Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
onsdag 21. november 2018
Buss er bra
Kollektivt heiter det. Å reisa kollektivt tyder å reisa saman med andre. Når ein reiser med buss kan ein oppleve å ha opptil 50 samreisande med seg på turen.
Det har eg opplevd på bussreiser i Marokko, Bosnia og i Kina. I Norge har eg aldri vore utsett for slikt.
På turen min frå Husnes til Telemark denne veka var det å bruke buss ikkje mykje annleis enn å køyre drosje, iallfall stordrosje.
Høyre berre:
Husnes - Odda ~5 passasjerer, Odda - Haukeli ~ 6 folk, Haukeli -Hovden 1 mann som var meg. Ja og sjåføren då, ein eldre gråhåra Kristiansand-kar som var glad han fekk lag.
Alle bussane var komfortable køyrety med sikre belter og usb lading. Eg opplevde 5 ulike bussar og 4 ulike sjåførar på turen, alle pratesjuke og hjelpsame. Dei hjalp gamle damer og halte herrar både ute og inne i bussen.
Det heiter seg å vera politisk korrekt å reise kollektivt. Og det er billeg, og det er avslappande, og det er ansvarsfritt , og det er gøy å køyre buss.
Frå Røldalstunnellen til Vågslidstunnellen fekk eg lese 50 sider i Per Petterson si siste bok: "Menn i min situasjon". Ved utgangen av den tunnellen var hovedpersonen, Arvid, akkurat kommen seg i seng med nabokona Mary. Då fann eg det best å lukke boka for å nyte det vakre fjellandskapet langs E134.
Det kosta meg 170 kr for alle desse bussane fordi eg er pensjonist og ivrig app brukar. Og når kona ikkje vil køyre meg til hytta, synes eg at dette er innanfor kva ein gammal, synsvak gubbe må kunne tillate seg.
Ja buss er bra. Eg lurer på kvifor det er så få som reiser på denne måten. For bussen går jo den, både langt og rett som det er.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar