Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 15. januar 2020

Ei reise til Sør Afrika

Å reise til Sør Afrika er ikkje for sjusoverar. KLM flyet frå Bergen går klokka 06.10 via Amsterdam. Då er det Hotel Scandic Flesland som gjeld, og telefon alarmen må stå på 03.15. "Grab and Run" er namnet på frukosten og næringsverdien i den kan diskuterast. Framføre innsjekkingsautomaten i avgangshallen møter me 20 andre bleiknebba vestlendinger som også skal på safari i Afrika, og som heilt sikkert burde sove lenger denne morgonen. Me skiftar fly i Amsterdam. Magen er sjølvsagt i ulage. Eg har ikkje kunna følgje fastlegen si oppskrift på "korleis vera ven med tarmen sin" denne morgonen. KLM har botemiddel. Medisinvogna som trillar rundt i gangane her på flyet, har mykje godt for magen. Vi er over Sahara nå, seier mi kjære. Eg kjenner meg tørr i halsen. Me passerer ekvator. Kloden er på sitt feitaste her. Så etter dette går det nedover mot Sørpolen i 910 km/timen. I Johannesburg eller Jo'Burg som dei reisevante seier, står vi på bakken i den største byen i Sør Afrika. Her gjeld det om å halde på tødlane sine. Dei stjel som hyener på flyplassen og inne i byen. Takka meg til ein tur blandt løver og krokefantar. Dei stjel iallfall ikkje... 
 Frå flyplassen i Jo-Burg gjekk turen til Pretoria der vi overnatta. I løpet av ei kort natt kom tankar til meg frå 1972.Det er 47 år sidan den gongen, då eg vart lokka ikkje berre med gull og grøne skogar, men og med svart tenarskap og luksusvilla om eg ville komma til universitetet i Pretoria og vera med på oppbygginga av ein av landets første atomakseleratorar. Eg var i arbeid i Eindhoven i Nederland den gongen. De Vries, ein boer frå Pretoria, kom dit med arbeidskontrakten klar i dokumentmappa si. Eg hadde møtt mannen eit par år før i Bloomington, Indiana der vi begge var utanlandske gjesteatbeidarar ved Cyclotron laboratoriet på Indiana University. Det var "lovnaden" om svart tenarskap som gjorde utslaget. Det vart eigentleg forventa at kvitingar skulle ha ein svart tenarstab. Dit reiser vi ikkje, var eg og mi fru einige om. Etter den tid har nok Sør Afrika endra seg. Dei har hatt sin Nelson Mandela og fått eit styresett som vert kalla demokrati. Men dei som har fulgt med i Sør Afrikansk nåtidskvardag vil vite at demokratiet ikkje berre er skjørt, men at korrupsjonen er utbrett, og at det i stor grad er dei kvite som framleis sit med pengemakta. Idag såg eg University of South Afrika idet me passerte det i Pretoria. Eg reflekterte litt om korleis livet kunne vore med eit anna vegval i 1972. Eg konkluderte med at å returnere til Norge også etter denne turen blir mitt val nå og. Me har det utruleg greitt i gamlelandet, syns eg. Dessutan kan eg ikkje nok om sektorfokuserande cyklotronar lenger 🤣 
 Vi er i eit reservoat kalla Matswani. Det ligg 250 km nord for Pretoria, og blei kjøpt av ein danske etter at gårsdrifta i dette området vart nedlagt. Han laga gjerde rundt og bygde 3 såkalla lodgar i reservoatet. Vi bur på Rhino (neshorn) lodge. Her er det 6 sivhytter a 2 bustader i kvar hytte. Reisegrupoa vår frå Bergen fyller opp heile lodgen. På terrassen utafor vår bustad har vi jamt over besøk av marikattar (liten ape) og bavianane skrattar frå trærne nedanfor. Særleg når mi kjære kikkar ut døra, før morgondusjen. Vi har eit tett program som ofte startar kl 05 - 06 om morgonen. Då er det ut å gå i bushen eller å køyre til andre reservoat og nasjonalparkar. Det er jo "The big five" me jaktar mest på. Løve, Elefant, Buffalo, Neshorn og Leopard. Sjiraffar , antiloper, sebra, vortesvin impala osv, osv ser vi overalt. Også på middagstallerkenen. 
 Været idag: 35 grader og sol. Dei inn fødde lengtar etter regn og oppførde i går noko eg trudde var ein regndans. Men det viste seg å vera framføring av bursdagssangen til ein av dei norske. Det hadde spreidd seg eit rykte heilt til Afrika om at nokon frå Husnes runda år den 3. november... 
