I natt har det regna i Hua Hin. Ei hending som er verd eit blogginnlegg, for den er sjeldan på denne årstida. Statistiske målingar syner at i gjennomsnitt regnar det berre ein dag i januar. Den dagen var eit par timar i natt. Yr.no seier rett nok at me kan venta oss nokre timar komande natt også. Me får sjå om dei veit betre enn Thai Metrologiske institutt. Eg velgjer å tru at dei veit best om eige land.
Klokka er blitt 10 på mandag føremiddag. Eg sit i berre ei kortbukse på balkongen og bloggar. Det er behagleg kjøleg idag, Sola er framme nå. Men palmene og plenane rundt meg er framleis våte, og dei gapar etter meir. Eg trur dei må nøya seg med det thaigartnarane gir dei frå vatnslangane sine ein gong om dagen. Då går dei rundt og sprutar, og dei gir gjerne meg ein dusj også, om eg ber om det. For i Thailand manglar ein ikkje vatn.
Grunnvatnet i Thailand står høgt. Mykje av dette låge slettelandet og deltaområdet ved Thailandbukta er sumpland. I Bankok nyttar ein av grunnvatnet til drikkevasskjelde, noko som har ført til at byen har sige nokre cm. Det saman med den høge vassføringa i Chao Praya-elva, førte jo til den katastrofale oversvømminga i Bangkok for haltanna år sidan. Ekspertar ved Cicero seier at følgjene av global oppvarming med havstiging, landsynking og nedbørsmenger/snøsmelting i Himalaya vil oversvømma det meste av byen i løpet av 50 år, om ikkje grep blir tatt. Etter det Thailand har stått for på miljøsektoren hittil, er det ingen grunn til optimisme her.
"Vi må til Bangkok nokre dagar denne gongen og", seier eg til mi kjære. "Det ser ut som me berre har 50 år på oss nå". Ho tek fram Bangkok boka, og er igang med planlegging. Ho elskar Bangkok, folkelivet, markedene og luksushotella.
Palmetrea har fått slukka tørsten. Sjølv er eg tørst. Eg må ringa Toey, vår lokale leverandør av drikkevatn. Han kjem med 20 liter kanner som han set opp på Sanyo-maskinen vår. Då kan me tappa både iskaldt og kokvarmt drikkevatn frå den. Toey er ein kjernekar. Han slit vatnet frå lastebilen sin, opp trappa og inn på kjøkenet vårt. For vatnet og jobben vil han ha 50 baht. Han får det og stundom det doble. Då blir han litt brydd.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 28. januar 2013
lørdag 19. januar 2013
Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin, Del 3
Dei som har lese forrige innlegga mine, Del 1 og Del 2, vil skjøna kva dette handlar om
Tolking og Konklusjon:
Eg er på beina att. Bangkok Hospital i Hua Hin fiksa meg på under eit døger. Rett nok ville dei gjerne ha stulla meir med meg, men eg følte datainnsamlinga mi var fullført. Eg hadde eit tydleg nok inntrykk av kva dei stod for.
Eg har vore gjennom operasjonar på diverse sjukehus i Vest-Norge. Både Helse Fonna og Helse Bergen er testa ut. Eg har blitt sendt som ilpost frå fastlegen min til Haukeland med lumbal prolaps og merkelappen "hastar" påklistra. Slikt hjelper lite å koma med der i gården.
Eg har vore til observasjon i vassrett stilling på korridorane i Haugesund. Eg har slite meg nyoperert gjennom nettene på 4 mannsrom mellom snorkande og søvngåande oldingar. Eg har blitt skifta bleie på mens nabopasienten har besøk av kona si, og eg har trudd at slik er livet. Sjukehus livet. Og slik skal det vera.
På Bangkok Hospital var det annleis. Alt eg trudde var som det skulle vera, var ikkje slik her.
La gå at me ikkje alltid skjøna kvarandre (noko som visst og er eit aukande problem i Norge nå), men eg vart handsama med verdighet, eg blei teken på alvor og eg fekk relevant hjelp utan ventetid.
