Eg er attende frå Spania. I god form, om enn med noko smale augestriper grunna lite søvn siste døgeret. Å stå opp klokka 03 er tøft, både for gamle og unge. Men alle stod løpet ut med rak rygg, heva hovud og blanke augo. Opptellinga på flyet som letta 07 frå Alicante, viste kun ein manko på 2 personar i høve til talet på nedoverturen.
Minibussen henta oss alle kl 04 i gata
Viena 1, i San Rafael der med budde. Eit lurveleven laga me dei 10 minuttane som gjekk før bussjåføren som hadde parkert i nabogata, kom oss hoiande i møte. Eg storkoste meg med den sjauen. Endelig fekk me tatt hemn mot dei vakthundane i strøket som nok heldt einskilde av oss vakne eit par netter. Nå var det vår tur til å vekka dei.
Å reise og å bu saman på denne måten med alle sine barn, svigerbarn og barnebarn, gir innsyn i og nærleik til eigen familie utover det som er mogleg å få på så mange andre måtar. Å møta strålande småbarnsauge i tidlege morgontimar, gir kraft til å mestra dagen på ein positiv måte. Å dela seine kveldstimar med unge vaksne, gir ein lite lyst til å gå tidleg til sengs. Her er mykje å få med seg, og lite ein vil gå glipp av.
Å dela måltid rundt "skulpturen" ved bassengsplassen både morgonar og kveldar, fekk tennene til å løpa i vatn og tunga til å bada i raudvin. Her på denne plassen oppstod både improviserte og planlagde fellesprosjekt og einmannshow. Når eimen av etande vare og drikkande væske låg over plassen, og alle trippa forventningsfulle rundt "den varme grauten", var det som om erkeengelen San Rafael hadde landa på skuldra mi. Eg kjende tydleg at eg letta litevetta frå det flisbelagte underlaget.
Den onsdagen då vi alle kledde oss i den beste stasen som kofferten romma, og stod forventningsfulle utanfor husværa våra då 5 taxiar svinga inn og køyrde oss i kolonne til restauranten
Nuevo Alcazar, var det som om me alle flaug med den same erkeengelen. Det bar ut av San Rafael og enda i La Nucia. Skjønt enda. Det var der det eigentleg starta, den utekvelden då jubileet skulle markerast. Maten var storarta, ungane jubla over fri flyt av grande coca cola og dei vaksne leska seg i edel vare. At ein av familiane framførte i fin harmoni ei sjølvlaga "hymne", var kanskje høgdepunktet for meg den kvelden.
Eg er attende i Haugavegen. Ikkje alt er som før. Eg har hovudet fylt med nye minne og hjarta fylt med gode kjensler. Det er om turar til badestrender, fyrtårn, fjellborger, dyrehagar, badeland, vampyrfiskar og mykje meir. Takk til dåke alle som var med.
Dessutan har eg kofferten fylt med skitne klær. Eg må vaska. Kvardagen har henta meg innatt. Men før eg puttar sjårtsen inn i maskina, skal eg snusa ein gong til på han. Som eit minne om den atmosfæra eg har omgitt meg med i dei siste par vekene.