 Dei driv med fleirkoneri i Sør Afrika. Ein årelang tradisjon som også idag gler mange afrikanske menn. Kva konene kjenner på i den samanhengen, veit eg ikkje. Det avheng kanskje av kva nr dei er i rekka. Yngste kone - mest i skuddet, har eg høyrd. I går kveld fekk vi heile historia. Rundt bålet under open himmel blei vi servert maismjølkaker og perlehøns med grønsaker. Vi åt med fingrane på den eine handa, i den andre haldt eg drikkebegeret som var i rustfritt stål. Kor lenge siden skjedde dette med fleirkoneri , spurde eg. Om du har kyr nok å betala med, kan du framleis skaffa deg påfyll, sa Pearl (ei av dei tilsette på lodgen vår). Så blei det dans. Framføring av afrika historie ved dans, song og trommer. Ein enorm energi. Då eg vart riven med ut på danseplassen av ei ung og vakker afrikanerinne, angra eg pittelitt på at odelsretten til farsgarden min forsvann for 50 år sidan. Tenk å ha hatt kyr på handa nett då. Ei anna side av soga er jo at unge menn kan koma å by på kamp å ta frå deg dei saftigaste konene. Ikkje heilt trygg på at eg hadde stått imot det. Så eg hadde vel enda konelaus.
 Basilic er namnet på den afrikanske safarisjåføren vår. Me køyrer dagleg ut med 3 safarijeepar av typen Leopard. Eg held meg alltid til Basilic sin jeep. Der er det både liv og latter. Han kan det meste og snakkar om alt. Planter, fuglar og dyr, men også om kultur og politikk. Ein ting er å styra jeepen på smale, svingete og humpete skogsvegar. Han er samtidig observatør og blikket er meir på vandring etter ville dyr enn det er på vegen. Den antilopa heiter bombom, og far min fortalte meg kvifor det namnet. Hannen har så store ballar at når den spring seier det bom bom - bom bom. Me sit i jeepen og sluker historia, og så skrattar han så heile bushen kjem i ubalanse. Me er 4 par i jeepen. Idag var det "ut å leike dag". På vegen skulle alle gruppene (3 jeepaar) i løpet av safarituren lage ein hatt av materiale vi fann i naturen, og skrive ein song . Dette blei då framførd for eit dommarpanel under lunchen på ei av utsiktsplattformene ute i jungelen. Vi prøvesong den nydikta songen på turen dit. Melodien var sjølvsagt Dyrene i Afrika. Eg skal sørje for å sjenke dualeg med champagne så vinn dokke nok, sa Basilic. Og det blei ein førsteplass som resulterte i premiar og mykje ære. På heimatte turen song vi så det runga i bushen. We are the champions, we are the champions.. Det vart ein slags speilvendt safari der alle dyrene i Afrika stod langs vegen med store og beundrande blikk. 
 Å reisa frå Sabatana Rhino lodge etter 8 dagar, vart vemodigt. Det var så lett å bli glad i både dei innfødde og dei 20 andre norske turistane og Ulf, guiden vår. Me blei køyrde sørover til Johannesburg av vår afrikanske sjåfør. Han var like stø på rattet anten han køyrde med safari-jeep i bushen, eller minibuss på 5 felts motorvegar i helgerushet mot byen. Apartheid museet ligg i Johannesburg. Ei skremande nærhistorie som ikkje er til å bli glad av. Eg grøssa og takka skjebnen for at eg ikkje reiste dit med familien i 1973. Då var det tøffe tider med mykje blod i gatene. Nelson Mandela sin ikkje-voldelige kamp for likeverd, rettferd, demokrati og fred er noko av det største arbeid eg kjenner til at eit menneske har utførd. Frå Johannesburg til Soweto er det berre eit steinkast. Rett nok eit langt steinkast. Denne gettoen er verd eit besøk. Der fann vi også minnesmerke etter kampane 1970 - 80 talet. Men Soweto er og ein fargerik bydel med mykje folkeliv. Men som kvit på kveldstid skal ein passa seg. Mange treng pengar til neste narkotika shot. Vi sit på flyet frå Johannesburg til Amsterdam. 11 timar med natteflyging. "Skal vi ha oss eit shot", spør mi kjære. "Det gjer vi", seier eg. Og før eg veit ordet av det stikk ho til meg ein imovane. Meir hugsar ikkje eg av den flyturen. Blogglistenhits

