Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 4. november 2010

Statistikk med Bob Dylan

Når ein er blitt 67 år, har ein "slikt" å ta seg til. Eg har moroa meg med å laga grafar ut frå det materialet som er sett opp i dei tre føregåande innlegga. Mens eg gjorde dette, var det ei strofe som kontinuerlig rulla rundt i hjerneviklingane mine. Og ikkje berre der. Dei fann vegen fram til munnhola og nynna seg fram gjennom nasen under heile matematikk økta.
 Garafane for dei tre åra som bursdagsjubilantane denne veka var fødde i, blei slik:








Strofa som rulla var av Bob Dylan. Sanneleg har han rett, tenkjer eg: " ... the times they are a-changin' "
Dette sa han om saka:
Come gather ’round people

Wherever you roam
And admit that the waters
Around you have grown
And accept it that soon
You’ll be drenched to the bone
If your time to you is worth savin’
Then you better start swimmin’ or you’ll sink like a stone
For the times they are a-changin’


Kunne Bob Dylan statistikk skal tru? 
Iallefall, flott sak. Høyr den 65 år gamle gruvearbeidarsonen, Bryan Ferry si tolking. Eg syns den er outstanding.  Klikk berre her




onsdag 3. november 2010

Flottaste bursdagsbarnet denne veka


Dette seier Statistisk Sentralbyrå om året 2001:
  Folketalet i Norge er 4 503 436.
  56 696 barn blir fødd.
  0,4 prosent av nyfødde døyr før dei fyller eit år.
  Ein nyfød gut kan venta å bli 76 år, ei nyfødd jente 82 år.
  Dei mest populære namna på nyfødte er Julie, Sara, Ida og Emilie for jenter 
      og Markus, Kristian, Martin og Andreas for gutar
  Det er 22 967 par som gifter seg og 10 308 som skiljer seg.
  Gjennomsnittleg alder ved første giftemål er 29,3 år for kvinner og 32 år for menn.
  Det er i underkant av 76 670studentar ved norske universiteter og høgskolar.
  Det er 469 personbilar per 1000 innbygjarar.
  Eit kilo kjøtdeig kostar  76,85 kroner.

I dette året var Emilie eit av dei mest populære namna å bruka på jenter. Vår Emilie blei då også ei svært populær jente, mykje etterspurd som vennine og som gjest på overnattingsbesøk rundt omkring.
Ho vart fødd på Husnes ikkje lenge etter at foreldra kom hit frå Bergen. Sameleis som bror hennar, var ho nok også med på flyttelasset, om enn i ein litt anna innpakking. Ho slapp å sitta i barnestol i bilen under flyttinga.
Emilie er eit litterært vesen. Ho kosar seg med boklege syslar og er så skuleflink at ein pensjonert pedagog som morfar, vert stolt og rørd.
Rundt bursdag- og juletider produserer ho ønskjelister over fleire A4-sider, med alskens ønskjer frå strikkarmbånd til PC. 
Hennar store problem, syns eg då - men ikkje ho, er evna til å retningsorientera seg utandørs. Ho slit med å finna fram, men lar seg ikkje plaga av det, trur eg. Men eg syns ho burde hatt navigator på ønskelista.
Om ho skal følgja statistikken for det som var vanleg i hennar fødeår, så giftar ho seg om 20 år. Eg har ikkje høyrd om planane ennå for dette bryllupet, men så trur eg ikkje at ho er så oppteken verken av planlegging eller av giftarmål. Førebels lever ho sin lykkelege barndom, i sterk konkurranse om merksemda blandt 3 andre sysken.
I 2001 blei det etter kva eg veit, fødd 3 prinsesser. Det var:
Elisabeth, prinsesse av Belgia
Aiko, prinsesse av Japan
og Emilie, prinsesse av Røsslandslia.


For at du er ei prinsesse kan alle sjå som klikkar her
Gratulerer masse med torsdagen Emilie. Det er din dag, og me er så glad i å dela den med deg.


tirsdag 2. november 2010

Førtitalisten: Nå med honnørbillett

Dette seier Statistisk Sentralbyrå om året 1943:
  Folketalet i Norge er 3 013 735.
  57 281 barn blir fødd.
  3,5 prosent av nyfødde døyr før dei fyller eit år.
 Ein nyfød gut kan venta å bli 64 år, ei nyfødd jente 69 år.
  Dei mest populære namna på nyfødte er Anne, Inger og Kari og Bjørg for jenter og Jan, Per, Kjell, Bjørn og Arne for gutar.
  Det er 24 021 par som gifter seg og 1 303 som skiljer seg.
  Gjennomsnittleg alder ved første giftemål er 26,4 år for kvinner og 29,1 år for menn.
  Det er i underkant av 5 900 studentar ved norske universiteter og høgskolar.
  Det er 16 personbilar per 1000 innbygjarar.
  Eit kilo kjøtdeig kostar 3,44 kroner.

