Det er ikkje slik det er:
Det er mykje betre.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
lørdag 6. februar 2010
Vandring og sjelevandring
Hos oss er det himmel eller helvete. Desse hinsides arenaene der sorteringa er strengare enn karakterskalaen eg nytta ved fysikkprøvane. Det er ikkje snakk om å verta vurdert som ein trear. Nei anten er det 6 eller 0. Hos St Peter slepp berre dei med 6-ar inn. Nett som på odontologistudiet i Bergen i 1963.
I Buddhaverda er ein meir fleksibel og pragmatisk. Ein finn tilpassa løysingar for den einskilda. Heile karakterskalaen blir på eit vis nytta. Har ein nådd Nirvana er det greitt, mest som å få ein 6-ar. Då slepp ein den runddansen som sjelevandringa inneber. Denne samsaraen som plasserer dei svakare i eit evig kretslaup, der sjela etter dauen vert gjenfødd i andre kroppar. Og her kjem det med bruk av heile skalaen inn. Det beste ein kan oppnå etter Nirvana, er å bli gjenfødd i ein ny menneskekropp. Ein 5-ar så og seia. Mindre sjeleleg kompetente, hamnar i dyrekroppar av varierande status alt etter kor på skalaen ein har gjort seg fortent til å vera.
Eg treff dei stadig her, dei gjenfødde, på mi vandring utanfor landsbyen. Mange har hamna i hundekroppar, ser eg. Nokre av dei er mannevonde. Dei angrip, men eg snertar etter dei med den bambusstaven eg fekk av bror min. Då roar dei fleste seg. For vonde sjeler er ikkje alltid modige.
Ein av dei eg traff idag, var ilter. Eg tenkte, då eg såg han i augene, på om det kunne vera ein tidlegare elev. Syns eg kjende att det frekke blikket og den sleipe kjeften. Eg svingde pisken fleire gonger, som om det skulle vera peikestokken frå skulestova. Han gav seg då tilslutt, slik dei pleide å gjera desse urokråkene.

Eg gjekk uforstyrra vidare. Den gongen med Einsteins relativitetsteori.
Denne gongen med letta sinn, og ei viss glede over å ha meistra situasjonen.
Ein pensjonert realist som ennå har taket på elevane, tenkte eg.
fredag 5. februar 2010
Nirvana
Ein ny dag i Manora Village. Eg våknar av fuglekvitter frå terrassen. Også dei lokale firfislene blandar seg inn. Desse små gekkoane med den utruleg sterke røysta. Om kvelden gassar dei seg med myggen vår, og difor likar vi dei.
Eg står opp. Dusjar meg. Gårkveldens rester av myggkrem og Chang skal av og utav kroppen. Eg hatar når slikt gammalt får liggja og røra i lekamen min etter soloppgang. Eg smører meg inn med ny faktor 12, men Changen får venta.
Ei kvarter seinare putrar kaffien og egga hoppar i det kokande vatnet.
Bordet er dekka av alt ganen kan lysta og magen kan tåla av kjøtmat, grønnsaker og ikkje minst frukt. Så er det å vekka kona og freista henne med alt dette. Det tek si tid å få henne på beina. Men ho klarer det idag og.
Under frukosten herskar det ein tilstand av ro, harmoni, fred og glede. Nærare Nirvana kjem eg neppe. Denne stunda mellom natt og dag då berre smattinga blandar seg med fuglekvittringa. Stunda då alle mine sinnsgifter er fråverande.
Hos ein ekte buddhist er Nirvana ein permanent tilstand.
Når kona avbryt stunda, reiser seg og seiar at oppvasken står for tur, skjønar eg at min Nirvana berre var ei flyktig lykkekjensle. Men eg er jo heller ikkje buddhist, så eg får nøya meg med det.
Eg står opp. Dusjar meg. Gårkveldens rester av myggkrem og Chang skal av og utav kroppen. Eg hatar når slikt gammalt får liggja og røra i lekamen min etter soloppgang. Eg smører meg inn med ny faktor 12, men Changen får venta.
Ei kvarter seinare putrar kaffien og egga hoppar i det kokande vatnet.
Bordet er dekka av alt ganen kan lysta og magen kan tåla av kjøtmat, grønnsaker og ikkje minst frukt. Under frukosten herskar det ein tilstand av ro, harmoni, fred og glede. Nærare Nirvana kjem eg neppe. Denne stunda mellom natt og dag då berre smattinga blandar seg med fuglekvittringa. Stunda då alle mine sinnsgifter er fråverande.
Hos ein ekte buddhist er Nirvana ein permanent tilstand.
Når kona avbryt stunda, reiser seg og seiar at oppvasken står for tur, skjønar eg at min Nirvana berre var ei flyktig lykkekjensle. Men eg er jo heller ikkje buddhist, så eg får nøya meg med det.
torsdag 4. februar 2010
Halvgått løp
Det må bli eit kort innlegg idag. Eg ser halve tida mi i Thailand er forbi. Kan ikkje kasta resten vekk med tasting, tenkjer eg. Det er så mykje anna eg må rundt å observera, fotografera og dokumentera. Smaka og lukta på. Slik som igår t.d då eg var på apeberget. Apekattane som satte slik pris på meg, at dei nappa i pengeveska mi. Ville vel ha seg nokre slantar. Iallfall satte dei pris på denne kvite slektningen frå Husnes.
Om kvelden taxa me til byen. Det vart vestleg mat på tallerken for eingong skuld. Heilt vanleg T-bone steik, men med dugande sausar og jordbær med krem som punktum. Me labba rundt på nattmarkedet etterpå. Småhandla og snusa på rare lukter og svette folk. Me blei praya av ein pirattaxi som køyrde oss heim for ein slikk og ein ingenting.
Eg vil vera lenge her skjønar eg, etter å ha lese Reidar sin blogg om glattå i Kvinnherad. (Sjå den lesbare blogg her: http://reidarfk.blogspot.com/ )
Spør om eg har spart meg ved i vinter og snømåking.
Nå skal eg ha min ikkje sjeldne trim tur på stranda. 5km kvar veg. Berrføtt.