onsdag 21. november 2018

Buss er bra

Kollektivt heiter det. Å reisa kollektivt tyder å reisa saman med andre. Når ein reiser med buss kan ein oppleve å ha opptil 50 samreisande med seg på turen. Det har eg opplevd på bussreiser i Marokko, Bosnia og i Kina. I Norge har eg aldri vore utsett for slikt. På turen min frå Husnes til Telemark denne veka var det å bruke buss ikkje mykje annleis enn å køyre drosje, iallfall stordrosje. Høyre berre: Husnes - Odda ~5 passasjerer, Odda - Haukeli ~ 6 folk, Haukeli -Hovden 1 mann som var meg. Ja og sjåføren då, ein eldre gråhåra Kristiansand-kar som var glad han fekk lag. Alle bussane var komfortable køyrety med sikre belter og usb lading. Eg opplevde 5 ulike bussar og 4 ulike sjåførar på turen, alle pratesjuke og hjelpsame. Dei hjalp gamle damer og halte herrar både ute og inne i bussen. Det heiter seg å vera politisk korrekt å reise kollektivt.  Og det er billeg,  og det er avslappande, og det er ansvarsfritt , og det er gøy å køyre buss. Frå Røldalstunnellen til Vågslidstunnellen fekk eg lese 50 sider i Per Petterson si siste bok: "Menn i min situasjon". Ved utgangen av den tunnellen var hovedpersonen, Arvid, akkurat kommen seg i seng med nabokona Mary. Då fann eg det best å lukke boka for å nyte det vakre fjellandskapet langs E134. Det kosta meg 170 kr for alle desse bussane fordi eg er pensjonist og ivrig app brukar. Og når kona ikkje vil køyre meg til hytta, synes eg at dette er innanfor kva ein gammal, synsvak gubbe må kunne tillate seg. Ja buss er bra. Eg lurer på kvifor det er så få som reiser på denne måten. For bussen går jo den, både langt og rett som det er. Blogglistenhits