La gå at dei er slepphendte med antibiotikaen. Eg blei sendte heim med eit heilt "lass". Eg veit at slikt kan skapa resistente bakterier på sikt, men eg kan styra bruken av dei sjølv heime. Og dei gjer meg frisk, kjenner eg.
Norge er eit lite land. Me er få menneske, men presumtivt velutdanna. Kvifor får me det ikkje til heime? Kvifor klarer me ikkje å organisera og tilrettelegga betre på sjukehussektoren? Eg trur ikkje det er viljen det skortar på. Det burde ikkje vera pengemangel heller. Men endringsforsøka strandar. Det er så mykje fram og attende. Ein klarer ikkje finna dei gode løysingane.
Den siste helseministeren er ein flink mann. Kanskje for flink for Jens. Var det difor han fekk denne Uriasposten som ingen før han dei siste åra, har komme utav med rak rygg og ære. Jonas har reist mykje utanriks. Han bør ta seg ein tur til Hua Hin. Der bør han eta i seg giftig skjelmat og hamna på Bangkok Hospital. Då kan han observera, tolka og kanskje læra.
P.S. Eg var ikkje før heimkomen, så ringer det danske forsikringselskapet mitt, Tryg, og spør korleis eg har det. Rekninga på kr 4700 er alt betalt. Dei ønskjer meg god betring og eit fortsatt fint opphald i Hua Hin. I kveld må eg berre å ta meg ein Gammel Dansk.
Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin. Del 2
Dei som har lese forrige innlegget mitt, Del 1, vil skjøna kva dette handlar om.
Innsamling av data:
Å bli køyrd i rullestol inn i Bangkok Hospital Hua Hin, dehydrert og febersjuk, samsundes som ein skal observera sjukehuset sin kompetanse på breidt plan, er ei utfordring. Men overgangen frå ei eksosfylt gate med luftemperatur på 27 grader, til eit innemiljø som langt overskrid det Hordaland Fylke krev i sine ambisiøse HMS-mål, gjer at ein mest føler seg spontant reinkarnert. Som om sjela går inn i ein ny lekam. Ein lekam fri frå både virale og parasittære organismer.
Men akk, så fort gjekk kureringa ikkje . Men det gjekk fort inn til akutten, der 4 personar tok imot, plasserte meg på akuttsenga, målte blodtrykk, tok blodprøvar, gjorde klar for intravenøst påfyll, smilte og trøsta. I allfall trur eg det var slik det føregjekk. Og når mi kjære var ferdig med papirarbeidet ute i mottakinga, var eg klar for å bli traktert.
"How many times you bumpbump today", ville dei veta. Bumpbump? Dei kom med eit lite glas, slik eg stundom plar levera urinprøve i til fastlegen min. Eg gjer meg klar til å gi mitt påfyll i glaset, men blir stoppa. "No beepbeep. Bumpbump", seier dei, og peikar på baksida av lekamen min. Å svarten, seier eg. Sorry, eg har ikkje meir å levera. Completely empty.
Kona hadde ordna med standardrom for meg. Ho meinte forsikringselskapet mitt, Tryg, ville dekka det. Eg vart trilla dit.
Eit standardrom på Bangkok Hospital får meg til å lura på korleis dei andre romalternativa der er. Rom 525 var eit einmannsrom utstyrd med tv, breiband og det meste anna som Stordalen sine hotellrom slett ikkje kjem opp mot. Eg vart stelt med, målt på og forklart om det meste. Rett nok gjekk kommunikasjonen ofte i stå. Engelskunnskapane stod ikkje i høve til fagkunnskapane. Så om ikkje eg alltid skjøna kva dei dreiv med, er eg trygg på at teamet omkring meg (det må ha vore på 5 -6 personar) visste kva dei gjorde.
Eg sov ikkje mykje gjennom natta. Det var for mange omsorsfulle buddhist-devaer som flaut gjennom rommet. Frukosten var a la carte med ein rikholdig meny. Kroppen vart vaska og maten servert. Magen var med på nye utskeiingar idag.
"What you want for lunch, papa?". Nei eg skal heim idag, meiner eg.