Oppstarten til den i år 67-år gamle mannen, var mot alle odds.  Det vrimla av nyfødde på den tida. Fødselstalet var nesten like høgt som det er idag, og idag er det jo kollosalt mange fleire som kan legga seg saman og ha seg. Men slik er det jo med den prevensjonen, eller er det inferniliteten som grip om seg?
Sekstisjuåringen har forlengst overskride den forventa levealderen som den gongen var stipulert til 64 år. Det er nok avdi han har levd eit sunt liv, med mykje mosjon og tidleg giftarmål.
Sjansen for å bli køyrd til skulen, var liten. Biltalet var lågt og skulevegen var lang. Såleis bygde han seg opp krefter ved å måtte grava seg gjennom snøfenner og torvmyrar for å rekka fram til første timen. 67-åringen ville ikkje gå glitt av ein einaste annankvardag skuledag. Han ville bli ein av dei få utvalde som imatrikulerte seg. Når det skjedde i 1963 var han ein av 14800 andre det året.
Kjøtdeigprisen på kr 3,44 vert ca kr 65 omrekna til vår tid. Dette er rimlegare enn kjøtdeigprisen er idag (rundt 75 kr). Ja om ein ikkje kjøper den som er innsprøyta med vatn og fosfat då. Til tross for denne relativt låge prisen i 1943, kan eg likevel ikkje hugsa at kjøtdeig vart servert i utrengsmål. Det gjekk mykje på vassgraut, brød og poteter. Sukker og sirup. Ingen lågkarbo-kost nei.
         Andre kjekke folk i tillegg til meg som vart fødde i 1943 er:
          Svanhild, Torkjell Berulfsen,"Cowboy-Laila", Einar Førde,Robert De Niro, Trygve Hegnar, Mick Jagger, Eva Joly, Janis Joplin, Vibeke Sæther, Bjørn Wirkola
          På desse 67 åra har hjarta mitt slått ca 2466 millionar slag og pumpa rundt 176162 tusen liter blod. Eg har pusta inn ca 211395 tusen liter luft og negla mine har vekse rundt 524 cm. Dessutan har kroppen kvitta seg med 61200 liter væske. Før prostata operasjonen kjendes det ut som eg kvitta meg med så mykje kvar dag. Ikkje rart at det røyner på.
     Men ein positiv ting ser eg nett nå i det å vera fødd onsdag i veke 44 i 1943: Å bløffa seg til honnørbillet på buss, båt og bane, er ikkje lenger noko tema. 

mandag 1. november 2010

Sekstitalisten.

Dette seier Statistisk Sentralbyrå (ssb) om året 1967:
  Folketalet i Norge er 3 768 298.
  66 779 barn blir fødd.
  1,5 prosent av nyfødde døyr før dei fyller eit år.
  Ein nyfødd gut kan venta å bli 71 år, ei nyfødd jente 77 år.
  Dei mest populære namna på nyfødte er Anne, Hilde, Nina og Kristin for jenter og Jan, Bjørn,  Geir og Per for gutar.
  Det er 29 154 par som gifter seg og 2 876 som skiljer seg.
  Gjennomsnittleg alder ved første giftemål er 22,9 år for kvinner og 24,9 år for menn.
  Det er 134 personbilar per 1000 innbygjarar.
  Eit kilo kjøtdeig kostar 15,93 kroner.

Sonen min som fyller 43 år i veke 44, hadde i følgje ssb eit betre land å skrika seg inn i enn eg sjølv hadde. Det går fram av innlegget som kjem i morgon.  Oljealderen låg i startblokka, sjølv om første borebrønn på norsk sokkel i 1966 ikkje gav positive funn. Det tok seg opp etter kvart. Slik var det og med 43-åringen. Han hadde ein trang fødsel, og utsiktene var dystre dei første levedagane. Rett frå mors skjød til Barneklinikken på Haukeland sjukehus gjekk turen. Eit "Rh minus barn" med antistoffproblem. Slikt var trasige greier å takla i 1967. Det var å tappa ut blod og å fylla på med nytt. Bilirubinverdiane måtte haldast i sjakk. Guten stod det over, og blei såleis ein av dei 98,5% som ikkje døydde det fyrste leveåret i 1967. Det var den første av alle dei gledene denne karen gav oss. Han gav oss mykje av slikt i åra som kom.  Det olja blei for Norge, det blei guten for oss. Me blei glade og me blei rike. Han fylte hovudet mitt med positive tankar, og auka innskotet i den mentale banken min. Det gjer han framleis, særleg når han dukkar opp med familien sin og ofte og med ei raudvin i ermet.
Det var 134 personbilar per 1000 innbygjarar i 1967. Idag er dette talet auka til 541. Det skuldast ikkje sonen min. Han var ein sinke når det gjaldt å skaffa seg sertifikat, og bil disponerte han ikkje før rundt tusenårsskifte. Rett nok hadde han køyrd MC i nokre år før han kjøpte seg denne svarte Golfen. Den slit han med ennå. Om vinteren må han tidvis setja ein vifteomn under panseret for å tina isen som legg seg i oljekanalar og hindrar motoren i å starta. Men han er ein tolmodig mann. Han bannar ikkje den karen.  
Guten gifta seg i høg alder. Han fekk seg Golf før han fekk seg kone. Akkurat korleis det gjekk føre seg er eg usikker på. Kanskje det var kona som fekk seg han. Iallfall fekk ho seg ein gastroseksuell mann som grislar på kjøken både med og utan treningsdrakt. Og  eg trur det blei bra for dei begge. 
Også andre flotte folk blei fødde i 1967, t.d.:

Simen Agdestein, Jon Almaas, Pamela Anderson, Bjørn Dæhlie, Jan Åge Fjørtoft, Paul Gascoigne, Faith Hill, Nicole Kidman, Matt LeBlanc og Julia Roberts.

Men ingen på lista kjem opp mot Roar. Iallfall ikkje for meg. Gratulerer med tirsdagen!

torsdag 28. oktober 2010

Lågkarbo kveld

Det er inn å jobba med bilringar for tida. Eg tenkte, sidan eg likevel heldt på med dette dekkskiftet på bilen, at eg kunne prøva å legga om litt både her og der. Ein gammal kollega, som etter mitt syn sjølv har alt for mykje å fara rundt med, kommenterte då han såg meg att etter 2 år: "Same karen som før, ja bortsett frå litt meir framtung då". Eg hatar når folk seier slikt til meg. Slike sanningar har betre av å forbli usagde.
Men når slikt er sagt, kan det ikkje trekkjast attende. Då har det alt bite seg fast i hugen, og gnege seg  inn i ryggmargen. Stadfestinga på at det nok var ei utsegn med mykje sanning i, fekk eg i buksebutikken i Bergen. Trøysta om at Hennes og Maurits sel klær som er små i nummeret, gjekk ikkje heilt inn hos meg. "Du seier det for å trøyste du", sa eg.
Dr Hexeberg hjalp meg. Lågkarbo-kost er tingen. Et gjerne mykje og feit mat, men held deg unna karbohydrat. Så idag har eg baka. Lågkarbobrød:
  • 4 egg
  • 1/2 beger creme fraiche
  • 3 ss olje
  • 1 ss bakepulver
  • 50 g linfrø
  • 60 g kruskakli
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g solsikkefrø
Av dette blei det eit lite men flott brød. Eg skal straks på kjøken og skjæra den første skiva av det, og gler meg.
Så var det den lågkarbovinen då. Er den oppfunnen mon?

onsdag 27. oktober 2010

Nettet ligg nede

Idag vart eg avstengd frå verda. Ingen internett-tilgang står det over eit ikon i nederste høgre hjørne på pc-en min. Eg er fortvila. Dette torpederar alle mine godt innarbeidde rutinar. Navlestrengen til verda var broten.
Eg kastar meg over mobiltelefonen og surfar litt med den. Men det blir for puslete. Mobiltelefonar er best til å ringa med. Eg ringer 05000 til telenor. Er du berdiftskunde, tast 1, er du privatkunde tast 2. Eg tastar 2. Nye spørsmål, nye tastesvar frå meg. Eg driv på slik i halvanna minutt. Så seier Telenora, eg kallar henne det ho som snakkar om tastetrykk, at køen er lang. Ho spelar musikk for meg og ber meg ein gong i minuttet å halda humøret oppe for eg rykk stadig fram.
Eg går rastlaus i oscillerande rørsle over stovegolvet. Rykk både fram og attende. Ventetida er under fem minutt nå, kvitrar Telenora. Men før ho får snakka frå seg overtek ein mannleg kundekonsulent med møredialekt. Nettet mitt, seier eg. Det ligg nede. Kva nett er det, seier han. Det optiske over fiber, seier eg. Å det ja, seier han. Ja slik er det over heile landet idag. Javel, kva tidsplan har dokke, spør eg. Snarast råd, trøystar han.
Kva gjer eg nå? Eg koplar mobilen til PC-en med USB-kabel. Koplar til internett gjennom den. Brukar mobilnettet altså. Litt tregt og alt for dyrt. Men det funkar. I nauda et fanden floger. Det gjer eg og for å få nett-tilgang.