mandag 13. februar 2017

Ei reise til Malaysia

Kuala Lumpur er den største byen i dette på mange måtar delte landet. Men hovedstad er han ikkje, sjølv om den til ei kvar tid valgte kongen, bur der i slottet. Kuala tyder "der to elver møtes" og Lumpur tyder "søle", sa guiden som køyrde kona og meg rundt i byen på ein tretimars tur.
"Eg er muslim", sa guiden vår, "og eg er stolt av kongen og statsministeren me har". Eigentleg ikkje å undrast over for begge dei er også muslimar, tilliks med drøyt 60% av resten av folket i landet. Islam er statsreligion, men landet vert styrd etter verdslige lover, ikkje sharialover. Så ei øl og ein dram er lett tilgjengeleg, og raudvin treng ikkje kamuflerast på colaflasker. Men dei islamske kvinnene må kamuflerast. Det var mange hijab og nikab å sjå.
Kinesarane i landet er det mange av. Dei er buddhistar,  inderane  her er hinduistar og diverse andre er kristne. Så det er eit konglomerat både på det eine og andre området.
Å reise frå Bangkok til Kuala Lumpur er ein 2 timars flytur. Mange menneske skal til og frå. Thai Airways sin Airbus som me reiste med, var smekkfull. Overgangen frå det kaotiske og ikkje like reinslige Bangkok, til Kuala Lumpur kom overraskande på meg. Flyplassen der er ryddig og velorganisert. Grei å finne fram på når ein først har funne ut at ein må ta shuttle tog frå gaten til bagasje bandet. Den 45 minuttar lange køyreturen inn til byen gjekk på velholdte  2 og 3 felts motorvegar. Landskapet, frodigt etter mykje regn i år. Men når me kom inn til KLCC, Kuala Lumpur Central City, skein sola.
Dei snakker godt engelsk i Malaysia. Særleg dei eldre som gjekk på skulen då engelskmennene var koloniherrar der. Då var all undervisning berre på engelsk,  sa vår tilårskomne taxisjåfør.  Då engelskmennene "forsvann" (1957),  kasta malaysierne all engelskundervisning ut av skulen. Einaste språkundervisning i grunnskolen blei malaysisk.
Taxisjåføren vår var ikkje muslim. Veit ikkje heilt kva tru han hadde, men han var i sterk opposisjon til det sitjande regimet. Statsministeren er både kunnskapslaus, maktsjuk og diktatorisk", hevda han. Journalistar vert fengsla og politiske motstandere sensurerte og knebla. Det vert manipulert med valgresultat og statsministeren skriv ut nyval når det passar han. Kanskje nyval til sommaren. Opposisjonen krev det, men ingen dato er sett ennå.
Sist der var val i landet, trudde ein at opposisjonen skulle sigra. Alt låg an til det under oppteljinga og valsendinga i media. Plutseleg blei elektrisiteten borte i heile landet, og då den vart kopla til att, var alle kolonner og piler endra. Statsministerens parti var igjen i føringa og "vant" valet. Folk storma ut i gatene i Kuala Lumpur men politiet tukta dei med tåregass og vasskanoner. Alt dette i følgje taxisjåføren vår.
Kuala Lumpur framstår som ein velstelt og rik by. Det er eit land som er komme hakket lenger i økonomisk utvikling enn Thailand. Iallfall der i vestre delen av landet. Malaysia er jo delt. Den vestre halvdelen på  malackahalvøya sør for Thailand,  den austre delen på deler av øya Borneo der dei er naboar med Indonesia og ligg nær til Filippinene.
Der i aust er folk fattige, sa guiden vår. Og dei er rare der, sa han og. Dei kallar seg ved snodige namn som er blanding av katolske og filippinske namn. I vest derimot er levevilkåra betre. Det er godt å bu der, seier guiden. Men bustadprisane er høge. Sjølv budde han med kone og to barn saman med sine svigerforeldre i ein kommunal leilighet med 2 soverom. Mange unge må fortsette å bu med foreldra etter dei er vaksne. Har ikkje råd til anna.
Eg traff mange flotte folk i Kuala Lumpur. Uansett politisk og religiøs haldning var dei stolte av og glad i landet sitt. Dei synes å gå med eit meir heva hovud enn det thaiane gjer. Friare og ikkje så audmjuke i relasjonar med oss kvitingar. Rart eigentleg, for Thailand har jo aldri vore okkupert av fremmande makter. Det har jo Malaysia så det monnar. Men dei lever jo i eit slags demokrati. I Thailand styrer den militære juntaen,
og den skal ein vokte seg for...