Og slik blei det. Med eit omfattande medisinutval i sekken, vart eg henta heim av mi kjære.
p.s. to be continued

fredag 18. januar 2013
Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin. Del 1
På thailand.no las eg hin dagen, og eg siterer:
"Thailand har over 470 private sykehus med førsteklasses leger som kan gi det noe av beste som kan oppdrives av medisinsk behandling. Newsweek kåret i 2005 Bumrumgrad sykehus i Bangkok til verdens beste sykehus. Sykehuset behandler omlag en halv million utenlanske pasienter i 2008. I stedet for å stå i helsekø i Norge kan sykehustilbud i Thailand være et svært godt alternativ."
Vidare las eg på nordmennihuahin.com at offentlege sjukehs er gratis for thaiane. Det same er tannlegebesøka deira.
Eg vart tenksam då eg las dette, og sat med ei kjensle av at dette var Thailandreklame for å lokka enda fleire turistar frå rike Norge til fattige Thailand. Er det mogleg at helsevesenet i kapitaliststyrde Thailand kan fungera så godt, når våre raudgrøne ikkje får det heilt til å sviva. Kvifor leva med denne mistanken, utan å undersøkje saka. Sjukehusa i Rogaland og Hordaland har eg vitja såpass mykje siste åra, at eg meiner å ha naudsynt innsyn i tilhøva der. I tillegg les eg norske aviser. Der er det mange som deler erfaringar om ventelister, feilbehandlingar og ikkje minst sjukehusnedleggingar.
Korleis skaffe seg erfaringgrunnlag for å uttale seg med noko grad av signifikans. Jo sjølvsagt, slik ein gjer i fysikken: eksperimentera, sanka data og tolka dei. Eg måtte altså innom eit sjukehus. Eg måtte sjå det frå innsida, som pasient.
Arbeidet vart lagt opp etter ein slags naturvitskapleg metode. Førearbeid, innsamling av data, tolking og konklusjon.
Førearbeidet:
Eg inviterer mi kjære med til ein av dei lugubre hamnepirane i byen. Der vankar ingen europearar. Eg tingar 1 kg mixed shellfish, noko kona slett ikkje vil vera med å dela. Nokre timar seinare ligg eg og skjelv i senga, dei korte stundene eg klarer å halde meg vekke frå toalettskåla. Etter eit ukjend antal liter væsketap, og ein kropp meir uttørka enn gekkoen på badeveggen min, var eg moden for å hentast av ambulansen.
"To Bankok Hospital, Hua Hin", sa mi kjære. Sjølv sat eg med hovudet nedi bøtta som ein av dei to ambulansepleiarane serverer og held for meg. Avstanden frå leiligheten til sjukehuset er 2 km. Den natta er den 20.
Me svingar opp framføre inngangen. Rullestolen står og ventar på meg. Eg vert trilla inn.
Eg kan starta innsamling av data.

mandag 14. januar 2013
Ein mann med respekt
Eg var i Thailand då Kong Rama IX feira 80-års dagen sin. Det var i 2007. Han feirer alltid bursdagen sin i Hua Hin. Her har han feriepallasset sitt. Han var begynt å skranta alt då 80 åringen, slik 80-åringar ofte gjer. Han hadde vore innom sjukehuset nokre gonger, og folket ottast for kva som kunne koma til å skje. Alle kledde seg i gult, for å heidra kongen sin. Han er fødd på ein mandag, og sidan kvar vekedag i Thailand har sin farge, blei dette Rama IX sin farge.
Nå er kongen blitt 85 år, og dagsformen er ikkje god. "Korleis er det med kongen?", spurde eg varsamt ei lokal thai kvinne. Ho blei sorgfull, og lei seg. "Det er ikkje så bra med Kongen min", sa ho. Er kronprinsen klar til å ta over om noko skjer, undra eg. Ho ville ikkje snakke om det.
