samvær.
Vi budde i eit hus som låg oppå den gamle bymuren i Tolfa. Det var eigd av ein professor emeritus i keltisk språk og litteratur ved UiO, og han blei ein god nabo. Han inviterte til kveldstreff med inkluderande, filosofiske samtalar omkring religionar, om livet og om døden. Med raudvin i glaset og ein kongepuddel, kalla Børre, ved sine føter. Han var også katolikk og poet. Slikt blir det mange refleksjonar og meiningsutvekslingar av. Han blei også vår sjåfør til flyplassen på heimreisa – noko som i seg sjølv var eit lite eventyr.
Det vart tøffe espressoar på piazzaen, og rikeleg med raudvin frå bondens eigen vinkjellar. Livet smakte rett og slett annleis enn i Heiamyro.
Tolfa, som ligg i Lazio-regionen, byr på utsyn over dalar og åsar med olivenlundar og skog – berre eit steinkast frå Toscana. Ein kan ikkje anna enn å la seg forføra av landskapet.
Før me drog heimatt, vart det mykje kyss, klapp og klem. Eg fekk med meg heimelaga laurbærbladlikør av Lisa – den skal eg nyte på altanen på Husnes ein vakker dag, medan eg drøymer meg tilbake til Tolfa, den vesle fjellbyen som gav så mykje.
For det er noko med å reise vekk. Når du kjem heim att, ser du alt med nye auge – menneska, naturen, kvardagen. Kanskje er det difor me reiser, eigentleg: for å finne tilbake til oss sjølve, midt mellom fjell, olivenlundar og latteren frå gode vener.
En spesiell reise fylt opp med historie om Etruskere, god prat på kjøkkenet til Lisa og Helge, besøk på borger og tur på strender.
SvarSlett