lørdag 14. januar 2017

Ute i rett tid

Det har regna i Thailand. Det er inga stor nyhet.  Men slik det var den første veka og halvanna av 2017, har ein sjelden opplevd. Lite kunne vi ane om dette, då reisa vår blei tinga sist sommar. Å komme hit den 10. januar, akkurat første dagen etter at regnet hadde gitt seg og flaumen trekt seg tilbake, var jo full klaff.
Me reiste med KLM i år. Turen gjekk frå Bergen over Amsterdam til Bangkok. Det tyder at returen går same vegen, berre motsett. At bagasjen vert sjekka inn i Bangkok og henta utatt i Bergen er maklege greier for gamle folk. Stresset med å hente ut bagasjen i Oslo, slik Norwegian og Thai Airways driv med, er slitsom. Vi har saktens vore med på det.
Å få repetere sin hollandsk saman med alle desse hollenderane på flyet, er spennande. Artig å oppdage at framleis sit ein del ord og skrøner att, etter den tida eg budde i Holland for 45 år sidan. Artig å sitje å smuglytte til frittalande hollenderar, som ikkje veit at nordmannen ved sida av får med seg det dei seier om han.
KLM er eit framifrå flyselskap. Slik det framstår nå i nært samarbeid med Air France,  virkar det  tillitsvekkande.  Hos KLM er alt inkludert. Puter, tepper, drikke, mat, osb. Hos Norwegian fekk eg som sjuk reisande ifjor, ikkje eingong låna eit teppe til å legga over den frosne kroppen min. Kunne kjøpa eit i butikken deira, sa dei. Men den var jo stengt då. Kjos må skjerpa seg og sine.
Flyplassen i Bangkok, Suvarnabhumi,  er ein fryd for gamlingar. Køane i passkontrollen er enorme, verre enn i Oslo. Men for oss 70+, finns ein eigen passasje. Der går vi saman med dei handikappa og dei gravide. Vi blei nr 5 i køen der. Så er det å prøva seg med eit smil til polisen i kontrollen. Smilets land tenkjer eg. Men i passkontrollen sit smilet langt inne. Rart det der, å sjå thaiar som ikkje smiler. Ansikta deira passar liksom ikkje til det. Eg trur bestemt at dei har gått på smileavvennings kurs.
Hua Hin ligg 240 km sør om flyplassen. Vi reiser med buss. Luksus buss med seter som langt overgår alle kabinseter hos alle flyselskap. Iallfall for oss som reiser på flyet sin økonomiklasse. Ei vakker thaikvinne serverer meg vatn og blir med oss på heile turen. Buss sjåføren er og med. Stødig og å stole på. At bror min og kona hans møter oss på busstasjonen i Hua Hin og køyrer oss til Norway Garden der leiligheten vår står klar, er veldig kjekt.
I Thailand regnar det ikkje lenger. Dokke kom med sola, seier dei her. Solskinnsparet frå Husnes.
Eg er glad me ikkje kom før. Glad for me ikkje kom seinere og. Trur me var ute i rett tid...

mandag 23. mai 2016

Skikkelege folk på tur

Eg sit i avgangshallen på flyplassen i Alicante. Dei såg i nåde til meg idag, sikringsvaktane. Etter at bagasjen min blei køyrd fram og attende på bandet eit par gonger, gav dei blaffen og slapp meg forbi. Ikkje avdi innhaldet i håndbagasjen min var tryggare å sjå til enn til hans som gjekk før meg. Men han var afrikaner i lang kjortel og blå topplue. Det er skilnad på folk.
Gamle gråhåra nordmenn, med statspensjon og koffert frå Europris, vert ikkje vurdert som potensielle sjølvmordsbombarar på Norwegian flyet frå Spania til Bergen. Etter 10 dagar i sola og eit mageinnhald som er gjennombløtt av vino tinto, er jo alle gråversdepresjonar viska vekk. Og når yr.no melder om at drittværet heime snur til sol og glede nett idet eg skal gjennom passkontrollen på Flesland, då går eg med lette steg og heva hovud gjennom sikringskontrollen her.
Afrikaneren derimot gjer ikkje det. Han har ingen statspensjon eller koffert frå Europris. Han ber tinga sine i ein bylt på ryggen. Kanskje det er alt han eig som er i den. Han veit at alt må pakkast opp og visast fram. Han veit at dei saumfarer kvar føflekk på kroppen hans, og at magen må blottast. Han har gjort det før. Han undrar seg ikkje lenger over at han blir grundigare sjekka enn mange andre. Han synes det er greitt.  Han vil heller ikkje mista livet 30000 fot over bakken, fordi sikringsfolka ikkje gjer jobben sin. Han veit kanskje og at flyet på veg frå Paris til Egypt, i staden gjekk til helvete sist veke.
Godt at slike folk blir grundig sjekka, seier folk. Dei er ikkje til å lita på, seier dei og.
Hadde dei enda hatt håndbagasje koffert frå Europris, og statspensjon i banken slik skikkelege folk har...