Seinare har eg skjøna at dette med krompen, er eit ømtåleleg tema. Han er ein playboy som thaifolket ikkje har tiltru til. Den statusen som kongen har i Thailand, er knytt opp mot personen Bhumibol Rama IX, og ikkje opp mot sjølve kongehuset som institusjon. Det er dei 17 militærkuppa og 26 statsministrane han har overlevd, og det plettfrie levesettet hans som gjer at han har oppnådd slik respekt hos thaifolket. Det er forventa at turistane også viser vørdnad for han. Til dømes må bilete av kongen handsamast med respekt. Og sidan han er avbilda både på myntar og på pengesetlar, skal ein ikkje bære pengeboka på baklomma. Då har ein kongen under ræva når ein sit, og slikt er majestetfornærming. Vert dette avslørt, kan ein risikere at thaismilet stivnar.
Heime har vår Harald klart å styra unna problemet, iallfall på setlane. Eg har såleis aldri merka noko reaksjon på handleturane til Storsenteret heime, sjølv om eg der dreg pengeboka opp av baklomma.

torsdag 10. januar 2013
Eit flott reisefølgje
Invitasjonen plingar til meg gjennom Skype. "Me skal på strandtur til Dolphin Bay idag. Lyst å vera med?".
Svigerinna mi og hennar mann, bror min, inviterer. "Alle har eit syskenbarn på Gjøvik", skreiv Prøysen. Eg har ein bror i Thailand. Det har ikkje alle.
Dei som kjenner familien min veit sjølvsagt at både bror min og kona hans er ekte Vestlendingar, busett på Sotra. Men frå november til mars bur dei i huset sitt utanfor Hua Hin. Det har dei gjort i mange år nå, lenge før pensjonistalderen inntok dei. Rett nok er bror min 8 år yngre enn meg, men i det private næringslivet er pensjonsalder eit fleksibelt omgrep.
Bror min er ingen latsabb. Han kan ikkje driva dank i sitt pensjonisttilvære. Han må ha ein hobby. Den som er interessert i å sjå kva han driv med nå kan lesa om det HER. I tillegg har bror min kjøpt seg stor lastebil, som han eigenhendig transporterer varene rundt til folk i heime på Vestlandet. Han er økonom bror min. Forhandlingar og kontraktskriving innan shipping i Asia har vore hans felt. Men i tillegg til det han han alltid hatt desse røffe hobbyane. Han er ein mann av bondeætt.
Klart me vil vera med til Dolphin Bay. Etter ein halvtime står svigerinna mi i døropninga her på Norway Garden. Dei har køyrd i 20 min hit for å plukka oss opp. Bror min sit i bilen som er parkert under eit tre, med kjøleapparatet på full guffe.
Så sit me i bilen då, på veg til Dolphin Bay. Trafikken er tett ut frå byen. Me skal rundt 50 km sørover. Bilar pressar på både bakfrå og frå sidene. Dei stakkars mopedane med heile familier oppå (gjerne 4-5 stk) ligg så langt dei kan ute på vegskuldra. Dei verste råkøyrarane vil ha bror min lenger ut på vegskuldra også, slik at dei kan rasa forbi. Det vil ikkje bror min. Han prøver å læra thaifolket køyrevett. Han har ein svær bil, og oppnår difor litt respekt i trafikken, meiner han. Men lastebilfolket er han redd. Dei dopar seg for å kunna køyra lengst mogleg utan kvile, får eg høyre. Dei lesser så høgt på lasteplana at tyngdepunktet ligg mange meter over vegbanen. Labil jamvekt, kallar med det i fysikken. Slikt skal ein passa seg for.
Dolphin Bay er ei anna verd. Her finns lite av farlege køyretøy. Berre iskremseljarane tukkar rundt med trehjulingane, og kvinner/menn trålar rundt med dei manuelle trålane sine 20 - 50 m ute frå standkanten. Tid for strandpromenade, meiner bror min. Sjølv plukkar han fram ein solstol frå bilen, ei bok av Jan Guillou og ei flaske solkrem. Strandpromenade kan avviklast på så mange slags måtar. Det kan seiast mykje godt om bror min, men noko trimmar er han ikkje. Han nøyer seg med golfspeling, der caddy og golfbil er inkludert.
Eg og mi kjære nyt å gå på stranda. Ein fantastisk måte å trimma og å sola seg på. Og her treff me dei lokale folka. Dei fiskar både frå båt og vadande i Thailandbukta. Dei både kastar med not og trålar til fots. Og så hoyar dei til oss. Sa-wat-dee kraup, seier dei manlege til meg. Kvinnene seier sjølvsagt Sa-wat-dee Kah.