tirsdag 2. februar 2010
Fiskaren

Når båtfiskarane hadde fortøyd, traff vi denne vadefiskaren. Han bar nota si i belte. Han kasta ho ut på stranda og fekk grådigt med fisk, som han pakka i ei veske han hadde rundt livet.
Handling og kundebehandling
"Oh Papa, welcome to my shop", seier den vakre kvinna med fillipinsk opphav bak disken i optikarbutikken. "I've been her before", seier eg. "Oh you are an old customer Papa, then you are very special to me", kvitrar dama. Det var da som søren med dette Papa-greiene.
"Yes, I was here about a hundred years ago", seier eg. "Oh Papa, so nice", seier ho, og skjønar litt for seint at den replikken var meir ein tåpleg høflegheitsfrase enn eit fornuftig innlegg i samtalen. Ho ler og roar seg etterkvart noko ned med desse høfligheitsgreiene.
Eg handlar med nye briller. Eg svik Specsavers på Husnes, og grunnar litt over kvifor Gertzen måtte leggja ned optikarbutikken sin der.
"Best quality in Thailand", kvitrar kvinna. Eg trur ho trur eg trur henne.
"Welcome back another time, Papa". Søren der begynnar ho igjen.
"Yes I'll be back within a hundred years", seier eg. Ho smiler og ler. "You are very welcome", seir ho, og godttar seg over ein kunde som berre klarde å prutta prisen 1000 bath ned.
Eg går vidare med skreddarbutikk i blikket. Ein skulle tru det syntes på meg. På det eine kvartalet å gå vert eg forsøkt stansa av 5-6 skreddarar. Dei vil ha meg inn i sin butikk. Eg rettar ryggen og smiler avvisande. Eg skal til min skreddar. Denne nepalske fagmannen som har sånt lunt vesen og så kaldt drikkevatn. Der butikklokalet luktar av ull og silke, har aircondition og mjuke skinnsofaer.
"Long time no seen", seier eg. Han ser litt usikkert på meg, før eg er "plassert".
Ein ny handel er igang.

Abonner på:
Innlegg (Atom)