søndag 3. april 2016

Ein vekkar

Etter eg kom frå Vietnam for ein månad siden, har eg lese boka "De blindes paradis" av den kvinnelege, vietnamesiske forfattaren Duong Thu Huong.
Ho er fødd i 1947, og som 20 åring forlot ho studenttilvære,og gjekk frivillig inn i krigen mot amerikanarane. Ho var nesten 7 år av krigen i jungelen og i tunnellane ved den mest bombardert regionen i Binh Tri Thiên. Ho vart ein av tre overlevande av dei ialt førti frivillige i hennar gruppe. Ho var og med i 1979 i den korte kinesisk-vietnamesiske krigen. Duong Thu Huong var ein sann kommunist. Men i perioden etter Vietnam si gjenforening i 1975, blei Dương stadig meir frittalande og kritisk til den undertrykkande atmosfæra som den kommunistiske regjeringa skapte. Ein dag fann ho seg sjølv sitjande på fortauet i Saigon og tenkte: Kva er det vi har gjort? Kva er det vi har påtvunge folket her i sør. Dei hadde fridom, kva har dei nå? Ho begynte å snakka mot den kommunistiske regjeringa. Boka "De blindes paradis" utkom i Vietnam i 1988,
og blei ein bestselgar. I 1989 blei boka forboden, Duong vart ekskludert frå kommunistpartiet og fengsla. Idag bur ho i Hanoi. Boka blei som første vietnamesiske bok oversett til engelsk, og i 2003 utkom ho på norsk på Pax forlag. Boka er ei dramatisk familiehistorie og ei forteljing om endringar i det vietnamesiske samfunnet over ein periode på førti år. I kjølvantnet av jordreformene på 50-talet blei gamle føydalstrukturar brotne opp, men slo raskt tilbake i ny form. I sentrum av forteljinga står tre kvinner. Den unge kvinna Hang er på 80-tallet arbeidar ved ein russisk tekstilfabrikk. I slummen i Hanoi bur mora Que, der ho overlever som gateselgjar. I landsbyen bur tanta Tam, som ikkje kan gløyme fortida, på godt og vondt. Oppe i det politiske systemet er mora sin bror Chinh, ein mann som har mykje på samvetet. Dette er ei skarp politisk roman og ei forteljing om menneske og landskap, lydar og lukter. For meg som var ein overbevist motstander av amerikanarane si krigføring i Vietnam, blei dette ein tankevekkar. Eg har ikkje reflektert så mykje omkring Vietnam sin lagnad etter krigen, anna enn undra meg noko over det store talet på båtflyktningar frå dette landet. Nå skjønar eg noko meir av kva dei flykta frå. Ei leseverdig bok frå ein verdsdel eg ikkje kjente til noko litteratur frå tidlegare. Blogglistenhits

lørdag 12. mars 2016

Ei reise til Vietnam

Det var kona som ville det. Ho har sikla etter Vietnamtur dei siste 10 åra. I år blei den endeleg realisert.
Turen vart planlagt heime i Norge, som eit haleheng på vinteropphaldet vårt i Hua Hin,  Thailand.  Vi ville ikkje melde oss på ein organisert gruppetur. Vi ville det skulle være ei reise der med sjølve bestemte både lengd, innhold, reisemåte og hotell. Å følgje etter ein guide i dagevis, med lite tid til personlege avvik, er noko vi har gått lei av så ofte. Vi ville velge utfluktene sjølve , når vi var der og då. Vi ville være frie til å slentre gatelangs, og prøve å få kontakt med lokale folk, eller tillate oss ein vietnamesisk øl på eit fortau, når tørsten krevde det. Og slik blei det.
Tidsramma var trang. Vi la opp til ei vekes avstikkar frå Bangkok til Vietnam.  På den tida ville vi sjå dei to viktigaste byane i landet, Ho Chi Minh byen og Hanoi. Me tinga flyreise med Vietnam Airlines, ein rundtur som altså starta og enda i Bangkok. Vi ville først til Ho Chi Minh byen, for så å få Hanoi seinast råd i mars. For nord i Hanoi kan det vera kaldt på denne årstida.
Vietnam airlines er ikkje noko billegselskap, slik vi kjenner slike i Europa. Her vert servert gode måltider, uansett kor kort turen er. Selskapet er statseigd, med hovedbase i Hanoi.  Vår rundtur, som altså var på tre flyreiser, kosta kr 2250 for oss to tilsaman. Eg synes det er ein grei pris. Flyturen Bangkok - HCMC tok 1 time og 10 min, HCMC - Hanoi 2 timar og omtrent det same på strekket Hanoi - Bangkok.
Flyplassane i Vietnam var ryddige, reine og til å finne fram på.