Denne dagen vart det fisk til lunch. Fantastisk
Ein stor takk til H&S som er eit spennande reisefølgje å ha her. Me gler oss mykje til laurdagen då Burmagrensa står for tur. For ikkje å snakke om avstikkaren me planlegg saman med dei til Vietnam i slutten av månaden.

lørdag 5. januar 2013
Min Tuk Tuk ven
Buplassen vår i Hua Hin ligg 2,5 km utanfor sentrum og ovanfor stranda. Ein fredleg stad der motorisert ferdsel er nesten fråverande. Å gå til sentrum for meg og mi kjære kan såleis vera ei fin oppleving, iallfall eit stykke på veg. Spaserturen tek 20 - 30 minutt om hundane er snille og kjolebutikkane er stengde (noko dei sjeldan er). Eg skreiv om hundane i 2010, (trykk her om du vil lese), og eg seier det igjen som Odd ville sagt det: "Eg hatar dei gjerandslause bikkjene i Thailand . Dei glefsar og oppfører seg som dyr". Men med bambusstaven under armen og godt fottøy, har eg sett meg i respekt. Eg har ein mistanke om at laushundane er ein implantasjon som Tuk Tuk næringa står bak. Dei får seg nok fleire turar pga av dette. Good for business, som det heiter. I tillegg er bikkjene eit effektivt renovasjontiltak, som held gatene frie for turistar og anna avfall.
Eg må vedgå at Tuk Tuk doningane som tilbyr billeg og luftig transport, blir meir freistande etter som dagane går. Ein luring, sikker alt for ung til å ha Tuk Tuk sertifikat, har skaffa seg sin eigen base like utanfor porten her i Norway Garden. Folk seier ein bør nytta seg av eit meir profesjonelt firma som har forsikringane sine i orden, men eg likar denne kreative ungdommen. Han køyrer så varsamt over fartsdumpane og smyg seg så sjølvtrygg mellom tungtrafikkantane i sentrum, at eg opplever det meiningsfylt. Han er heilt på høgde med ein av mine vener, billettøren på ferja mellom Skånevik og Utåker. Og han er vel så enkel å prutta pris med.
"To fish restaurant", seier eg. "I pay 150 bath". "No no", seier han. "To day 120 bath". Han er lur denne karen. "Han nyttar vi i morgon og", seier eg.
torsdag 3. januar 2013
Suvarnabhumi
Eg har alltid slite med å uttale namnet på hovudflyplassen i Bangkok - Suvarnabhumi. For ikkje å snakke om å hugse dette merkelege namnet. "Eg skal flyga til Bangkok", seier eg til folk. Sjølv om eg veit at uttalen er สุวรรณภูมิ. Ordet kjem visstnok frå sanskrit og tyder "Det gyldne landet". Det er eit vakkert namn på ein flyplass.
Thai Airways frå Oslo landar der. Kvar dag, så også nyttårshelga 2012/2013. Me var med på den turen, mi kjære og eg pluss rundt 400 andre folk. Dei fleste passasjerane var norske, men mange av dei var middeladrande og eldre norske menn med sine thailandske kvinner. I grunnen ei praktisk løysing det der. Dei thailanske kvinnene er drivande kvinnfolk som alt etter boardingen av flyet tek over kommandoen. Nett som flykapteinen styrar over flyet, styrar thaikvinna over sin norske mann i kabinen. Spesielt når han slit med å få tinga den rette drykken hos det thailandske personalet ombord, er dette nyttig hjelp å ha med på tur. Også støtta ein kan få ved disembarking og gjennom emmirasjonskøen på Survarnabhumi gir problemfri ankomst til "Det gyldne landet".
Mi kjære og eg er utstøe i thaispråket, og slit med å skjøna thaiane sin engelsk. Men her er det om å gjera gode miner til allslags spel. Stikkordet blir å smila, smila til heile verda og prøva å minnast kor greitt det gjekk sist me var gjennom systemet på denne flyplassen.
Vår Thailandske vertinne, Nuna, skal vera ved utgangen med bilen sin. Ho skal ha eit skilt med mitt namn på, slik at eg skal kjenne henne att. Men då flyet vårt landa 45 min før tida, vart det ei tid å vente før ho dukka opp. Ventetida bruka eg til å forklara pågåande taxisjåførar at eg ikkje skulle ha skyss. Eg gjekk berre rundt og såg ut som om eg trengde det. Siden smart-telefonen min i sin smarthet hadde latt seg låsa av Mcafee-virusprogrammet, blei det vanskelg å finna ut kor Nuna var i løypa. Telefonen trudde han var stjålen av asiatar, sidan han med eitt befant seg på 13°45′00″N 100° 31′00″Ø. Eg har godsnakka med han nå, og heldigvis fått han til å akseptera vidare drift.
Nuna køyrde oss til Hua Hin, nærmare bestemt til Norway Garden. Før vart dette kalla University Garden, sidan universitetet her er ein nær nabo. Men sidan Universitetet ikkje kunne halde ut med at så mange normenn budde i hagen deira, vart det namnbyte på denne buplassen. Norway garden er busett, ikkje overraskande, av berre nordmenn. Det er greitt nok, så treng ein ikkje gå rundt å smile heile tida.
Her vil eg bu med mi kjære til landet med fjordane, midnattsola og nordlyset, har slite seg igjenom vinteren 2013. Då reiser eg heimatt med trua på at heime er best. Den trua har eg ikkje fått enda...
Thai Airways frå Oslo landar der. Kvar dag, så også nyttårshelga 2012/2013. Me var med på den turen, mi kjære og eg pluss rundt 400 andre folk. Dei fleste passasjerane var norske, men mange av dei var middeladrande og eldre norske menn med sine thailandske kvinner. I grunnen ei praktisk løysing det der. Dei thailanske kvinnene er drivande kvinnfolk som alt etter boardingen av flyet tek over kommandoen. Nett som flykapteinen styrar over flyet, styrar thaikvinna over sin norske mann i kabinen. Spesielt når han slit med å få tinga den rette drykken hos det thailandske personalet ombord, er dette nyttig hjelp å ha med på tur. Også støtta ein kan få ved disembarking og gjennom emmirasjonskøen på Survarnabhumi gir problemfri ankomst til "Det gyldne landet".
Mi kjære og eg er utstøe i thaispråket, og slit med å skjøna thaiane sin engelsk. Men her er det om å gjera gode miner til allslags spel. Stikkordet blir å smila, smila til heile verda og prøva å minnast kor greitt det gjekk sist me var gjennom systemet på denne flyplassen.
Vår Thailandske vertinne, Nuna, skal vera ved utgangen med bilen sin. Ho skal ha eit skilt med mitt namn på, slik at eg skal kjenne henne att. Men då flyet vårt landa 45 min før tida, vart det ei tid å vente før ho dukka opp. Ventetida bruka eg til å forklara pågåande taxisjåførar at eg ikkje skulle ha skyss. Eg gjekk berre rundt og såg ut som om eg trengde det. Siden smart-telefonen min i sin smarthet hadde latt seg låsa av Mcafee-virusprogrammet, blei det vanskelg å finna ut kor Nuna var i løypa. Telefonen trudde han var stjålen av asiatar, sidan han med eitt befant seg på 13°45′00″N 100°
Nuna køyrde oss til Hua Hin, nærmare bestemt til Norway Garden. Før vart dette kalla University Garden, sidan universitetet her er ein nær nabo. Men sidan Universitetet ikkje kunne halde ut med at så mange normenn budde i hagen deira, vart det namnbyte på denne buplassen. Norway garden er busett, ikkje overraskande, av berre nordmenn. Det er greitt nok, så treng ein ikkje gå rundt å smile heile tida.
Her vil eg bu med mi kjære til landet med fjordane, midnattsola og nordlyset, har slite seg igjenom vinteren 2013. Då reiser eg heimatt med trua på at heime er best. Den trua har eg ikkje fått enda...
Abonner på:
Innlegg (Atom)