Sjølv folk i  min høge alder vil lett kunne orientere seg i korridorar og "gatar". Og når ein blir henta av hotellet sin sjåfør med plakat i handa, var dette inga utfordring i det heile. 
I HCMC ligg flyplassen berre 7 km frå sentrum , men i Hanoi vart det lenger køyring, rundt 30 km.
Turen frå flyplassen til vårt hotell i HCMC gjekk i ein stim av mopedar. Ei sjokkarta oppleving når ein ikkje har vore i Vietnam før. Vi som kom rett frå 2 mnd. opphald i Hua Hin, Thailand, trudde vi hadde vent oss til mange tohjulingar i gatebilete.  Vi hadde ikkje det.
Trafikken såg kaotisk ut, eg klarte aldri å gjennomskua kva normer som galdt i trafikken. Men trafikken flaut jo på eit vis. Mi første kryssing av gate i byen var ei nervepåkjenning. Eg og kona stussa såpass lenge ved fortaukanten,  at ein vietnamesar kom og følge oss over. Han gjekk rett ut i trafikken, bestemt og utan nøling. "They are not supposed to run you down", sa han. Og det resulterte i ei slags oppdemming, slik Moses laga i Rødehavet. Dei var hjelpsomme folk desse buddhistane. Eg fekk høyre seinere at den vietnamesiske buddhismen,  Mahayana retninga,  har ein filosofi som seier at å hjelpe andre gir ei form for syndstilgjeving, og auka såleis sjansane for å oppnå Nirvana. Kanskje det var slike folk som stod på gatehjørnet. Penger tok dei ikkje imot. Ikkje rundstjal dei meg heller.
I Ho Chi Minh byen budde me på Silverland Central Hotel&Spa. 
Ein framifrå plass å bu med gode, reine rom og ein god restaurant.  Frukosten framsto med buffet av både europeiske og asiatiske retter, og kokkar som laga varmrettar etter ynskje. I resepsjonen var det mykje hjelp og råd å få om det meste. Her melde me oss på utflukter til stader me ønskte å oppsøke. Dei vietnamesiske guidane snakka brukbart engelsk, og hadde ofte svært ulike livssyn.  Me opplevde katolske kapitalistar ein gong (HCMC)  og buddhistiske kommunistar ein annan gong (Hanoi).  Så landet si nære historie hadde sett sine spor i menneska. Vietnamkrigen som dei kalla Amerikakrigen, er jo ikkje langt unna.
HCMC var ein travel by. Eg fekk inntrykk av at landet ikkje har brukt så mykje av ressursane sine her i sør, som dei burde. Dette er jo landets største by, men stadvis kunne den virka både skitten, sliten og til nedfalls.
Me reiste nordover til Hanoi og opplevde eit temperaturfall frå 34 grader i HCMC til 24 i Hanoi. Turen frå flyplassen inn til sentrum gjekk på gode fleirfelts motorvegar med beskjeden trafikk. Hanoi er hovedstaden i Vietnam,  og her synes det å ha blitt lagt ned meir resursar for å få byen til å framstå oppgradert og moderne. Ei rar oppleving å sjå alle vietnameserane med spisse hatter, som planta ris i oversvømde risåkrar,  mens vi susa forbi på motorvegen gjennom rismarkene.
Eg opplevde Hanoi som ein vakker by. Våre hotell var bygd i fransk
kolonistil og kalla Pearl Hotel Hanoi. Det var pompøst og vakkert.  Spora etter den franske kolonitida var tydlege i bygningsmassen,  og folket var stolte av byen sin. Dei var og stolte av å ha nedkjempa 3 av verdas største krigsmakter gjennom tidene: Kina, Frankrike og USA. Dei var stolte over fridom sin og over den nedfrosne presidenten sin, som me besøkte i Ho Chi Minh mausoleet.
Eg opplevde at folket møtte oss med eit gjestfritt og opent sinn. Når eg tenkjer på kor kort tid som er gått sidan Vietnamkrigen, skulle ein tru at vi vestens folk kunne møte skepsis og kanskje hat frå mannen i gata. Men det gjorde vi ikkje. Og dei sa at slik var det ikkje.
Dei ville ikkje bere på hatet lenger, sjølv ikkje mot amerikanarane, sa dei.
Det var kona mi som ville til Vietnam.  Nå veit eg kva eg hadde gått glipp av om eg ikkje hadde vore med på det. Vietnam var verd eit besøk.